Jump to content

Nutta

Members
  • Posts

    163
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Nutta

  1. Har ikkje peiling på due - men står litt om behandling i seiste jakt og fiske:)
  2. Nutta

    Garmin Astro

    Er ikkje heilt oppdatert på denne tråden seiste tida. Så tilgje meg at eg ikkje gadd å surfe gjennom alle 80 sidene. Har Astro 220 som eg kjøpte frå USA sammen med DC20 for 2 år sidan, og ein DC30 som eg kjøpte frå USA for 1 år sidan. Må supplere med eit eller fleire halsband. Det er vel framleis slik at eg då må kjøpe DC30 frå USA? Ikkje noko problem det i grunn, men er jau lettvintare om det går ann å gå å kjøpe fleire halsband her. Tenkte kanskje om det hadde kome noko kompabilitetspakke til Astron. Nokon som veit?
  3. Eg har prøvd den harde måten. Stengte buret og gjekk å la meg. Sov med øyreklokker i 2-3 veker. Men bikkja gav seg ikkje. Ho har aldri øydelagt noko. Men sat å ula så og sei heile natta. Har enda opp med å kutte ut buret - men bind bikkja i ein kjetting under trappa istaden. Det går kjempefint. Har likavel gått greit med bur i bilen - ho veit vel at det er så mykje spennandne i andre enden av dei fleste bilturar - at det vil ho vere med på. Har også gått greit å overnatte i bur når vi har vore på besøk - skjønn det den som kan. Men skjønnar at du ikkje har lyst til å gje deg. Hadde du ikkje tilgang på eit meir solid bur? Trur i allefall eg ville ha sett inn det om du skal prøve den "harde" metoden. Då treng du ikkje vere redd for at ho øydelegg - anten bur eller seg sjølv. Bikkjer er jau like ulike som vi mennesker. Dei toler ulikt av slik behandling. Så det er vel viktig at du som kjenner hunden tenker gjennom kor langt du kan gå... Lykke til uansett metode
  4. Fly er kjempegreit - men kjempedyrt om du ikkje skal med sjølv. Har akkurat sendt ein valp frå Gardemoen til Værnes. Det kosta 3800 inkl. bur. Meiner ca 800 av det var burkostnad.
  5. Så kjempebra at du har fått det til! Sjølv har eg gjeve opp med den tispa vi har. Har gode erfaringar med bur frå tidlegare hundar - dei har sett på buret som ein trygg plass. Jämten vi har nå vart opplært til å ligge i bur på oppskriftsmessig vis. Eg låg ved sida av buret dei fyrste nettene, flytta madrassa opp i andre etage etterkvart for så å la ho vere aleine. Gjekk supert. Så ganske plutseleg då ho var ca 1/2 år fekk ho det for seg at ho ikkje ville sove i buret lengre. Ho peip og bælja - skalv og rista. Eg prøva å vere bestemt, sinna og gud veit kva. Sov med hørselvern - skulle f........ ikkje gje meg. Etter nokre veker prøva eg den snille måten - starta med å sove ved sida av buret att - men så fort eg fjærna meg var levenet i gang. Så fekk eg bare nok! Festa ein kjetting i veggen under trappa der buret stod. La inn ei madrass og bandt bikkja i denne. Sia har vi aldri høyrt noko. I bilen går det heilt greit med buret. Og på overnatting hjå andre har vi også i seinare tid bruka bur - utan problem. Kan ikkje vite at ho har blitt skremt eller noko - så eg har ikkje noko forklaring på kvifor ho plutseleg ikkje skulle ligge i det buret lengre...... Men i gangen har ho det supert - ho vil helst inn kvar nått.
  6. Er ikkje noko krise detta. Har tala med veterinæren som vi brukar, ho sei det er bare å ringe eller stikke innom så får ein resept med ei gong. Ikkje noko avføringsprøve. Meiner å ha lest at dette kjem av eit visst overforbruk, som gjer til at ein er redd for at uhumskhetane skal bli resistente mot middela vi har.
