Jump to content

beaker

Members
  • Posts

    1,110
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by beaker

  1. Det siste kan stemme. No har heile anlegget brote saman, og ved feilsøkinga, så var visst kabelen til den skiva laus. (Men det er noko anna feil i tillegg. Då er det berre å vente på at Megalink får sendt ut reperatør.
  2. Er det nokon som veit kva det betyr når det kjem opp ein firkant med ei pil inni i staden for anvisning? (Sidan den 5-6 skudd slik utan at nokon skaut på skiva, antar eg at noko er feil.) Eg fann ingen ting om det i den manualen som var på bana.
  3. Dersom du skrur dia for langt ned blir hylsene deformerte, og vil ikkje kamre.
  4. 47.5 gn N540/150 gn TTSX gir rundt 890 m/s i mauseren og 855 m/s i blaser (50cm pipe og lyddemper). Ingen trykktegn, men det siste grainet gav berre 10m/s ekstra i mauseren, så eg vil tru at det er nær maksimale eg kan få ut av dette kruttet. Ikkje er det plass til så mykje meir i hylsene heller. Dette viste seg og å være likt 9,7 grams partizan treningsammunisjon, bortsett frå at den har større spredining i hastighet. (Federal 210 hetter.) Edit: 308 Win.
  5. Eg har ei slik presse, og eg oppfattar den ikkje som så skranglete i praktisk bruk. Kruttmålet som fulgte med der var til å skru fast på benken. Eg vart så irritert på balansevekta som fulgte med at eg kjøpte ei lyman automatvekt i staden, så kruttmålet er ikkje så mykje i bruk. Det eg kan seie er at ved litt rask og uforsiktig bruk er det ikkje problem å få avvik på over 1 grain med det kruttmålet med N140, men eg har ikkje samla nokon statistikk.
  6. Er ikkje jaktløyvene for 2014 allereie fastsett, sånn at de uansett ikkje får jakte storvilt før neste år, eller kan det variere frå kommune til kommune?
  7. beaker

