Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    682
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

  1. Har berre brukt den på ein hjort. Liker og mindre knivar. Greit å ha ein "grovkniv" til ledd og slikt, men til alt anna fungerte denne bra!

     

    "Slit an" med ny kniv som dei seier i Bergen :-)

    • Like 1
  2. Må slå eit slag for "søta bror".. Casström Mini Safari trur eg den heiter. Brukt den ein del på tur og på jakt i fjor. Strålande nøgd. Liten kniv med stort potensiale. Og lett å kvesse

     

    casstrom-safari-orange-g10__64288.1570555905.thumb.jpg.8bb0e06f0e77c39a6da8dc836fffda2c.jpg

    • Like 4
  3. 13 minutes ago, Ei tohi varjata said:

    Aimpoint er jo et veldig trygt valg. Micro H2-siktene er solide som pokker og veldig veldig lette. Finnes med et utall montasjer også (Picatinny, Weaver, QD til begge deler, Leupold, div. direkte riflebaser osv).

     

    Ole

     

    Ja, har sett på Aimpont, men ville helst kome litt ned i pris. 

     

    11 minutes ago, vavlo said:

    Kan være veldig greit å få prøvd noe før du kjøper. ikke alle har syn som er kompatibelt med disse siktene.

     

    Også eit godt poeng! Har desverre ikke nokon eg kjenner som har noko slikt, så det vert nok å kjøpe og så evt. selge igjen om det ikkje skulle gå. 

     

    Har sett litt på Hawke Micro Reflex Sight. 

  4. Er det nokon som har brukarerfaringer med rødpunktsikter/reflekssikter til børser med litt tyngre rekyl?

     

    Har fått montert Skinner sikter på Winchester M70'en, men skulle gjerne hatt eit rødpunkt/reflekssikte i tillegg. Børsa er i 450 Marlin, så det må tåle litt rekyl.

     

    Veit at Aimpoint osb har gode sikter, men då eg ikkje har brukt eit slikt sikte før, tenkte eg det kanskje var lurast å ikke investere for mykje før eg veit om eg likar det. 

     

    Alle innspel vert tatt i mot med takk!

  5. Kjem veldig an på bruksområdet. Trenden er jo å gå for lange tunge kuler, og då er jo riflestigning, slik vavlo seier, viktig. Om ein treng desse lange torpedoane på vanleg jakt er jo noko ein må ta stilling til. Eit evt. blyforbud vil kanskje og spele inn her med tanke på lange monolittiske kuler. Tåler du mykje rekyl? Lett eller tung børse? 

     

    Men du spør kva eg hadde valgt, og eg hadde valgt ein Kimber eller ei Winchester M70. Kun fordi eg likar kontrollert mating. Og eg har to Winchester M70-børser frå før, og liker dei godt. Driv og pønskar på noko liknande, men då ei Winchester med to løp i 375 H&H og 300 H&H. Berre fordi..!

     

     

    • Like 1
  6. Har pønska på det samme sjølv. Driv og "ferdigstiller" eit Rem. 700 prosjekt.

     

    Har sett litt på Freyr og Devik når det gjelder lyddemper. Hausken har og nokre lette små lyddemparar. Veit det finns titanmodellar som er endå lettare, men då stig kostnaden over det eg er villig til å betale. Eg trur eg skal prøve meg med aktive øyreproppar og spare heile demparen. Får sjå korleis det fungerer til hausten

     

    Når det gjeld kikkertsikte har eg landa på Leupold. Om du skal ha riktig lette kikkertar har dei eit par eldre modellar som er ganske lette. Eg har landa på ein VX III 2.5-8x36. Dette er vel helst ein kikkert for dagjakt.

     

  7. Har samme problemet med lapuahylser og 150 tsx. Lurer på om eg har lest at lapuahylser er ganske tynne i godset? Bruker Lee si Collet Die. Før eg reiste på jobb tok eg å polerte av ca 0,15mm av den innvendige mandrellen. Har ikkje lada noko etter det. Men kunne og rotere kulene i hylsa. Endte opp med å krympe dei for å få kula til å sitte.

