Jump to content

svartepetter

Members
  • Posts

    136
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by svartepetter

  1. Eg ville ha styrt unna 2*4, rett og slett fordi det ikkje ville blitt fint. Fine emne kan du få tak i hos ein møbelsnekker eller nokon som driv med dreiing/treskjæring.
  2. Det virkar jo heilt absurd. Det er eit krav å oppbevare våpen i våpenskap. Men eg har jo ingen våpen å oppbevare før eg har fått innvilga ein søknad Og ein innvilga søknad er ikkje eit pålegg om å kjøpe våpen. Så kan dei kreve at eg kjøper våpenskap for å *søke* om å kjøpe våpen? "Problemet" i mitt tilfelle er at eg ikkje har råd til å legge ut for våpenskapet før i mars. Og våpenkontoret her brukar minimum fire veker på å behandle ein søknad. Så viss eg skal vente med å søke til mars får eg ikkje trent med mine eigne våpen før sesongen er godt i gang. Våpenkortet skal sendast inn av selger saman med den gule kopien av søknaden når våpenet faktisk blir overlevert. Eg forstår ikkje kva dei skal med våpenkortet for å behandle søknaden? Dei har jo namn og nummer på både selger og våpen, og då er det jo berre å slå opp i sitt eige system for å verifisere at ting stemmer. Poenget er at ein ikkje betaler for søknaden ved arv. Men det er ingenting på søknaden eller i veiledninga som seier noko om korleis (eller om) ein skal dokumentere dette.
  3. Var på politikammeret og henta søknadskjema i dag. Eg skal overta ein pistol etter min far. Spurde dama i skranken kva eg måtte levere med av dokumentasjon, og det var eit par ting eg stussa på. - Kvittering eller anna bevis på at eg har våpenskap. Eg har ikkje skytevåpen frå før (med unntak av luftvåpen i 4,5) og dermed ikkje våpenskap. Kan dei kreve at eg kjøper våpenskap for å få *søke* om kjøpetillatelse? Er det ikkje nok at våpenskapet er i hus før eller samtidig med våpenet? - Våpenkortet til far min. Kan dei be om dette? Må ikkje han ha dette sjølv så lenge han har pistolen? Eg gløymte å spørre korleis ein dokumenterer arv. Er det nok å skrive det i kommentarfeltet, eller må ein legge ved noko slags dokumentasjon på slektskap? I veiledninga står det også at ein må legge ved dokumentasjon på deltaking på trening og stemne. Eg har delteke i ein god del stemne i mitt forrige pistolskytterliv, men det er 20 år sidan no. Etter at eg starta oppatt i fjor sommar har eg berre delteke på treningar. Vil dette vere noko problem? Og kva kryssar eg evt av på i skjemaet når det spør om eg deltek i stemne? Planen er jo å gjere det når eg har trent meir og blitt ein betre skytter.
  4. Det er ikkje det samme som den IZH-60 som vert solgt i dag. Eg vart litt småskuffa då eg fekk mitt IZH-60, mykje av det som var metall på eldre utgåver er erstatta av plast. For all del, det fungerer heilt fint med det gir ikkje heilt samme "feelingen". Dessutan er avtrekket forenkla og ikkje fullt justerbart som før. Når det er sagt så må eg innrømme at geværet framleis er ein fornøyelse å skyte med. Presist er det også. Vekta, størrelsen og den justerbare stokken gjer det bortimot perfekt til barn. Dessutan er det lite av både rekyl og støy. Eg har satt ein billig to-fot på mitt, så fem-åringen treng berre peike og trykke av. Det må vere enkelt å treffe i starten
  5. svartepetter

