Alt er 100% heimesnekra.
Boksen kjøpte eg her: http://www.futurlec.com/ProjectBoxes.shtml, og eg fant også batteriholderen på denne sida.
Når det gjeld å skru motoren av og på brukar eg ein såkalt "astable 555-timer"-krets med ein LM555CN ic og ein BD650 transistor.
Viss du ser på kretstegninga mi er alle verdiane på motstandene og kondensatorene oppgitt der, så da treng du i bunn og grunn berre å kjøpe dei komponentane du treng frå futurlec.com, pluss et proto-board til å lodde de på, men når det er sagt krever det nok ei viss innsikt i elektronikk å sette det riktig saman.
Til å regulere hastigheita på motoren må du ha ein motstand i serie med motoren, på mi kretstegning har eg kalla den R_MOTOR, og den bør typisk vere ein stad mellom 10 og 100 Ohm. Sjølv har eg brukt eit 100 Ohms potmeter, dvs ein variabel motstand, slik at eg kan regulere motstanden frå 0 til 100 Ohm, og dermed hastigheita på motoren.
Øyvind