  7. Har alltid fora med tørt for til vaksne hundar. Men har vore forsiktig med dette til valpane. Har vore redd dei ikkje skulle få i seg nok væske. Men dei er veldig glad i tørt for no - så då går eg nok over på det.
  8. Trur beste grunnlaget for gode potar er godt for og rett underlag i hundegarden. Har aldri gjeve noko tillegg, bare godt for, og har singel i hundegarden. Har aldri hatt problem med potane til bikkja. Den går dag etter dag. Men hadde noko ugreie med ei tommelklo i fjor, som gjorde at vi prøva ulike anordningar med tape og potesokkar. Fant ingen som sat fast på jämthunden lengre enn 15 minutt! Så det er best å gjere alt ein kan for å sleppe å kome i den situasjonen
  9. Skal ikkje opprette ein tråd for å diskutere typer av for - det blir bare surr - mykje meiningar ute og går Men eg lurar rett og slett på kor lenge de forar 3 gonger til dagen. Og kor lenge de bløyter tørrforet. Eg forar vanlegvis ein gong dagleg - med tørt for. Det fungerar veldig bra. Har to valpar no (jämtundar) som eg forar 3 gonger dagen, med valpefor for store hundar, som er bløytt i vatn. Det blir ein del ekstra arbeid både av å fore 3 gonger dagleg - og ikkje minst når ein skal vente på at foret bløytast. Nokon gode råd?
  10. Har ikkje peiling på om det er noko i det, men når det gjeld vaksne bikkjer har eg blitt fortalt at det kan vere symptom på mangel av eit eller anna næringsstoff når bikkja et grus/stein. Men det gjeld sjølvsagt vaksne hundar, ein unghund på 8-9 mnd kan vel sikkert finne på mykje rart utan at det er noko gale.
  11. Er mest enig i det seiste: je faen.............. Reis til skogs! Mykje trivlegare både for deg og bikkja
  12. Her kjem fleire bilete. Det går kjempeflott med valpane. Dei er no 6 veker. Har ikkje selt alle - så er nokon interessert så huv. Har også lagt ut og skrivi litt på bloggen: http://kleivgrend.blogspot.com
  13. Har vore litt treg til å legge ut bilder ja - ikkje så lett å få fine bilder av dei heller Vi flytta valpane og tispa ut når dei var to veker gamle. Det vart heilt supert. Tispa trivast mykje betre ute - og ho tek seg veldig godt av valpane. På dagen ligg ho litt i huset sitt, eller på verandaen sin - men det er ikkje slik at ho "sluntrar" unda sjølv om ho kom ut. No i helga starta vi med mat til valpane. Dei får valpefor oppbløytt i vatn. Og det går ned på høgkant. Her er nokre bilete -har lagt ein liten video ut på bloggen også: http://kleivgrend.blogspot.com
  14. Ringmur - og rikeleg med singel. Kjempefornøgd. Lett å halde reint. Bikkja har også tilgang til eit skjul der det er støypt plate. Men det luktar høgg om ho har tissa på betongen. Sjølv om ein spylar så blir ein ikkje kvitt lukta
  15. Takk for tips. Har ikkje teke tispa vekk saman med den minste valpen, men passar på å legge ho til når dei andre søv - så ho får ganske mykje tid "aleine" ved matbordet. Tåta ho litt i starten - men ho er så rund og god i magen, og verkar fornøgd - så eg har ikkje halde på med det. Har tenkt litt på det at Fenja kan skulke litt unda om dei kjem ut ja. Kan godt hende ho då kryp inn i huset sitt og vil vere i fred. Tenkte vi skulle halde ut ei veke til og så take dei ut neste helg. Då er dei to veker gamle.
