Jump to content

Nutta

Members
  • Posts

    163
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Nutta

  1. Eg er liten eg men eg prøvar meg:) Bikkja skal ha valpar i påska, og eg har oppretta ein blogg der eg legg ut bilete. Planen er å legge ut masse bilete når valpane har kome, og i tida framover. http://kleivgrend.blogspot.com Moro om nokon kikkar innom:)
  2. Sjølv har eg ei Sako 75 med trestokk og rustfritt løp. Kal 6,5 *55. Har fått kappa stokken noko. Brukar rifla til elgjakt. Kjempefornøgd Helsing ei dame
  3. Nutta

    Garmin Astro

    Høyres rart ut. Kan det vere antennebrudd på anten sendar eller mottakar? har du prøvd med vanleg antenne i det seiste. Eg har kontakt opp til 7-8 km i veldig kuppert terreng. (frå 300 moh - 1000 moh - med fjell og dalar i mellom).
  4. Nutta

    Garmin Astro

    Ca 1 m + kabel. Upraktisk å gå med - men heilt super å ha i sekken slik at du kan ta den fram om du mistar kontakten. www.fangstmannen.no har den også - i tillegg til Marine shop. Litt dyrare enn å kjøpe frå USA, men ikkje så mykje at det er noko å styre med.............
  5. Kjempebra at banken oppdaga og sa ifrå. Og kjempbra at American Pet Store sei i frå også. Har handla hjå APS fleire gonger - og er kjempefornøgd med dei. Syns ikkje ein skal svarteliste dei, dette kunne truleg ha hendt med andre nettbutikkar også- og APS har håndtert dette bra høyrest det ut til.
  6. Hei på deg. Har ei jämthundtispe på 4 år. Då vi fekk ho var mange skeptiske - mange meinte vi hadde skaffa oss ein sauedrepar. Vi hadde ho på sauedressur fyrste gong då ho var 7 mnd. Fekk seg eit par smellar. Så var vi tilbake to gonger då ho var 12 mnd. Fekk ein smell fyrste gong av desse. Seinare har eg fylgd opp med sauedressur to gonger kvar sommar. Har ikkje synt interesse. Eg prøvar å unngå å sleppe midt i sauetette områder tidleg på hausten før sauene er henta heim, men etterkvart som dottane vert henta heimover slepper vi også her. Det har gått heilt greit. Ho har aldri synt interesse for sau. Men sjølvsagt - vi har med dyr å gjere - vi kan aldri vite. Men eg tenker at eg har i allefall teke alle dei forhåndsreglane eg kan. Når det gjeld rein jaga vår hund desse fyrste året - men etterkvart virkar det som ho har skjønna at det er elg ho skal finne - både rein og rådyr får gå i fred. Det at ho ikkje tek sau har neppe noko å gjere med at ho ikkje er heit nok........... Ho har ved fleire høve bite i elgen når ho losar - og har drept ein elgkalv på eigahand - så jaktlysta er det ingenting å utsette på.....
  7. Nutta

    Garmin Astro

    Har ikke merket noe på min Astro ang dette. Eg meiner at eg har merka litt av dette. Vi jaktar innimellom på ein stad der høgspenten går gjennom teigen vi slepper på. Er bikkja i nærleiken av lina har avstanden ein tendens til å vere upresis. Når eg er i lærleiken av lina med mottakaren går kompasset litt bananas. Men oppfattar ikkje dette som noko særleg problem, vi veit jau at lina er der, og tek høgd for dette når vi jaktar der. Lina forstyrrar ein god del på sikringsradioen, så det er vel naturleg at den påverkar Astro'n også. Ikkje noko vitskapleg altså, bare litt synsing frå meg.
  8. Nutta

    Garmin Astro

    Har du oppdatert? Du må ha 2.6 versjon av software for å få Adventure-karta til å funke. Men då fungerar det så det susar etter...
  9. Nutta

    Garmin Astro

    Skjønna at nokon vart irritert på meg, så eg prøvde å slette innlegget mitt, men det funka ikkje gitt, så eg sletta det eg skreiv i staden. Ha ein strålande kveld alle sammen - uansett kva antenne de brukar
  10. Nutta

