Jump to content

Stihl Crazy

Members
  • Posts

    3,060
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by Stihl Crazy

  1. Stihl Crazy

    Zeiss V4

    Zeissen, paralaksejusteringa der er den utan merking på avstanden eller? Ser litt sånn ut. Greit med zerro stop og ballistiske tårn, meoptaen har jo ikkje det. Meoptaen er 615 gr, 345 mm. V4 er 640 gram 356 mm. Toms røyr vs 30 mm. Begge to sfp, verkar og vera vanlegaste. Begga 1/4 toms klikk, synsfelt v4 er 9,5 m, meopta er 12,4 m så det er jo ein viss forskjell i favør meopta, sammtidig så forstørar jo v4 ein gong meir 16 gongar vs meopta med 15. Optisk så vill eg jo tru zeiss er betre og hadde dei kosta det same hadde eg nok valgt v4, det hadde vel dei fleste då vil eg tru. Får sjå, er ein grunn til programmet luksusfellen og. meopta siktet nokon som veit om tårna kan «nullstillast» på ein måte dvs at når ein tar av beskyttelsen så kan ein løfta øverste delen på dei og stilla dei på streken påkikkertsiktet, viss det er forståeleg.
  2. Stihl Crazy

    Zeiss V4

    Vart stille her, ingen som har erfaring med 4-16x44 utgaven? Er jo relativt billig, går og spekulerer på eit sånt med retikel 20 eller eit meopta optika 5 3-15x44. Tenke skyting ut til 400 meter ca på blink, jakt. Zeissen ca dobbelt så dyr. Er i tenkebåsen.
  3. Sonderer markedet sjølv så er litt innteresert. Klart at to sikter er best men kanskje det går ann og inngå nokre kompromiss med eit og? Meopta har jo sitt optika 6 frå 3-18. kanskje noko slikt kan duga? Skal ein ha to sikter må ein ha ny montasje og, av og på med sikter, er noko med alt.
  4. K095 er det vesle Husqvarna festet, typisk 242, 346, 550 og 560 i tilegg til drøssevis av andre sager. D009 er det store Husqvarna festet frå og med 562 og større sager. Typisk 372, 572, 390, 395.
  5. Stihl Crazy

    Skifte kaliber

    Får ein det for 6000 då? i tilegg vert det ofte «litt» meir. Ser 6400 hos Rafdal så då er det billegare enn eg trudde.
  6. Stihl Crazy

