Jump to content

Korleis påverkar adrenalin fluktavstanden hos Hjort?


isagang

Recommended Posts

Har laga ein spørjeundersøkelse, der svara skal brukast til eit forskingsprosjekt på skulen.

 

Forskingsprosjektet og spørjeundersøkelsen omhandlar korleis adrenalin påverkar fluktavstand hos hjort etter fyrste skotet og om stressa dyr generelt har lengre fluktavstand enn dyr som ikkje er støkkt, jaga eller generelt stressa.

Hypotesa i dette prosjektet omhandlar at dyr med høgt adrenalinnivå har lenger fluktavstand enn dyr som blir skote i ein roligare situasjon.

 

Ønsker også å sjå om f.eks. bukkar eller andre typar hjor skiller seg ut når det kjem til fluktavstand.

 

Håpar flest mogleg tar seg tid til å svare på undersøkelsen, der ein f.eks. kan ta for seg fyrste hjorten ein skaut, siste hjorten ein skaut eller bare eit hjortefall som ein hugsar svært godt. Om nokon ønsker å fylle inn for fleire hjortar, er det mogleg å ta den fleire gongar ved å gå inn att på linken.

 

https://no.surveymonkey.com/r/X9NKVWB

 

Om nokon har spørsmål, er det bare å kommentere denne posten eller sende med ein PM.

 

På forhånd takk!

- Isak Gangeskar

Link to comment
Share on other sites

Interessant med slike undersøkelser, og eg har også inntrykk av at skremt hjort har lenger fluktstrekning enn rolig hjort, i gjennomsnitt.

Men når eg fylte ut undersøkelsen med et av mine hjortefall så sitter eg igjen med inntrykk av at undersøkelsen burde vert litt meir detaljert for å få et meir nøyaktig svar på spørsmålet du ønsker å besvare. Faren er jo sjølvsagt at ein får så mange alternativ at det er umulig å konkludere med noe som helst.. Spesielt om du ikkje får inn veldig mange registreringer.

 

F.eks tenker eg det burde vert avkryssing for om hjorten var observant på jeger før skuddet. Det føler eg påvirker fluktstrekning, og har gjerne med at adrenalinet da har startet å pumpe rundt i kroppen i det hjorten oppdager at det er noe ukjent/skummelt på gang. (gjelder vel spesielt der dyret ikkje er jaget)

 

Så tenker eg det burde vert fleire alternativ på skuddplassering. f.eks om skuddet gikk gjennom ein eller begge bogene. Om begge bogene er skutt gjennom, så har eg inntrykk av at dyrene ramler fortere enn om kun ein eller ingen av bogene var rørt. Og så bør det vere avkryssing for om ein var borti ryggraden på dyret. Da dette så godt som alltid gir 0 i flukt.

 

Kaliber kunne ein gjerne også hatt med i undersøkelsen da det også vil/kan påvirke resultatet. Eg jakter stort sett med to ganske ulike kaliber på hjorten og eg logger alle resultatene. Og det er i gjennomsnitt ca halvparten i fluktstrekning med det groveste kaliberet eg bruker. Sjølvsakt kunne ein tatt med kulevalget også men da blir det veldig mange alternativ.

 

Dette er bare meint som gode råd og håper uansett du publiserer resultatet her når du er ferdig.

Link to comment
Share on other sites

Tusen takk for mange gode synspunkt og refleksjonar, T3 Varmint!

Før undersøkelsen blei publisert hadde eg fleire diskusjonar med div. jegera som eg har kontakt med, og merkelig nok så kom aldri tipset om eit spørsmål om hjorten hadde observert jegeren opp, ser nå i ettertid at dette er eit spørsmål som absolutt hadde hatt sin plass i spørjeundersøkelsen. Heldigvis har mange av dei 337 som til no har svart på undersøkelsen skreve litt meir utfyllande om situasjonen der dyret blei skote og også om skot plassering.

Det med kaliber var mykje diskutert i "forkingsgruppa" før publisering, men vi fant ut at det kunne bli litt for avansert, men også her har eg fått mange gode innspel og erfaringar med forskjellige kaliber.

 

Er godt mulig at nokon av spørsmåla er like frå "Bedre hjortjakt" som blei publisert i 2004 som eit samarbeid mellom Norges jeger og fiskeforbunn og miljøavdelinga i Møre og Romsdal. Har lese denne rapporten opptil fleire gongar både før og etter publisering av min spørjeundersøkelse, men følte at den gikk litt meir på jegeren genrellt og om jegeren sine kvalitetar og skyteerfaring påverkar skadeskyting og lignande.

Link to comment
Share on other sites

  • 8 months later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...