Jump to content

Prosjekt CZ 455


protto

Recommended Posts

Har nettopp kjøpt min første salong. Vart uteksaminert jeger i vår, og ikkje lenge etterpå kom postdama med ein CZ 455 Varmint med .22 LR og .17 HMR-løp.

Hadde allereie ein Boyds Pro Varmintstokk så den vart montert før det blei løsna eit einaste skot. Inleten i stokken er ikkje akkurat drop-in, men med litt spikking gjekk den nedi. Men passforma var heller dårleg eigentleg. Kansje å forvente av ein stokk til 92 dollars. Når eg snørde til fremste sjefteskrua med noko som helst slags moment tok løpet nedi stokken i framkant. Og kassa kom liksom ikkje heilt nedi bakerst.

 

Har heile tida hatt planar om å bedde stokken og har lest og sett mykje på youtube om emnet. Planen min vart å pusse ut av inleten slik at kassen gjekk sånn nogelunde nedi utan motstand, og så lage to søyler til sjefteskruene og lime desse inn. Så pusse ut nok materiale til at heile kassa låg fritt og kun kvilte på søylene. Så legge epoksymasse under i front og bakerst og trekke til sjefteskruene mens massen herda.

 

(Håpar nokon likar bilder for her vart det vist ein del...)

 

20150518_154915r.JPG

 

Her er det grovpussa slik at kassa går greit i men fortsatt klemmer treverket her og der.

 

20150518_234637r.JPG

 

To søyler produsert i dreiebenken. 9mm utvendig og 6mm hol. Lagde riller så limen har litt meir å bite i enn ei glatt messingoverflate. Den fremste er kortare og har ein utfresing i toppen for magasinbrønn og tilhøyrande festeskrue.

 

20150518_234724r.JPG

 

Fire rundar med blå maskeringstape sikrar klaring mellom løp og løpskanal.

 

20150519_195814r.JPG

 

Fremste søyle innsatt med epoksylim og satt på plass. Holet i stokken manglar materiale på eine sida, men søylene står fint i holet. Holet er 3/8" (ca ein halv mm meir enn søyla) så det er litt plass til lim og.

 

20150519_195824r.JPG

 

Bakre søyle på plass.

No satte eg i kasse og løp med nevnte maskeringstape, presse kassa så langt nedi stokken som eg ville ha den og sette i stokkskruene så søylene havna i rett posisjon.

 

Når limet var herda dagen etter pussa eg ut endå meir trevert slik at kasse og løp glei lett nedi og landa på søylene, fortsatt med tapen på løpet.

Eg dekka kassa med grøn white board marker-tusj for å sjå kvar den smitta av, og dermed kvar eg måtte pusse meir.

 

20150519_202214r.JPG

 

Til slutt var det berre søylene som hadde grøn tusj fra prøvepasningen. Kan så vidt ane litt grønfarde på toppen av den bakre søyla her. Her kan ein og sjå min slurvete omgang med skarpe redskapar. Det må eg fikse opp i seinare...

 

20150519_202222r.JPG

 

Eg brukte ein rund stålbolt med samme diameter som kassa som pussekloss og 120-papir for å pusse ut inleten.

 

20150519_204055r.JPG

 

Til slutt sjekka eg med ein papitlapp at det var klaring rundt om.

 

Ein liten utfordring var at sjefteskruene har forsenka hovud for å ligge flush med underbeslaget. Og underbeslaget er tynnare enn lengden på forsenkningen, eller konen om ein vil. Så eg laga søylene med ca 0,5mm overmål, og når alt var montert og herda justerte eg lengda med ein forsenkar. Forsiktig for hand, slik at skruene no klemmer mot søyla, men fortsatt held underbeslaget på plass utan slark.

 

Neste steg, bedding. Hadde ikkje planar om å heilbedd inleten, det er jo tross alt berre ei salongrifle utan rekyl omtrent. Men ein liten klatt masse framme og heilt akter vil sørge for at kassa ligg stødig.

 

20150519_210823r.JPG

 

Her er forskalingen på plass. Gul plastilina. Det funka forsåvidt greit, bortsett frå at eg hadde vore kip og kjøpt ein kanske hard og tørr variant som ikkje hang særleg godt. Men det gjekk på eit vis.

 

20150519_210841r.JPG

 

Løpskruene må dekkast må vite, ellers blir det ikkje eit systemvåpen meir...

 

20150519_211036r.JPG

 

Valget av beddemasse falt på det som var på lager, Biltemas epoksy med tilhøyrande fyllstoff. Dette kan blandast til ønska konsistens. Blandar ein i mykje fyllstoff blir konsistensen som lettsparkel. Det går veldig lite epoksy, og litt meir mikrobaloons. Massen blir sterk og hard og veldig lett.

