Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    673
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

  1. Kan vere det er tørkesprekker.. Børsa har nok stått i eit våpenskap i nokre tiår. Relativt sikker på at børsa aldri har vore skoten med. 

     

    Har boka til M. L. McPherson. Han har mykje god informasjon om akkurat dette. Har installert gjennomgåande stokkbolt som fester i tangebolten på ein Winchesteren min. Gav ein sprukken, litt slarkete stokk ein dønn solid innfesting. 

     

    https://www.amazon.com/Accurizing-Factory-Rifle-M-McPherson/dp/0967094836

  2. Trur desse sprekkene er eit resultat av sideveis belastning. Det er sprukke oppe ved tappen på eine sida og nede i botna av tappen på andre sida. 

     

    Ja, han har nokre gode videoar, Mark Novak, men ikkje spesifikt om todelte stokkar. Interessant det du seier om at det skal vere ei glipe bak tangen. Kan sjå fornuften i det. Men då må tappane vere godt tilpassa framme mot låskassa. Hadde tenkt å bruke dremelen frese inn ei lomme i stokken der tangen treff. Lage den litt brei og 90 grader på tangen slik at du tek vekk desse kløyvekreftene. Men må undersøke litt dette med glipe bak tangen...

  3. Mykje gode råd og tips du har fått. 

     

    Eg lader litt og litt. Mykje fordi eg driv med alt for mykje eksperimentering... Men har nokre godladningar som eg kanskje lader 100 skot av i slengen. Har mål av meg i år og hive meg med på jaktfelt. Tenkjer då å lade 200 skot i slengen (har ikkje fleire hylser) når eg har funne meg ei ladning eg liker. 

  4. Har erfaring med å bore eit eller fleire hol langs sprekken så godt det lar seg gjere. Så tilpasse ein rundpinne til dette holet, fyllet holet med lim og bruke rundpinnen som stempel og tvinge lim ut  sprekken mens ein flekser litt på denne. Kan få lim til å vandre langt i tynne sprekker på denne måten. Lurer litt på om eg må prøve å lime inn tverrpinner i desse sprekkene. Har ikkje lyst til å bore slit at det synes på utsida. 

     

    Det er dårlig tilpasning mellom treverket og øvre "tange". Eit gap på ca 2 mm i bakkant. Så tenkte å legge inn litt beddemasse her slik at eg får rekylkreftene bak i stokken og ikkje på desse fremste tappane. 

  5. Har du lyst på 6.5 creedmoor så kjøper du 6.5 creedmoor :-) Ser det er mange som meiner denne er heilt ubrukeleg, men 6,5X55 er det beste sidan posesnus.. Om ein studere ladetabellar er det ikkje mykje som skiller dei .. Skjøner veldig godt ønsket om å prøve noko nytt/noko som ikkje alle har. No har vel snart "alle" 6.5 Cm.. Men det er du som skal bruke børsa, så kjør på. Skjønner ikkje denne aversjonen mot forskjellige patronkonstruksjoner... Variasjon er jo ein god ting? 

     

    Når det gjeld å kappe løp.. Kappa ei 308 til 42 cm. Angra litt på det. No skyt ikkje eg på voldsomt lange hald, men med dei ladningane eg hadde til denne børsa, var eg litt usikker på tilstrekkeleg ekspansjon på litt lengre hald. Om eg tildømes bommar på avstandsberekninga, og haldet er 220 i staden for 160, så byrjar både kulefall og mangel på ekspansjon å spele inn. Og som du seier, trur dette med løpslengde i mange tilfeller er ein vanesak. Om du då ikkje jaktar inne i einer/ore-krattet i ei bratt, våt vestlandsli. Då er korte børser greie å ha...

  6. Har fått drømmebørsa i hus (og då er det vel på jakt etter ny drømmebørse??). Ei Winchester (japanprodusert Browning) 71 i 348 Winchester. Må seie at dette er noko av det mest solide og "hydrauliske-følande" bøylebørse eg har kjent. Har ei WInchester 94 i 356 Winchester og ei Marling 1895 i 45-70 å samanlikne med. Winchesteren er den slarknaste av dei og Marlinen ligg omtrent i midten. 

     

    Denne Browningen skal vistnok kome frå ein samling, og eg er relativt sikker på at den aldri har vore skoten med. Einaste problemet var at bakstokken er sprukken på to plassar. Så det vert litt liming/bedding av bakstokk før eg får den med meg på banen. 

