Jump to content

protto

Members
  • Posts

    74
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by protto

  1. Liten presisering for flisespikkarar: Weaatherby vanguard har i følge http://www.weatherby.com/support/faqs.html 26mm x 1,5mm låskassegjenger. Altså ikkje 1,02" x 1,5mm som oppgitt lenger oppe i tråden. Går ut frå at dette og gjelder Howa 1500 utan at eg har sjekka. Det er imidlertid ganske normalt at stordiameteren er ~0,1mm mindre om ein set skyvelæret på og måler.
  2. Takker takker! Har ein liten hobbyverkstad med ein passe stor dreiebenk, liten fres og diverse anna knask
  3. Hmmm... må forske litt på det. Ser ikkje bilda lenger eg heller...
  4. Takk for link. Ja det må bli noko slikt trur eg.
  5. Neste ut er kapping og gjenging av løpet. Kjøpte ein lett brukt TMM-4 fra A-tech. Denne hadde 14x1,5mm gjenger så då er det valget tatt. Lengden vart 50cm. Ville i utgangspunktet ha så kort rifle som mogeleg så 50cm ser eg på som eit kompromiss mellom lengde og utnyttelse av patron (30-06). Kan alltids korte inn meir i framtida. Point of no return: Gjengefresing i dreiebenk, snart ferdig. Kuttar heile gjenga i eit pass. Veldig effektivt! Rifle satt saman igjen: Med dempar: Har etter dette skutt storviltprøven og litt ekstra trening. Det som er med originalstokken er at den har ein usannsynleg låg kolbekam som nok passar best til åpne sikter. Når eg bygger opp ca 3-3,5cm får eg god kinnkontakt. Men liggeunderlag og ductape er stygt som nøkken så eg må finne på noko bedre. Kansje ein slik kydex-sak hadde funka. Ellers har eg bestilt ein kkc-stokk. Men den har ukjendt leveringstid så eg er litt usikker på kva eg skal gjere.
  6. Ei stund sidan sist... Laga ein låskassenøkkel tilpassa Vanguard-kassa. Det er to "kubbar" 40x40mm firkantstål som eg satt i dreiebenken og bora ut hol med diameter til låskassen pluss 0,3mm så det er plass til eit messingshims mellom kasse og nøkkel. Vanguardkassa er flat i botnen og har integrert rekylklakk. Fresa ut spor til dette i den eine halvdelen. Bora to hol gjennom dei to halvdelane mens dei fortsatt var spent saman og satte i to 12mm gjengestenger. Desse er sveisa fast i underdelen, saman med håndtaket som er eit 30mm tjukkvegga røyr. Sveising er ikkje mi sterke side så det er ingennærbilder av sveisen Planfresa eine halvdelen bittelitt slik at dei klemmer godt saman mot kassa når boltane blir trekt til. Løpet klemde eg fast mellom to halvmånar i skrustikka. Laga og ein aluminiumring som vart splitta på eine sida for å spare finishen på løpet. Dette fungerte dårleg. Trur eg skulle hatt ei hydraulisk verkstadspresse for å få klemt det skikkeleg fast. Herpa løpet skikkeleg i forsøket... ikkje bra... Men eg fekk tak i eit uskutt originalløp til ein billig penge så då var det berre å få det ut på ein eller annan måte. Spente opp løp med kasse i dreiebenken og dreia eit avlastningsspor rett framfor kassa. No løsna skrapløpet mykje lettare. Litt irriterande at eg ikkje klarte å splitte løp og kasse utan å fø**e opp løpet. Menmen, ein må jo ta nokre sjangsar her i livet, ellers blir det kjedeleg
  7. Takk for svar. Får ha litt is i magen. Verkeleg flott stokk iallefall.
  8. Bestilte ein stokk fra jakt og friluft i juni, altså eit par månadar sidan. Vart gjort oppmerksam på at stokken ikkje var på lager og måtte produserast og måtte derfor rekne med 3-5 veker leveringstid. Når eg gjentatte ganger prøver å ringe j&f seier dei at dei skal sjekke og ringe tilbake og eg høyrer ikkje fra dei igjen. Ikkje svarar dei på mail heller. Er det kkc som ikkje kan svare og dermed kan ikkje j&f gi meg svar eller? Nokon som har kjennskap til ståa rundt kkc og leveringstid? Veit jo at butikken er rette plassen å rette spørsmålet men sidan dei ikkje kan svare og ikkje klarar å ringe tilbake luftar eg det her:)
  9. Her er ei "pakke" eg kjøpte hjå Villmarksbutikken i vår: CZ 455 Varmint rifle kal. 22 LR Varmint løp kal. 17HMR Hawke Panorama 3-9x50 kikkertsikte med lysretikkel Kikkertmontasje 1" stål A-Tec CMM-6 RF lyddemper passer til begge løpene 200 SK standard 22LR 50 Winch. V-Max 17 HMR Dette betalte eg 9100,- for. Kikkerten er eg litt misfornøgd med, men eg bestillte den usett med det i bakhovudet at lysretikkelen kansje var litt jalla. Kunne tenkt med at trådkorset var bedre synleg i vanleg dagslys, men funkar OK. Har i tillegg kjøpt Boyds pro varmint (tacticool) stokk. Kostar vel rundt ein tusenlapp. 22-løpet har eg kappa til 40cm. Gjort det sjølv så det kosta ingenting. Det er kort og hendig, og med Boyd stokken er den meget kjekk å skyte med syns eg. Den stokken har vokst litt på meg etterkvart. Var litt usikker på den i starten, men no syns eg den er jækla bra! Litt tung kansje, men eg er då mann! Kjøpte tofot på xxl, type Norma. Kostar rundt 700. Er vel ein slags Harris-klone det og. Den brukar eg på salongen eller grovkaliberrifla alt etter som. Eg syns ikkje avtrekket var avskrekkande dårleg, men har ikkje erfaring med "match-våpen" så samanligningsgrunnlaget er litt tynt. Edit: Verktøy som torx og umbrakonøklar for stokk- og løpsskifte er sjølvsagt inkludert med rifla.