    Skifte kaliber

    Hmm, har du sjekka kor mykje det kostar og skifta løp? Du er langt på ei ny rifla berre eit tips alltså. Ellers velkommen til forumet.
  7. Brukar Echo Husqvarna innfesting til sverd?
  8. Eg fekk demonstrert termisk for ei stund sidan av ein kar, han viste bilder han hadde tatt på mobilen, det var litt av ein opplevelse for og sei det slik. Såg dei heilt tydeleg, hjort. Kosta visstnok ca 30 tusen og då.
  9. Eg fekk mi her om dagen, var ingen ladar med men skulle sikkert ikkje vera det heller. Desse batteri kan dei ladas opp igjen?
  10. Er ikkje så utsett her eg bur for er relativt lite snø, men hjorten kan vera ein fæl marodør så sånne gammle digre epletrer fungerar best men er hjorten skikkeleg sulten så gneg han vel barken om vinteren og då er det gjort. Var på ein litt einbølt stad no i ettermiddag og såg der, tippar ca 10 epletrer men heilt enormt med epler på dei i år eg anntar mellom 5 og 10 tusen epler på bakken. Såg ut som eit lastebillass som var dumpa, men helst litt lite spor etter hjort, var meir før i haust. Dei er vel skotne eller har trekt ein anna plass.
  11. Eg og må seie at eg reagerte litt på vekta på kikkertsikta, no er vel ikkje dette eineståande. Mange nye sikter er litt tunge, blir vel slik med stor zoom, forstørelse og 30 mm røyr.
  12. Men dei kan detta ned frå trea, må berre planta nokre trer fyrst.
  13. Vimeo viste eg ikkje om men eg hadde hbo ein gong i tida og såg Sopranos ein del gongar, nok om det. Ja søkte opp og fann filmen «long range shooting from schratch» 1 t og 56 min av lindroth & lorin. Ser ut som dei er i Lofoten på framsida. Ser ut som eg må kjøpa «all» del av ein serie viss eg forstår rett 20dollar, men dersom eg kjøper den, noko eg nok kjem til og gjera. Kan eg sjå den meir enn ein gong? Ei veka? Månad? Er vel ikkje for alltid vel.
  14. Eg har ikkje tv så kan bli litt problematisk og få sett filmen, har sett ein del av YouTube videoane og lurt litt på (klar over filmen) forklarar filmen det betre enn videoane? synes ikkje det er så veldig bra forklart i videoane sjølv om dei er nå greie nok. Lengste eg har skutt til no er 275 meter, sittande. Tenkte og bevega meg opp i intervalet 300-500 i løpet av vinteren/våren, det blir nok ikkje skutt så mykje i haust, men prøvar og lesa meg opp på teori, så eg ikkje treng finna opp kruttet på nytt. Grunnen til det ballistiske programmet er rett og slett og veta kor mykje kula dropper på forskjellig avstan, ein peikepinn iverfall. Skal eg skyta på 400 meter så ca 120 cm. 120/4=30, så still 30 klikk opp så ser eg korleis det går. Trur eg gjer lurt i og byrja med «langholdskytinga» når det er vindstille. Får heller sjå på det etter kvart.
  15. Eg har laust magasin men er einig, fast/hengsla er best men nokre kompromiss må ein inngå ved kjøp av våpen.
  16. Såg litt på eit ballistiske program no i kveld, hornady. Ikkje heilt sikker på alle verdiane eg skulle legga inn men tok desse. Dei nokonlunde sikre var : kule 108 gr scenar, BC 0,465 siktehøgd 5 cm, innskytingsavstand 100 meter, drag? G1, Resten av parametra lot eg stå som det var, utgangshastigheita satt eg til 780ms. Med midt i på 100 skulle kula detta 14,4-200. 29,9-250. 52,1-300. 81,5-350. 118.1-400. 164,1-450. 219,8-500 alle tal cm. Tok og sjekka på siktet mitt kor mange klikk eg hadde att i høgda, 47. Fann ut at det skulle halda til litt over 500 meter. kunne legga inn verdiar for vind og der, innteresangt.
  17. Innteresangt prosjekt, prøvde på det same sjølv men smalen åt det opp. Var det mange hjort hos deg då? viss ikkje det der lokkar hjort trur eg ikkje noko gjer det. Ser svært innbydende ut. Var det berre ein hjort eller to som var hos deg kunne dei vore eit offer for tjuvstarting. Er ikkje alle som er så nøye på det, men er vel ikkje slik vel.
  18. Sikkert moro det der pererik men det er ikkje Noko for meg. Ligg ikkje rifla dønn i ro så har eg ein tendens til og tja nappa litt avtrekkaren når eg skyt. Difor eg likar best skyting med støtta og ikkje bryr meg om jaktfelt og liknande. Ligg ho i ro går det bra. Eg har prøvd så lenge no og er vorten så gamal at eg trur ikkje det er Noko håp for meg.
  19. Ja skal ut og skyta så fort eg har anledning, har ein gong 15x15. Får prøva liggande med støtta til og begynna med.
  20. Forskjellige stillingar, men de skyt vel med ei eller anna form for støtta eller?
  21. kjem an på vinden det, skal du seie!
  22. Veldig stilig med det spiral fluta sluttstykket og stokken. Eg og har soft touch varianten, var iverfall det eg bestillte frå børsemaker wear. Men eg må seie at eg syns det var ein liten nedtur akkurat det med soft, hadde forventa litt meir soft kanskje, men i forhold til sjølve Stokken så er begge grepa litt mjuke. Ellers er eg fornøgd som allerede nemt, ligg betre i nevane samt stødigare over eit underlag.
  23. For og spørra litt meir, kor viktig er vinden på hald under 400 meter? Er vel der eg kjem til og «befinna» meg i overskueleg framtid. Får jo ein viss peikepinn utifrå metoden til jkb men eg saknar foreløpig eiga erfaring.
×
×
  • Create New...