Jump to content

flanged

Members
  • Posts

    3,403
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by flanged

  1. Sjølv så synest eg debatten rundt storbukk(er) og forvaltning byrjar å gjenspegle seg i snart alle hjortetrådene den seinare tida... Klart alle jegerar kan bruke hovudet og unngå å skyte gullbukker til ein kvar tid, men kva er så forbant heilagt med hjortebukker ? Gjeld ikkje dette temaet alle klovviltartene med pynt på toppen ? Folk byrjar nok snart å vegre seg til å skrive i desse trådane viss dei "uheldigvis" skyt ein storbukk eller éit anna "heilagt" dyr for nokre, men heller postar éit bilete av ein pingle kalv som nabovaldet skaut i frykt får reaksjonar. Kanskje på tide å døype om "klovvilttrådene" til kalvetråder, og då helst sterile dyr....
  2. flanged

    Blaser R8 klikk!

    Ein kompis har 2 stk R93. Han har òg opplevt ufullstendig ladegrep med påfølgjande klikk ! Ein annan ting er at våpna hans òg er sære på hjemmelada ammo. Dei bør vere helpressa... Det mest negative han har å setje fingeren på er service'n hos Importør. Forskjeftet på den eine Blaser'n (lux) byrja å vri seg inntil løpet første hausten. Han reklamerte på stokken, men fekk igjen (etter 8mnd) same skjefte der han no har plass til ei skikkeleg grov varmint pipe.
  3. Hei, Eg jaktar hjort for opplevelsene og kjøtte ! Jaktar ikkje i/under brunst og ikkje primært på storbukk. Vi har storbukk på kvota, men desse blir skyvet nesten ut av samtalane når vi pratar hjortejakt. Einslege kollar, spissbukker og kalvar er mest interessant hos oss, fenomenalt kjøt ! Område vi jaktar i er Lisleherad - Telemark.
  4. Ja, dette er trist. Så lurar eg frykteleg på fortsettelsen rundt denne hendinga ! Kva gjorde DU då du kom ut for denne situasjonen i fjellet ? Trekte du på skuldrene og gav faen, eller følgjer du dette opp ? Ein som berre sit og glor på slikt, og fungerer handlingslammet, er i grunn òg litt medskyldig i at vi ikkje får hukt tak i slike idiotar...
  5. er den oppe til høyre rifleskutt,eller skutt på svært nært hold med hagle? Hei, Eg brukar ikkje rifle på gåsejakt, men den trufaste Aya xxv i kal 12/70. Éit par fugl vart skutt forholdsvis nær ja...
  6. No har eg kome heim frå årets hjortejakt i Lisleherad. Vi drog opp til koja sist sundag og har levt i denne fram til i går. Primitive tilhøve, men ein flott plass nestan midt i terrenget, og med bilvegar som strekkjer seg gjennom alle høgdedraga i området. Sundag etter adkomt, avgjorde vi oss for å hente éit viltkamera som Jon hadde plassert ved ein saltstein tidlegare i sommar. Vi tok òg ein befaringsrunde på dei postane kor hjorten tidlegare hadde vorte observert. Områdd er utan innmark, men prega av gamle små hogstflater og mykje blandingskog. Vi rydda "veg" til postane ved å kaste vekk dei tørrkvistene som ville skape problem under ansmygning til post. Måndag morgon kl: 04:30 ringte vekkeklokka i koja. Forventningene var store til trass for at viltkamera ikkje hadde teke bilete av hjort på 14 dagar ! Postane var klåre og hodelyktene full ladet. Etter ein kjapp frukost og kaffi kopp bar det til skog sin der postane vart avgjort etter vindretning. Jon og eg hadde avgjort oss om å poste fram til kl 09:30. Etter denne tida fell hjorten ofte i ro eller trekkjer seg vekk frå opne beiteområde. Sjølv så eg verken dyr eller fugl denne morgonen, men Jon hadde hatt besøk av ein piggokse. Då vi samla oss i koja vart gasskomfyren på nytt tent og ein betre lunsj sto på menyen. Ertar, kjøt og flesk med ein pils vart reine sovemedisinen og vi slåknet begge 2 på kvar skumgummi madrass til klokka runda 4. Vi valde same post til kveldsjakta, men inkje ville vise seg. Tysdag byrja likt som måndag. Vi valde dei same postane mykje pga vinden. Eg var han einaste som fekk selskap på post denne dagen. Det var ein elgokse på 6 taggar som elghunden i naboterrenget verkeleg fekk lufta ! Fy som ein fart til trass for at hunden låg forholdsvis langt bak. Ertar, kjøt og flesk vart bytt ut med lapskaus... Onsdag morgon måtte vi skrape is av bilen ! Det var rett og slett kaldt. Vinden hadde dreidd seg litt og vi prøvde nye postar denne dagen. Ikkje hadde vi sett hjortespor tidlegare, og denne dagen vart lik dei andre. Fullt