Jump to content

Nutta

Members
  • Posts

    163
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Nutta

  1. Eg saltar og henger opp lår frå både rådyr og reinsdyr i januar. Etter at vi starta med dette har vi ikkje hatt problem med myggel eller at det rotnar. Saltar det i tørt havsalt 4-5 dagar litt etter som kor stort det er. Om du skal røyke kjøttet kjem mest ann på smaken, her i gården vil vi helst ha det urøykt.
  2. Nutta

    Garmin Astro

    Har jakta nokre dagar med DC30 no, amerikansk versjon. Er knallfornøgd, men bikkja har heile tida kome i elg før ho har fått reist særleg langt, så eg har ikkje fått testa noko særleg over 2 km. Eg brukar lang antenne frå Permo på mottakar. I tillegg har eg kjøpt slik lang antenne fra Am. Pet St. Denne er suveren. Mistar eg kontakt slår eg av mottakar og skiftar antenne. Vips så har eg kontakt igjen. Dette er bare knallmoro!
  3. Nutta

    Garmin Astro

    Har sjølv fått Dc30 frå American Pet Shop for ei veke sidan. Kanonfornøgd! Men har no hjelpt ein annan med å bestille komplett sett frå Oslo Våpen og Fritid, norsk versjon. Har ei ekstra antenne (lang) som eg har kjøpt frå Permo, som eg har bruka på den amerikanske versjonen av Astro. Kan eg bruke denne antenna på den norske (på håndenheten), eller kan eg ikkje på grunn av at dei brukar ulik frekvens.
  4. Nutta

    Garmin Astro

    Har fått melding frå American Pet Store om at min DC30 blir sendt denne veka. Hurra. Gledar meg. Men etter å ha lodda DC20'n funkar denne også. Bikkja står akkurat i dette øyeblikk 975 meter frå huset vårt og losar på kyr og kalv. Uttak klokka 17, så det begynnar å ligne på noko . Har ikkje fått testa på veldig lang avstand. Men før eg flytte meg i forhold til losen i dag var eg 3,5 km frå, og hadde gode signal. Til deg som lura på fart så har du mogeleghetar til å sjå gjennomsnittsfart på mottakar heile tida. Når du legg sporet inn på data etterpå kan du sjå farten meir spesifisert frå punkt til punkt. Har ikkje hatt veldig bruk for dette, men kan vere moro om du skal vri litt kjeft med desse som har slike trege gråbikkjer..... Jämten er jau over alle haugar før dei har fått tenkt seg om
  5. Nutta

    Garmin Astro

    I fjor bruka eg Astro'n i seiste halvdel av jakta. Bruka den heile tida i halsbandet, men med ymse løysingar for antenne. Bruka den med original antenne, som peika rett ned på bakken, seinare med ombygginga frå Permo. Begge delar funka strålande. I år vart det bare bals. Mista signal for kortare og lengre periodar. Nokre dagar har eg ikkje hatt signal i det heile tatt. Sporet har eg heilt mista, ser bare bikkja som eit spørsmålsteikn dei dagane det funkar i det heile tatt. I går plukka vi frå kvarandre sendaren og lodda på nytt på printerkortet. Kunne ikkje sjå at noko var direkte av, men det var slik at vi lura på om det var litt dårleg kontakt. Nå funkar alt så mykje bedre! Eg var rimeleg sikker på at vi ikkje hadde vore hardhendte når vi skrudde på antenna, så eg trudde ikkje dette var noko problem hjå oss. Men det ser ut som om den har fått seg ein dult allikavel. Så til dykk som strevar - tak bryet med å skru opp sendaren. Få nokon til å lodde om det er noko som er laust
  6. Nutta