    American Guns

    Nei, du har heilt rett. Dette er eit utruleg irriterande moment med dei fleste Discovery-seriane. Idiotiske og oppkonstruerte konflikter samt meiningslause (og korte) deadlines går igjen overalt.
  6. Har prøvd ein del forskjellige sikter frå DealExtreme. Dei er utan unntak skrot. Har sjølv kjøpt både Tasco- og Walther-kopiar frå DX, og kan love at desse berre er kopiar eksteriørmessig. Sikta er rett og slett ikkje praktisk brukbare. Kikkerten ("Tasco") lot seg ikkje justere. Rødpunktsiktet ("Walther") lot seg justere, men trengte til gjengjeld justering etter kvart skot Styr unna. Har også prøvd nokre no-name sikte frå DX som er i samme "kvalitet". Ser andre har foreslått BSA. Eg har sjølv ein billeg BSA-kikkert på eit Gamo Shadow luftgevær, og til forskjell frå DX-sikta fungerer dette sjølv etter eit par tusen skot. Optikken er også heilt fin under normale lysforhold.
  7. Hehe, ja eg ser det no. Var litt kjapp her i stad. Dette er ei fjærrifle, ikkje PCP eller pneumatic. Gassfjærer har eksistert i mange ti-år, så eg vil tru dei er heilt OK. Dei varer antageleg lenger enn stålfjærer. Det finns også ombyggingssett til vanlege fjærrifler.
  8. Dette er vel strengt tatt ikkje eit PCP-gevær, men eit fjærgevær med gassfjær?
  9. Det er uråd å seie om akkurat denne personen vil bli rusfri på livstid. Men statistikkane talar mot han. Og eg meiner at eksnarkomane *som gruppe* ikkje bør ha eige skytevåpen. Tilbakefallsprosenten er for høg (ca 60-70% om eg ikkje huskar heilt feil) til at ein kan betru dei dette. Då bør i så fall karantenetida vere lang, og med *dokumentert* rusfriheit. Men eg lagar ikkje lovar, eg har berre ei meining om korleis dei bør vere.
  10. Ved å lese første innlegg veit vi altså følgande om fyren: - Han er tatt for å køyre bil påverka av medikament. Ettersom ein ikkje sjekkar for slikt i vanlege promillekontrollar må ein gå ut frå at det var noko anna enn tilfeldigheiter som gjorde at fyren vart tatt. - Han "røyker ei bønne" i ny og ne. Dette seier meg at fyren framleis er avhengig eller at han rett og slett gir litt f. - Har tidlegare vore bura inne for fyllekøyring. - Har langa dop og blitt tatt for det. - Tidlegare (?) avhengig av smertestillande, noko som vanlegvis betyr opiatavhengig. Om fyren *skal* få ervervstillatelse er det politiet som må ta stilling til. Eg seier berre at han ikkje *bør* få det. Ut frå dei erfaringane eg har med rusavhengige er sjansen for at denne personen blir eit stabilt og lovlydig menneske temmeleg liten. Risikoen for at det går gale igjen er så stor at han (igjen etter mi meining) ikkje bør få ha skytevåpen. Ein rusmisbruker som treng pengar rappar gjerne trygda frå bestemora si. Har han eit skytevåpen han kan få gode pengar for selger han gjerne det. Eg har sjølv sett kor hensynslause og voldelege desse miljøa kan vere, utan at eg skal gå i detaljar. Men eg har sett nok til å meine at lovlege våpen aldri må komme i nærheita av slike miljø.
  11. Eg er ikkje enig. Dei færraste rusmisbrukarar blir rusfrie. Ja, dei kan vere rusfrie i lange periodar men sjeldan resten av livet. Desse menneska bør etter mi meining aldri få sjansen til å inneha eit skytevåpen.
  12. Eg har ein del personleg erfaring med rusmisbrukarar, og hadde helst sett at første rus- eller voldsrelaterte dom resulterte i null sjanse til å inneha skytevåpen resten av livet. Ja, dette gjeld også fyllekøyring. Rusmisbrukarar - også dei som er avhengige av alkohol - er notorisk upålitelege, og er etter mitt syn like skikka til å inneha skytevåpen som ein dømt pedofil er skikka til å jobbe i barnehage. Med tanke på at dei fleste rusmisbrukarar aldri blir rusfrie bør dei heller aldri få tilbake moglegheita til å inneha skytevåpen. For *når* dei går tilbake til tidlegare laster vil vi ikkje at dei skal ha skytevåpen. Det kan hende at kompisen din blir ein av dei få som klarer å legge rusbruken bak seg for godt. Men "ei bønne av og til" tyder ikkje på det. Det er som å vere alkoholiker og berre drikke øl. Det er veldig bra at du engasjerer deg og vil hjelpe kompisen din. Men eg vil råde deg til å finne andre aktivitetar enn jakt og sportsskyting.
  13. Eg har ein 28J60-modul som eg tenkte å bruke til å koble ein Arduino til ein gammal wifi-router. Om eg køyrer web-server veit eg ikkje enno, som du seier kan det bli problem med reaksjonstid. Dette må eg teste. Å hacke routeren er ikkje noko alternativ, eg har altfor mange prosjekt på gang og treng ikkje starte endå eitt Eg har også diverse radiolinkar liggande, men då må eg bygge hardware i begge endar. Eg satsar i første omgang på å bruke telefonen til å styre skiva med.