    Garmin Astro

    Ja eg er i allefall ikkje enig at ein nødvendigvis bør styre unna denne. Eg har sjølv kjøpt teleskopantenne frå American Pet Store - denne er suveren! Til vanleg brukar eg pisk, den originale antenna syntes eg hadde for dårleg rekkevidde. Men teleskopantenna er alltid med i sekken. Mistar eg kontakten slår eg av Astro'n og byttar antenne. Med teleskopantenna har eg langt betre rekkevidde. Vanskeleg å oppgje noko eksakt antall meter, for dette er jau sjølvsagt heilt avhengig av kva terreng ein jaktar i.
  11. Nutta

    Garmin Astro

    Eg har ikkje fått lagt inn Adventure på pc, har bare karta på minnebrikke, og har ikkje klart å legge det over på pc. Må kanskje investere i ein cd då, har bare ein piratkopi på ei minnebrikke. På den GPS'n ser eg ikkje veldig mykje forandring frå Topo Pro, men det kan sjølvsagt vere ei innstilling eg ikkje har gjort rett - er fersk gps-brukar.
  12. Nutta

    Garmin Astro

    Kan bekrefte at det går i den amerikanske modellen - forutsett at du har oppgradert til 2.6. Har prøvd sjølv Litt meire informasjon i det nye kartet, særleg når det gjeld hytter og hus, men elles ikkje den store revolusjonen syntes eg....
  13. Nutta

    Garmin Astro

    Ja det viktigaste er jau at eg har dei på håndenheten. Men det skal gå ann å hente kart frå håndenhet til PC, det gjorde eg sjølv for 2 veker sidan, men då med det gamle kartet. Jobbar som IT-ansvarleg, så eg reknar meg som litt meir enn gjennomsnittleg på PC , men har aldri bruka GPS før eg fekk Astro'n, så her er eg rimeleg fersk ja
  14. Nutta

    Garmin Astro

    Nå spør eg sikkert teit, men prøvar likavel. Har fått tak i ei minnebrukke med dei nye Topo Adventure-karta på. Har oppdatert software på mottakar til 2.6 og satt i den nye minnebrikka. So far so vel. Men så prøvar eg å kople mottakar til pc og hente inn karta i mapSource. Det går ikkje. Får beskjed om at "noen kart kunne ikke åpnes fordi følgende MapSoruce produkter ikke er installert: Topo Pro CD1 Stavanger Topo Pro CD2 Kristiansand osv osv. Kvifor er det slik? Eg har jau karta på håndenheten, og der dei greit her?
  15. Ja karta har kome, det er heilt sikkert Og Ja dei skal fungere i Garmin Astro. I den nordiske utgåva fungerar dei uten problem. Har du den amerikanske må du oppdatere software fyrst, då skal det fungere.
  16. Nutta

    Garmin Astro

    Har ikkje endra noko, har bare valgt norsk språk på den nordiske versjonen. Ser jau at ein del vil syns det er ok med norsk meny. Men blir liksom bare halvvegs når alle knappane og bruksanvisninga framleis er på engelsk. Og i tillegg så er den norske menyen ganske festleg
  17. Nutta

    Garmin Astro

    Ser at det er fleire som etterspør norsk språk til Astron. Gjorde klar ein mottakar med norsk språk i går, og gjekk med denne på jakt i dag. Syns egentleg behovet for norsk språk er sterkt overdrivi. På den norske utgåva så er framleis knappane på mottakar teksta på engelsk. Og den norske menye er rett og slett oversatt så teit at det bare blir latterleg. Mellom anna så er truck direkte oversatt, slik at når du har starta ny jakt og markert der bilen står så er det lastebil. Når ein har los står de tat ein har "bytte i tre". Morsomt men ikkje lurt. Trur dei fleste finn greit ut av den amerikanske menyen, treng ikkje vere språkgeni. Den norske versjonen er neppe oversatt av ein jeger....
  18. Nutta

    Garmin Astro

    eg har topo pro i min usa utgave og det funker som bare det Nye Garmin kart tror jeg heter Adventure. Ja dei nye karta heiter Topo Adventure. Eg hadde lyst til å kjøpe cd'n med dei nye karta men fekk beskjed frå Oslo Våpen og Fritid at desse ikkje gjekk i den amerikanske versjonen. Skjønnar ikkje kvifor dei gidd å bløffe meg med det, for det førte jau bare til at eg ikkje gadd å handle. Har lagt inn spørsmålet på gps.no i forumet der også, men får ikkje svar. Får ringe eller sende e-post til Belanor på måndag.
  19. Nutta

