Jump to content

brisen

Members
  • Posts

    179
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    4

Posts posted by brisen

  1. I tillegg til særtrekk ved A. Mikkelsen sine kniver som @seawolf nevner,har eg bete meg merke i at  dei også har korte skaft, kortere skaft enn t.d. sameknivene frå   Helle,  I. Strømeng og finske J. Marttiini.  I tillegg til å studere bilder har eg og teke mål på knivene eg har sjøl.

    • Like 1
  2. Eg og vil anbefale TS å prøve Swarovski SLC 8x30WB. Den var i produksjon i 27 år frå 1985 til 2011. Pris brukt ligg på ca. 5000-7500 alt etter alder og tilstand. Min er frå 2009 og har dermed fått med seg alle oppgraderinger. Det gjer at den framstår like lys, skarp og fargenøytral som FL8x32. Begge presterer på eit høgt nivå, men når eg sammenligner heile pakken, set eg FL 8x32 litt framom SLC 8x30.

    Når eg komenterer kikkert er det korleis det fortoner seg for meg, andre har si meining.

     

  3. Markedspris ny Zeiss FL 8x32 ligg på 18000 til 22300, tenkjer butikkhyllene byrjar å tømast.

    Ja, muligt eg tok  hardt i då eg anslo ein bruktpris på 9000 til 15000. Skulle eg  kjøpt FL 8x32 som ligg på Finn til 14500 ville eg forsøkt å prute den ned, sjøl om den skulle vere ganske ny og ubrukt. Med forbehold om at den ikkje er lagt ut fleire ganger så er datoen 25. juli.

     

    Takk for henvising til Roger Vine si nettside,  ei gullgruve for alle som er intressert i kikkert.

     

     

     

  4. TS etterlyser bruktpris og brukserfaring med div. kikkerter m.a. Zeiss Victory FL 8x32 T*

    Zeiss Victory FL 8x32 T* var i produksjon frå 2004 til 2020. Eg vil sette fornuftig bruktpris frå 9000 til 15000kr alt etter alder og tilstand.

    Sjølve kikkertkroppen er laga av glasfiberarmert polykarbonat. Dette gjer at den er lett (550g og lengde 11.7cm), robust og behagelig å halde i på kalde dager. Alt som er bevegeligt fungerer med perfekt motstand/friksjon.

    Fokushjulet er stort og laga av plast, eg får litt følelse av Tupperware når eg studerer det, men det fungerer utmerket og roterer jevnt med passe friksjon, bilde smell i fokus og eg slepp unna iriterande jazzing fram og tilbake. Her er det optikk i verdensklasse<font style=🙂">.

    Augemuslinger er behagelige og  har fire innstillinger med tydelige knepp. Eg bruker ikkje briller men behøver likevel ikkje ha dei i ytterste posisjon for å unngå mørke blink, skrur dei inn eit knepp og får med det større synsfelt. Brillebrukere vil og sjå heile synsfeltet (trur eg).

    Usikten er lys, 100% fargenøytral, skarp langt ut mot kantene og med stort synsfelt på 140m/1000m. Det einaste eg har å pirke på er at der er litt blending rundt ei lav sol. Det er noke den deler med dei andre kikkertane eg har i størrelse 8 og 10 x30/32.

    FL 8x32 er heilt fri for kromatisk aberrasjon, d.v.s. lilla og gulgrøne fargefrynser  rundt t.d. ein svart fugl mot kvit himmel.

    Med ein utgangspupill på 4mm blir ikkje dette den optimale kikkert til bruk i demring og skumring, men for mange vil den vere god nok.

     

    Zeiss Victory FL 8x32 T* er ein stoor kikkert i eit lite  format, og for meg framstår den som bortimot feilfri.

     

     

     

     

  5.  

     

    Går ein til forhandler og kjøper ny kikkert vil eg tru det er enklare å få hjelp om  noke skulle hende seinare, pluss at du kanskje har mulighet til å  få prøve kikkerten. Har du fleire du er intressert i, må  du prøve dei samstundes då synsinntrykk er ferskvare og sjåarforholda (viss du prøver dei ute) heile tida er i endring.

    Eg kjøper som oftast kikkertane mine brukt, mest på Finn men har og kjøpt fleire frå eBay, vellykka handel kvar gong.

     

     

     

     

     

     

     

  6. Meiner dybde i synsbilde bestemmes av hvilken forstørrelse kikkerten har og ikkje om den har porro eller takkant prismer. Liten forstørrelse gir dybde og også meir dybde skarphet som igjen betyr mindre styr  med å fokusere.  Dette er ein av grunnane  at eg stiller  meg undrane  over at det er så lite blest om 7x.

    Eit auge vs to auge. Kikkert fungerer best når eg får bruke begge augene. Eg har ved ein del anledninger bruka spotting scope og landa ned på at det ikkje er noke for meg. Ser ikkje bort i frå at det kunne ha fungert bedre då eg var yngre.

     

  7. Enig med det som @lilleulv skriv, men vil legge til for egen regning at stor forstørrelse  fungerer dårlig når det er luftturbolens, og då betyr det ingenting om du har dyrt eller billig spotting scope. Du kjøper deg ikkje ut av det problemet der. 

    Det er fleire grunnar til at dei anvender 7x i skipsfarten, den største grunn heiter luftturbolens.

