Steinbunn er tradisjonelt tingen her, leit opp steinur under vatn, fyllinger/plastringer på land fortsetter ofte et stykke ut i sjøen og der er det masse huler som hummaren kan gøyme seg i. Svaberg/bergvegger med sprekker og holer ved bunn kan også vere gode plasser.
Vil komme med ei oppfordring til alle hummerfiskarar her inne, sjølv om de ikkje er utvalde til å føre fangstdagbok for Havforskningsinstituttet som eg skal i år, så blir dei sikker glade for ennå meir informasjon frå årets fiske. Skriv opp kor de fisker (fylke, kommune og fjord), kor mange hummar de får, om dei er lovlige, eller ulovlige det være seg om dei er for små eller med rogn og kor lenge de fiska samt med kor mange teiner de har nytta.
Desto meir tallmateriale dei får desto betre kan dei komme med anbefalingar for framtida. Basert på informasjon frå 2008-2011 er det optimisme å spore, spesielt på Østlandet, i sør og vest er det rimelig stabilt, så resultata frå årets fiske blir spennande!