Jump to content

hauk

Members
  • Posts

    557
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by hauk

  1. At "mitt rot, mitt ansvar" bugner for stygge situasjoner ser eg ikkje. Men eg har uansett ikkje tenkt å argumentere videre for dette spesifikt i høve skadeskyting, erfaringsgrunnlaget mitt er alt for lite for det. Dersom hundefører overhode hadde nevnt punktet om at han ville ha med annan skytter frå jaktlaget, eller hadde hatt med skytter frå viltnemda, ville eg sjølvsagt retta meg inn etter hans ønske. Eg ville aldri insistert på å være skytter på ettersøket dersom hundefører ville ha ein annan - sjølv om eg meiner det er mitt ansvar. Hundefører bestemmer, og ferdig med det. Når det gjeld patron i kammeret, kjem eg nok ikkje til å gå med det igjen, sjølv ikkje på ettersøk, sjølv om hundfører ber om det. Ingenting er viktigare enn tryggleiken, og ingenting er sikrare enn tomt kammer. Tilbake til hundeskytinga: Eg klarer ikkje sjå for meg at dette kan være noke anna enn ei tragisk misforståing. Eg kan aldri tenke meg at skytter med vitende vilje ville skutt ein hund på ettersøk. Men kor vanleg er det at ein, på ettersøk, skyt mot dyr som er som skugger i busker og kratt, og som ein derfor ikkje kan være 100% sikker på er riktig dyr?
  2. I haust skadeskaut eg ein kalv. Hundefører kom, og han og eg gjekk ettersøk - eg følte aldri at det var spørsmål om kven som skulle gå, og haldninga mi var "eg rydder opp i mitt eige rot". Vidare fekk eg og beskjed om "patron i kammeret, klar til skudd". Begge deler altså det stikk motsatte av kva Eies skriv. Og då lurer eg på kva som er riktig - og er det ein fasit? Personleg går eg aldri i bratte vestlandslier med patron i kammeret, og spesifiserer dette til folk eg går saman med så dei ikkje skal kikke inn i løpet og tenke "kva om skuddet går". Men når hundefører er så tydeleg på sine beskjedar, då følger ein ordre. Vidare fekk eg og beskjed om å skyte uansett, skyte inn i kratt om nødvendig, sjølv om eg var usikker på om det var riktig dyr - han og hunden ville ha kontroll på at det var riktig dyr. Eg meiner det er skadeskyters ansvar å bli med på ettersøket, og ha fokuset på å avslutte jobben rett og slett. Resten, som sjekk av siktet, bekymring over jaktlagets oppfatning etc, får vente til seinare. "Mitt rot, mitt ansvar, eg rydder." Kanskje det er bedre, enn å ha ein frå viltnemda som har gjort dette 1000 gangar før og kanskje ikkje er fokusert nok på jobben? Sjølvlysande oransje refleksvest på hunden? Eller vil hunden kunne bli sittande fast?
  3. http://www.dagbladet.no/2009/11/27/nyheter/jakt/innenriks/dyrenes_nyheter/hund/9237152/ Hvordan gjør du hunden klar for jaktsesongen? Du gjør den om til en panserhund.
  4. http://www.dagbladet.no/2009/11/18/nyheter/innenriks/voldsepisoder/9106526/ Mann og barn skadet av personer med våpen Politiet i Trondheim jakter på flere bevæpnede gjerningsmenn som skal ha truet med pistol.
  5. (off topic) Erindrer at befalet på Madla advarte oss mot den "kraftige rekylen" frå AG3'en. Og husker fortsatt kor skuffa eg var når eg prøvde... (on topic) Fyren er enten dum, eller løgner. Eller begge deler.
  6. Ingen, med mindre du er truga på livet. Dersom du for eksempel har ein inntrenger i huset ditt som opptrer truande, og du har barrikadert deg inne på eit rom der du har våpenskapet, og vedkommande driv og økser ned døra for å ta deg, og du då skyt han med hagle - då har du kanskje ein sjanse til å bli frikjent etter nødvergeparagrafen. Men du må rekne med rettsak, gjerne også fleire rundar.
  7. http://www.dagbladet.no/2009/11/13/nyheter/skyteepisode/oslo/9025788/ Mann pågrepet med luftgevær påmontert kikkertsikte. Stor væpnet politiaksjon på Sagene.
