Jump to content

protto

Members
  • Posts

    74
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by protto

  1. protto

    Prosjekt CZ 455

    Takk for det Har eigentleg berre så vidt testa rifla på 50m før eg satte kniven i den. Men den er innskutt på 50m og etter alt dette eg har vist til no, inkludert kapping av løpet så er presisjonen ganske imponerande. Såg ut som treffpunktet flytta to cm opp etter bedding og kapping. Men så har eg jo herja vilt med rifla, montert, demonter mange ganger. Løpet har vore lagt i båndsag, i dreiebenk og altslags. Var igrunn forberedt på å justere siktet ein del, men neida. Fire klikk ned på 50m var alt...
  2. protto

    Prosjekt CZ 455

    Neste prosjekt, kappe .22 LR løpet. Eg er ikkje børsemakar, langt derifrå eigentleg. Men eg har eigd dreiebenk i over 10 år. Er på min andre benk no. Sjølvlærd, med all den vranglære det måtte medføre. Men har vore fast bestemt på å prøve meg på kapping, gjenging og kroning sjølv. I verste fall så er det 1800,- for eit nytt løp. Det tek eg sjangsen på. Hadde lyst å kappe 22-løpet ned mot lovlige 400mm. Men lurte litt på om eg skulle ha ein cm eller to og gå på i tilfelle eg skulle drite meg ut i prosessen. Det vart kappa på 403mm... Løpet vart kappa rett over 400mm. Spendt opp i 4-bakk-chucken og sentrert med ein dor som passa akkurat i løpet. Doren hadde eg dreia og slipt på førehand. Brukte måleuret på doren, då det er ikkje alltid holet i løpet er heilt i senter så ein kan ikkje bruke OD som referanse. Sjølv om i dette tilfellet trur eg ikkje det hadde spela nokon rolle. Eg brukte ikkje "spider" i bakkant då løpet er ein god del kortare enn spindelen i benken min. Kun oppspent i chucken. Eg trur det er godt nok i dette tilfellet. Det nermar seg. Eg stoppar der. Gjengedimensjonen er samme som standard fra CZ, 1/2"-20. Stoppa på 12,75mm, vil at gjengene skal vere litt "tight". Det finns nesten like mange måtar å skjære gjenger på som dreiebenkar. Eg syns det er noko drit å skjære gjenger med dreiebenk. Iallefal slike korte som endar med ei skulder så ein må vere våken og stoppe matinga i tide men ikkje for seint. Så, eg har sjølvsagt min eigen metode... Kom på den når eg såg videoar ag CNC-maskiner som fresa gjenger med samme fresestålet til innvendige og utvendige gjenger. Det såg enkelt ut, og lett å adaptere til dreiebenk. Så eg laga med ein vektøyholdar med to kulelager, satt i ein ER16 spennhylseholdar med sylindrisk tange, monterte på ein 12mm tange som passa i chucken på ein batteridrill, og kjøpte eit fresestål til gjengefresing på ebay.com. Fresestålet held spec for gjenger fra 0,8-2,0mm stigning. Slik er oppsettet: Metoden er som følger: Sette fresestålet mot emnet så det akkurat er borti. Nullstille avlesningen, om den er digital eller manuell. Sette dreiebenken på mating med rette stigning. Ha på olje. Start batteridrillen på full guffe i andre gir. Beveg tverrsliden den inn så fresen går inn i emnet så langt den skal for å skjære heile gjenga i eit pass. I dette tilfellet (1/2"-20) er gjengestigningen 1,27mm, og dybden på kuttet blir då 0,867mm. Så er det berre å dreie chucken på dreiebenken for hand. På utvendige gjenger begynnar eg innerst og matar utover mens eg dreiar spindelen i revers (manuelt). For innvendige gjenger motsatt. Dette for å unngå "klatrefresing". Det er ein del fordelar med denne metoden. Ein kan skjære gjengene i eit pass, så det er veldig fort gjort. Ein slepp då alle dikkedariane det er med å kutte i fleire pass. Og så blir finishen heilt super. Og så slepp ein frispor. Av og til må ein ha frispor viss det ein skal skru på ikkje har frispor. Men A-tec-demparen min har frisopr ytterst så den botnar uansett.
  3. protto

