Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    673
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

  1. Kor mykje har du tenkt å legge i den? Og korleis er slipeferdigheitane dine? Eg spør då ein del av dei "nye" rustfrie ståla krever meir en eit vanleg bryne. 

     

    Kva fisk er det du skal sløye, forresten? Er det bekkaure eller 15 kilos torsk? 

     

    Du beskriv jo eigentleg det som på fint heiter ein "bird and trout" kniv. Finns mange varianter av slikt.

     

    https://www.knivesshipfree.com/benchmade-knives-15700-flyway-bird-trout-fixed-blade-orange-g-10-cpm-154/

     

    https://agrussell.com/knife/A-G-Russell-Bird-Trout--AGBT-C22-D2

     

    https://www.knifecenter.com/item/SPFB46GP/spyderco-phil-wilson-bow-river-fixed-blade-knife-trailing-point-black-gray-g10-handles-leather-sheath

  2. Bygda skrev (7 timer siden):

    Noen tips dere vil dele mtp lading av patroner med belte?

    Har ikkje den heilt store erfaringen. Lader til 375 H&H og til 450 Marlin. 450 Marlin "teller" ikkje då dette er ei rettvegga hylse. 

     

    Etter mi meining er trikset å ikkje bry seg om beltet. Tenk på hylsa som ei vanleg hylse og press den slik du ellers ville gjort. "Headspace" på skuldra. Bruk "tape på hylsebotnen"-trikset.  Då vil du ikkje bearbeide hylsa meir en du ville gjort med hylser utan belte (avhengig av korleis kammeret i di børse er). 

  3. Du bruker berre ei enkel reim? Ikkje noko fiksfakseri? I så fall ville eg sett på ei nylonreim. Du får nylonreimer som har vevd inn gummi som gjer litt friksjon. Men om du er gira på lærreim, er eg heilt med på tanken. Men trur du betaler ein del for den vetle reven på den reima der (utan å ha nokon som helst peiling på kva den koster :-))

     

    Eit alternativ som ikkje koster skjorta: https://bmwear.no/produkt/vapentilbehor/remmer-og-remboyler/rem/nitedals-riflerem

     

    Og ei som verkeleg ikkje koster skjorta men som sikkert er tipp topp: https://bmwear.no/produkt/vapentilbehor/remmer-og-remboyler/rem/rem-nylon-sort-mantigli

    • Like 1
  4. Lader fleire beltehylser. Om du veit litt kva du driv med, er ikkje dette beltet eit stort problem.

     

    Men skulle eg valgt utan å tenke praktisk, hadde eg kanskje valgt 300 PRC. Tviler på at den kjem til å forsvinne med det fyste. Og skal du ha den til jakt, og ikkje langholdskyting, så treng du ikkje meir en 100 hylser. Om du lader sjølv, vel og merke.

     

    Skulle eg valgt HEILT etter eige hovud, hadde eg sjølvsagt valgt 300 H&H Magnum :-)

     

     

  5. rykendefersk skrev (7 minutter siden):

    ser at den lokale skytebanen ikke holder på ut lengre en september.

    Då får du ta deg ein tur til Bergen :-) Her er det skytebanar åpne heile året. Men det er det sikkert i nerleiken av deg og, ein eller annan plass. Som nevnt over må du ha miniumum to dagar på banen. Helst meir sjølvsagt, men du klarer storviltprøven på to turar om du har skote litt før. 

     

    Håper det ordner seg for deg. 

  6. Heisan. Og velkommen til Kammeret :-)

     

    Det er ein tråd her der folk deler erfaringer med behandlingstid forskjellige plassar rundt i landet. Det ser ut til at det går litt/mykje fortare om du kan søke elektronisk.

     

    Du kan skyte opp til storviltprøven heile hausten om du finn ein bane som er åpen. Kva bur du i landet? 

  7. Var akkurat ein tur på banen og trente litt med mi Marlin 1895 Guide Gun i 45/70. Åpne sikter. Ghost ring bak, og perlekorn framme. Problemet var at seriane låg konsekvent 5-10 cm til høgre. Forrige gong eg var og skaut, sat dei meir i senter. Har ikkje dunka sikta så vidt eg veit.
     

    Hadde låg sol/kraftig lys inn frå høgre. Veit eg har høyrt noko om at det er lett for å forlegge siktepunktet ved lys inn frå sida. Nokon som har nokre erfaringar? 

  8. Humbo skrev (2 timer siden):

    Kan ikkje Lee si Factory Crimp-die óg lage slike merker?

