Ein lenge etterlengta tur i ei av lakseelvene i Ryfylke på søndag enda med gigantisk skuffelse. Denne elva er den som fiska best av samtlige i Ryfylke i fjor, dette til tross er den forholdsvis ukjent. Fra onsdag til lørdag var vannstanden perfekt, når eg ringte inn til min kontakt der inne bare timar før me skulle fiska på lørdagskveld ga ytterligere håp. Alle hadde fylt kvotane dei siste dagane og når informanten min var innom strekket me skulle fiske på lørdagskveld hadde dei nettopp landa laks på 9 0g 12 kg, enormt bra til å vere så seint i juli, snittvekta ellers er på rundt 5kg. Me hadde altså døgnkort for søndag og var på plass 04.15 på søndag. SKuffelsen var total då me såg kor liten elva hadde blitt, snakka seinare med ein grunneigar som kunne fortelja at elva hadde gått ned ganske kraftig bare på dei 12 siste timane. Elva er typisk mark/spinnerelv, ikkje egna for flue eller sluk pga store steinar og korte hølar.
Vel, fiske skulle me uansett. Teppebomba kvar ein kvadratmeter med mark, spinner og flue fiska med søkke. Eg mista ei svidde (lokalt navn på tert/smålaks) i den straumen med mest vatn, kompisen mista ein liten tass av ein aure på anslagsvis 800g. Etter å ha fiska til klokka 11.00 fekk me nok, elva sank ennå så forholda var elendige. Kjørte innom på dei andre strekka for å høyre om andre hadde kjent laks, men alle fiskarane til tross var det ikkje komt ein einaste fisk på land. Gedigen nedtur, hadde klokketru denne gongen.