  8. Det er forbudt å oppbevare våpen eller vital del utanfor våpenskap. Unntak kun ifbm jakt eller konkurranse, i slike tilfelle må våpenet eller vital del oppbevares under forsvarleg tilsyn. http://www.lovdata.no/for/sf/jd/td-20090625-0904-022.html Kor du har din døgnkvile er eigentleg ikkje så viktig - og det går sikkert greit å oppbevare våpen i våpenskap hos foreldre eller besteforeldre, iallefall om du spør Onkel Blå. Men det som ikkje er greit, er å oppbevare våpenet utanfor våpenskap, uavhengig om våpenskapet er i naborommet eller 230 km unna.
  9. Ville denne kvinna i det heile hatt sjanse til å få innvilga ervervstillatelse? Forskrifta har eit punkt eller to om "edruelighet" og det var vel det ho fekk som grunnlag på avslaget? Nei. (mi utheving) http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=edruelig&begge=S%F8k+i+begge+ordb%F8kene&ordbok=begge&s=n
  10. Sjå på det slik: Skadeskyting er uendeleg mykje verre enn flåkjefta jaktkompiser...
  11. http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Alene-paa-Sognefjellet-et-helt-aar-960257.html Kristoffer Clausen dro 1. august til fjells i Sogn med mål om å leve et helt år alene i fjellet. Målet er å livnære seg av det naturen kan gi ham Clausen har ikke med seg telt, men lager overnattingsplasser selv i naturen. Greier han å stå løpet ut, skal det bli både bok, TV-serie og film av prosjektet. Opplevelsene hans kan du lese om på www.envillmann.no og se videosnutter på youtube.com/user kristofferclausen
  12. http://www.dagbladet.no/2009/10/27/nyheter/miljo/klimaendringer/utenriks/klima/8761286/ Å spise kjøtt vil etter hvert bli like uglesett og uhipt som det å røyke, spår en av verdens ledende økonomer og klimaforskere.
  13. @Jegermeisteren - det er faktisk tilløp til fornuft i det du skriv...
  14. Og du meiner at ditt innlegg ikkje er polarisert? Eg tillet meg å være ueinig, og påstår at ditt innlegg er godt&grundig polarisert. Dette er ikkje formuleringer som inviterer til "dialog og åpenhet", men som tvert imot formuleringer som signaliserer forutinntatthet og steile holdningar. Beklager, men klarer ikkje å sjå at dette kan bli ein debatt i "et større perspektiv".
  15. Eg ville heller formulere meg slik: "Ethvert kvestet dyr langs en jernbaneskinne er en tragedie". At dyr dør relativt momentant av togpåkjørsel er ikkje tragedisk, med mindre også kvar elg som skytes er ein tragedie. Om det er ulv eller elg (eller hjort, her på mine deler av landet), tragedien kjem når dyret påføres lidelser, ikkje når det drepes - det seg være av skudd eller tog. IMHO, så klart.
  16. Enkelt: Når budsjettet er trangt - for eksempel 7.000 - er det lurere å bruke 2.000 på ein brukt M98 og 5.000 på ein ny Leupold, enn 6.000 på ein ny, billig Remington og 1.000 på kikkertsikte frå Kina. For eksempel. Men dersom budsjettet er 35.000, er det ikkje lenger kva eg vil kalle "trangt" og forholdet mellom optikk og våpen bør være eit anne (du kjøper ikkje Zeiss til 29.000 for å sette det på ein Remington til 6.000, for å si det slik) Til det budsjettet ville eg funne ei rifle som eg verkeleg får "godfølelsen" på, gjerne i prisleiet 20-25.000, og ein god kikkert til 12-15.000.
  17. http://www.nettavisen.no/nyheter/article2736521.ece Skiskyttere følte seg truet av elgjeger
  18. .577 T-rex - i fall du skal jakte på dinosaurer Er ei fin liste over riflekaliber på wikipedia; http://en.wikipedia.org/wiki/List_of_rifle_cartridges Men, litt meir seriøst: Kordan sjekker ein ut riflekaliber? Bortsett frå å lese utvalgt litteratur, det er ikkje alltid enkelt å få tak i våpen for prøveskyting...
  19. http://www.dagbladet.no/2009/10/20/nyheter/innenriks/forsvaret/8649057/ Sjøforsvaret har mannskap nok til kun å bemanne tre av de fem ny fregattene.
  20. http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Mange-ville-oppfylle-gaardsdroemmen-949579.html Kanskje litt off-topic, men: 4000 kroner for 150 mål. Potensielle leieboere sto i kø da dette småbruket ble lagt ut på markedet. (...) - De som har ringt, har fortalt at dette er det eneste småbruket på Vestlandet til leie på et halvt år, sier Østerbø. (...) - Mange småbruk står brakk rundt omkring, og eierne tenker gjerne ikke over hvor lett det er å leie ut, sier Østerbø.