    Prosjekt CZ 455

    Må sei eg var meir enn litt spent på om skokremen hadde gjort jobben eller om eg hadde fått ei rifle permanent montert i eit billig amerikansk møbel... Men slippmiddelet gjorde jobben, og slik såg det ut: Litt opprenskning måtte til. Litt hadde rent nedover men det meste var skvisa utover der det var tenkt å vere. Litt puss seinare så såg det slik ut i bakkant. Og her er forkant. Litt ruskete, men på 455'en så er det ikkje så mykje jevn flate anna enn på sidene. Det er ingen rekylklakk som på meir grovkalibra rifler. Alt i alt vart eg veldig fornøgd. No passa kassa som p**k i Grete heilt utan at noko klyper og heilt utan slark. Løpet har klaring rundt om, og er sentrert i løpskanalen.
  4. Har nettopp kjøpt min første salong. Vart uteksaminert jeger i vår, og ikkje lenge etterpå kom postdama med ein CZ 455 Varmint med .22 LR og .17 HMR-løp. Hadde allereie ein Boyds Pro Varmintstokk så den vart montert før det blei løsna eit einaste skot. Inleten i stokken er ikkje akkurat drop-in, men med litt spikking gjekk den nedi. Men passforma var heller dårleg eigentleg. Kansje å forvente av ein stokk til 92 dollars. Når eg snørde til fremste sjefteskrua med noko som helst slags moment tok løpet nedi stokken i framkant. Og kassa kom liksom ikkje heilt nedi bakerst. Har heile tida hatt planar om å bedde stokken og har lest og sett mykje på youtube om emnet. Planen min vart å pusse ut av inleten slik at kassen gjekk sånn nogelunde nedi utan motstand, og så lage to søyler til sjefteskruene og lime desse inn. Så pusse ut nok materiale til at heile kassa låg fritt og kun kvilte på søylene. Så legge epoksymasse under i front og bakerst og trekke til sjefteskruene mens massen herda. (Håpar nokon likar bilder for her vart det vist ein del...) Her er det grovpussa slik at kassa går greit i men fortsatt klemmer treverket her og der. To søyler produsert i dreiebenken. 9mm utvendig og 6mm hol. Lagde riller så limen har litt meir å bite i enn ei glatt messingoverflate. Den fremste er kortare og har ein utfresing i toppen for magasinbrønn og tilhøyrande festeskrue. Fire rundar med blå maskeringstape sikrar klaring mellom løp og løpskanal. Fremste søyle innsatt med epoksylim og satt på plass. Holet i stokken manglar materiale på eine sida, men søylene står fint i holet. Holet er 3/8" (ca ein halv mm meir enn søyla) så det er litt plass til lim og. Bakre søyle på plass. No satte eg i kasse og løp med nevnte maskeringstape, presse kassa så langt nedi stokken som eg ville ha den og sette i stokkskruene så søylene havna i rett posisjon. Når limet var herda dagen etter pussa eg ut endå meir trevert slik at kasse og løp glei lett nedi og landa på søylene, fortsatt med tapen på løpet. Eg dekka kassa med grøn white board marker-tusj for å sjå kvar den smitta av, og dermed kvar eg måtte pusse meir. Til slutt var det berre søylene som hadde grøn tusj fra prøvepasningen. Kan så vidt ane litt grønfarde på toppen av den bakre søyla her. Her kan ein og sjå min slurvete omgang med skarpe redskapar. Det må eg fikse opp i seinare... Eg brukte ein rund stålbolt med samme diameter som kassa som pussekloss og 120-papir for å pusse ut inleten. Til slutt sjekka eg med ein papitlapp at det var klaring rundt om. Ein liten utfordring var at sjefteskruene har forsenka hovud for å ligge flush med underbeslaget. Og underbeslaget er tynnare enn lengden på forsenkningen, eller konen om ein vil. Så eg laga søylene med ca 0,5mm overmål, og når alt var montert og herda justerte eg lengda med ein forsenkar. Forsiktig for hand, slik at skruene no klemmer mot søyla, men fortsatt held underbeslaget på plass utan slark. Neste steg, bedding. Hadde ikkje planar om å heilbedd inleten, det er jo tross alt berre ei salongrifle utan rekyl omtrent. Men ein liten klatt masse framme og heilt akter vil sørge for at kassa ligg stødig. Her er forskalingen på plass. Gul plastilina. Det funka forsåvidt greit, bortsett frå at eg hadde vore kip og kjøpt ein kanske hard og tørr variant som ikkje hang særleg godt. Men det gjekk på eit vis. Løpskruene må dekkast må vite, ellers blir det ikkje eit systemvåpen meir... Valget av beddemasse falt på det som var på lager, Biltemas epoksy med tilhøyrande fyllstoff. Dette kan blandast til ønska konsistens. Blandar ein i mykje fyllstoff blir konsistensen som lettsparkel. Det går veldig lite epoksy, og litt meir mikrobaloons. Massen blir sterk og hard og veldig lett. Føst blanda eg ein liten dose epoksy og fukta flatene med slik at ein får godt feste for "sparkelen". Så blanda eg inn fyllstoffet i resten av epoksyen til ein litt tynn sparkel og fylte i rundt søylene framme og bak. Så var det berre å montere kasse og løp, fortsatt med maskeringstapen rundt løpet for å sikre sentrering og avstand til stokken. Kassa og bakkant av løpet var satt inn med skokrem som slippmiddel. I og med søylene allereie var montert og fastlimt brukte eg berre skruene til å dra delene sammen, utan underbeslaget på. Om uhellet skulle vere ute og limen/massen skulle renne ned ville den berre drype ut i botnen av stokken, og ikkje lime fast underbeslaget. Ein kan sjå på bildet at det tyt ut litt her og der. Dette er lett å fjerne med Q-tips dyppa i raudsprit. ...to be continued...
  5. Eg har nettopp tatt jegerprøven, og valget mitt falt på ei Weatherby Vanguard i 30-06, fordi patrona er veldig all-round etter det eg har klart å karre til meg av info. Ein treng ikkje tenke så mykje på valg av jaktammo fordi den vil vel ikkje i praksis falle under kravet om annslagsenergi, ein kan bruke det rifla går godt med. Og ein har mogelegheit for å bruke homogene blyfrie kuler om ein vil det. -Og fordi rifler i 30-06 er tretten av på dusinet så ein kan gjere eit skikkeleg varp. Feks her: http://www.xxl.no/jakt/skyting/storvilt ... 21_1_style For min del blir det å forsøke seg på hjort, fordi eg har kjøpt ein eigendom med jaktrett nyleg, og så håpar eg på villsvin i Spania, fordi eg har ein svoger som er sauebonde der og jaktar mykje svin
  6. protto

