Jump to content

svartepetter

Members
  • Posts

    136
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by svartepetter

  1. Takk for tips folkens. Eg skal sjå om eg ikkje får lokka han med meg til ein optiker. Han kjøper lesebrillene sine på Nille så det kan bli ei utfordring å få han til å betale for briller
  2. Det var også eit spørsmål. Andre spørsmål i samme gate kan vere... - Lønner det seg å ta ferie? - Er det økonomisk forsvarleg å få ungar? - Kvifor skal ein kjøpe seg BMW når det finns Hyundai? - Er ikkje motorsyklar ganske tullete i grunn?
  3. Far min er no i 60-åra og er begynt å bli temmeleg langsynt. Ser som ein ørn på litt avstand, men ser ikkje lenger sikta utan briller og med briller ser han ikkje blinken Kva erfaringar har de vaksne med dette? Er dette eit problem ein optiker kan løyse?
  4. Motorsyklistane har svaret. Eg har køyrt sykkel ein god del år, og ein enkel og billeg måte å unngå dugg på visiret er å polere det med vanlig bilvoks. Vanleg Turtle Wax på begge sider av visiret held duggen vekke på innsida og får regnet til å perle av på utsida. Elles brukar eg mine vanlege briller ved skyting og har aldri problem med dugg. Viss det er DFS-skyting du held på med kan skyggelua vere årsaken. Eg vil tippe ventilasjonen under den lua er temmeleg stussleg.
  5. Viss "moderne" utstyr kan rekruttere nye jegarar så er vel ingenting betre enn det? Heile argumentet ditt kokar ned til "alt var mykje betre før". Eg trur at fordommane mot "moderne" våpen og utstyr generelt er meir utbreidt blant nikkersjegarane enn folk flest. For folk som ikkje har noko forhold til våpen er alt ein held med to hender "rifle" og alt ein held med ei hand "pistol". Farge- og materialval spelar mindre rolle. Det er vel helst tradisjonalistar som deg som bryr seg om slikt. Samme type folk som ville forby swing på 30- og 40-talet, rock på 50-talet, langt hår på 60-talet, farge-TV på 70-talet, video på 80-talet og internett på 90-talet. Sjølv går eg ikkje på jakt, men eg syns det er herlig å sjå kor pragmatiske hjortejegarane i mine trakter er. Mesteparten av jakta foregår på bøen i skumringa, så her gjeld tunge rifler med lyddemper, tofot og god kikkert. Viss hjorten ikkje kan hentast med traktor vert den ikkje skoten. Antageleg svært provoserande for dei som svettar rundt i bratte heng i vadmel og med ei rifle som ved første augekast kan forvekslast med eit salonggevær
  6. Dersom prøvene i hekketida kun er fôrprøver frå ungane er det naturleg at ein ikkje finn egg og fugleungar. Ungane vert fôra hovedsakleg med insekt. Men at kråka og skjora tek fugleungar er eg ikkje i tvil om. Eg har kamera i begge fuglekassane under mønet på låven og har sjølv sett skjorenebbet som prøvar å få tak i linerleungane. Omfanget skal eg derimot ikkje uttale meg om.
  7. Kven har påstått at jorda er flat? Du tenkjer kanskje på den vesle kontroversen om det var jorda eller sola som var sentrum i solsystemet, der Galileo Galilei visstnok mumla noko slikt som "den går no rundt likevel" etter å ha fått valget mellom å bli fengsla og torturert eller å trekke tilbake påstanden om at sola er i sentrum av solsystemet. Der hadde vi dei urokkelege religiøse med Sannheita på den eine sida, og forskeren med sine observasjonar på den andre. Eg foretrekker forskeren
  8. Då forutsetter du at byttedyret ikkje vert tekne av andre heller. Men realiteten er at svært få ville dyr dør av alderdom. For dei spelar det nok ingen rolle kva dyr dei blir spist av (ja, mennesket høyrer også til dyreriket).
  9. Dette har eg spurt deg om før i andre fora Jenny, men du svarer aldri: Kva betydning har jegeren (enten det no er eit menneske eller eit dyr) sine motiv for byttedyret? Etter din logikk er det betre for dyret å lide ein langsom død i ei primitiv felle fordi fangstmannen ikkje kan handle på REMA, enn å bli skoten av ein person som går på jakt endå han kan kjøpe kjøtet sitt i butikken. Her må eg seie meg delvis enig med Jenny. Eg har sjølv observert at vipa forsvinn etterkvart som våtmarksområda vert dyrka. Og i mine trakter er det veldig lite kråke.
