Jump to content

Reidar SS

Members
  • Posts

    78
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Reidar SS

  1. Eg har tilbud på ein gammel Ruger Redhawk. Den har ein veldig spesiell og patentert mekanisme. Spørsmålet er om DAavtrekket kan tunes til å bli tilnærma like godt som S&W 629. Nokon her på forumet som har erfaring med den?
  2. Nei det er ikkje mulig utan att du har ein gratis dreiebenk
  3. Min Aimpoint har fin prikk når eg brukar briller, utan blir det litt skeiv stjerneform som aukar med sterkare lysstyrke. Eg brukar liten styrke til presisjon men skikkeleg stjerne til hurtigskyting
  4. Som DFSskyttar treffer eg kvartfigur på 500m. Aimpointen er like nøyaktig som diopter og mykje raskare enn andre sikter. Å treffa handlar om å ha riflå i ro
  5. Her var det sannelig mykje synsing og myter. Eg kjøper ingen argumenter mot 378. Ingen patron kombinerer betre energi og ballistikk. Den sparker godt fordi ein standard Mark V er for lett. Med tyngre løp og kolbe med blyinnlegg er 378 suveren til alt storvilt. Minimum vekt bør vera 7kg og siktet sjølsakt Aimpoint. Til samanlikning er Sauer 200STR 6,6kg. Då er det bara å nyta rekylen.
  6. Omtrent som norsk: rahmen, kasten, schlosskasten.
  7. Eg klarer meg godt uten ulv men skal vi utrydda den og fortsetta slik med alle store rovdyr? Alle argument for ulvejakt er rein egoisme. Me kan forby all jakt med hund og påby inngjering av alle sauer så er problemet løyst.
  8. Tvilar sterkt på at programmet har innlagt fysikk, les dynamikk. Legg inn eit såkalla dummyelement kor Fx er ei fjør så er eg sikker på at spenningane blir ansleis.
  9. Eg har eit spørsmål til amatør. Du har modellert at støytbotnen er fast innspent men kor stor er kraftå i dette punktet? (eg meiner analysen din i byrjinga av tråden).
  10. Den teikninga med fjør var verkelig fin. Foreslår litt modifisering: Løpet utvides slik at vi får eit "kammerparti" nederst. Så settes inn ei fjør til, konsentrisk. Då har me ei fjør på kula og ei fjør på ringtverrsnittet. Betre kan kreftene neppe ilustrerast.
  11. Eg er jeger men motstandar av at eit problem alltid skal løysas med meir dreping. Vi bør ha totalfredning av ørn,jerv,ulv,bjørn,gaupe osv. F.eks. tek gaupa mange rådyr men det er derfor vi har rådyr. Rådyra har vi ikkje for å tilfredsstilla drapslysta til jegrane. Det same prinsipp med alle andre dyr.
  12. Når vi avfyrer eit våpen har vi eit dynamisk system. Ved å spenna fast baskylen eller sluttstykket blir det å påføra systemet ei stor ytre kraft (men ingen bevegelse). Denne krafta vil endra belastningane på same måten enten det er ei hagla eller rifla.
  13. Eg var nok litt kjapp med skruestikka. Då vil krafta frå ringtverrsnittet gå ned og trykka framover på svingbolten. Det same med friksjonen/stukinga av haggel eller kula. Dette er belastningen som låskassa har framfor støytbotnen. Sidan ei hagla har mindre ringareal og mindre friksjon blir det mindre belastning. I eit normalt tilfelle med rekyl blir det same kraft framover på rekylbolten som ovanfor men nå trekker krafta på støytbotnen bakover med ei kraft lik produktet av trykk og hylsetverrsnitt. Denne krafta er større og forskjellen gir bevegelse bakover (rekyl). Altså same belastning frå ei rifla som ei hagla gitt at produktet av trykk og hylsetverrsnitt er likt. Rekylbevegelse eller fast innspendt gir altså stor forskjell i belastningen.
