Jump to content

Ombygging av Mauser ( Ferdig )


Recommended Posts

Då er tida her for ei oppgradering av den gamle gode Mauser`n. Har fått tak i ein Fajen Walking Varminter stokk til prosjektet, ei ny 21 mm, 6.5x55 Kongsberg pipe og et nytt underbeslag.

Prosjektet er som følger. Pipa skal kappes på 55 cm, den skal også gjenges med M14x1.5 for lyddemper. Stokken skal pusses ut av gammel beddemasse og beddes på nytt. Det skal monteres nytt underbeslag, som er mykje finere stand enn det gamle.

 

Må takke både Sauer200STR for ein fantastisk stokk og spesielt Hornetman, som solgte meg løpet. Med fantastisk omtanke for ein som hadde litt skakk kjørt økonomi for tida, så har han sendt dette til meg, for at eg skulle bli ferdig med prosektet før oppskytinga er ferdig og sommerferien slår inn... Tusen takk Hornetman !!

 

Her er gamle "styggen", før oppgraderinga :

Mauser1.JPG

 

Her er dei nye delene som skal til, for å gjennomføra prosjektet :

Mauser2.JPG

 

Her er gamlingen og dei nye delene, attmed kverandre :

Mauser3.JPG

 

Her ser de at det er "litt" tjukkelse forskjell på desse løpa :

Mauser4.JPG

 

Her viser meterstokken lengda som løpet skal kappes på, 55 cm skal det bli :

Mauser5.JPG

 

Denne stokken er med grov løpskanal, og det passer ganske bra til denne pipa her :

Mauser6.JPG

 

No skal børsemaker ha seg ein runde med den, så kjem det litt bilder av riggen, når den blir ferdig. Gleder meg som ein unge på julekvelden, det skal bli artig å teste ut 6.5x55 og presisjonen til våpenet, når det er ferdig. :D

 

Vel, då er rifla henta hos børsemaker, etter nøyaktig 1 veke var den ferdig.

Mauser7.JPG

 

Ingenting å sei på tilpassninga mellom løp og stokk. Ser nesten ut som stokken er laga etter løpet... :)

Mauser8.JPG

 

Tofoten, måtte på for å gjere rifla litt meir fotogen..

Mauser9.JPG

 

Fint vær var det, så stemings bilde på plenen måtte til.

Mauser10.JPG

 

Og ett bilde til.... :)

Mauser11.JPG

 

I dag blei rifla henta frå børsemakeren igjen. No er det påmontert ein A-tec demper, og rifla er herved klar til jakt.

Demper3.jpg

 

Jaggu godt å få ein demper, som taklar 21 mm grompiper. Det gjorde desverre ikkje den første SAI demperen eg bestilte.

Demper2.jpg

 

I dag var eg ein tur på den lokale "skytebanen" og testa ut det nye utstyret. Hadde selfølgelig nok utstyr med, og ei måtte nett ha et par runder med den .17 HMR`en også, så måtte ha med sekk i dag. Eg har berre ein ting å sei.. FY FAEN SÅ RÅTT !!. Nesten ingen rekyl, nesten ikkje smell, og du verden, eg hadde ikkje trudd at det gjekk an.

Skyting1.jpg

 

Her er "skytebanen" sett frå skytterplassen. Ca 70 meter til den skiva bakerst i bakgrunnen. Og det var ein grei avstand å teste ut rifla på. Har til dags dato ikkje skutt hjort over det holdet, så det bør fungere greit. Måtte skru ca 5 cm til høgre og 3 cm opp, og då låg skudda rett i senter.

Skyting2.jpg

 

 

Til slutt vil eg sei at arbeidet var vel i grunn bra utført. Løpet vart litt lengre enn 55 cm, av den grunn at børsemaker har målt frå starten på låsekassa. Så det er ca 57 cm langt og ikkje 55 cm, men pytt, pytt, det skal gå så bra så. Har pussa rifla skikkelig og den er klar for ein runde på skytebanen på Fredag. Skulle skyte med den i går, men fekk ein jobb og et tannlegebesøk på trappa i går kveld, så det va litt f....