    Viltkamera

    Kor stor 'treffprosent' er det vanleg å ha med viltkamera? Bytta brikke på kameraet, som har stått ute sidan påske, og fasit her var 400 bilder av hjort, 600 av sauer, 1 uidentifiserbar småfugl og 300 blanke.
  8. Rachelle: Då var det du som var der samtidig som eg kjøpte blaseren? Eg fikk i alle fall løfte om at dei skulle sette pengar inn på bankkonto for 'reknefeilen'.
  9. Men her er det noko som ikkje stemmer heilt når eg legg saman, den skulle ha kosta ca. 28.
  10. Då vart det ein R8 med montasje og karbondempar til like under 30k.
  11. Untatt på XXL.no, men ikkje i butikkane, så vidt eg har skjønt. Men det finn eg jo fort ut.
  12. Hm, i følge lagerstatusen må innom XXL i Fredrikstad, Oslo Sentrum og Oslo Majorstua for å få alle delane til denne blaseren. Det virkar jo lovande.
  13. Men Blaser R8 ser ut til å starte på omtrent det samme som dei rimelgaste konkurrentane. 93 er litt dyrare enn Intersport Bogstadveien. Så spørs det om det er sånne feller som 'kun dei versjonane dei har på lager i butikken' eller at søknaden må være godkjent i løpet av torsdagen.
  14. Kanskje det er KennethA som er skuld i regelen om 'presenter invitasjonen i avdelingen.' Eg ville vel tru at dei har prisløftet på sitt tørre om dei matchar konkurrenten ETTER at dei har gitt 25% rabatt.
  15. Dette burde vel kunne bli ein rimeleg Blaser, sjølv om eg i utgangspunktet er skeptisk til å kjøpe noko så dyrt på XXL. Eller er det mogeleg å prute ned tilsvarande hos andre forhandlerar?
  16. Vel, nokon skytebaner har den regelen, andre ikkje. (Skyte med anna enn 6,5mm Lapua Scenar og lage hull i skiva utanfor 9-aren? Hersens jegerar!)
  17. XXL-prisar på Norma jaktmatch : 6,5*55: 8,98 30-06: 10,99 308: 10,99 270W: 14,99 Norma Golden target kostar 7 kroner i 308, kanskje billegare hjå eit skyttarlag. (Litt mindre annerkjente merker er enda billegare, men enkelte av dei kan ha litt varierande kvalitet). Sidan dette er første rifla, skal han skyte ein del, og då er 50-100% dyrare ammunisjon signifikant.
  18. Det er godt mogeleg at 270 Win er eit ypperleg kaliber, men etter mitt syn er alt anna enn 6,5x55, 308W og 30-06 SP for folk som ladar sjølv, og dermed lite egna til første rifle. Både pris og tilgjengeleghet er betre for desse tre kalibera. (Eg har aldri vore på ei skytebane der dei sel 270W.) Dersomm du ladar, så ser og utvalet av ladekomponentar for 270W ut til å være litt meir begrensa enn for dei andre. Eg ville kanskje og være litt skeptisk til å anbefale 6,5x55, sidan eg har inntrykk av at det er eit litt vanskeleg kaliber for homogene kuler? Om du vurderar 8mm, så vær klar over at mange skytebaner har begrensing på max .30 (7.62 mm) på elektroniske skiver.
  19. Eg har inntrykk av at det er fastpris pr. dyr som er gjeldande på hjort. Ein annan ting her er at når hjorten kjem over ein viss størrelse, så er veldig mykje av dei ekstra kiloane ubrukeleg fett. (Og eg er kjøttjeger.)
  20. Jaktdepotet har Røssler Titan til 6500 i webshopen sin, dette er vel ca halvparten av veiledande pris. Det er eit systemvåpen, så då har du mulighet til å utvide med fleire kaliber etter kvart. Edit: Rett nok står det bestillingsvare, så det kan hende dette tilbodet er for godt til å være sant.
  21. Etter eit søk på finn, ser det ut som om du skal kunne selge desse vidare utan noko stort tap om du finn ut at det ikkje er noko for deg. På den andre sida har Jakt og Friluft ein annan Remington i 30-06 til 5000. Utan å vite noko anna om denne virkar den kanskje som eit betre kjøp. Vil du legge litt meir pengar i det, kan du kanskje kjøpe ein Røssler Titan eller Schultz&Larsen og få løpsbytte i tillegg. Husk at du skal bruke nokon tusen på ein kikkert og lyddempar og.
  22. beaker

    Go light!

    Då fekk eg helsport-sekken min på vekta. 830 gram
  23. beaker

    Go light!

    Det neste prosjektet blir vel her: http://awfullibrarybooks.net/men-dogs-and-knitting/ Om eg forstår det rett, sydde du saman to jervendukar? Er jervenduken så mykje btre å sove i enn Helsport sin?
  24. Vil 800 m/s i 165gn være for lite? Litt av problemet er at eg skal bruke dette i 4 ulike rifler, frå ein særdeles kortløpa Remington med lyddempar til ein langløpa Mauser, og dei har neppe samme maksladning. (men no ser eg og at v-max, som var hovedformålet med handleturen ser ut til å være utselt igjen.)
  25. Eg har planlagt meg på kulehandel i morgon, og spekulerar i likhet med andre her på kulevekt (i 308W). Her brukar eg ladedata for TSX og BC for TTSX. 150gn=9,7g, bc=0.420 For å få 2700 joule på 100 meter må eg i følge http://www.norma.cc/sv/Ammunitionsskolan/Ballistik/iframe/ ha v0 på 820 m/s, maksladingane i ladeboka gir rundt 840. 165gn=10.7g, bc=0.442. For å få 2200J treng eg v0 på 705 m/s, noko som ligg på eller under minimumsladinga i tabellen til Lapua. (http://www.lapua.com/en/products/reloading/vihtavuori-reloading-data/relodata/5/70.) Maksladningane skal gi i overkant av 800. Så ei ladning som gir rundt 780-800 vil vel være bra greier? Så vil det ikkje være lettare å få ei god og lovleg ladning av 165gn kulene? (Eller kanskje eg like godt skal kjøpe Rhino i staden?)
×
×
  • Create New...