Jump to content

Drita lei av 264 Win Mag


rp15oryx

Recommended Posts

Litt bakgrunn. Mauser med oppbrukt løp i 8x57 IS. Så, ein gong på nittitalet, kom eg over ei lang rustfri Douglas pipa i ein 6,5 Weatherbyvillkatt, (må ha vore WWH eller tilsv) visstnok berre gått nokre få skot, for ein billig penge hjå ein anerkjent børsemakar på Vestfossen. Stokken var ikkje bra heller, men eg kom over ein Mauserstokk frå Kragujevac som eg tenkte ville passa. Kalibervalget var for å berga mest mogeleg pipelengde med utgangspunkt i ekstremkammeret for villkatten. Rafdal på saken, tilpassa stokken, kappa litt bak på pipa, kamra og dreia og tilpassa med pipeskiftforing for å tenkja litt fram i tid. Dollaren var svak den gongen, så på toppen kom ein Leupold stjernekikkert med linsa stor som eit dolokk og forstørring så eg verkeleg skulle sjå Bambi i kvitauga på ein halv dagsmarsj avstand. 
 

Så vart det 140 kuler av ulike slag framom AA8700. Det brann slik som kamferkulene me sota framsikte med før i tida. Dette som skulle vera det ultimate kruttet i denne patrona. Aldri sett så mykje svart styggedom i eit løp, ikkje etter blåfisen i tolvsjuen i militæret ein gong, endå eg meiner bestemt å hugsa at hylsene var stappfulle og vel så det, og med F 215 for å få bålet i gong. No når sjølvaste @Per-S har åtvara mot nedbryting så tømmer eg resten  over på flaskene med restar og støv som eg har merka Fyrverkeri. 
 

Neste forsøk vart 140 Swift framom Norma 15, som oppførte seg bra og gav jamne hastigheiter over gjettografen, som omkom i ei skyteulykka litt seinare. Denne ladningen fekk eg eit dyr med, lungeskot og 100 meter flukt. Ikkje slik virkning som ein las om i Guns & Ammo på 80-talet, men det hadde eg ikkje venta heller. Hjorten burde eigentleg ha daua litt fortare når kula går med ein slik frykteleg fart. Men flatt nok gkk det, og eg tenkte at litt meir trening så var eg gong med druge hald, som begynte å bli populært, i alle fall å snakka om. Resten av livet tok tak i meg, og eg innsåg at eg var og blei i beste fall ein korthaldsskyttar. 
 

Andre våpen måtte på jakt dei og, og Mauseren vart ståande i skåpet i mange år. No har eg skote med det eg har hatt og ikkje ladd ei patron på åtte år. 308en har vore med mest, etter at eg vart lei av mateproblem og spinndyre hylser i forrige favoritt. Men no ein kveld, på jakt etter dei mange boksane eg trudde eg hadde i 308 og andre kaliber, kom eg over resten av desse Swiftane, tretten stykk. Då vart Mauseren og med på banen, sjekka treffpunkt med tre skot, skaut til Minute of Bambi og innført i registeret. Men då var det berre fem patroner igjen i boksen, og diene måtte leitast fram. Ein boks oryx, kjøpt på tilbod på 90-talet, dukka opp på botnen av ein murebalje (kr 3,75 pr stykk). 
 

Litt puss og omsorg, så var det inn i den gamle oransje pressa. Lappen i boksen fortalte at Swiftane var tredje runde med desse hylsene, og det mangla seks. Sprukke før tida? Nærstudie viste teikn til sprekker i fleire halsar. Kalibrerte ei, som sprakk på ekspanderen. Kva no. Skulle helst hatt til innskyting måndag, så netthandel utgår.  Gløding einaste utveg, elles veit ein kva det blir. Aldri gløda hylser før. Kor nøyaktig må ein vera? Fram med solide hanskar og ein propanbrennar. Mange av hylsene fekk farge a la Nato, nokre fekk sikkert i minste laget, men betre enn ikkje noko. Ei hylsa til som eg såg såvidt sprekka på i lyset frå brennaren. 
 

No sit eg og lurer på å ekstrapolera fram ein ladestige med N-165 (har ein heil boks) eller om eg skal gå for publiserte data i N-160. Det siste har eg ikkje nok av til heile boksen. Har både F 215 og standardhetter. Tips til startladningar med tilgjengelege krutt vert godt mottekne. Det samme gjeld andfe tips for å kunna leva med 264en. Elles lurer eg seriøst på å testa matingen med 6,5x55 og skifta pipa, utdragar og sluttstykke. Då får eg gratis hylser og ferdige, truverdige ladedata i eit kaliber som duger til alt, men ikkje til førstkommande måndag…

 

  • Like 6
  • Thanks 2
  • Haha 8
Link to comment
Share on other sites

Det enkleste kruttet å bruke er N15/MRP som du får gjennom skytterlag. Da finner du ladedata og du slipper ladestige.  Du kan også lade litt svake ladninger med 165 slik at du slipper ladestige, det blir nok hastighet uansett. Bruk magnumhetter. 

Ikke skift pipen i våpenet, skyt noen hundre skudd til så er det utslitt og da får du mye bedre samvittighet når du skifter et utslitt løp og ikke ett som er OK.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Reknar med at 215 set godt fyr på 56 med N 165. Litt tilbakehalden ladning, men eg kjem ikkje til å rekka nokon ladestige, og det finst ikkje truverdige data. Forventar fart i klasse med ein god 6,5x55 eller litt meir. Oryxane ser ut til å vera etter faceliften, dei aller første hadde meir eksponert bly og skapte skepsis og gelekjøt. Eg har kort kuleskråning og måtte setja til såvidt over 80. Då stikk dei noko ned i hylsa, men der er det god plass. 
 

Hettene gikk ikkje langt nok inn med RCBS sin håndholdte, så eg måtte leita fram den gamle Lee hettesetjaren, som ein skrur i pressa. Ein dag skal eg shimsa opp handsetjaren slik at han funkar etter hensikten, men det hadde hjelpt litt om Winchester (og i alle fall S&B) hadde gidda å pressa hettelommene djupe nok. Endå eit par halssprekker oppdaga, no er det berre 40 stk igjen. Men dei er no gløda i halsen og ladde svakt. Då bør dei leva til evig tid, ikkje vel? 
 

Så får me sjå når albuen blir god nok om eg kjem meg på banen og får sjekka treffpunkt. Burde vel ha teke av stjernekikkerten og fått på noko meir egna til korthaldsjakt. Har ein gammal stål-Zeiss Made in West Germany. Tung og klumpete, men gode nok linser og begynnar på 2,5 X, og eg har fått ein del dyr med han. Eg tek i alle fall med eit par andre rifler på banen som eg har lada til i dag eller funne att patroner til. Djupdykk på lageret, kall det gjerne utgraving, fekk diverse patroner og kuler fram i lyset, ting eg ikkje har sett på lenge. Dei som vil ha full kontroll må aldri flytta til eit mindre hus. 
 

 

  • Haha 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...