     

    Er det nokon som har noko erfaring med liming av slike sprekker i to-delte trestokkar? Lurer litt på å bruke vanleg trelim. Titebond er anbefalt frå ein del "ekspertar" på nettet. Men så er det andre igjen som anbefaler epoxy. Det er ikkje mykje bevegelse i desse sprekkene, så eg må ha noko som flyt godt, og som ikkje herder med ein gong. Så då går superlim ut. 

     

    Illustrasjonsfoto frå nettet. Men dette er samme utgåva eg har:

     

    image.png.4bd646e0388c55ddbe9f453c9c747f7d.png

    • Like 1
  7. Ser ut som om denne modellen løyser problemet med demontering. Men skulle ynskje dei oppgraderte stålet. 12C27 er absolutt ok, men det finnes betre stål. Spesielt for ein kniv som kjem til å bli brukt mot bein. Samme tankane eg har rundt stålet i Casstrom Safari. Denne er og i 12C27. 

     

    Swingblade i Magnacut hadde vore noko...

  8. Klarer ikkje heilt å stille meg bak bruken av foldekniv som flåkniv. Om ein ikkje demontere den, vil ein ikkje klare å vaske vekk alt av blod og andre uhumskheiter. Foldekniven har absolutt sin plass i "arsenalet", men om ein skal ha ein liten lett kniv til denne typen arbeid, vil eg alltid gå for ein "vanleg" kniv. 

     

    Har hatt veldig god nytte av Cäsström Safari. Liten, lett, hulslipt og heilt greit stål. Ein kan til og med få den utan handtak slik at ein kan lage skaft og slire sjølv. Med eit slankt lite handtak av noko lett treverk og ei lett lita slire veg den omtrent ingenting. 

     

    image.png.d92bc7746edc29fae5c37bf78769b705.png

     

    • Like 2
  9. Posten «mista» ein pakke med ammunisjon for meg. Når eg oppgav kva som var i pakken, fekk eg beskjed om at dette ikkje var lov å sende og at eg difor ikkje fekk pengane tilbake på forsikringa som følger Norgespakken. Så trur svaret er nei..

  10. Har vel ein plan etter kvart om å få meg ei støypeform for nokre skikkeleg sluggarar. No har eg jo ei "paper patch" støypeform som gir ei kule på 240 gr. med diameter på .351. Skal prøve å forme den ned til .349. Så får me sjå om det vert ein suksess. 

  11.  

    Nytt år, nye prosjekter. Er det nokon som sit på ladedata for 348 Winchester dei er villige til å dele? Har funne litt rundt om kring, men veldig mykje er med amerikanske krutt som ikkje er tilgjengelige her på berget. 

     

    Har fått eit tips om at det skal vere ein god del relevant ladedata i Lyman lademanual #49. Nokon som har denne i sitt eige?

  12. Heisan. Og velkommen til Kammeret. Har ikkje sjølv vore borti Viking Arms, ei heller Vector riflekikkertar. Så det skal eg ikkje uttale meg for mykje om anna en å påpeke at eg, personleg, ville gått for noko litt meir kjent (når det gjeld rifla). Ville nok og gått for ein litt mindre kikkart. Veldig skjelden du har bruk for 18X forstørrelse

     

    Ellers er det ein veldig lur ide å leite på Finn. Det finns mange gode tilbod der. 

    • Like 1
  13. Tja, skal eg velge mellom vievatn og orming må eg vel seie at orming høyres best ut.
     

    No vil eg jo tru at vievatn gjer god drep om ein ser på kristendomens historien,  men det kan jo fylgje med andre uønska effekter..

     

    Nei, trur eg får gå for orming! Men så melder jo spørsmålet seg: kva orm? Dette er jo ei ussel 6mm-pipe.. Me nermer jo oss våren og små-hoggormtid, men det kjennes ikkje heilt rett ut det heller.. 

  14. Takker for gode tankar/innspel. Har søkt ein del rundt på nettet og funne folk som forfektar alle ytterpunkt. Løpet mitt havner nok i billigkategorien din. LW-løp.
     

    Men tenkjer eg gjer eit lite rituale med innskyting. Om ikkje anna for å feire mitt fyrste nye løp😎 1 skudd puss, 2 skudd puss og 3 skudd puss var jo ein overkomeleg affære..

×
×
  • Create New...