Siktet på den er ein Bushnell Trophy 4 x 40. Det var det sikte eg kjøpte på denne rifla i starten. Hadde Meopta 7 x 50 på den, men i skogen så blir det alt for høg forstørring. Så eg snappa denne tilbake frå Brno`en i .22LR. Får spare litt til eit nytt sikte. Sikler litt etter ein 1.5-6 x 40 eller rundt der. Men det får komme seinere. Veldig fornøyd så langt og det skal bli morro å teste ut vidunderet. :D

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

Rolfi91 skreiv :

hvor fikk du tak i den stokken? har lett og lett, men finner ikke mauserstokk til heavybarrel (tyktløp)

 

veldig fin stokk:) lykketill med prosjektet;)

 

Ja liker stokken utrulig bra. Det må eg sei. Det er ein av dei finere stokken eg har klådd på til Mauser. :D

Eg kjøpte den brukt her på kammeret, den er gått 3 - 4000 skudd og et par jakt turer, men den ser nesten splitter pine ny ut. Denne stokken er å få tak i iallefall i USA, men ser at Midway Norge har Fajen stokk til varmint piper, men då er det syntetisk stokk. Den får du til ca 900.- hjå dei.

Ellers så fant eg denne stokken til rett over 200$ i USA og med frakt så får du den under 300$.

Link to comment
Share on other sites

Heisan Sauer200STR, jepp, eg har tidligere sagt at det er vel vestlandets styggeste Mauser, og eg trur ikkje det er så langt frå sannheita, he, he... :)

 

Men det skal det jaggu bli ein slutt på, takka væra stokken din, så har den blitt ganske så mange % finere. Det er ein nydelig stokk, det er sikkert. Og så har du jaggu brukt den fint også.

Om et år, så trur eg neppe den er så strøken, men den er solid, så den skal holde ein del år framover. Takk for hjelpa ! :D

Link to comment
Share on other sites

Hehe bare hyggeligt og hjelpe...

 

De stod da bare der og samla støv så godt det kom til nytte for noen....Tror den er solid nok ja...Stive og gode de laminatstokkene.

 

 

Venter bare på søknad selv nå så skal det bli mauser på meg (igjen) også....En HV som skal bli bøffelkannon.

Men jeg skal ha syntetstokk og liker ikke de laminatstokkene der det blir mye rekyl siden de er så glatte(og vil ikke ødelegge de med tape eller andre ideer :D

Link to comment
Share on other sites

Då har eg nettopp henta rifla frå børsemakeren. Den blei flott ja. Skal ta bilder og legge ut litt seinere i kveld eller morgen, så får de sjå resultatet.

 

Men tung, det blei den. Men i vestlands skoger, så er det godt å ha ei rifle som er litt stødig og tåler ein støyt. :)

Link to comment
Share on other sites

Rolfi91 skreiv :

hvor tung ble den?

 

Neiiiii, måtte du spørre om det ???? :shock::)

 

Vel, det er eg ikkje sikker på faktisk. Den var 3.7 Kg med sluttstykke og kikkert montasjer i gammel form. Etter oppgraderinga, så glømte eg å vege den på nytt før eg tok kikkertsikte på. Og kjøkken vekta lyste ERROR då eg hadde oppå med kikkertsikte. Så den er iallefall over 5 Kg med sikte.

Så den blir nok tung nok å trakke i skauen med.

 

Men ein solid kar, må ha litt solid last, så det skal gå bra. :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

Prøvde å finne ut av vekta på den i går kveld. Tok den med meg på bade vekta. Og i følge den, så er den 4.9 Kg. I og med at kjøkken vekta som skal klare 5 Kg ikkje klarte å finne ut av det, så er den nok nett rundt 5 Kg. Så det er ei solid børse... :D

Link to comment
Share on other sites

aha:) skal sette ny stokk på min mauser også. Stokken jeg har nå gjør at geværet er over 5 kg m/kikkert. Har blitt vant med det, har i tillegg tofot på "skjønnheten". stokken som er på mauseren min er av de gammle orginale stokkene til banevåpnene (de som skal ha overtre) de er mindre pen å se på.