 

20150519_211648r.JPG

 

Føst blanda eg ein liten dose epoksy og fukta flatene med slik at ein får godt feste for "sparkelen".

 

20150519_212527r.JPG

20150519_212532r.JPG

 

Så blanda eg inn fyllstoffet i resten av epoksyen til ein litt tynn sparkel og fylte i rundt søylene framme og bak.

 

20150519_212927r.JPG

 

Så var det berre å montere kasse og løp, fortsatt med maskeringstapen rundt løpet for å sikre sentrering og avstand til stokken. Kassa og bakkant av løpet var satt inn med skokrem som slippmiddel. I og med søylene allereie var montert og fastlimt brukte eg berre skruene til å dra delene sammen, utan underbeslaget på. Om uhellet skulle vere ute og limen/massen skulle renne ned ville den berre drype ut i botnen av stokken, og ikkje lime fast underbeslaget.

Ein kan sjå på bildet at det tyt ut litt her og der. Dette er lett å fjerne med Q-tips dyppa i raudsprit.

 

...to be continued...

Link to comment
Share on other sites

Må sei eg var meir enn litt spent på om skokremen hadde gjort jobben eller om eg hadde fått ei rifle permanent montert i eit billig amerikansk møbel...

 

Men slippmiddelet gjorde jobben, og slik såg det ut:

 

20150520_094813r.JPG

 

Litt opprenskning måtte til. Litt hadde rent nedover men det meste var skvisa utover der det var tenkt å vere.

 

20150520_095734r.JPG

 

Litt puss seinare så såg det slik ut i bakkant.

 

20150520_095745r.JPG

 

Og her er forkant. Litt ruskete, men på 455'en så er det ikkje så mykje jevn flate anna enn på sidene. Det er ingen rekylklakk som på meir grovkalibra rifler.

 

20150520_095826.jpg

 

Alt i alt vart eg veldig fornøgd. No passa kassa som p**k i Grete heilt utan at noko klyper og heilt utan slark. Løpet har klaring rundt om, og er sentrert i løpskanalen.

Link to comment
Share on other sites

Neste prosjekt, kappe .22 LR løpet.

 

Eg er ikkje børsemakar, langt derifrå eigentleg. Men eg har eigd dreiebenk i over 10 år. Er på min andre benk no. Sjølvlærd, med all den vranglære det måtte medføre.

 

Men har vore fast bestemt på å prøve meg på kapping, gjenging og kroning sjølv. I verste fall så er det 1800,- for eit nytt løp. Det tek eg sjangsen på.

 

20150523_114023r.JPG

 

Hadde lyst å kappe 22-løpet ned mot lovlige 400mm. Men lurte litt på om eg skulle ha ein cm eller to og gå på i tilfelle eg skulle drite meg ut i prosessen. Det vart kappa på 403mm...

 

20150523_123202r.JPG

 

Løpet vart kappa rett over 400mm. Spendt opp i 4-bakk-chucken og sentrert med ein dor som passa akkurat i løpet. Doren hadde eg dreia og slipt på førehand. Brukte måleuret på doren, då det er ikkje alltid holet i løpet er heilt i senter så ein kan ikkje bruke OD som referanse. Sjølv om i dette tilfellet trur eg ikkje det hadde spela nokon rolle. Eg brukte ikkje "spider" i bakkant då løpet er ein god del kortare enn spindelen i benken min. Kun oppspent i chucken. Eg trur det er godt nok i dette tilfellet.

 

20150523_124856r.JPG

 

Det nermar seg. Eg stoppar der. Gjengedimensjonen er samme som standard fra CZ, 1/2"-20. Stoppa på 12,75mm, vil at gjengene skal vere litt "tight".

 

Det finns nesten like mange måtar å skjære gjenger på som dreiebenkar. Eg syns det er noko drit å skjære gjenger med dreiebenk. Iallefal slike korte som endar med ei skulder så ein må vere våken og stoppe matinga i tide men ikkje for seint. Så, eg har sjølvsagt min eigen metode... Kom på den når eg såg videoar ag CNC-maskiner som fresa gjenger med samme fresestålet til innvendige og utvendige gjenger. Det såg enkelt ut, og lett å adaptere til dreiebenk.

Så eg laga med ein vektøyholdar med to kulelager, satt i ein ER16 spennhylseholdar med sylindrisk tange, monterte på ein 12mm tange som passa i chucken på ein batteridrill, og kjøpte eit fresestål til gjengefresing på ebay.com. Fresestålet held spec for gjenger fra 0,8-2,0mm stigning.