  14. Hva regner du med å bruke som elektronikk for å styre dette? Har du sett på IOIO fra Sparkfun? Direkte styring fra Android applikasjoner, ser fantastisk enkelt ut. Eletronikken krever ingen programering, men applikasjonen tar seg av alt. IOIO kan styres via usb eller bluetooth pr. nå, men kommer snart en oppdatering for wifi. Jeg sender en bestilling av et par IOIO i løpet av snart. Denne er veldig interessant ja, men eg tippar eg kjem til å bruke noko AVR-greier eg har liggande. Den lauselege planen var å bruke ein Arduino av eit eller anna slag (har liggande litt forskjellig) og ein $10 ethernet-modul. Har ein wifi-router liggande i kottet også. Kombinerer eg dette kan eg lage ein enkel web-server på vendeskiva og aksessere denne frå ein telefon eller PC. Android-applikasjonen tenkte eg å lage i Processing. Ein enklare variant er å bruke Bluetooth, men då må eg handle sidan eg ikkje har noko Bluetooth til Arduino liggande. Då mister eg også litt av fleksibiliteten. Brukar eg wifi og ein web-server kan eg i teorien legge alt på vendeskiva og styre den med alt som har ein nettleser.
  15. Artig prosjekt! Eg har akkurat starta på eit tilsvarande, men eg har valgt å bruke ein vindusviskermotor framfor pneumatikk. Dette skal berre styre ei skive, denne står på ein sokkel som inneheld motor, batteri og elektronikk. Dermed kan eg kjapt bære vendeskiva dei 25 meterane frå standplass (låvebrua). Styring av skiva blir antageleg i form av ein applikasjon på telefonen min (Android), som snakkar med skiva enten via Bluetooth eller Wifi.
  16. Eg har eit lite luftgevær som eg tenkte ungane skulle få prøve seg litt med. Dei er tre og fem, så i første omgang blir det fem-åringen som skal få prøvd seg. Kva slags type sikter er anbefalt for så små skyttarar? Åpne, rødpunkt, kikkert, laser...?
  17. Eg likar pistol også, så revolver all the way er ikkje aktuelt Må ha ein pistol til finfelt også, og det er begrensa kor mange våpen eg kan ha.
  18. Det var min tanke også. Litt kjedeleg å reise på feltstemne med berre ein .22 Eg held til i Sogn og Fjordane. Mesteparten av pistolstemna her foregår i utkanten Sogn, og skal eg skyte spesialfelt ser det ut til at eg *må* til Sogn.
  19. Det er ikkje noko mål å fylle ei kvote. Poenget er at det ikkje er allverdens med stemner i mitt område, så når eg først har anledning til å delta vil eg gjerne ha arsenalet til å delta i litt forskjellige greiner. Eg ser poenget med å vente med å søke på magnumrevolveren til eg har fått dei tre andre våpna i hus. Eg likar å skyte med revolver. Revolver og felt er "moro-delen" av skytinga. Finpistol er den "seriøse", i den forstand at det er den einaste greina eg har amibisjonar om å unngå sisteplassen på alle stemner.
  20. Men det er tillatt i revolverfelt.
  21. Kva då med magnum-revolveren? Den er vel godkjent til revolverfelt ettersom ein kan bruke .44 Special i den?
  22. Høyrest bra ut Var litt uroleg for kombinasjonen 9mm pistol til militærfelt og .38 revolver til grovpistol. Ein 9mm pistol (i dette tilfelle ser det ut til å bli ein CZ75 av gammal årgang) oppfyller vel strengt tatt krava til grovpistol også?
  23. Skal snart til å søke på mine første handvåpen. Har vore aktiv skytter tidlegare også, men det er først no at eg har prioritert å kjøpe eigne våpen. Den foreløpige ønskelista ser slik ut: - Pistol .22 til finpistol og finfelt. - Pistol 9mm til militærfelt. - Revolver .38 til grovpistol. - Revolver .44 magnum til magnumfelt. Vil dette gå gjennom hos onkel Blå, eller får eg overlapping her slik at dei kan nekte meg eit eller fleire av våpna? Burde eg evt søke i fleire omgangar?
  24. White spirit fungerer, men eg brukar alltid lampeolje til å reingjere kjedet for gammalt fett. Forøvrig er Biltema sitt kjedefett ikkje mykje å skryte av, i alle fall ikkje på motorsykkelkjeder. Er mulig det er betre egna til å preservere skytevåpen Sjølv har eg ein luftig garasje heilt i sjøkanten. Verktøy rustar i løpet av kort tid viss det ligg framme, eg oppbevarer lite brukt verktøy i lufttette plastboksar saman med ei oljete fille og litt silica gel. Dersom eg skulle ha lagra eit skytevåpen ville eg nok brukt samme metode.
×
×
  • Create New...