 

Har fått pm fra en hyggelig kar her inne på forumet som har tilbytt meg en meget fin stokk.

Tar det som et bonus hvis den blir lettere;) håper jeg får handlet stokken med det første nå og til høsten at jeg sitter med en fin mauser med tofot og lyddemper ( lyddemperen kommer vell an på om jeg får sommerjobb eller ikke :roll:) . Den blir sikkert tragisk tung, men men;) man går vell ikke så mye rundt med et våpen som uansett veier over 5 kg? :roll:

Link to comment
Share on other sites

Då har eg nettopp kome heim att frå første skytinga med nye rifla. Det var ein særdeles fin opplevelse. Først måtte eg skyte inn løpet litt.

Skaut dei 5 første skudda, ett og ett skudd med puss mellom. Så gjekk eg over til 4 stk 3 skudds serier med puss mellom. Brukte vel ca 8 skudd for å komme meg inn på innertier/tier og med rekylopptak og tofot, så brydde eg meg ikkje om å skru meir, sjølv om skudda vandra litt over under og til høgre. Siste serier med tofot var med tiere.

 

Hadde til slutt 2 3 skudds serier uten uten støtte/tofot, med ein 7èr, 9 og 10 på begge seriene. Forbanna å få den eine 7`n på begge to, men dog greitt nok.

 

Bottom line, så har eg ikkje fått testa topp presisjonen enno, men det skal eg vente med til eg har fått litt betre skudd enn S&B. Men rifla er tyngre og stødigere, rekylen litt mindre og samlingene er greie inntil vidare. :D

Link to comment
Share on other sites

Blei absolutt ei flottere børse nå Mauser68. Artig med oppgradering. Et såpass tungt våpen hadde nesten fortjent en variabel kikkert med mye forstørrelse - til feks. langhold. Tunge børser skyter man som regel godt med. :wink:

 

Et lite spørsmål: Er den gjenga for demper? Ser sånn ut av bildene. Du har/skal vel ha en gjengebeskytter?

Link to comment
Share on other sites

Takk for det .35Whelen, meget godt fornøyd. Ja planen er å få på et variabelt sikte på den. Det har den fortjent. Men det er et ørlite problem for tida og det er min økonomi. Så ein 3-9x40 Leupold kjem på den i løpet av kort tid, har ein brukt eg får tak i, men seinere, så har eg veldig lyst på ein med litt større forstørring til lengre hold men det er den skogsjakta som må ha lav forstørring som gjer dette litt vanskelig.

Den er gjenga for demper, det tok eg no i samme slengen, men har ikkje fått beskyttelsen enno, så det er tape som er surra rundt inntil vidare. Men ien demper skal vel på i løpet av året.

 

Og ja eg syns den er betre å skyte med no i forhold til tyngda, men eg har behov for ein del trening. Har skutt minimums kravet dei siste 8 åra, så det blir alt for lite. Så får håpe eg får litt betre tid til skytinga framover. Men med 3 små unger og andre jern i ilden, så har det vært litt lite tid i det siste.

Link to comment
Share on other sites

  • 3 months later...

Då er rifla henta hos børsemakeren for 3. gong i år. No er det påmontert demper på den. Må sei at det hadde vore utenkjelig å gå tilbake til, korleis rifla var frå før... Nydelig rifle er det blitt. Gleder meg til å test skyte den med demper i morgen. Berre håper at tida strekk til, så det går i orden med skytinga. :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

Takk for det Custer. Er veldig fornøyd med rifla så langt. Har ikkje angra på at eg tok meg i nakken og bygde den om, kontra å kjøpe ei ny rifle. De er nesten som ny igrunn. Tung, solid og god presisjon. Kva meir kan ein ønske seg ? :mrgreen:

Eg er verkjeleg spent på korleis den oppfører seg med demperen på.

Driv å printer ut blinker her no, så no skal eg skyte på gamle Sluttstykke blinker som er laga av Sako30-06 her. Så håper at Sako ikkje har noko i mot det. Forresten supre blinker syns eg.. Skal kanskje poste et bilde av korleis resultatet blei ikveld. Men no må eg på skytebanen.

