Jump to content

HJORTEJAKTA 2016


Hjortetrekk

Recommended Posts

Kjekt og høyre! :) Vi har ett vanvittig bra terreng ja!!Og det beste med det er stemningen i jaktlaget. Postering/jaging annakver gang, trekking av postar/jageplassar, trekking av kjøtt, osv. Alt blir gjort rettferdig og då er alle fornøgd og :)

 

Her kjem rapport frå Lørdag 29.10 :)

Eg jagde då og trekte plass som nest øverste jagar. Hadde ikkje gått lenge før eg såg det eg trudde var ein spissbukk som for fram og opp. Ga beskjed på radioen til jagaren over meg som posterar i begynnelsen av jaget. Gjekk 50-60 meter til så ser eg samme dyret står 40 meter framfor meg bakom buskas med breisida til. Legger an på eit tre og venter på at han skal begynne og gå. Ide han stiger ut av buskaset plystrar eg, bukken stoppar og eg skyter :) Den spretter avgårde 10-15 meter før den begynner og sjangle att og fram. Så begynner den og gå sakte skrått opp og heimover. Begynte og bli skeptisk når den hadde gått litt sjølv om eg følte skuddet var bra så sikta på hode for og avlive, men såg med ein gang at eg bomma med det skuddet.

For og gjere ei lang historie kort fant eg ikkje 2,5 års bukken igjen. Og vi som ikkje skulle skyte bukk :? Såg det rett og slett ikkje før etter eg hadde skutt. Bukken var under 60kg så størrelsemessig kunne den lett vært ein spissbukk.

Leita lenge og jagaren over meg kom ned og hjelpte meg. Fann tydelege blodspor der eg hadde bukken i synet men så forsvant det. Gjekk litt nedover lia og såg men fant ingenting. Til slutt blei eg og jaktledar einig om at vi måtte ringe til hund. Gjekk fram og opp på ein liten "topp" for og få dekning. Ringte ettersøksmann og avtalte med han, og ide eg la på og snur meg ser eg bukken ligger nedafor meg :P Den låg rett under ein 2 meter høg hammar så både eg og han andre som leita har stått 2-3 meter ifrå den og ikkje sett den. Utruleg lettelse og vite at den var død og ikkje hadde sprunge langt. Målet mitt om 100 dyr uten ettersøk er fortsatt innen rekkevidde :mrgreen:

 

Når eg kom fram til bukken såg eg hol på inngangs sida rett framfor låret der det hang ut litt fett og diverse :shock: Kunne ikkje skjønne at eg hadde treft så langt bak, heller ikkje at det var komt greier UT i inngangsholet. Vomba den i full fart og gjorde ferdig jaget. Det blei skutt to koller på postane, pappa skaut den eine :D

Her er kolla han skaut, låg 20 meter frå skuddplassen :)

20161029_131300_zpsrnmtdaih.jpg

 

Deretter for eg, broderen og ein til ned igjen og tilbake for og hente bukken eg skaut :) Her har vi funne igjen bukken :)

20161029_142024_zps9ydhbeyx.jpg

 

"Spissbukken" :P

20161029_142133_zps9cgzuazl.jpg

 

Under "obduksjon" oppdaga vi noke merkeleg. Inngangsholet var ikkje gale, ca 3cm bak bogen. Så hadde kule treft andre sida UTEN og gå igjennom :? Tydeleg "treff" der men ikkje hol. Så har den sprutte tilbake og laga det holet eg trudde var inngangsholet når eg fant bukken. Og deretter har kula lagt seg inn på sida av indrefileten, heldigvis uten og øydelegge noke. Fant igjen kula og då såg den sånn ut:

20161029_165705_zpsqueozlrr.jpg

 

Heilt tydeleg at den ikkje har ekspandert skikkeleg. Plastikk tuppen er vekke. Brukar federal Premium thropy bounded og har funne mange kuler som har vært perfekt soppforma, seinast helga før på fjorkolla eg skaut. Så veldig overaska over denna kula. Har lurt lenge på og prøve blyfri ammunisjon så kansje detta var tegnet på og begynne :P

Link to comment
Share on other sites

Takk for fin historie og bildeserie :)

 

Dokke har som du seier bra med dyr i terrenget. Har du inntrykk av at det blir færre dyr i terrenget når dokke jager? Eller har det liten eller ingen innvirkning på bestanden i terrenget trur du. Kor ofte kan man "jage" eller gå i terrenget uten at ein øydelegger for seinare i sesongen?

 

Grunnen til at eg spør er at det er eit tema som vi i jaktlaget ofte tek opp i løpet av sesongen. Vi er alle einige i at dyra ofte har lengre fluktstrekning seint i sesongen enn tidleg når det er meir åpent og glissent. Om dei også bruker lengre tid på å komme tilbake om dei ikkje blir skutt i drevet, har vi ulike oppfatninger om...

Link to comment
Share on other sites

Nei tvert imot så trekker det fleire dyr hit iløpet av brunsten :) Terrenget blir fylt opp med bukkar spesielt.

Vi skyter 10-15 dyr på bøen og resten av kvota på 50 dyr i skogen på jag. Det har vi gjort i 7 år no og for meg så virkar det som sjølve jakta har liten innvirkning på dyra. Noken springer nok ut av terrenget men dei fleste kjem tilbake trur eg :) Noken rømmer nok frå jag på den måten at dei blir i dalen og. Vi har ein heil dal + fjellterreng så det er eit stort terreng totalt sett. Det vil jo virke inn positivt på dyra som springer frå jag, at dei kan rømme frå jaget men samtidig blir dei i terrenget vårt.

Har opplevd fleire gangar at det f.eks kjem dyr ut på bøen om kvelden på plassar vi har jakta på dagen. Trur dei generelt blir lite skremt at sjølve jaget og at dei roer seg ganske fort når dei har komt forbi postane/sprunge ut av jaget :)

 

Men det er no berre mi meining og eg har kun erfaring frå vårt terreng.

Link to comment
Share on other sites

  • 4 weeks later...

Noen som jakter hjort i Romsdalen her? Er her på jobb for tiden og har observert mye hjort og veldig mye spor i snøen. Idag la jeg merke til noen store spor etter rovdyr ved siden av en del av hjortesporene. Mye større enn rev. Finnes det ulv her? Mener jeg leste en sak om en hjort som ble tatt av ulv her for noen år siden.

 

Grunnen til at jeg lurer er at jeg stod på veien, og speidet ca 300m inn i skogen da jeg plutselig får øye på et tog med hjort som løper i stor fart. Slo meg bare som merkelig oppførsel, og sett litt i sammenheng med sporene :)

Link to comment
Share on other sites

Hei

 

Hvor i Romsdalen jobber/ så du dette? Hadde en streifulv i Mai/Juni for tre årsiden om jeg husker helt

feil. Eidsvåg- Eresfjord -Eikesdal så videre over fjellet til Sunndal Fale-Gjøra opp Gråura.

Tok mange lam og sauer på kort tid.

 

 

 

Knut

Link to comment
Share on other sites

  • 3 months later...
  • 2 months later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...