    Lee Factory Crimp har fire "kjeftar". Så du ville berre fått fire merker. Og det er ofte veldig lite åpning mellom kjeftane. Ser ikkje glipa mellom desse utan ei form for forstørrelse. I alle fall etter mi erfaring. 

  9. Kva snurr er det på 270-pipa? Tradisjonelt er desse pipene laga med «sein» snurr. Då klarer du ikkje å stabilisere desse laaange kulene med høg BC. 
     

    Mykje mindre ladekomponenter til 270. 
     

    Så innanfor fornuftige jaktavstandar trur eg ikkje du får så mykje fordeler med 270 at EG ikkje hadde kjøpt løpet. 
     

    Vil du ha noko meir flattskytande til alt unntatt elg, ville eg sett på 6.5 PRC, 7 PRC eller 7mm Rem Mag. 

  10. Cpt.BeerBeard skrev (3 timer siden):

    Tanken er å lade for rimeligere treningsammo. 

    Hmmm.. Kor mykje skyt du i året? Og vil du skyte meir? Du skal nok skyte ein del over fleire år får dette med billigare treningsammo vert ein reknestykke som "går opp". Det koster ein del å starte med lading. Dette er ikkje meint som noko avskrekking, men berre ein liten realitetsjekk. 

     

    Om du skyt mindre en 100 treningskot i året, kan du bruke kjøpeammo i  5-10 år før du har tjent inn det utstyret til heimelading vil koste deg. 

  11. Om du skal byrje å lade sjølv bør du absolutt ta vare på hylsene du skyt i eige rifle. Ikkje noko problem å lade desse på nytt med andre kuler, tennhetter og krutt en det produsenten har brukt. Men finn fornuftige ladedata, sjølvsagt! 
     

    Og velkommen til ein kjekk hobby. Skal vere ein tråd her inne der du kanskje kan finne nokon som kan vise deg litt. 
     

    Kvar i landet er du lokalisert? 

  12. bobby skrev (10 timer siden):

    Korn? Mener du da et tynt mere spisst korn - eller det opprinnelige pærlekornet...

    Usikker på norsk terminologi, men det er vel det amerikanarane kallar "bead sight" og me kaller perlekorn? Ser i alle fall slik ut:

     

    image.png.58631487872303a75704bc27686fe3b6.png

    Skyt betre samlingar på tilpassa blinkar med stolpe. Har prøvd meg fram med runde blinkar av forskjellig størrelse og å halde "klokka 6". Har hatt best resultat med firkanta svarte blinkar og å halde i underkant. Men dette fell vekk når eg skal skyte på hjorten. Då skyt eg betre med korn/perlekorn. 

    • Like 2
  13. Nei, han har litt forskjellig snop han der :-) Det eg endte opp med å gjere, var å sette på eit dioptersikte. Noko ala det som er vist under. Fant eit som eg berre kunne montere med eksisterande hol i låskassa. Då kan du bytte ut og prøve forskjellige apertur og sjå om du finn noko du er nøgd med. Har og gått over til korn-framsikte og ikkje stolpe. Synes det er lettere plassere siktepunktet i høgden på dyrefiguren med korn. 

     

    image.png.18705ddaca40e476f182fb1d8a38e10f.png

     

    • Like 2
  14. lolinski skrev (3 timer siden):

    Hvordan får dere.demperene deres ifra hverandre? Har aldri klart det. Ikke at det betyr særlig siden moduler er umulige å få kjøpt

    Har brukt ei slik oljefiltertang frå Biltema. Med denne og tillgang til ei skrustikke med gummiklossar fekk tvinga opp min Hausken. Lettare di oftarer du demonterer demparen. Kruttgassane penetrerer inn i gjengepartiet og "limer" dette saman

     

    image.png.0cde202c034442fa30865d6d6cc71b4a.png

  15. rp15oryx skrev (3 timer siden):

    Kven tek avtrekksjobb med slike rifler?

    Har snakka med Rafdal om avtrekket på mi Winchester 94 i 356 Winchester. Han meinte han skulle få det betre. 

     

    Breiðisjor skrev (3 timer siden):

    og har heller ikke hjerte til å plassere Aimpoint på et 100+ år gammelt klenodium

    Eg har kjøpt meg eit slikt feste til mi Winchester:

    https://www.turnbullrestoration.com/gun/dovetail-red-dot-mount-vortex-venom-burris-fastfire-winchester-94-1892-barrel/

     

    Litt styr å få det over då han ikkje vil selge til utlandet, men med eit slikt fraktfirma der du får di eiga adresse i statene, gjekk det greit. Då treng du ikkje gjere nokon forandringar på børsa. 

    • Like 2
×
×
  • Create New...