  21. Digresjon: (sikter her til visse velkjente politiske og kulturelle endringar i Tyskland første halvdel av 1900-talet)
  22. Presisjon er vel så viktig som kaliber når det gjeld å felle dyret (gitt at kaliberet er grovt nok, sjølvsagt!), så unngå for all del rekyl du ikkje er komfortabel med. Som peders skriv, du kan kjøpe mykje premium-ammo for prisen på ei ny rifle. Eller du kan kjøpe ladeutstyr og verkeleg skreddersy ammo for den rifla du har... og fortsatt bruke mindre penger enn ei ny rifle koster.
  23. http://www.bt.no/nyheter/Kronhjort-angr ... 48789.html Kronhjort angreip jeger
  24. Er vel ikkje skyldfølelse, angrer ikkje på at eg skaut. Følte meg som sagt sikker på dødeleg skudd. Men ein viss ydmykhet ovenfor det faktum at eg tok feil når eg var sikker på dødeleg skudd, det har eg. Skytinga skjedde over ei myr, og der veks det ein og annan småbjørkebusk som kula evt. har sneia. Men eg klarte ikkje å identifisere ein kvist eg kan peike på og si "dette er kvisten som kula sneia". Så det er ein teori som ikkje er verifiserbar, men heller ikkje usannsynleg. Høyrde over radio fra naboposten at det var kolle+kalv i skogen litt borte, og gjorde meg klar til å skyte der dyra pleier å komme. Høyrde ein kvist knakk ved sidan av meg, og snudde meg 180 grader og såg dyra i godt "trav" ca 60-70 meter unna. Hoia til dei, og dei stoppa og snudde til, kalven med full breiside til, kolla litt bort frå meg. Ammunisjon: Norma Oryx .30-06, fabrikkprodusert. Skuddreaksjon: Kalven fekk skikkelig sleng på kroppen, og sprang inn mellom nokre bjørker (eit par meter unna). Vart i ein kort periode observert av annan jeger lenger nede i lia, før den forsvann i skogen. Eg følte ikkje den ga skuddreaksjon på vomskudd, men i etterpåklokskapens lys kan ein vel si at akkurat det kanskje vart skjult av den slengen dyret fekk av treffen? Eller at eg feiltolka evt krumming av rygg til å være del av slengen? Følte meg der&då sikker på at dette var lungeskudd utan treff i knokler (sidan den ikkje halta eller noke slikt). Eg følte meg altså sikker på at dyret var ferdig - men eg tok feil.
  25. Så skjedde det også meg - i går måtte eg tilkalle ettersøkshund. Hjortekolle og -kalv kom opp skogen og ut på ei myr rett bak posten eg låg på, i godt drev men stoppa når eg hoia på dei. To raske skudd, reint lungeskudd på kolla men kalven fann vi ikkje, og tilkalte ettersøkshund som var på plass etter ein time. Etter ein liten times klatring i bratte vestlandslier, med kontinuerleg blodspor kom vi over kalven inne i krattskogen og ein sparer ikkje på ammo i ein slik situasjon men det er uansett bingo å skyte i kratt og han gjekk vidare, før vi fann han eit par hundre meter lenger fremme og fekk avliva han. Det viste seg at det var eit reint vomskudd. Sjølv om kolla gjekk i bakken etter eit godt plassert skudd, klarte eg ikkje å glede meg over det. Og sjølv om ettersøket vart relativt raskt unnagjort, er det ikkje kjekt å oppdage at kalven har hatt det vondt eit par timar. Og ein stiller seg spørsmål som "Burde eg ikkje ha skutt?" Kalven sto med breisida til, heilt i ro, på 120-130 meters hald, og eg følte meg 110% sikker på at det ville bli eit godt skudd når eg skaut. Eg skaut sittande, med anlegg mot kne, ei skytestilling eg har trent på, og det andre skuddet eg skaut (mot kolla) var ein god treff. Har vel kome til den konklusjonen at kula måtte anten ha sneia ein kvist, eller kalven måtte ha hoppa fram i det skuddet gjekk. Skadeskyting skjer, desverre, men kjekt er det ikkje. Og eg følte ikkje heilt for å ta den vanlege "jakt-drammen" når vi hadde avslutta, denne gongen.
×
×
  • Create New...