Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    673
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

  1. Har ikkje sjølv erfaringer med Ruike. Men ser dei har ein del spanande modellar. Har to knivar med 14C28N-stål, og er godt nøgd med dei. Ganske rustfrie og enkle å få kvasse utan for mykje styr. Ikkje hatt noko problem med «chipping» av eggen heller. Veldig finkorna stål. Nesten identisk med AEB-L. 

    • Like 1
  2. Heisan. Bruker heller ikkje reim på hagla. Enten i sekken eller i nevane. 

     

    Skulle eg hatt ei reim hadde det vorte ei heilt enkel ei. Utan noko fiksfakseri. Kun for bering. Men som sagt.. Trur hagle er best utan reim. 

  3. Metallurgen skrev (1 time siden):

    "Rustfrie stål med høyt karboninnhold"

    Må seie det var ein artig sekkepost dette her :-) Frå 440B til ZDP-189.. 

     

    Ellers er det vel svært få knivstål som har unike egenskaper. Men Magnacut verkar no å ha ein ganske god kombinasjon av seigheit, hardheit og korrosjonsmotstand. Er det andre stål som kan matche den kombinasjone?

     

    Kjekt å vere kniventusiast med dette mangfoldet av spanande nye og gamle stål. 

  4. Der trur eg du sit på litt penger, faktisk. Men det er nok ikkje lett å få solgt det i norge. Ville kanskje lodda stemningen på Bladforums. Eller Ebay. Der kan du jo legge dei ut som ein auksjon med ein fornuftig minstepris. 

     

    Veldig kul samling, forresten! Fleire der som får det til å rykke i nostalgifoten :-) 

    • Like 1
  5. Må jo forresten innrømme at eg liker små knivar. Dette er ein eg laga til faderen. Har laga ein tillsvarande med tre-finger grep. Med desse små lette knivane har eg byrja henge dei rundt halsen. 

     

    image.png.3c92f8e6487d2ac363974af65ac184f1.png

    • Like 4
  6. Det der må no vere ein litt eldre model? Synd med ein del av desse gamle klassiske selskapene som ikkje heilt har klart å følge med/fornye seg. Hugsa godt knivar frå Schrade, Puma, Herbertz, Camillus osb. frå min pure ungdom. Mykje gode knivar der før denne "tacticool" bølga sveipa over kniv-verdenen. 

    • Like 1
  7. Då tenkjer me er enige om å vere uenige :-) Så lenge det ikkje er hovedsakeleg spikking ein driv med vil eg heller ha noko som skjer betre. Bruker stort sette berre denne når eg er på tur. Fungerer til alt eg treng kniv til:

     

    image.png.2605b98c9a0d2ff8513021f0f71b2ca1.png

    • Like 4
  8. bobby skrev (24 minutter siden):

    Kniv av nordisk design er godt utprøvd og egnet om man vil ha kniv med kort blad og som er god å karve/spikke med - mye mere egnet enn mange av de utenlandske "pynteknivene".

    Enig. Om alt du skal gjere er å spikke rivetindar eller tilsvarande er den "nordiske knivmodellen" ypperleg. Til alt anna ville eg valgt ein kniv med ein høgare slipefas, gjerne slipefas heilt opp til ryggen på bladet. Gjerne og hulslipt. No nevner trådstartaren at han vil ha ein liten kniv til sløying, småspikking og partering/flåing av småvilt. Då meiner eg, basert på mi erfaring, at det fins mange andre knivmodellar som er mykje betre til dette formålet en den typiske norske tollekniven. Og du kan og få dei til godt under 1000-lappen, sjølv med toll og frakt. Ikkje treng dei vere "pynteknivar" heller. 

     

  9. M67 skrev (46 minutter siden):

    Man leter jo ikke etter dyr med kikkertsiktet?

    Trur nok det er ein del som ikkje opplever at trådkorset er perfekt plassert bak bogen på hjorten i det børsa treff skulderen... Og så er det jo kjekt å sjå noko anna en bare hår :-) Står det ein kalv bak kolla? Er det dyr på veg inn i siktefeltet? Har sjølv finstudert hår i det kolla russla forbi meg på 5 meters avstand.. Kikkerten sjølvsagt på 12X

  10. brisen skrev (56 minutter siden):

    Du treng ikkje reise lenger enn til næraste sportsbutik og kjøpe ein kniv frå Helle, du får dei for ca 1000 til vel 2000 kr.

    Har slutta å kjøpe norskproduserte knivar. Du får ikkje mykje for pengane..

  11. Er det foldekniv du er på utkikk etter? 

     

    Ellers må eg som litt sjølverklert "knivsnobb" rynke litt på nasen av produsentar som ikkje skriv kva stål dei bruker i knivane sine. 

     

    Tok eit søk på Lamnia etter lommeknivar i 14C28N, eit "billig" rustfritt stål. Har knivar i dette stålet som held bra på eggen, samt at dei ikkje er så vanskelige å kvesse. 

     

    Ville nok valgt frå toppen av denne lista framfor ein Gerber-kniv.. 

     

    https://www.lamnia.com/no/sc/7/kniver/foldekniver?bmaterial=458&price_min=31&price_max=136&psaldo=1

×
×
  • Create New...