    Garmin Astro

    Har bestillt ein Garmin Astro norsk versjon (for min kjære far) frå Oslo Våpen og Fritid i dag. Samtidig høyrde eg på prisen på dei nye topo-karta. Men desse går ikkje i den amerikanske versjonen fekk eg beskjed om. Nokon som veit noko om kvifor, og om dette er langvarigt, eller om vi kan oppdatere slik at det går. Syns det var så rart, for eg har jau norske kart inne frå før, så kvifor har det no kome ein versjon vi ikkje kan ha?
  20. Nutta

    Garmin Astro

    Eg har bestillt frå Am Pet Store både i fjor haust og no når den nye kom. Er kjempefornøgd. Tok litt tid med DC30 no i haust, men det kjem vel rett og slett av at dei har så mykje som skal sendast ut, og at Garmin har hatt litt trøbbel med å levere nok.
  21. Nutta

    Garmin Astro

    Vår var opna og lodda. Trur nok den toler litt vatn, men bikkja vår svømte fleire gonger, og lenge.
  22. Nutta

    Garmin Astro

    Kan vel også skrive under på at DC20 ikkje er direkte vanntett. Eg var imponert ei stund, har ei bikkje som tek seg ein svømmetur i ny og ne. Men til slutt var sendaren død og då vi opna var det vatn innvortes. Vi tørka og ordna, men etterpå har den slutta å blinke, lyser konstant i staden. Men skitt au, det som er att har eg byrja å gje bort i delar. For eg har DC30! Ang. høgspent som kan forstyrre så er vel detta gammalt nytt. Trudde ikkje at den forstyrra GPS-signala, men den forstyrrar i allefall VHF-signala ein del. Vi jaktar også i nærheten av ei slik linje, og då må vi alltid ta høgd for ein del forstyrrelsar på jaktradioen.
  23. Nutta

    Garmin Astro

    Eg kan heller ikkje fatte at DC30 skal ha dårlegare rekkevidde enn ombygd DC20. Eg brukar lang pisk på mottakar, og har ei teleskopantenne i sekken som eg byter over til dersom eg mistar kontakt. Har heilt grei kontakt opp til 7-8 km då. Har ikkje fått testa noko meir, er ikkje vanleg at bikkja reiser særleg lengre i luftlinje heller i grunn. Men eg for min del syns det er så stor forskjell på korleis halsbanda ser ut, sit på bikkja, toler juling og så vidare og så vidare at eg meiner det ikkje er noko å lure på. DC30 er rå! Og så slepp ein alt tullet som er med DC20. Veit at det er nokre få her inne som har bygd denne om og som får den til å virke dag etter dag. Men det er ikkje mange. Min funka i hele fjor, men i år måtte eg ta den opp for å lodde. Når vi hadde gjort dette funka den ei stund atte, men så byrja bikkja å bade og symje litt for mykje, så då vart den øydelagt av vatn. Skikkeleg frustrerande, med DC30 er det bare sol og glede
  24. Nutta

    Garmin Astro

    Slapp bikkja med DC30 i går. Gjekk frå klokka 08:00 til 19:00. Har sett oppdatering til 10 sek. Men likavel blir sporet etter bikkja "fullt" slik at det frå ut på ettermiddagen blir sletta frå starten av ettersom sporet blir lengre. MÅ det bare vere slik, eller er det ein måte å få med alt på? Ville så gjerne ha med alt når eg legg det inn på PC'n når eg kjem heim. Åsse ein ting til. Er det nokon som veit om det går ann å få tak i den lange teleskop-antenna her i landet? Har kjøpt min frå Am Pet Store, men skulle gjerne hatt ei til pappa også.
  25. Vi brukar ofte å "hurtigspeke" elghjarta. Då kan du stille opp med "spikji hjarta" neste helg. Opne hjarta og skyll slik at at alt blod kjem ut. Ligge eit døgn i kaldt vatn. Så eit døgn i saltlake. Så set du steikeovnen på litt over 30 grader, legg hjarta på ei rist, steikeovnsdøra på gløtt og la det stå i 2-4 dagar. Skal vere tørt, men ikkje hardt. Stikk neven inn i ovnen med jamne mellomrom for å sjekke temperaturen. Bør etast rimeleg fort, blir hardt om du lagrar det. For frysing og lagring bør du speke på vanleg måte. Lykke til.
×
×
  • Create New...