 

Slik er oppsettet:

 

20150523_125817r.JPG

 

Metoden er som følger:

 

Sette fresestålet mot emnet så det akkurat er borti. Nullstille avlesningen, om den er digital eller manuell. Sette dreiebenken på mating med rette stigning. Ha på olje. Start batteridrillen på full guffe i andre gir. Beveg tverrsliden den inn så fresen går inn i emnet så langt den skal for å skjære heile gjenga i eit pass. I dette tilfellet (1/2"-20) er gjengestigningen 1,27mm, og dybden på kuttet blir då 0,867mm.

Så er det berre å dreie chucken på dreiebenken for hand.

På utvendige gjenger begynnar eg innerst og matar utover mens eg dreiar spindelen i revers (manuelt). For innvendige gjenger motsatt. Dette for å unngå "klatrefresing".

 

Det er ein del fordelar med denne metoden. Ein kan skjære gjengene i eit pass, så det er veldig fort gjort. Ein slepp då alle dikkedariane det er med å kutte i fleire pass.

Og så blir finishen heilt super. Og så slepp ein frispor. Av og til må ein ha frispor viss det ein skal skru på ikkje har frispor. Men A-tec-demparen min har frisopr ytterst så den botnar uansett.

 

20150523_130058r.JPG

Link to comment
Share on other sites

Kanon prosjekt. God forklaring og bra bilder. liker sånt:) Har samme tanke som deg, men har ikke kommet så langt enda. Gleder meg til og høre dommen på presisjon etter bedding. Hvor langt hold skyter du på??

 

Takk for det :)

 

Har eigentleg berre så vidt testa rifla på 50m før eg satte kniven i den. Men den er innskutt på 50m og etter alt dette eg har vist til no, inkludert kapping av løpet så er presisjonen ganske imponerande. Såg ut som treffpunktet flytta to cm opp etter bedding og kapping. Men så har eg jo herja vilt med rifla, montert, demonter mange ganger. Løpet har vore lagt i båndsag, i dreiebenk og altslags. Var igrunn forberedt på å justere siktet ein del, men neida. Fire klikk ned på 50m var alt...

Link to comment
Share on other sites

Dreia og polerte ein fin liten kroning i enden. Ikkje heilt sikker på vinkelen men den SER ut som kroningen på .17 HMR-løpet. Sikkert ikkje akkurat 79 grader, men deromkring. Gradeskalaen på toppsliden min går ikkje lenger enn til 45...

 

20150523_132633r.JPG

 

Syns børsa vart mykje kjekkare å håndtere. Det fjerna litt vekt i front og med demparen på er lengden akkurat passe. Den ser sjukt kort ut utan dempar, men det er vel ein vanesak. Den rekk ikkje lenger opp til holdaren i våpenskapet utan dempar på så her må eg finne på noko lurt.

 

20150523_155408r.JPG

 

Neste blir å kappe og gjenge .17 HMR-løpet. Men det blir ikkje 400mm. Kansje i 450-480mm området.

Link to comment
Share on other sites

Ja .22 LR er vel ein av få kaliber som kan få auka hastigheit ved å kappe løpet så det kan forklare fire klikk ned. Presisjonen ser ut til å vere minst like god etter den begrensa testingen eg har gjort.

Er ingen god skyttar, har lite erfaring med det. Og eg pleier å ha større spredning på blink enn colaboksar, av ein eller annan grunn...

Link to comment
Share on other sites

Bra jobba!

 

En liten kommentar; om du bytter mellom flere løp er det ikke noe særlig p bedde under løpet; de andre løpene dine har garantert ikke 110% lik diameter. Er de litt mindre-alt ok; er de litt større-ja så ligger ikke kassa der du vil den skal.

Hvor mye det betyr på en salongrifle? Aner ikke.

Link to comment
Share on other sites

Har ikkje bedda under løpet. La plastilina i overgangen mellom løp og kasse slik at det ikkje kom beddemasse der. Det er forøvrig god klaring mellom bakkant av løpet og løpskanalen i Boyd stokken.

 

Men du har sjølvsagt heilt rett, ein kan ikkje gå ut frå at to løp er heilt like, sjølv på samme rifle.

Link to comment
Share on other sites

20150525_211544r.JPG

 

10 skot liggande med tofot på 50m. Med ein eller annan subsonisk ammo. Det er nok det eg klarer på ein middels dag, og det er iallefall ikkje dårlegare enn med full lengde på løpet :)

 

Prøvde så vidt på 75m og. Då datt treffpunktet omtrent 7cm i forhold til 50m. Dei tre skota eg satt i skiva samla rundt eit-par-og-tjue-mm dei og. Trur eg skal klare "snusboksen" på 100m. Blir spennande å sjå.