    Garmin Astro

    I dag snudde eg sendaren på bandet, slik at antenneuttaket pekar fram. Har ikkje brakett til dette, men teipa. Bruka slik liten vinkel frå Permo, og lang antenne fra Permo. Snudde sendaren slik at påknappen snur ned (på grunn av at sendaren står på same halsband som Contactpeilaren ligg det ein sendar på kvar side av halsen). Og det funka heilt supert. Bikkja var ute ein time, mista ikkje signal ei gong. Ho drog ikkje langt ut, men likavel - detta lovar godt. Nokon som har noko formeining om at eg burde skøyte på med koakskabelen også? (denne som eg i eit tidlegare innlegg kalla ei fleksibel antenne, fordi eg ikkje har peiling på slikt). Har folk begynt å få DC 30? Eg vart lova min frå American Pet Store 20. august. Men har ikkje fått noko endå. Har blitt trekt av konto. Stolar på firmaet, har handla der før, så det er ikkje noko problem, men ventar jau....
  7. Har du tilgang til lavvo er jau det supert. Om du ikkje har tilgang til speka kjøtt eller slikt kan du kanskje ofre litt grytekjøtt som du kan skjere i småbitar og steike i ei panne bare. Kanskje ungane vil ta med seg noko bålmat også. Eg trur fokus på friluftsliv, dyra og slikt er like smart og fengar like mykje som å syne fram ei rifle. Får ungane høve til å skyte sjølve er det sjølvsagt greit med litt sikkerehet, men elles så har dei lite grunnlag til å få med seg slik bare ved eit teoretisk innlegg. Kanskje de seinare kan gjere ei avtale med eit lokalt skyttarlag slik at klassa kan få kome på banen for å skyte. Dei fleste laga har nokre rekruttrifler som ungane kunne skote litt med. Lykke til med opplegget ditt!
  8. Detta høyres moro ut. Men skal du bare få 1 time? Du skulle jammen fått fleire syns eg. Eg trur ikkje at det er så veldig farleg om du ikkje har med våpen, men gjer du det så går det sikkert greit for skulen. Bilder og film er supert. Kanskje du kunne laga ei lita utstilling med nokre utstappa dyr og evt. eit skinn eller noko. Har du noko skrap du har plukka med deg frå skogen? Eit reir, ein skalle, eit horn? Det likar ungane. På vår skule har vi elgjaktprosjekt med 3. og 4. trinn anna kvart år. Då lærer dei om jakt, særleg elgjakt. Alle elvane tek skyteprøva i bomberomet, får bevis på det. Dei er på sløyden og lagar seg trebørser. Får våpenkort til denne. Dei lagar ting av elgtenner (øyredobbar, nykelringar), elglort, horn osv osv. Høgdepunktet er jaktdagen. Då er vi i skogen bak skulen på jakt. Lensmannen kjem for å kontrollere at alle har våpenkort og avlagt skyteprøve. Vi har med bikkjer og delar inn i jaktlag. Jaktradioar brukar vi sjølvsagt. Som regel finn kvart lag ein elg dei feller (pappelg). Til slutt samlast alle jaktlaga til mat rundt bålet. Her et vi nyste, og får smake litt elgkjøt. Litt meir omfattande enn ein time, men ein kjempopplevelse både for store og små.
  9. Nutta

    Garmin Astro

    Høyrest bra ut. Eg må også gjere litt av kvart trur eg. Prøva att i dag. Men pakka til slutt GPS'n ned i sekken. Mistar signal heile tida, gjerne bare etter 30 meter. Prøva i dag uten den fleksible antennebiten som eg har mellom vinkeleg og lang antenne frå Permo. Prøva også å snu Astro'n på halsbandet. Trur eg har lese her ein plass at GPSdelen i sendaren ligg omlag der påknappen er. Slik at denne bør vere fri, snu oppover. Slik det er nå fungerar det så dårleg at eg vurderar å sete på den originale antenna som blir ståande rett ut - funka faktisk bedre når eg bruka den slik i fjor. Virkar som eg mistar noko med desse lure delane frå Permo... Elles er bikkja i dårleg form, og veldig interessert i bever, så eg er litt sur om dagen...
  10. Nutta

    Garmin Astro

    Eg har ikkje forsegla på nokon måte, men teipar godt. Det som er så rart er at det funka i fjor haust. Hadde GPS-signal vanlegvis opp til 6 - 10 km, kom litt ann på terrenget. I starten i fjor bruka eg sendaren slik han var originalt, men i contakt-halsbandet. Med antenna peikande rett ned. Så litt jalla ut, men jamten er høg nok, så det funka. Så kjøpte eg vinkel og lang antenne frå Permo. Støtta opp vinkelfestet og teipa godt. Det funka også. Men i år trudde eg at eg hadde gjort det endå betre. Har kjøpt ein liten fleksibel antennebit frå Permo (ca 12 cm) som eg har satt mellom vinkelen og den lange antenna. Trudde dette skulle vere lurt, og såg på sluttstykke.com at det var fleire som anbefalte denne varianten. Men det gjekk skitt. I morgo prøvar eg med vinkel og lang antenne. Sjølv om eg har bestillt DC30 vil eg gjerne ha den gamle til å funke, har jau då høve til å bruke på to bikkjer. Men detta med oppdateringa har eg ikkje finni ut av..... så er det nokon der ute som veit så huv!
  11. Nutta

    Garmin Astro

    Ja du burde forhåndsbestille. Ja eg trur du blir fornøgd. Bruke Garmin Astro seiste halvdel av elgjakta i fjor. Kjempemoro. Kunne ikkje tenkt meg å gå tilbake til bare signalpeiling. Den nye modellen ser mykje betre ut enn den fyrste som vi kjøpte vi som var tidleg ute og handla i fjor Lykke til
  12. Nutta

    Garmin Astro

    Er det liv her? Eller er alle ute å slepper bikkjer i dag? Eg tjuvsleppte i går, derfor er eg her i dag Bruka Garmin Astro seiste halvdel av elgjakta i fjor. Sendar i same halsband som ContaktPeilaren. Funka bra. Med vinkel og antenne fra Permo. Men i går funka det ikkje! Etter 20 minutt mista eg sporet til bikkja. Såg kvar ho var, men berre i form av eit spørsmålstegn. Ingen sporlogg. Mista GPS signal heilt nokre gonger. Nokon som veit kva som skjer? Meiner også at eg har lest noko om oppdatering av peilaren ein plass. Nokon som veit kva som meinast. Skal eg laste ned noko på nett og legge inn eller høt??? Det er vel då mottakaren som skal oppdaterast. DC20'en kan vel ikkje oppdaterast. Eller er eg heilt på jordet? Har bestillt DC30, men den lar jo vente på seg...
×
×
  • Create New...