Jump to content

brisen

Members
  • Posts

    179
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    4

Posts posted by brisen

  1. A1pro kan brukes som slaktekniv, men den sjølvsagt ikkje eit førstevalg. Eg skriv at det er ein allroundkniv som takkler alt. Eg slakter ikkje hjort, men eg har ein god del sau på samvittigheten. Stikkekniven har 13cm langt blad og slakteknivene ca. 10cm. Eg vil ikkje hatt problem med å slakte ein sau med A1pro,men eg ville hatt store store problem med slakteknivene med t.d å tilpasse torv når eg legg torvtak.Ein A1pro takkler alt, uten at eg dermed seier at den er det ultimate valg til alt. 

    Håper at eg klarer å gjere meg forstått.

  2. Eg synes det er ein besnærende tanke å ha ein allroundkniv som takkler alt, og skal den takkle alt er også egenskapene til ei øks baket inn.

    Siste året har ein A1pro vore min mest brukte kniv. Den har eit godt stål (Lam CoS) og eit meget godt allround skaft som passer min neve godt. skaftet av thermorun er støtdempende og det stjeler ikkje varme frå neven. Drar økta med spikking seg mot fire timer elle meir, byrjar skaftenden å iritere i håndflata, dette fordi skaftet er allround og har timeglasfasong mot enden og er sklisikkert. 

     

    Den er heller dårlig når me kjem til kutting av harde frukter/grønnsaker

    .

    Der den plukker mest poeng er hogging, kvisting, kløyving og som spikkekniv. Nå skal ikkje eg framsnakke den som at det bare er den store sløydkniven, men den er iallefall  treskarp, og eg liker å spikke.

     

    Kunne ikkje falle meg inn å dømme ein kniv nord og ned uten først å ha prøvd den.

     

  3. Til bruk i ein allroundkniv meiner eg Metallurgen sitt stål A8-mod må vere det beste som finnes, minst like bra som INFI og M-INFI. Eg har eit våpenskap fullt med kniver i mange sorter stål og eg bruker kniv så å sei daglig. Å bruke kniv har eg halde på med siden eg var i tannfellinga og nå er eg 67.

    • Like 1
  4. Det første eg brukte min Fallkniven R2z i Elmax til, var å lage meg ein god fjellstav. Plukket meg ut ein gammel og knallhard  seintvoksende brake. Skar den ned med kniven og måtte kappe den på lengda fleire ganger før eg var fornøyd.

    Etterpå studerte eg eggen under lampelys og det glitret sikkert ein fem til seks plasser. Seinere har det gått bedre, kanskje eg er meir forsiktig nå

    • Like 1
  5. Eg har 2stk Fallkniven i Elmax: Fallkniven PXLbm og FallknivenR2z, den sistnevnte blir mest brukt.

    Bryner dei med Fallkniven CC4, først mørk side og så over på kvit side. Dei er litt meir møye å bryne Elmax enn t.d. Lam CoS. Elmax kan settes opp så den går bort i mot lydlaust i avispapir.

    • Like 1
  6. Når våpenskapet skal skrues fast, må ein huske på at inni golv og vegger går de rør og ledninger, sånt som kan gløymes når ein styrer på som verst🙂.

    Når eg borer litt større hull i stål bruker eg forbor og vatn til kjøling. 

  7. Zeiss Diafun 8x30 er både vanntett og fyllt med nitrogen, så den burde ikkje dogge innvendig. Mest sansynlig har gassen lekket ut, så i dette tilfellet synes eg Zeiss burde ha ordna opp på eit bedre vis.

     Kikkerten blei produsert år 1997-2002, og blei avviklet då Conquest blei lansert. Har ikkje inntrykk av at Diafun blei spesielt populær, det er iallefall lite å finne om den på nettet. 

  8. Rype og beitedyr har har gått saman i skog og fjell i mange herrens år , nå er det plutselig blitt sånn at det er beitedyra da spesielt sauen som er den skuldige i at rypa er borte. Ja, eg blir noke frustrert over over all den negative omtalen som florerer både om sau og sauebønder. Er det problem for villrein, rådyr, hjort  og nå rypa så er det den djevla sauen og sauebøndene som har skulda.

  9. I "mine" fjell gjekk rypebestanden frå å vere bra med fugl til lite fugl i løpet av få år. Eit rypeliv er ikkje så langt og min teori er at det skuldast ugunstige verforhold etter klekking, fleire år etter kvarandre, pluss at det er blitt for mykje av dei som har rype og egg på menyen.

    På 70 talet var det godt med rype og godt med sau i fjella, nå er det lite av begge deler.

    Eg har og ei formeining om at ein av grunnane til lite fugl skuldast at det er for lite  smågnagere og  for lang tid mellom kvart lemenår.

  10. For ein god del år tilbake kjøpte eg eit par Lunhags, meiner dei hadde betegnelsen jakt jubileum. Fekk til råd å kjøpe dei eit nr for store.  Det er einaste fjellstøvlane som har halde meg tørr på beina over tid, minus var at eg syntes dei var altfor glatte i vestlandsk fjellterreng. Dei tre siste para har vore Hoka halvhøge fjellstøvler, dei heng utruleg godt på vått fjell,  har god demping og er behagelige på foten, minus er at dei byrjar å ta inn vatn lenge før dei er utsletne. Har ein bekjent som går mykje i fjellet og som også er opphengt i gode fjellsko, siste tida har han brukt Crispi Titan og let vel over dei, gode på foten, sklisikre  og dei er vanntette, så eg trur eg går for Crispi Titan neste gang. Eg har hatt Crispi tidligere men den modellen hadde for hard gummi i sålen og hang for dårlig på vått fjell.

  11. Eg har Leatherman Skeletool, den har få men gode verktøy. Tar den alltid med når eg pakker kajaken for overnatting. Slaureskap frå mi side gjorde at eg etter ein tur fekk godt med rustflekker på knivbladet, men eg fekk nå fjernet det  igjen.

  12. Er trådstarter interessert i kniv kan ein ikkje i fullt alvor føreslå at han skal kjøpe kniv på Jula til kr20.-  Det kan jo ikkje bli meir tamt å kjedeligt enn det🙂

    Eg ville gått til motsatt ende av skalaen og prøvd å fått kjøpt meg kniv hjå Fredrik Haakonsen. 

    Anbefaler å gå inn på Haakonsen Knives / Facebook å ta ein kikk.

  13. Eg ville forvisse meg om at den er sauerein,du  får trøbbel hvis det beiter sau i jaktområdet og hunden ikkje er sauerein. Du bør og sjekke ut om den er lydig og at den vil lye deg. Er dette på plass er det duka for at det kan bli ein positiv opplevelse.

  14. Nå blir Fellkniven F1pro og F1x også laget i det svenske pulverstålet Elmax Super Clean.

    Prisen på kniven går opp men det gjer kanskje stålkvaliteten og, eller?

    Eg har ingenting negativt å sei om det laminerte koboltstålet som dei og blir produset i, men ein god kniv kan jo bli enda bedre.

     

    • Like 1
×
×
  • Create New...