    Cz-Klubben

    Aha, så då er det vel ikkje akkurat eit varmintløp lenger...
  7. protto

    Cz-Klubben

    Lite spørsmål om heildemping: får ein gjort det med varmintpipe? Den er jo veldig tjukk og eg ser for meg at det blir lite rom igjen mellom pipa og karbonrøyret, om ein ikkje brukar eit vanvittig tjukt røyr sjølvsagt. Syns min CMM med seks modular dempar veldig godt. Bråkar nesten mindre enn luftgeværet mitt. Det einaste som lagar meir lyd eg kula når den treff eit eller anna.
  8. protto

    Cz-Klubben

    Her er min nyanskaffelse, postdama kom med den for tre dagar sidan. CZ 455 Varmint, plassert i Boyd Pro varmint stokk. Har .22LR- og .17HMR-løp. Kikkerten er ein Hawke panorama 3-9x50 med lysretikkel. Kjenner eg er litt betenkt angåande kikkerten, men så langt virkar den OK. Stokken må få seg ein omgang med sløydarbeid for å få kassen til å passe skikkeleg, og så bedding. Slik det er no så kniper den mitt på kassa og eg må dra den nedi med sjefteskruene. Om eg dreg til fremste skrua berre littegrande så dreg eg løpet nedi framkant av stokken. Skaut inn .22LR-løpet på 50m og skifta så til 17HMR-løpet. Fekk ingen treffpunktsforandring. Men har ikkje skifta tilbake endå så akkurat det blir spennande å sjå. Har også ein A-tec CMM rimfire dempar med seks modular som ikkje stod på når eg tok bilde. Den fugerar bra, iallefall på 22LR subsonisk. 17HMR'en smeller bra med dempar, har ikkje testa utan. Det er vel overlydsmellen ein høyrer mest reknar eg med. Tenker å kappe 22-løpet på 40 cm og gjenge opp igjen. Litt usikker på 17-løpet, men kjem til å beholde det litt lenger, men kansje så kort som 45 cm. Og så må eg ha meg ein grei tofot. Har ein jalla-kina-greie men den ser billig og jalla ut og egna seg ikkje på bilde. Rifla er tung, men har jo sjølv valgt varmintpipe, og har vel eigentleg ikkje tengt å dra den med meg så langt. Men kunne jo vore artig å prøvd seg på litt diverse fjærkrejakt med 17HMR-løpet.
  9. protto

