Jump to content

Kjøpe bøylerifle


mort1

Recommended Posts

slenger inn ett lite spørsmål her, 356 win, ett kaliber jeg har grublet litt på, hvordan er dette kaliberet i bruk? kan det sammenliknes med slikt som 358win?

 

hvordan er tilgangen på våpen i dette kaliberet? om ikke nytt så brukt kanskje, noen som har noe formening om der har vært solgt mye våpen i 356win?

Link to comment
Share on other sites

Det finst ei og anna 356 Winchester rundt omkring. Einaste eg veit om av andre rifler i dette kaliberet er Marlin, som hadde ei lita bøylerifle dei og. Veit ikkje om nokon prøvde å selja slike her i kongeriket, men det vart selt nokre Winchesterar. Mange av dei har skifta eigarar etterkvart som den første har gått lei, og det finst ein og annan på bruktmarknaden. Viss pipene er like lange så får ein vel 100-150 fot mindre fart på 356en kontra 358W. Min går ca. 3 cm med 220 Speer og lettkomprimert ladning med N-140 når eg får sitja godt og med god tid. Sidan internettet er fullt av åtvaringar mot å bruka 308-hylser i 356en, så eg måtte jo sjølvsagt prøva. Med lette revolvarkuler funkar dette til korthaldsplinking med td. 25 grains N-110, men ein kan ikkje snakka om noko særleg til presisjon i rifla mi. Utdragaren får tak på kragen tre av fire gonger, den fjerde får du bruka fleire forsøk på. Til vanlege ladningar vil eg ha ordentlege hylser.

 

Rifla mi er kresen på patronlengda, sidan kassen er så kort. Utanlandske blad skriv nesten alltid at ein må ha flatnasa kuler i røyrmagasin, men av og til nyanserer dei og seier at det går med ei spisskula i kammeret, og ei til i magasinet. Det dei ikkje seier er at patrona med spisskula kan vera grei å få ned i magasinet, men der likar ho seg så godt at ho ikkje vil ut igjen. 220 Speer med krymperilla nesten nedi går akkurat, men det er mindre å gå på enn eg likar. Eg kan sjølvsagt ta ein millimeter på hylsene, men halsen er ikkje lengre enn han bør vera, heller. Dessutan har eg Lee styrepinne som eg eventuelt må korta inn for å få til dette, og eg giddar ikkje å sveiva Forsteren når eg ikkje er nøydd.

 

356en har ikkje vore med når eg har hatt skotsjansar, og ved eit par høve har det gjerne vore like greitt. Rifla er kort og vinglete. Balansen er som ein god, gammal Jobu. Ikkje det lettaste å treffa godt med på litt hald og med lang arm. Det var ein interessant artikkel i Våpenjournalen for ein del år sidan om 356en. Ein kar ville ha kontrollert ekspansjon og filte flate spissane på nokre Partitionkuler. Det drog rett gjennom elgen med vanleg Partitionvirkning. Viss du ikkje har akkurat denne VJen så send faksnummer på PM, så skal eg sjå kva eg får til.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...