  10. Tja, eg syns avtrekket på min Vanguard i 30-06 er meget bra. Kjøpt ny for 2500,- med avtagbart magasin Kan fleske til med ein Kkc eller Grs og likevel ha billegare rifle enn ei ny T3. (Som absolutt alle andre på storviltprøven har). Mogeleg eg er motsrøms, eg svergar til android og ikkje halvetne epler
  11. Utvilsomt gamle modellen Vanguard til 3500,- om pris er det viktige. Bruk resten av budsjettet på optikk og ammo
  12. Behovet for ei storviltrifle har meldt seg etter eit eigedomskjøp i fjor, og bestått jegerprøve i vår Etter mykje om og men kjøpte eg ei Weatherby Vanguard synt DBM i 30-06 på XXL fra lista over "billige våpen" (du finn den på nettsida). Dette er ein utstillingsmodell fra butikken i Ski, og vart min for den nette sum av to og eit halvt laken... Det som kansje er innlysande er at stokken er skikkeleg jalla. Den er forsåvidt god å holde i men har eit skikkeleg billig preg. Og så er ikkje løpet akkurat frilagt... Det er så ille at stokken blir snørt godt oppi løpet når ein dreg til sjefteskruene. Så det første eg gjorde var å skjære og pusse løpskanalen. Eg tok vekk ganske mykje plast, men likevel ville løpet nedi kanalen. Heilt til sluttstykket subba nedi magasinet, og vel så det. Etter litt nøye undersøkelse visar det seg at rekylklakken ikkje landar der eg trudde den gjorde. Heile "barreled action" forsvant lenger og lenger nedi stokken etterkvart som eg fjerna plastikk i løpskanalen. Då dreia eg to aluminiumsøyler med passe hol for sjefteskruene. Den fremste søyla fekk ein "krage" slik at den byggde 2mm opp fra botnen av brønnen til rekylklakken slik at denne landa på toppen av søyla. Begge vart støypt fast med epoksy. Når limen var herda trimma eg lengda på undersida slik at underbeslaget låg jevnt. Så fekk rekylklakken ein god klatt epoksy, og no ligg løpet fritt og fint. Stokken er faktisk stiv nok til støtte med tofot no. Den har stått i skapet ei god stund utan å ha fått særleg oppmerksamheit. Etterkvart kom eg over eit bra tilbod på Jaktdepotet, Nikon Monarch 2,5-10X50 til 3500,- Den kjøpte eg. Fekk tak i ei Picatinneyskinne til Rem700 fra Brownells til rundt 500,- passa rett på. Monterte kikkerten i Leupold QRW. Dei kosta nesten halvparten av rifla Var å brende av åtteogtredeve skot her om dagen og rifla går godt. Har ikkje noko bevis på papp for det vart mest "tyleskyting" på tomboksar, men ein ting som openbara seg var at magasinet ikkje ville mate. Rekylen gjorde at magasinet bikka ned i bakkant så neste patron ikkje ville vere med inn i kammeret. Når eg kjende etter så sit magasinet ikkje akkurat som ein tørr tommel i baken, og ein kan lett dra det ned i bakkant så mykje at sluttstykket ikkje når tak i neste patron. -Ikkje bra! Vel er det ei billig rifle, men eg forventa at magasinet matar utan at ein må dytte det opp under ladegrep. Eg gjekk heim i tenkeboksen og kom fram til at det er alt for stor klaring mellom magasinbrønn og magasin. Både framme og bak og på sidene med. Det enda opp med at eg forsøkte med messingshims i bakkant av magasinbrønnen, og så i fotkant, og så begge deler. Eg limte fast 0,3mm messingplater forran og bak, og no følest den nesten som om børsa er av europeisk oprinnelse og magasinet matar som eit sveitsisk urverk Har ikkje testskote endå med nye magasinmodifikasjon men har trua! Har ca 9mm klaring mellom kikkert og løp så eg må få bytta til låge ringar. Og så har eg skaffa ein A-tec TMM-4 som skal på. Spørsmålet er berre kor langt løp eg skal ha. Startar gjerne på 50cm og jobbar meg nedover... Slik ser rifla ut i dag med 61cm løp, picatinny, Nikon Monarch 2,5-10x50, medium QRW og Norma tofot: Neste episode blir om tilvirkning av låskassenøkkel, løpstikke og kapping og gjenging for lyddempar
  13. Myford ML7. Får du tak i ein slik i god stand til fornuftig pris er det berre å handle Hadde neeesten kloa i eit strøkent eksemplar i vinter, men gamlingen på fleire og åtti fant ut at han fekk akkurat plass til den i eldreboligen. Bra for han! Han sa han ikkje viste heilt korleis han skulle klare seg utan dreiebenk, eg sjønnar han godt...
  14. På min Vanguard var det ikkje nok å skrape/slipe ut plast i løpskanalen. Løpet berre forsvinn lengre nedi fordi det var klaring under rekylklakken. Det enda med at bolten subba nedi magasinet. Så aluminiumsøyle til begge sjefteskruene samt ein klatt beddemasse under og bak rekylklakken fiksa problemet. Stokken er ikkje stiv, men stiv nok til at løpet ligg fritt, sjølv med støtte som tofot og liknande. Dette er ikkje S2 men den gamle varianten av syntetstokk.
  15. I hht loven er det vel det som står på pakken med ammo som gjeld, uavhengig av lengde på løpet og faktisk annslagsenergi? Ein annan ting er kva ein sjølv har samvittigheit til.
  16. Ofte dei gamle som er best. Utan at eg veit, men med ein slik kroning er det ikkje sikkert det har noko betydning om holet er ein hundredel eller to ute av senter. Med konisk kroning er det gjerne eit større problem. Men det er sikkert nokon ekspertar som veit bedre enn meg.
  17. Flott arbeid og flott tråd! Er chucken din så sentrert at du berre spenner opp så er det nøyaktig nok? Og, er holet i pipa midt i løpet? Eller er det individuelle bakkar i chucken kansje? -Uansett, bra å sjå andre enn meg som ikkje vegrar seg for å gå laus med dreiebenk på rifla si
  18. protto