  16. Valpane veks og trivast. Dei er no 8 dagar. 6 av valpane er veldig jamne i størrelsen. Dei vog mellom 400 og 500 g ved fødsel. No veg dei +- 1kg. Den sjuende var ei bitte lita mus på 190 g. Den veg 450 gram i dag. Ho er knøttlita - men sprek som bare det. Spørs om ho blir buande her... Men tispa trivast så dårleg innomhus! Ho brukar å vere inne om natta, og alltid etter jakt/trening - det likar ho. Men nå blir det for mykje inneliv. Når kan eg ta dei ut? Med varmelampe. Er det nokon som har ei meining om dette? Har ein veldig grei hundegard med stor uteplass med singel. Her har bikkja veranda og bikkjehus. Innom garden er det ope inn til eit rom som har vore vedskjul. Her er ikkje noko dør - men det går fint ann å lage ei lun kro med varmelampe over kassa. Men har ikkje turt å ta dei ut - er litt usikker på kor mykje dei toler endå. Meiningar mottakast med takk
  17. Før kjøpte eg heil tjurrfisk på BusterShop i Arendal. Hugsar ikkje prisen - men vart ein del rimelegare enn å kjøpe i butikken. Men så slutta dei å ta inn store parti fordi det var problem med lagring. Har spurt fleire andre stadar også - men dei sei det same. Tjurrfisk er supert men trur nok at tørt for er vel så bra med tanke på tennene. Bikkja her får ein bit med tørrfisk kvar morgon, tørt for og så får ho ein Dentastix til kvelden. Ho har ikkje hatt noko tull med tannstein eller anna tanntrøbbel. Men kva som har æra for det tør eg ikkje sei...
  18. Var ikkje meint å vere noko anna enn dumt heller. Ha ein fortsatt fin dag
  19. Har fått tips om korleis eg skulle legge inn bilete - så no måtte eg bare prøve
  20. Var nok litt tilfeldig at det vart jämthund her i huset. Men synest det er stor stas. Og noko av det som er gildast er å vri kjeft med dei som svergar til gråbikkje Den diskusjonen blir nok aldri avslutta - heldigvis! For å halde diskusjonen varm limar eg inn denne: Sitat frå forum.robsoft.nu: Nu när jaktsäsongen börjar vara slut eller om ni saknar fantasi för julklapparna så kan jag rekomendera en bok som heter "Yamal och Storälgen". Ett litet citat ur boken "Ja det är bara en gråhund, inte en jämthund, men den är ganska känd som en ganska bra gråhund. Men som alla gråhundar har den ett ynkligt skall. Lite larvigt. Lite fjäskigt. Jag skulle rodna om jag hade en hund med ett sådant ståndskall. Ja vet int`vad du anser om hundar, men det är vetenskapligt belagt att jämthunden är en älghund. En gråhund är bara ersättning för dom som inte kan klara av en Jämthund. Den kräver mer av sin jägare. Jämfört med jämthunden är gråhunden en sällskapshund. Något att värma fötterna vid framför TVn." Elles skulle eg gjerne hatt ei forklaring på korleis eg legg bilete inn her på kammeret.... Har prøva hjelpefunksjonen, men det hjalp ikkje...
  21. Endeleg kom det valpar. 4 tisper og 3 hannar Prøva å sete inn bilete her - men det fekk eg ikkje til. Men har lagt ut noko på bloggen. http://kleivgrend.blogspot.com
  22. Trur nok også jämten kan vere nokså breispektra.............. Skulle ønske mi bikkje bare jaga elg. Har fått ho til å slutte å jage reinsdyr og rådyr. Men bever og grevling er det gildaste ho veit nest etter elg. Har aldri prøvd ho på gaupe.
  23. Mi jämthundtispe hadde sin fyrste los den dagen ho var 1 år ( i august). Skaut 3 elgar for ho i los den fyrste hausten. Trur det er veldig individuellt, og kjem ann på kor mykje du er i skogen med hunden.
  24. Har jämthundtispe som er både ute og inne. Er stort sett alltid inne om natta. Hender ho vil vere ute om natta på sommaren - då får ho det. Elles storkosar ho seg inne, gjerne på saueskinn foran omnen på vinteren. Men det er greit når ein alltid kan velge. Syns kanskje ikkje det høyres kjempegreit ut å ha jämthund inne i ein leilighet... Håpar du finn ei løysing - kjempetrivelege hundar i allefall:)
×
×
  • Create New...