 

Må få meg eit lite utvalg av ammo så eg kan finne ut kva som går godt i rifla.

 

17 HMR'en samlar ein del bedre med Winchester V-max. Tre skot 11mm c-c på 50m.

Link to comment
Share on other sites

Spennande tråd med mykje bra arbeid!!! :)

 

Likte god gjengeutstyret ditt, har du fleire bilder av det??

Har hatt lyst til og kappe og gjenge løpet på mauseren min sjølv, men sliter med at vi ikkje har skikkeleg utstyr til og dreie gjenger.

Korleis er demparen og skru innpå gjengane, fast og fin?

Link to comment
Share on other sites

:)

Ja den er tight og fin å skru på. Eg dreia littegrande på overmål slik at den ikkje skulle slarke. Den er slik at den ikkje kan "spinnast" på men må skruast. Likevel lett å skru for hand.

 

Har ikkje fleire bilder akkurat no, men det kan eg fikse seinare.

 

Gjengefresen er teken med utgangspunkt i ein slik fres: http://www.ebay.com/itm/351021006266?_t ... EBIDX%3AIT

 

Den er holdt fast i ein slik spennhylseholdar: http://www.ebay.com/itm/221720661734?_t ... EBIDX%3AIT

 

Holdaren har 20mm tange så eg laga ei aluminiumsblokk med eit kulelager i kvar ende som spennhylseholdaren står i. Og så satte eg i ein rundbolt i senterholet i tangen og dreia den ned til 12mm. Rundbolten er hardlodda fast. Denne er for å få den i chucken på ein vanleg batteridrill.

 

Og det er igrunn det heile.

Eg hadde tenkt å sette på ein eigen motor og det kjem eg kansje til å gjere seinare. Ved å skifte ut fresen med andre typar verktøy kan den brukast til andre ting enn gjengeskjæring. For eksempel sliping, aka "tool post grinder". Har ein ein motor med variabelt turtal og nok fart og torque blir den ganske universell.

 

-Og det finns sjølvsagt gjengefresar som passar til andre stigningar, og det er lett å byte om verktøy då det er ein vanleg ER16 spennhylseholdar.

 

Har nevnt ein del fordelar med denne metoden, men det er jo fleire: kan bruke samme verktøy til innvendige og utvendige, links og rette, og ein fres passar til eit relativt vidt spenn av gjengestigningar.

 

Det er berre å hive seg i det!

Den største jobben er å spenne opp pipa så ein er sikker på at den er rett. Rekk den gjennom spindelen er det nok ein fordel å klokke den opp i begge endar, men eg trur, innen for rimelegheitens grenser, at det ikkje er sinnsjukt "nøpe". Eg trur eg hadde kome unna med det om eg berre hadde spent opp pipa i 3-bakk chucken min. Men så er den rimeleg sentrert også då.

Og så blir det litt meir utfordrande når pipa har profil. Mine er jo varmintpiper med same diameter heile vegen.

Link to comment
Share on other sites

Eit par ord om gjengefresen. Den er enkel nok, produsert ut av eit 50x50 aluminium firkantemne, ca 100mm lang. Spent opp i 4-bakkchucken og bora hol i senter. Dreia lagersete i eine enden, snudd og dreia lagersete i andre enden. Så satt i maskinstikka i fresen og slanka littegrande samt runda to av hjørnene. Dette er gjort med vanleg profilfres for trearbide. Det funkar gullfint på alu.

Så er det satt i to lager med 20mm ID, OD trur eg var 27mm. Lagera sit tight i blokka og på akslingen, men har limt dei med raud locktight i tillegg.

 

ER16-holdaren har sylindrisk tange på 20mm. Den har og hol gjennom senter på 1/2". Eg satt den i 4-bakkchuchen og klokka den opp og satte i eit 1/2" rundtsål i senterholet. Hardlodda dette fast med sølvlodd (Harris safetysilv 56). Så dreia eg ned OD til 12mm, fordi eg likar metriske dimensjonar :), og for å ta av eventuelle skeivheitar.

 

Bolta fast ein stålbit for å få feste blokka i ein verktøyholdar til QC-toolpost'en min.

 

20150526_162829r.JPG

20150526_162839r.JPG

20150526_162923r.JPG

20150526_163032r.JPG

 

Kjøpte to frasar, ein som spenner over 0,5-1,5 og ein fra 0,8-2mm.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...