Jump to content

svartepetter

Members
  • Posts

    136
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by svartepetter

  1. Det hadde vore interessant å vite korleis du resonnerte deg fram til dette spørsmålet. Eg skreiv: Har nokon slutta at halvautomatiske våpen er spesielt farlege er det ikkje hjelp i å komme med tynne argument *for* desse våpna. "Raskare oppfølgingsskudd" = "Jævli farlig!" i hovudet på desse folka. Dei må forklarast kvifor slutningane dei har trekt er feil. Ikkje berre forklarast, men overbevisast.
  2. Ja, det er best å stå med lua i handa og spørre pent. Og blir det nei er det best å droppe buksa og bøye seg framover, slik at dei ikkje blir sinte og forbyr endå meir. Trur du verkeleg at nokon blir overbevist om at vi skal få beholde våre "farlige" halvautomatar berre fordi vi kjem med fisleargument som går på det reint skytetekniske? Det har ingen effekt overhodet. Det som må til er å overbevise beslutningstakarane om at dei tek feil når dei trur at halvautomatar utgjer noko meir risiko enn andre jakt- og sportsvåpen.
  3. Gjeld dette berre nye skap eller også skap som er godkjent før desse nye reglane trådte i kraft?
  4. Det blir no vel strengt tatt 58 øre pr skudd...
  5. Eg har skutt nokre hundre TopShot i min Ruger MkII no, og merkar ikkje noko forskjell i forhold til CCI Standard. Presisjonen er den samme, smellen er den samme og ikkje griser den noko meir.
  6. http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article6047967.ece Lam drept av kattar.
  7. Eller kanskje fordi augeskader ikkje er så vanleg på skytebana at folk tenker over det? No er eg sikkert fordomsfull, men med tanke på alle historiane om erstatningssøksmål i junaiten ser eg for meg at du ikkje slepp inn på skytebana utan briller.
  8. Ja, eg er klar over dette. Dette er også grunnen til at det ikkje var aktuelt å kjøpe denne revolveren, skal eg ha Python skal eg ha ein fin og lite brukt.
  9. Rugeren falt ikkje heilt i smak. Rustfritt er berre ikkje mi greie. Derimot fekk eg fikla litt på ein 4" Colt Python som definitivt falt i smak. Akkurat denne var litt for slitt, men skal definitivt halde utkikk etter ein Python framover.
  10. Høyrest bra ut Då får eg sjå i morgon om eg får lyst på den.
  11. Eg har muligheit til å overta ein GP100 (6" løp) for ein forholdsvis rimeleg penge. Denne revolveren er ukjent for meg, eg har aldri prøvd ein slik. 1. Er dette ein egna revolver til revolverfelt/Magnum 1 for ein rekreasjonsskytter? 2. Eg skal sjå på den aktuelle revolveren i morgon, er det nokre spesielle ting eg bør sjå etter?
  12. Eg har ein HW 40 og har skutt eit par tusen skot med den i vinter. Den har eit veldig bra avtrekk, er presis, stille og tilnærma rekylfri. Det siste har vore til stor nytte for meg då følgene av avtrekksfeil vert svært synlege. Det finns garantert betre luftpistolar, men for oss som lever i den verkelege verda og har har eit budsjett å ta forholde oss til syns eg den er eit veldig godt alternativ.
  13. Det som er godt nytt for alle som er ramma er at dette er fiksbart. Ransomware er ikkje noko nytt, og det har vore tilfelle av ransomware som har kryptert filene dine med RSA. I slike tilfelle er det ikkje mulig aa dekryptere dei utan noekkel! Er det brukt RSA med lang nok noekkel finns det ingen PC-ar i verden som klarer aa knekke koden. I dette tilfellet ser det ut til aa vere nytta ein mykje enklare krypteringsmetode. XOR var indikert i forumet til DrWeb, det kan stemme med noekkelen i alle fall (1 byte). Skulle oenske eg hadde komt over denne informasjonen tidlegare. Daa hadde eg spart meg jobben med aa reinstallere Windows...
  14. Denne var interessant. Det kan sjaa ut til at "-k" parameteren til dekrypteringsverktoyet angir kva noekkel som skal brukast ved dekryptering, og at ikkje alle som er ramma har faatt filene kryptert med samme noekkel. Saa viss du er infisert gjennom ein annan kanal enn Kammeret vil kanskje ikkje den anbefalte noekkelen (87) fungere.
  15. Eg vart infisert gjennom siste versjon av Opera. Eg kan dessverre ikkje seie 100% sikkert kva versjon av Java som var installert daa eg har innstallert Windows paa nytt (kjappaste loysing for meg som ikkje hadde noko viktig paa maskina). Men den koyrte Sun Java og eg er temmeleg sikker paa at eg var 1 versjon etter siste.
  16. Det burde gaa heilt fint. Du kan ogsaa ta ein kopi av HD-en foer du testar for aa vere heilt sikker.
  17. Ja, det er herfraa. Eg fekk dette paa jobb-PC-en min i gaar. I foelge loggen har eg ikkje besoekt andre nettsider enn kammeret.no og nrk.no i loepet av gaarsdagen. Har ein oppdatert ESET NOD32 paa jobb-PC-en, denne fann ingenting. Heime koyrer eg kun Linux og bekymrer meg fint lite for virus.
  18. Du har rett, det var mitt (dårlege?) forsøk på å drive gjøn med CCOB sin "vi som driver med håndvåpen for sportens skyld vi har ikke bruk for at det sitter mange med håndvåpen som teknisk sett ikke er aktive,"-haldning.
  19. Ja, det er eit endå betre forslag. Då kan ingen skulde på våpna når dei bommar, så når ein då innfører ytterlegare krav om aktivitetsnivå og resultat kan vi vere sikre på at det berre er dei vi skikkelege og seriøse skyttarar igjen.
  20. Eg syns vi samtidig skal innføre krav om eit visst resultatnivå for å få behalde skytevåpna. Slik kan ein luke ut t.d. dei dårlegaste 10% kvart år, dette er heilt klart useriøse folk som vi ikkje har bruk for i skyttermiljøet.
  21. Vi skyt ikkje innandørs, så eg er ikkje så veldig bekymra for min eigen del. Har med våtserviettar på skytebana og tørkar godt av hender og ansikt før evt. matpakke. Og det summerte vel eigentleg opp mine forhåndsreglar.
  22. Hylser har eg, har ei bøtte med ca 1500 hylser av forskjellig fabrikat. 2-3 kroner er jo litt mindre enn ferdigkjøpt, ser at det ikkje skal skytast så mykje før det lønner seg å kjøpe utstyr.
  23. Eg har nettopp skaffa meg ein revolver i .44 Magnum, og ser at eg antageleg må skaffe meg ladeutstyr for å ha råd til å skyte noko særleg med den. Kva ligg kostnaden pr smell på for "grei" treningsammo med kjøpekuler? Skal bruke den til magnumfelt.
×
×
  • Create New...