  10. Dette er noko heilt anna enn å vurdere om ein person er fysisk skikka til å køyre bil. Du snakkar om ei psykiatrisk vurdering. Vil DU gå til psykiater ein gong i blant for å få ha våpen? Resultatet av ei slik ordning ville vere at mange vert fråtekne våpen "for sikkerhets skyld", rett og slett fordi psykiatri ikkje er nokon eksakt vitenskap og mange fagfolk dermed vil dekke sin eigen rygg. Av samme grunn vil det verte store forskjellsbehandlingar.
  11. Ingen av delane. Eg fekk klar beskjed kva det heiter då eg dukka opp på skytebana med luftpistol i 1986. Det heiter "sykkelpumpe".
  12. Det er berre å sveise eit bor på ei gjengestang, så har ein glatt eit 80cm bor. Eg er meir skeptisk til å bore i kula frå munningen når vi har ei live fenghette og komprimert ladning bak... Eg vil tru det går heilt fint så lenge ein pøser på med olje og tek det med ro, men *viss* noko skulle skje ville ikkje eg holdt i den boremaskina.
  13. Ett slikt fulgte med ett luftgevær jeg kjøpte til poden på Jula (på tilbud til 399,- om jeg ikke husker feil). Siktet representerer kinesisk masseproduksjon på sitt verste.. Eneste fordelen jeg kan se med dette siktet, er at alt bortsett fra to små justerings skruer går i plast avfallet. Kikkertsiktet er i plast, linsene er i plast, diameteren er 20mm og retikkelen er ett kryss uten stolper. Trur ikkje det er akkurat samme sikte. Eg har kjøpt det som er linka til hos DealExtreme, og det er i metall. Det er også merka "Tasco" Konklusjonen din er eg derimot heilt enig i, siktet er fullstendig ubrukeleg og ikkje eigna til anna enn å auke avfallsmengda her på kloden. Har kjøpt diverse andre sikter frå DealExtreme også (rødpunktsikter og lasersikter), og dei er utan unntak fullstendig utan bruksverdi. Styr unna.
  14. Spørsmålet blir då kva du skal bruke det til, og kor mykje du evt vil bruke? Sjølv har eg eit Gamo Shadow 1000 med eit rødpunktsikte frå Kina. Dette brukar eg til jakt på kongler, blikkboksar, feltfigurar, treklossar og ein og annan sjølvanviser. Til dette bruket passar det bra og gir mykje moro for pengane.
  15. Eit slikt luftgevær har eg hatt. Om eg ikkje huskar heilt feil kosta det 160 kroner. Det var bra "futt" i det, og presisjonen var bra nok til å plinke klesklyper på snora på ca 25 meters hold. Det holdt i massevis for ein 12-åring Eg skaut masse med det, men etterkvart tok det til å ramle ut bitar av fjøra. Geværet er ikkje laga for å demonterast, så etterkvart gjekk det på dynga og eg fekk ei brukt BSA av far min.
  16. Sjå der ja, dei var faktisk ikkje dyrare enn 3M-hørselvernet eg brukar når eg klipper plenen Ser Mekk har Peltor, får ta meg ein tur i lunsjen. Takk for tipset!
  17. Eg forstår at dette berre er eit eksempel, men akkurat det med motorsykkel er ganske interessant. Det er interessant å sjå korleis Norsk Motorsykkel Union jobbar for motorsyklistane. Dei framstår som svært seriøse og målretta, og har gjennom sitt arbeid medvirka til at det no stort sett er enklare og sikrare å vere motorsykkeleigar enn før. Inntrykket av jeger- og skytterorganisasjonane er derimot ikkje så bra... Skal ein tru det som kjem fram i media og i forum som dette snakkar vi her om eit virvar av snevre interesseorganisasjonar som regelrett motarbeider kvarandre. Enkeltpersonar kjem med soloutspel som tilsynelatande går på tvers av interessene til medlemmane, og det kan sjå ut som om det ikkje finns eit snev av forståelse for kva ordet "omdømmebygging" betyr. Den siste setninga di seier det meste. Motorsykkel er akkurat like (u)nødvendig som skytevåpen. Forskjellen er at når ein utanforståande ser ein feriepakka motorsykkel passere ein finværsdag så kjenner dei eit snev av misunnelse. Ser dei eit bilete av ein pistolskytter i aksjon kjenner dei litt bekymring. Kvifor er det blitt slik, og kva kan ein gjere med det?
  18. Har nettopp teke opp att pistolskyting etter drøye 20 års opphald. Ein ting eg har oppdaga er at det ikkje berre er skyteferdigheitene som har fått seg ein knekk, dei gamle hørselverna er også temmeleg morkne etter 20 år i skapet Kan nokon anbefale meg eit par passive hørselvern som duger til skyting med 9mm? Eg vil helst ikkje fikle med propper i tillegg.
×
×
  • Create New...