Jump to content

krunern

Members
  • Posts

    75
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by krunern

  1. Fann ei fantastisk gåsekule i år. Har slete litt med at gåsa flyg og ramlar på havet eller andre plassar når eg har brukt heilmantel... I år lada eg opp barnes x 125 grains i ca 900 ms. Fantastisk presisjon, og alle fuglane har blitt liggande på skotplassen (og det er ganske mange ) Generelt lite skade på kjøtet også.
  2. Fleire flokkar grågås passerte Skodje i helga på veg sørover.....Kanskje det blir litt 2. slått på bøndene på øyane i år då likevel.
  3. Er det nokon som har fått korta frå Finndalen fjellstyre, eller har dei ikkje sendt ut desse enno? Har ei heime som går og ventar på bukkekort..
  4. Er det sånn at fokusen må justerast for å få skarpt bilde på ulike avstander.... Dvs. at når eg sikter på noke på 40 m, får eg ikkje like skarpt bilde på 500 meter, men vrir eg på bakre fokusring eller kva det no heiter....blir bildet skarpt. Sånn var det ikkje på min gamle Zeiss....
  5. ......og om morgonen når det held på å lysne
  6. 308 kula veit eg lite om namn og nummer. Den er rund-nasa, og går utruleg godt, også på lange avstander. Men sleit litt med at gåsa letta sjølv etter treff. 223 kula var barnes vortex 55 grains. Den "drap" svært godt, men som sagt nokre uforklarlege bom, og eg fekk altso testa dette...kom heime med skiboksen full av gås..
  7. Var på skadegåsfelling, og brukte eiga rifle i kal 308 med heilmantel 110 grains. Gjekk etter kvart over til ei rifle i 223 med barnes x. Rifla var en blazer og var nydeleg å skyte med. Men på hold på 150-200 m var tdet nokre uforklarlege bom....Er dette kaliberet svært utsett for vind..? (Lånte børsa i 223..)
  8. Har bestilt ein 3-12x56 HT med komp. Dette skal bli spennande å teste......
  9. Hei. Har også brukt denne maskina i 2 år no. Har pakka ca 2 tonn kjøt til no, uten eit feilslag I tillegg har eg pakka mykje laks opp til 8-9 kg med den (vakumposar på rull). Kjempemaskin, rett og slett.
  10. Ang Sierra varminter (hullspiss) i 308 win. Har skøte rev med dei, kal 308, 110 grain, 1000ms. Funka som tjusann Men ikkje noke å stoppe ut etterpå Ei ekte "dødare" kule.
  11. Satt på hjortepost søndags morgon. I høgstfeltet ovom meg kom det ei kolle som fekk eit skot....snudde meg og kika nedover der det kom ein liten rev tuslande oppover...som ogsa fekk seg ei kule Det viste seg at reven var full av skabb, hårlaus på heile bakdelen, inkl. halen. Hadde nok ikkje levd lenge den nei.
  12. Ein kamerat har meopta 3-12x56 m/lys, og eg har prøvd både classicen og meoptaen, veit nok kva eg ville valgt ja, skal ikkje drive reklame, men det starta med Ze...
  13. Vurderer ny kikert til reinsjakta. Vil gjerne ha ein 10 x kikkert. Er det nokon som har erfaring med Zeiss conq. 10x30? Får den billeg frå USA. Eventuelt andre kikkerter med god kvalitet til under 4000,- Var ikkje tenkt å bruke meir no, då ein ny Zeiss 8x56 RF er under bestilling, til hjortejakt..
  14. Kjøpte zeiss classic til dama, 2,5-10 x 50 m/lys, alvorleg overraska over den kikkerten. Måneskinnsjakt for alle penga der i garden ja.
  15. Til eventuelt interessert så har eg testa ut denne kula på 13 hjortar i år, 18-81 kg, 30-250 m avstand. Lada den med 44,7 grains N202. Fin presisjon. Under jakta synest eg at dyra som har blitt skotne med hornady kula hatt hatt litt meir utras enn med barnes tsx. I tillegg vil eg påstå at slakta ser finare ut med btsx. Hornady si nye kula vart testa kun av rein nyskjerrigheit, men eg kjem nok til å gå tilbake til btsx neste år. Må få brukt opp dei siste skøta på resten av kvoten i år
  16. Spissbukkane kan vere 2 1/2 år gamle. Tell tenner så får du svar på dette. Har skote "spissbukkar" på over 70 kg som har vore 2 1/2 år. Rosenkransen på geviret er også ofte kraftigare på 2 1/2 åringane.
  17. Brøling på Skodje, Sunnmøre i kveld. Såg elles ein flott bukkekamp onsdag morgon....men utan løyve på vaksen bukk. Den største var nok 130 kg... Litt stor kalv kanskje...
  18. Er det nokon som veit om infoen er oppdatert? Ser at datoen for oppdatering er 15.01.11
  19. Kjøpte Classic 2,5-10 x 50 m/ lys til sambuaren i fjor,....og då starta måneskinnsjakta for hennar del!! Kjempeflott sikte, lite og snertent, god lysgjennomgang +++++ Har sjølv Zeiss 3-12 x 56 til dobbel pris, men var veldig glad i Classicen. Flott pris på XXL. Hurra!! ...og dette er ikkje synsing eller "har hørt at", dette er ekte testing og utprøving på Vestlandsjakt!!
  20. krunern

    Magasin Sako 75

    Tåler ikke webergrillen å bli dratt med ut på 50 til 100 jakturer i året Ferskt kjøt er alltid best!!!!
  21. Har kjøpt Hornady GMX 150 grains kal 308win. Er det nokon som har erfart gode ladedata på denne kula i dette kaliberet??
  22. krunern

    Magasin Sako 75

    Har brukt Sako 75 i 12 år, minst 50-100 jaktturar/ posteringar pr år. Aldri mista magasinet, men hjulet på Weber-grillen datt av her ein dag
  23. Kva tiltak kan fungerer for å byggje opp ein god stabil stamme? I våre "fjellterreng" er det den viktigaste faktoren for å halde på dyra å la dei få fred i "kvileområda" sine. Hjorten har ofte faste områder i terrenget der den kviler på dagtid, og der bør den få fred. Blir ikkje så lenge heime vi heller om vi blir jaga opp frå senga kvar einaste natt.............ufrivilleg. Vi jaktar på hjorten mellom dagleie og beiteområde.
×
×
  • Create New...