    Hawke panorama

    From the album: Rifle

  10. protto

    CZ 455

    From the album: Rifle

  11. Er ingen ekspert altså... ... så ein del av infoen er nådelaust saksa fra wikipedia: .22 WMR - 530-690 m/s .17 HMR - 775 m/s + Sistnevnte er relativt ny og basert på .22 WMR patrona, men med "neck" Desse to kan brukast til jakt på alle artar der det ikkje er spesielt krav til annslagsenergi. Kan som eksempel brukast til rev, rype, skogsfugl kråke, skjære, due, hare osv. Det er opp til jegeren å vurdere om kaliberet er tilstrekkeleg for at viltet ikkje skal lide unødig. .22 LR - opp til 500 m/s + Denne har kortare hylse enn dei to over, samt bittelitt mindre diameter på hylsa. Kulediameter og boring i løp er etter det eg forstår samme som .22 WMR. Det er vel to hovudtypar ammunisjon å velge i kva hastigheit anngår, overlyd (typisk "high velocity") og underlydshastigheit (typisk "sub"). Er litt på tynn is her, men eg trur at ein kan oppleve presisjonsproblem om kula startar med overlydshastigheit, for så å ramle ned til underlydshastigheit på veg mot målet. Då er det kansje bedre å bruke ammo som aldri bryt lydmuren. .22 LR kan brukast til jakt på småvilt opp til harens størrelse, men ikkje hare. Trur det er nermare definert i forskrift om jakt og fangst. Den er og lovlig brukt til avlivning av fellefanga vilt som feks.rev, sjølv om den er ulovleg å bruke til jakt på rev.
  12. Ganske einig med siste talar. Skal ein starte virksomheit er det nok lurt å handle kvalitetsmaskiner. For hobbybruk er ikkje krava dei samme syns eg. Eg har hatt ein Sieg C6 dreiebenk i 12 år, og den har vore mykje i bruk. Kan ikkje sjønne korleis eg skulle klart meg uten den. Har og ein liten fres, ein Sieg X2 som eg har montert ShumaTech (www.shumatech.com) digital avlesning på. Den DRO'en kan anbefalast på det varmaste. Spesielt er det kjekt med funksjonen for boring av boltsirklar. Dreiebenken konverterte eg raskt til trefas motor og frekvensomformar for eg vart lei av reimskifte. Dei tilsvarande maskinene i dag har elektronisk turtallkontroll på motoren så vidt eg veit. Å montere frekvensomformar er også eit tips om ein kjøper ei trefasemaskin men berre har ein(to)-fas tilgjengeleg. Små maskiner har sine åpenbare begrensingar, men du verden alt ein kan få gjort likevel. Eg dreia nye lagerseter i vendehjula på ein 1,5T minigravar ein gang i C6-maskina. Det gjekk, men var på grensa reint størrelsesmessig. Desse maskinene finns det eit hav av utstyr og deler til. Både fra inn- og utland. Har handla masse fra arceurotrade.com i england. Hyggeleg og serviceminded kar som driv den butikken. Til dreiebenk er det nesten eit must med quick change toolpost. Fåast via ebay i forskjellige størrelsar. Amerikanske selgarar, men dei er nå kinesiske likevel. Har i vinter bytta dreiebenken med ein Frejoth-benk fra korea, 1985-modell. Denne er litt større enn C6'en, ca ein meter dreielengde og har gir på spindel og mateskrue, samt finmating på vogn og tverrsleide. Denne skal få Shuma tech DRO og QC toolpost. Benken fekk eg nermast gratis mot at eg frakta den vekk. Leigde lastebil med kran for 1500,- som løfta den på ein bilhengar, maskina veg ca 400 kg. Fekk den inn i bua min aleine, hjelpt av ein biltema motor-løftar.
  13. Putte eit 1/4" hydraulikkrør i løpet og kalle den ein .177?
  14. Er det ein AT44? Om ikkje det skulle ordne seg får du nytt løp fra austeuropa for ein grei pris. Feks her:http://weapon.bg/en/search.html?phrase=at44 Kort løp til 380,-NOK eller L&W 860,- Dei lange løpa er ein hundrings eller to dyrare. Eg har handla i butikken eg linka til og det fungerte fint. Må forhåndsbetale, og eg tok sjangsen på at det gjekk greit, og det gjorde det. Pakken flaug inn under tollradaren. Kappar du løpet må du også maskinere pipa utvendig til frontsiktet. Det sit på ein redusert diameter i forhold til OD på pipa. Det er og eit O-ringspor rett foran siktet, til tetting mot lyddempar.