    Prosjekt CZ 455

    Eit par ord om gjengefresen. Den er enkel nok, produsert ut av eit 50x50 aluminium firkantemne, ca 100mm lang. Spent opp i 4-bakkchucken og bora hol i senter. Dreia lagersete i eine enden, snudd og dreia lagersete i andre enden. Så satt i maskinstikka i fresen og slanka littegrande samt runda to av hjørnene. Dette er gjort med vanleg profilfres for trearbide. Det funkar gullfint på alu. Så er det satt i to lager med 20mm ID, OD trur eg var 27mm. Lagera sit tight i blokka og på akslingen, men har limt dei med raud locktight i tillegg. ER16-holdaren har sylindrisk tange på 20mm. Den har og hol gjennom senter på 1/2". Eg satt den i 4-bakkchuchen og klokka den opp og satte i eit 1/2" rundtsål i senterholet. Hardlodda dette fast med sølvlodd (Harris safetysilv 56). Så dreia eg ned OD til 12mm, fordi eg likar metriske dimensjonar , og for å ta av eventuelle skeivheitar. Bolta fast ein stålbit for å få feste blokka i ein verktøyholdar til QC-toolpost'en min. Kjøpte to frasar, ein som spenner over 0,5-1,5 og ein fra 0,8-2mm.
  19. protto