Link to comment
Share on other sites

Då er eg tilbake frå skytebanen. Det var heilt rått å skyte med demper. Er 100% fornøyd med rifla. Fekk skyte både gammel Rano, Norma Jaktmatch og Norma Nosler i dag. Alle gjekk omtrent på samme plass. Det skilte ca 2 -3 cm mellom dei forskjellige typene skudd. :mrgreen:

 

Til alle som ikkje har montert ein demper på rifla si : LØP Å KJØP !!!! :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

Takk for det Kjell Olav.

Ja det var veldig morro dette. Men den Scenaren og v-max kula som eg lada sjølv her, den går ikkje på samme plass, så eg har ein liten jobb å gjere der ja. Men til våren, så må eg i gang og lade litt meir. Og eg må vel krype til korset og kjøpe ein annen kruttsort, og teste litt om eg får meir samme treffpunkt med det. Så det er godt å ha litt å drive på med framover vinteren... :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

hvor fikk du tak i den stokken? har lett og lett, men finner ikke mauserstokk til heavybarrel (tyktløp)

 

veldig fin stokk:) lykketill med prosjektet;)

 

Jegerstua Våpen har en slik stokk inne. Den har en jæv... fin gråfarge.

Bruker å klø litt på den.

Du får den sikkert til en fordelaktig pris. Ring 789 58008.

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

hvordan ble den med demper?har du veid geværet med demper og kikker på? :roll: hvor tung er den demperen du har satt på? har veldig lyst til å montere demper jeg også når jeg får råa, men er usikker på det med vekt og balanse, geværet veier jo noen kilo fra førav så :lol: (må først få rota meg til å bestilt stokken)

Link to comment
Share on other sites

Hepp, Rolfi1. For å sei det slik, så blei den TUNG.... Har trakka ein ca 5 timer med den i dag også, og det er klart det er lettere og smekrere rifler å trakke i skauen med.

Vil vel tippe at den er melom 5.5 og 6 kg med demper og kikkert. Den A-tec demperen er ikkje så tung, så i forhold til andre eg har sett på, så er den blandt dei letter demperene eg har vært borti. :)

 

Men har fått tak i ei hundefører reim, så eg bærer den på magen, med reim over heile ryggen og eine skuldra, så eg kjenner ikkje så voldsomt til den. Men tung er den, uten tvil... :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

  • 2 years later...

Då har eg fått i grunn Mauseren som det den skal bli framover.. Den var som sagt tung å bære med seg i vestslige hjortelier, so når eg fekk endå ein ny Mauser på trappene her, so bestemte eg meg for å la denne rifla bli ei kombinert varmint / langholds rifle.

Kjøpte ein Leupold VX-III 6.5-20x50 LRT her i sommer, og tenkte at denne skulle på når hjortejakta var ferdig. Og det blei den offisielt sist helg, når naboen felte hjorten vår.

I dag har eg tatt av Smidth&Bender 1.25-4x20 og satt på den Leupold`en. Snasent sikte. Det som eg i grunn skal gjere no, det er å bygge om den andre Mauseren til 9.3x57 og begge Mauserene skal få Leupold standard skinne, og montasjer, så eg kan kastebytte om kikkertsikte, hvis det skulle være behov for det.

 

Mauser12.jpg

 

Mauser13.jpg

Link to comment
Share on other sites

Hvis eg finn ei kremladning med N-19 og 130 grains GT, og dusten bak rifla klarar å halde samme grepet, og fokusere på rekylopptak og avtrekk, so kanskje det ikkje er heilt umulig.. Har iallefall veldig lyst å prøva det ein gong, så me får sjå litt framover om får små samlinger på 100 metern med den.. :)

 

Einaste som er minuset med den i dag, er avtrekket. Var så dum å prøvde å justere det Timney avtrekket og knota med det, men det blei ikkje heilt det samme etterpå. Men det fungerer greitt og er ikkje så tungt, så det får heller stå sin prøve inntil vidare. :)

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...