  15. Fjernet sitatet av forrige innlegg. Jegermeistern. Eg er einig med deg, men det er nyansar, sjølv definisjonen av kriminell har nyansar. Angåande skadeskyting så er det ingenting som er garrantert 100% sikkert, og det er bakdelar med det meste. Feller er sjeldan 100% dødlege, om ein ikkje ventar i lang tid då. Eg knerta ei mus ein gong som slepa rundt på ei felle som hang rundt bakfoten. Det var eg som hadde satt opp fella, og det var ikkje hyggeleg å oppdage kva som laga den vanvittige raslelyden. Musa hadde utvilsomt daua, men hadde lidd lenge før det. Mange fellefanga dyr blir sittande fast og er i live i lang tid. Gift er noko drit om ein har andre husdyr som hund og katt, og ungar. Eg tvilar på at ei luftkule gjer anna enn full gjennomskyting i ein musekropp, så blyforgifning er neppe innan rekkevidde. Men det er jo sjølvsagt forskjell på luftgevær, som alt anna. Er redskapen uegna til føremålet skal den ikkje brukast, det er universelt. Teoretisk kan ein plassere ei 4,5mm blykule i hjernen på ein smågnagar, og dei fleste kan vel vere einige om at det er vel så humant som kva som helst anna metode, lov eller ikkje. -Og, dette er ingen oppfordring til lovbrudd, berre tankelufting.
  16. Nei, har ikkje sett den. Men det er forskjell på katt og mus vel. Ved avlivning av mus kan ein bruke gift, feller (som ofte ikkje drep momentant), spade, hammer og så vidare. Men ikkje luftgevær som kan slukke lyset på eir brøkdels sekund. Det er jo ikkje jakt det er snakk om her. Det er jo eit hypotetisk spørsmål om kva som er den mest humane avlivningmetoden. Det er ikkje så lett å få tak i mus så ein kan kappe hovudet av dei med øks, som ein gjerne gjer med høner. Men det er definitivt førstevalget mitt når eg skal ha høne til middag. Alle veit at jakt med luftgevær er forbudt i Norge. Galningane som skaut på katten i vg-artikkelen hadde gjerne gjort det uansett kva loven seier, her er det vel heilt andre problem.
  17. Om ein legg ut litt kraftfor eller maltkorn er det lett å prikke mus på 8-10 meter med både hatsan og crosman, vil eg tru...
  18. Hehe.... Eg overdreiv litt. Tok tida no og det tek seks minutt fra 100 til 200 bar med den store tanken. Utan svette og nesten ikkje andpusten Løpa på AT'en er gjenga 1/2" UNF ja. Det korte løpet smell som .22LR. Det lange verkar litt tystare. Brukar dempar så det er berre eit "thump" fra mekanikken.
  19. Skulle gjerne hatt flaske men har ingen plass å få den fylt, så det er ikkje eit alternativ. Men eg får kansje tak i ein gamal dykkekompressor og om den ikkje er for sliten blir det vegen å gå. I mellomtida pumpar eg i ti minutt pr 60-70 skudd og syns folk overdriv kraftig om kva slitsomt det er. Det ligg litt i teknikken.
  20. Mest truleg kjem den med full tank. Om den ikkje er blitt tømt for transporten sin del. Min var iallefall full og den ekstra tanken eg kjøpte fra bulgaria var full den og. Angåande fylling med pumpe så syns eg faktisk ikkje det er så forbaska stress å pumpe for hånd, i motsetning til dei fleste andre. Litt trimm har aldri skada nokon...
  21. Er litt seint ute, men hadde tenkt å nevne Hatsan AT44, med det lange løpet (og lang lufttank) i 5,5. Eg kjøpte på tilbud ein AT44-PA i 4,5 inkludert pumpe fra gameon.no for 3990,-. Greit kjøp, men børsa er jo ikkje akkurat eit sveitsisk urverk rett ut av pakken... Men med litt mekk så vart min riktig så hyggeleg syns eg. Med den lille lufttanken og 4,5 kaliber fekk eg kun 30 brukandes skudd fra 200 til 100 bar. Det er montert Altaros-regulator satt til 150 bar så strengen var relativ flat og grei. Etter ei stund bestillte eg langt løp i 5,5 samt den lange tanken og to magasin. Ny