daudt, og med regn til kveld sin vart det stearinlys, pokerentil 2 menn og litt fleire pils på kvelden istedetfor jakt. Torsdag hadde regnt gjeve seg og forventningene etter regnværet kvelden og natta før, gav oss eit nytt von om svolten hjort i ope terreng. Det skulle vise seg at hjorten på nytt glimra med sitt fravær, men eg fekk ein veldig fin opplevelse på post då ein elgokse på 8 taggar og ei elgku med tvilling kalvar kom smygande ut på post like før det vart heilt mørkt. Slike opplevelser sit lengje i hovudet. Fredag vart dagen då orrfuglen spila for oss på post, fantastisk. Han heldt det gåande på morgon og kveld. Ei skikkeleg cowboy gryte med flesk, bacon, bøner og egg sat verkeleg i gang magesekken, og det vart nokre turar på utedassen før natta ! Laurdag vart det berre morgenjakt fordi eg skulle i festelige lag om ettermiddagen. Jon fekk ei rågeit med kje på post samt ein 4 taggar elgokse, sjølv fekk eg 4 tiuer som kom seglande og slo seg ned i ei furukrone ca 120m frå post. Avsluttning: Jon og eg har hatt ei flott veke i Telemark. Di verre resultat lòs når det gjeld hjort, men veldig rikt på mykje anna. Fleire hjort sto i havreåkeren i naboterrenget og ei gruppe gaupe kan mogleg vere årsaka til at vi ikkje fekk hjort på post denne veka. Uansett så har vi kost oss masse og gleder oss veldig til neste sesong. (Jon skal jakte fram til jul, eg var bede med denne veka)
  7. Nei eg har ikkje prøvt 404 enno... Det ligg nokre gonger fint brukte dobbelrifler på Finn, så følg med der. Prisen på brukte dobbelrifler er ikkje så fryktelege viss du ikkje er på jakt etter noko spesielt.
  8. Hei, Det har vore mykje diskutrert dette med kaliber til tykkhuder, har sjølv òg til tider late meg rive med... Sjølv har eg valt noko så billeg som ein No.1 i kaliberet 450/400 NE. Viss eg blir hekta på bøffeljakt og økonomien til siar fleire turar, så ville eg valt ein dobbelrifle i 450 NE eller ein Mauser M03 i 404 Jeffery.
  9. Pakkingen er i full gong ! Reiser til Lisleherad i morgon og ei veke hjortejakt
  10. Hmm, trur eg òg må få meg ein slik presse !
  11. Hei, Eg brukar ein Skjoldlue frå Hufa luefabrikk i Ålesund. Dei har alle storleikar (lagast på mål) og sender gjerne i posten. Lua er laga av 100% ull og har lengre luebrem enn dei fleste andre luene eg har sett. Han kjem i ein mykje skarpare raudfarge enn biletet ! Han har òg nedfellbare ørelappar som kan nyttast under kaldare jakt dagar. Om han er meir brille vennlig enn andre veit eg ærligtalt ikkje, men ring/mail og høyr !
  12. Endeleg vart det full klaff med 18 grågås i dag tidleg og gåsejakt er på nytt kjempe moro
  13. ....og med slike gode ord ynskjer eg deg lukke til som Mod.Sjef hansen deluxe
  14. No har endeleg dagen kome for nokre av oss ! Skitt jakt alle saman...
  15. Ai ai, sit oppe og får ikkje sove ! Årsaka er at grågåsa flokka seg på det eine jaktbare områdde vi har i dag tidleg. Eg har avtalt å møte senior kl 04:30 for nye prøvelsar. Det kriblar i kroppen og det går hardt med pulver kaffi no...
  16. Litt organisert arbeid før jakta kunne nok lønt seg her !? DNT har vel ei liste over kva for tiltak / dugnad som skal gjennomførast til ein kvar tid ? Ein tlf hadde òg vore eit høve ? Greitt å vita til neste gong eller for andre òg... Skjønner frustrasjonen din, men dugnadsarbeidet er viktig både i DNT og andre organisasjonar. Du kan sjølvsagt ta deg ein tur bort til snekkerne, men dei har nok sett av denne tida til dugnad på lik linje som du har sett av tida til jakt
  17. Den børsa som eg i utgangspunktet tenkte på var ein Sauer i dette kaliberet.(416) Han har ei vekt på 3.7kg utan kikkert !
  18. Spennande Pripyat, og takk for tilbodet Skyt nok ikkje på Løvenskjold-Banen, og det er synd kjenner eg no, kos deg med investeringa !
  19. Sidan eg har jobba natta dei 2 første dagane av veka, avslutta eg våken tida med 2 økter etter grågåsa. Kort summert, ikkje ein drit. Litt meir fugl i lufta enn før, men dei har tydelegvis avgjort seg for å flokke seg på dei jordene eg ikkje har jakt. Får sjå om eg prøver på nytt til helga.
  20. Hei, Her er eg litt grøn ! Lurar i grunn på kor stor skilnad det er på desse 2 kalibera ? Er 416 Rem mag mykje styggare i rekyl ?
×
×
  • Create New...