    Prosjekt CZ 455

    Ja den er tight og fin å skru på. Eg dreia littegrande på overmål slik at den ikkje skulle slarke. Den er slik at den ikkje kan "spinnast" på men må skruast. Likevel lett å skru for hand. Har ikkje fleire bilder akkurat no, men det kan eg fikse seinare. Gjengefresen er teken med utgangspunkt i ein slik fres: http://www.ebay.com/itm/351021006266?_t ... EBIDX%3AIT Den er holdt fast i ein slik spennhylseholdar: http://www.ebay.com/itm/221720661734?_t ... EBIDX%3AIT Holdaren har 20mm tange så eg laga ei aluminiumsblokk med eit kulelager i kvar ende som spennhylseholdaren står i. Og så satte eg i ein rundbolt i senterholet i tangen og dreia den ned til 12mm. Rundbolten er hardlodda fast. Denne er for å få den i chucken på ein vanleg batteridrill. Og det er igrunn det heile. Eg hadde tenkt å sette på ein eigen motor og det kjem eg kansje til å gjere seinare. Ved å skifte ut fresen med andre typar verktøy kan den brukast til andre ting enn gjengeskjæring. For eksempel sliping, aka "tool post grinder". Har ein ein motor med variabelt turtal og nok fart og torque blir den ganske universell. -Og det finns sjølvsagt gjengefresar som passar til andre stigningar, og det er lett å byte om verktøy då det er ein vanleg ER16 spennhylseholdar. Har nevnt ein del fordelar med denne metoden, men det er jo fleire: kan bruke samme verktøy til innvendige og utvendige, links og rette, og ein fres passar til eit relativt vidt spenn av gjengestigningar. Det er berre å hive seg i det! Den største jobben er å spenne opp pipa så ein er sikker på at den er rett. Rekk den gjennom spindelen er det nok ein fordel å klokke den opp i begge endar, men eg trur, innen for rimelegheitens grenser, at det ikkje er sinnsjukt "nøpe". Eg trur eg hadde kome unna med det om eg berre hadde spent opp pipa i 3-bakk chucken min. Men så er den rimeleg sentrert også då. Og så blir det litt meir utfordrande når pipa har profil. Mine er jo varmintpiper med same diameter heile vegen.
  20. protto

    Prosjekt CZ 455

    10 skot liggande med tofot på 50m. Med ein eller annan subsonisk ammo. Det er nok det eg klarer på ein middels dag, og det er iallefall ikkje dårlegare enn med full lengde på løpet Prøvde så vidt på 75m og. Då datt treffpunktet omtrent 7cm i forhold til 50m. Dei tre skota eg satt i skiva samla rundt eit-par-og-tjue-mm dei og. Trur eg skal klare "snusboksen" på 100m. Blir spennande å sjå. Må få meg eit lite utvalg av ammo så eg kan finne ut kva som går godt i rifla. 17 HMR'en samlar ein del bedre med Winchester V-max. Tre skot 11mm c-c på 50m.
  21. protto

    Prosjekt CZ 455

    Har ikkje bedda under løpet. La plastilina i overgangen mellom løp og kasse slik at det ikkje kom beddemasse der. Det er forøvrig god klaring mellom bakkant av løpet og løpskanalen i Boyd stokken. Men du har sjølvsagt heilt rett, ein kan ikkje gå ut frå at to løp er heilt like, sjølv på samme rifle.
  22. protto

    Prosjekt CZ 455

    Ja .22 LR er vel ein av få kaliber som kan få auka hastigheit ved å kappe løpet så det kan forklare fire klikk ned. Presisjonen ser ut til å vere minst like god etter den begrensa testingen eg har gjort. Er ingen god skyttar, har lite erfaring med det. Og eg pleier å ha større spredning på blink enn colaboksar, av ein eller annan grunn...
  23. protto

    Prosjekt CZ 455

    Dreia og polerte ein fin liten kroning i enden. Ikkje heilt sikker på vinkelen men den SER ut som kroningen på .17 HMR-løpet. Sikkert ikkje akkurat 79 grader, men deromkring. Gradeskalaen på toppsliden min går ikkje lenger enn til 45... Syns børsa vart mykje kjekkare å håndtere. Det fjerna litt vekt i front og med demparen på er lengden akkurat passe. Den ser sjukt kort ut utan dempar, men det er vel ein vanesak. Den rekk ikkje lenger opp til holdaren i våpenskapet utan dempar på så her må eg finne på noko lurt. Neste blir å kappe og gjenge .17 HMR-løpet. Men det blir ikkje 400mm. Kansje i 450-480mm området.
×
×
  • Create New...