    TS lurer på kor grensa går for maks forstørrelse i håndholdt kikkert. For meg stopper det med 15x, 12x er langt å føretrekke.

  8. Vil føreslå atTS kjøper kikkert med moderat forstørrelse og stor utgangspupil, t.d 8x56, eller der omkring. Det er lite stress å sjå i ein sånn . Kjøper du kvalitet er sjangsen stor for at den også har god  blendingsmotstand når sola står lavt.

    Min favoritt  observasjons kikkert er ein CBS Beck Kassel Tordalk 11x80,  produsert 1980, har flerbelagt optikk og veg kun 1.6 kg.

    God er også Zeiss Dialyt 8x56B T* , eller Carl Zeiss Jena Octarem 8x50B .Desse to siste har og flerbelagt optikk.

    Dialyt 8x56 er takkant prisme kikkert, dei to andre  porro prisme. Desse 3 nevnte er ut av produksjon men er å finne på brukt markedet. Kan anbefale dei på det varmeste.

     

    Kikkerten @amatør føreslår har eg desverre ikkje,  heller ikkje fått prøvd, har bare lese meg til at den er ein opplevelse å sjå i.

  9. Mindre kikkerter x 30/32 har ofte ei mykje raskere fokusering enn tilsvarande model i x42. Det er ikkje alle som synes eit raskt fokus er ein fordel i  kikkert tiltenkt jakt.

  10. Eg har fleire kikkertar som går i kategori all bruks kikkert. Den som blir brukt mest er ein Zeiss Victory 8x40B T*P*,  veg 0.7kg . Lett og behagelig i bruk. Ein som blir nesten like mykje brukt er

    Zeiss Dialyt 7x42B T*P*, litt tyngre med sine 0.8kg.

    Uten at  eg ramlar heilt utpå vil eg og ta med Swarovski slc neu 8x30WB, veg 0.6kg og er ein jysla kjekk kikkert🙂

     

    Blir kanskje litt feil å kalle ein 8x30 for all bruks kikkert då den ikkje duger så godt når det kveldast

  11. Gå for 8x25, då får du ein utgangspupill på 3.1mm og det byrjar å bli litt anstendighet oppi det heile😁. Akkurat denne 8x25 har eit stort synsfelt og det er jo eit pluss ein må ta med.

    Eg har nylig kjøpt ein 8x20, den har utgangspupill på 2.5mm og  synes den er litt slitsom når det gjeld augeplasering, og når det byrjar å dra seg mot kveld taper den seg fort.

    Eg har prøvd 10x25, det er ikkje noke for meg.

    Skulle eg kun hatt ein kikkert hadde det nok aldri blitt ein lomme kikkert, men det er meg. Går ein t.d. opp til  8x32 har ein kjøpt seg noke ein kan kalle allbruks kikkert.

    • Like 1
  12. Zeiss har tre kvalitets/pris nivå. Victory serien (utenom Victory Pocket) lager dei under eget tak. Conqest serien blir laget i Japan og Terra serien blir laget i Kina. 

    Zeiss Terra Compakt 8x og 10x25 har fått mykje positiv omtale. 

    Eg synes at "ordentlig" kikkert byrjar med 30mm objektiver. Når det er sagt så er mitt siste kikkertkjøp ein Leica Ultravid 8x20 BL. Den er av topp kvalitet men i.o.m. den  er så  liten og lett og med utgangspupill på kun 2.5mm  er den krevande, og det er første gang eg har kjøpt  kikkert der eg må øve  for å mestre.

  13. Opticron Savanna WP 6x30 er ein liten, lett og vanntett porro prisme kikkert. Den er ypperlig til all jakt i skogen. Med ein utgangspupill på 5mm er den og god i skumring, veg kun 485g. KikkertSpesialisten har den på tilbud til kr 1895.

  14. Har ikkje filosofert så mykje at eg har  pådrege meg grønfarge. Har hatt  interesse for kikkert siden eg fekk min første  i 1969. Liker å lese om, bruke, av og til kjøpe, og diskutere alt som omhandler kikkert. Ja, kan sende ein epost til Beaverton, men det hadde jo vore kjekt å  høyre kva andre meiner.

  15. Funderer litt på kva  som blir utgang viss eg treng reparasjon på min Leupold Gold Ring 10x32. Den er frå år 2005, produsert for Leupold  med ganske stor sikkerhet av japanske Kamakura. Kikkerten har livstidsgarantid men er ut av produksjon for fleire år siden. Vil Leupold ha deler til å reparere den med? Eller blir den sendt til Japan? Eller vil den ganske enkelt bli skrotet og eg får tilsendt ein annen kikkert?

    Mykje å fundere over når det gjeld  garanti på kikkert.

  16. Nei, Kinaoptikk med livstidsgarantid gjer ikkje produktet bedre. Min teori er at ein viss andel kikkertkjøper ikkje bruker kikkerten.  Etter ei tid tek nokre seg sjøl i nakken og den  bilr den lagt ut på Finn.no som god ubrukt kikkert selges. Nokre vil bruke kikkerten og ein viss andel av desse brukarane opplever at optikken blir feilande. Kun ein liten % tar seg bryet med å reklamere, for så

    å muligens få tilsendt nytt proddukt.

     

    Oppdager for seint at Jegermeistern har svart på Chiefen.v-2 sitt spørsmål på eit utmerket  vis  

×
×
  • Create New...