I 9,3x62 har eg skutt ein del hjort med 250 grns barnes tsx (gamletypen utan plastspiss), heimelada. Eg hugsar ikkje i farten kva ladning og fart eg hadde, men eg begynte på minimum og lada meg ca halvvegs til maks, då fekk eg god presisjon og stoppa der. Eg skaut dyr (hjort) opp mot 200 meter og hadde aldri problem med manglande ekspansjon - men tanken var der kvar gang eg skaut dyr på lengre hold.
Eg kjøpte også eit par pakker med Fox fabrikkammo, 220 grns. Eg testa desse først på 10 meters hold på vannkanner med plankebiter mellom, eg synes dei opna i underkant lite. Eg skaut ein hjort med desse i fjor, og det er einaste dyret eg har skutt med 9,3 som hadde meir enn 5 meter fluktstrekning. Dyret kom seg ca 50 meter og på oppsparka der dyret låg, kunne ein sjå at dyret hadde kava ei stund før det var over - lungeskot. Slaktet var naturlegvis ikkje fint, svært mykje blodslag. Eg har skote eit knippe dyr i 9,3 med gamle tsx og nosler partition - og felles for desse har vore kort/ingen flukt og flotte slakt.
Eg kjøpte eit par pakker 250 grns naturalis som eg har tenkt å prøve på hjort i haust, men eg kjenner at eg ikkje er heilt overbevist om at det blir bra. Eg har ikkje høyrt om dårlige erfaringar med denne kula i 9,3. Men eg kjenner fleire som har forsøkt den i 6,5 - og det gjekk ikkje bra.