  14. Eg gløymte eit viktig grensetilfelle. Hvis låskassen er innspendt i ei skruestikka rett bak rekylflata eller har veldig stor masse (f.eks. 1tonn)vil det bara vera ringtverrsnittet som belastar låsen.
  15. Me må velja eit tidspunkt. Nokre tidels millisekund etter avfyring har vi eit trykk på f.eks. 200MPa og ubetydelig bevegelse. Kuletverrsnitt 100 og hylsetverrsnitt 200. Då er krafta som virker framover på kula 20000N og bakover på baskylen 40000N. Forskjellen er alltid statisk og gir indre spenningar men ingen bevegelse. (Det er kulas hastighet vi brukar til berekning av rekylen) Dei fleste haglene har innvendige flater til å oppta kreftene i tillegg til hengslebolten. Sideliggere har stor sideveis eksentrisitet og derfor innvendige skråflater/haker/spor som skal oppta kreftene. Beretta har utvendige skråflater. I siste vapentidningen er det eit bilete av ei Fabbrihagla (side 14) som har nyyydelige innvendige skråflater men dei er nok ikkje til pynt.
  16. Ja dette kan bli veldig interessant. Kjøp eit suprialt løp og få det kamra og montert etter alle kunstens reglar. Resten fiksar du med deler frå restekassen. Type låskasse betyr lite. Hvis du lager ein trekolbe i amerikansk klassisk stil og unngår picatinny og liknande dævelskap blir det ei rifle heilt etter min smak.
  17. Fin film. Forstår godt at enkelte reagerer negativt men røynda er mykje ansleis. Eg har vore i polen med Mylla. Dette er kjempekjekt og krevjande jakt. Polakkane er svært dyktige og bikkjene er supriale. Me skaut ca 30 dyr og brukte ca 70 skot. Jaktleiaren førte ein detaljert logg. På førehand må du trena og ha utstyret i orden. Kun ståande skyting og max 3X sikte, eg meiner aimpoint er best. Det var ikkje meir skadeskjoting her enn på norsk elgjakt. Dette er den ultimate jakt for vidarekomne
  18. Hei amatør Eg burde nok argumentert betre men eg vil ikkje bruka mykje tid på noko som eg meiner har feil utgangspunkt. Me trenger vel ikkje vera einige?. Denne bransjen er full av synsing og myter som spesielt reklamen veit å utnytta. Eg har sans for nytenking så du får jobba vidare med teorien. Lukka til.
  19. Fine bileter og kjekk oppgave men ringteorien din er feil. Det er ikkje enkelt å omsetja dynamiske krefter i skotøyeblikket til statiske krefter. Momentet vil gje strekk og trykksoner. Prøv med eit snitt i plan med støytbunnen. Eller fjern rekylputa og sett kolben inntil ein fjellvegg og fyr av, eller rettare sakt ikkje gjer det. Kolben ryker. Foreslår at du tar kontakt med ein kammerherre som har trykkmåleutstyr. Han kan sikkert lima på ein strekklapp på ein stad dykk vert samde om og kan få verifisert belastningen.
  20. Store kikkertsikter er ubrukelege for meg fordi dei har ikkje fokus på korte avstander
  21. Det er kaldt ute så eg får fyra opp litt. Å få jakta på enkelte dyr er eit privilegium. Laksen er til for havørna og haren er til for kongeørna. Slepp du puddelen laus i ørna sitt jaktområde har du gjort ein feil. Det einaste vi har for mykje av er sau.
  22. Fint bilete av gjenger med stygg overflate men det er vel riktig dimmensjon som teller. Heller dette enn halvtoms gjenger på kal.30 Betalte du for "fine" gjenger eller sko dette vera eit billig tapsprosjekt for børsemakeren?
  23. Ca 200-300 grader. High speed ca 500. Kortvarig (sekunder) noko meir
  24. Kanskje ein liten misforståing. Kula har sjølsakt fullt trykk bak og beveger seg
×
×
  • Create New...