Jump to content

Kraftig overladning ?


Rubicon

Recommended Posts

Eg var i går skyteleiar på bana under jegerskytinga.

Ein skyttar treng litt hjelp med kikkert innstilling og eg vert litt opptatt med han.

Merker meg at naboskytter har kraftig smell når han skyt, men tenker ikkje særleg over det .

Ser opp og merker meg at munningsglimta også er kraftig. Det vert nokon kommentarar om kraftig smell og skyttar seier han fekk noko billig hjå ein kjenning.

Skyttaren får klikk og eg ser han skiftar ammo. Skyttaren skyt med .30 06

Etter skyttarene er ferdig og gått ut ryddar eg i gjenverande hylser og finn hylsene denne 3006 skyttaren skaut med.

Dei var lette å finna sidan hylsene var blanke. Eg kikkar på hylsene og ser dei har fått eit spor rundt heile hylsa der hylsseperasjon plar komme, ca 1cm opp frå bunn. Dette beltet er eit ca 3 mm breitt spor, innover i hylsa med skarpe kantar rundt heile hylsa.

Tennhetta er blitt bobbelt så stor, og er meir eller mindre sammensmurt med hylsebotnen.

Fann 2 stykk hylser og dei var identiske.

Eg har dreve med heimelading i 12 år med diverse testingar, men slikt djupt spor rundt hylsa har eg ikkje sett før.

Nokon som veit korleis dette sporet oppstår.

Link to comment
Share on other sites

Har desverre ikkje bilde, hylsa gjekk i tønna.

@M67 Ringen rundt hylsa liknar på bildet både i bredde/djupn og plassering. Kanten var skarp.

Hylsa var heilt uleseleg i botnen av flekkar så eg klarte ikkje lese kva som var trykt under.

Bar preg av å vera ein del år.

Blank stålhylse eller firnikla med svarte prikkar/flekkar.

Link to comment
Share on other sites

Takker folken, då lærte me noko nytt i dag og .

Du veit ein vert jo mistenksom til mykje etter nokon år som standplassleiar.

Overraskelsen kan jo vera stor over kva folk har med seg. Brødposar med forskjellige variantar, samla inn frå venner og kjente,

både patroner utan og ekstra krutt. Skyttarar som ikkje kan forstå at 6,5x55 frå brødposen skal vera

noko verre å kamra i ein 308 enn dei andre.

Det har jo hent at ein må stoppe skyttarar etter dei har skote patron med berre tennhette og kule, der skyttaren ikkje

reagerer på nokon ting og smokker i ei ny patron klar for avfyring.icon_e_surprised.gif

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...