ladebolt dreia eg sjølv. No gjekk antalet brukbare skudd drastisk opp. 60-70 skudd mellom 200-100 bar syns eg er meget bra. Har ikkje montert regulator i den store tanken enda så strengen er litt ugjevn. At eg får ein dobling i antall skudd trur eg skuldast to ting, det første er at det er større volum i den store tanken (sjølvsagt). Og det andre trur eg kjem av at det lange løpet sløsar mindre med lufta. Så langt ser det ut til at presisjonen er upåklageleg, sjølv om eg berre så vidt har testa den ute på 35m. Kan absolutt anbefale Hatsan AT44 -i ein eller annan variant med langt løp. Iallefall om ein er litt handy og kan ta seg av bagatellane som er litt under par. Og så kjøpte eg også ein kinakikkert. "BSA" Deerhunter 8-32x44. Satte den på ein heilskinnemontasje fra Beco. Kikkerten kosta 630,-(ebay) og flaug inn under tollradaren fra Kina. Det ER eit kinaprodukt men den overraskar positivt. Parallaksejustering på sida er lett å bruke og ser ut til å stemme bra med avstandsmerkinga. Håpar du får tilsvarande god opplevelse med børsa di. Det er jo i utgangspunktet ein dyrare og flottare modell enn min.
  22. Nja. Kjelår tre timar i folie på 100º C med kvitlauk, timian, salt og pepar. Så på varm kulegrill samtidig med ein neve orespon frå kompstkverna og loket på. Snu låret og grill/varmrøyk på alle sider. Har gjort dette med kjelår, indrefilet av okse og lammesadel og det er vanvittig godt. Har ein sadel av villsau som eg skal gjere dette med også. Av villsau har eg laga: Pinnakjøt, 3 døgn i salt heng tre-fire veker. Frys ned. Vatnast ut før damping. Lår til speking. Sadel til ovnsbaking/grilling/varmrøyk. Bog til fårikål. Nakke saltast til raspeballkjøt. Svangane til rullepølse.
  23. No har eg røykt bacon og laks med veldig bra resultat syns eg, iallefall til å vere første forsøk. Røykaren brann i halvannan time på ein fylling og eg røykte både bacon og laksen på tre fyllingar/4,5time. Det blir ganske tett og fin røyk, og heilt kald. Hadde eit trådlaust steiketermometer i tanken og tempen låg på 10-12°C under heile seansen.
  24. Heisann. Har lest denne tråden fleire ganger og søkt info på nettet ellers, og har lenge hatt lyst til å bygge meg eit anlegg for kaldrøyking. Ettersom eg er tobarnsfar og har alt for mange hobbyar har det aldri vorte byggd røykehus... Men her om dagen, etter tips herifrå: " target="_blank laga eg ein liknande variant. Som røykkammer har eg brukt ein 150l OSO varmtvanstank som er kappa toppen av, denne hadde eg ståande for ein annan hobby er ølbrygging og bygging av utstyr til dette. Har lagt ei rustfri rist/kjeleunderlag fra IKEA i toppen til å henge kjøt og fisk i. Røykgeneratoren er ein ståltermos som har fått eit 40-50mm hol i botnen med ei rist over holet i rustfri perforert plate med 2mm hol tett i tett. (Også frå ølbryggeutstyr). Nokre røyrdeler i rustfritt på toppen utgjer venturien og montering for vifta, som er frå ein utrangert lap-top PC. Vifta blir dreven av ein brukt mobilladar. Røykgeneratoren skruast rett på røyret som stikk ut i botnen av VVB'en. (der som sikkerheitsventilen ein gong sat). Fyller termosen med flis frå kompostkverna og fyrer på under rista i botnen med ein lighter eller propanbrennar. Den produserar temmaleg mykje røyk og eg tenker det kunne vere lust å ha ein variabel straumforsyning til vifta for å regulere trekken. Baconet heng til tørking etter å ha vore tørrsalta, så ein av dagane blir det første testen. Orflisa ligg og får tørke litt den og, og eg har planar om å gå i skogen og finne litt forskjellig treslag å teste med utover. Eple, Plomme, Or, Kirsebær, Eik, Ask, Hassel er noko av det eg har lyst å prøve. Og Sprake (Einer) sjølvsagt. Skal sjå om eg får til å legge ut eit par bilder av Reodor-prosjektet. Edit: Prøver meg på bilder:
×
×
  • Create New...