  8. Gjer eit forsøk på dei spørsmåla eg føler eg er kapabel til å svare på:

     

    2) Eg bruker stort sett Lee sitt utstyr. Har ikkje erfaring med andre merker, men har god erfaring med Lee sine presser og diesett. 

     

    4) Har kun prøvd Lee si krympe-die. Veldig nøgd med denne: https://www.brownells.no/RIFLE-FACTORY-CRIMP-DIES-223-Remington-Factory-Crimp-Die-LEE-PRECISION-100010081

     

    5)Les bruksanvisningen på den dia du velger å bruke. Ein kan godt eksperimentere seg fram slik du skisserer. Prøv hylsa i kammeret på børsa du skal bruke den i. Om du kan lukke bolten lett på pressa hylse er du vel omtrent i mål. Kan evt. lime på ein bit med vanleg kontortape på støtbunnen av hylsa. Om du kamrer hylsa lett uten tape, og trang med tape skulle du vere i nærleiken av noko.

     

    6) Eg har brukt ein "tørr-tromlar" tidligare. Har egentlig lyst til å gå over til våt-trommling, men har ikkje kjøpt trommel endå. Det eg har gjort i det siste er å ha hylsenen i ei bøtte med varmt vatn samt ein dråpe med salo og litt sitronsyre. Rister rundt på dette så lenge eg gidd, for så å la det stå ei stund. 15-20min. Skylle godt og tørke i steikeovn. Fungerer greit det. Bruker forresten tørr-tromleren som fyrste steg. 

     

    7) Prosessen min:

    - Tørrtromle hylsene fra skytebanen

    - Ta ut tennhettene med egen die for dette

    - Smøre hylsene og presse desse (heilpresser nokon kaliber og halspresser andre)

    - Vasker hylsene i varmt vatn, salo og sitronsyre. 

    - Renser hettelommene

    - Utvider hylsehalsen avhengig av behov. Ser at eg får betre kvalitet når eg gjer det med spesielt 45/70 og 450 Marlin. Heilt nødvendig om du lader med støpte blykuler

    - Sette i tennhetter

    - Måle opp kruttmengde

    - Inspisere kruttmengden med lommelykt etter at eg har fyllt alle hylsene

    - Sette i kuler

    - Eventuellt krympe. Har stort sett krympa alt til no. Lett krymp på patroner med flaskehals. Hardare krymp på rettvegga hylser som går i røyrmagasin

     

    Dette er slik eg gjer det. Sikkert ikkje så effektivt, men eg ser på dette som litt "zen". 

    • Like 1
  9. Har lest med interesse debatten i denne tråden. Skal ikkje ein gong gjere eit forsøk på å samanfatte, men det ser ut som om debatantane har forskansa seg litt og ikkje evner å sjå fornuften i det den andre seier. Litt slik som når eg påpekte for kona i ein litt amper diskusjon at det var vanskeleg å tenke logisk når pulsen steig over 120 (eller noko slikt). Fekk, pussig nok, ikkje den responsen eg hadde tenkt meg. Noko som kanskje kan tyde på at eg ikkje tenkte heilt logisk eg heller.

     

    Ellers les eg og prøver å forstå så godt eg kan. Heilt kva Newton sine glasskuler skal ha med internballistikk klarer eg ikkje å sjå. Oppbremsinga av legemer i fritt fall i eit homogent medium er vel i beste fall berre ein av mange faktorar ein treng for å forstå korleis ekspanderande/deformerande/reduserande kuler oppfører seg i eit ikkje-homogent medium? 

     

  10. Heisan

     

    Starta ein tråd for ei stund sidan. Tilbod om testing av blylegeringer. 

     

    "Teste sammensetningen til forskjellige blylegeringer; eit tilbod?"

     

    Om du vil, kan du sende meg ein bit, så kan eg finne det ut for deg. Info i tråden.

     

     

×
×
  • Create New...