Jump to content

isagang

Members
  • Posts

    65
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by isagang

  1. isagang

    Baofeng UV-5R

    Kjøpte en slik billig radio til å bruke som reserve og lurte dermed på om nokon hadde fått til å stille denne inn på pilottoner og evt. korleis dette blir gjort? Har prøvd å lese litt på ulike engelske forum uten for mykje hell
  2. Tusen takk for mange gode synspunkt og refleksjonar, T3 Varmint! Før undersøkelsen blei publisert hadde eg fleire diskusjonar med div. jegera som eg har kontakt med, og merkelig nok så kom aldri tipset om eit spørsmål om hjorten hadde observert jegeren opp, ser nå i ettertid at dette er eit spørsmål som absolutt hadde hatt sin plass i spørjeundersøkelsen. Heldigvis har mange av dei 337 som til no har svart på undersøkelsen skreve litt meir utfyllande om situasjonen der dyret blei skote og også om skot plassering. Det med kaliber var mykje diskutert i "forkingsgruppa" før publisering, men vi fant ut at det kunne bli litt for avansert, men også her har eg fått mange gode innspel og erfaringar med forskjellige kaliber. Er godt mulig at nokon av spørsmåla er like frå "Bedre hjortjakt" som blei publisert i 2004 som eit samarbeid mellom Norges jeger og fiskeforbunn og miljøavdelinga i Møre og Romsdal. Har lese denne rapporten opptil fleire gongar både før og etter publisering av min spørjeundersøkelse, men følte at den gikk litt meir på jegeren genrellt og om jegeren sine kvalitetar og skyteerfaring påverkar skadeskyting og lignande.
  3. Heisann Lurte på om nokon hadde erfaringar med gode jaktklær frå utenom Noreg, som kanskje er også litt billigare enn dei vi har i Noreg? Tenker då på lette jaktklær som er lette og nokonlunde regn- og vindtette. Er ikkje sikkert det er veldig vanlig å kjøpe jaktklær frå utlandet, men tenkte eg skulle høyre interessen
  4. Som eg skreiv på ei anna facebookside eg posta den på, vil eg presentere og analysere dei moglege resultata i ein rapport som eg gjerne delar med alle
  5. Tusen takk! Dette er også mi oppfatting, men finner ikkje noko klar forsking som tilseier at dette faktisk er fakta. Det er dette eg eg ute etter å "fastslå" med svara frå denne undersøkelsen
  6. Har laga ein spørjeundersøkelse, der svara skal brukast til eit forskingsprosjekt på skulen. Forskingsprosjektet og spørjeundersøkelsen omhandlar korleis adrenalin påverkar fluktavstand hos hjort etter fyrste skotet og om stressa dyr generelt har lengre fluktavstand enn dyr som ikkje er støkkt, jaga eller generelt stressa. Hypotesa i dette prosjektet omhandlar at dyr med høgt adrenalinnivå har lenger fluktavstand enn dyr som blir skote i ein roligare situasjon. Ønsker også å sjå om f.eks. bukkar eller andre typar hjor skiller seg ut når det kjem til fluktavstand. Håpar flest mogleg tar seg tid til å svare på undersøkelsen, der ein f.eks. kan ta for seg fyrste hjorten ein skaut, siste hjorten ein skaut eller bare eit hjortefall som ein hugsar svært godt. Om nokon ønsker å fylle inn for fleire hjortar, er det mogleg å ta den fleire gongar ved å gå inn att på linken. https://no.surveymonkey.com/r/X9NKVWB Om nokon har spørsmål, er det bare å kommentere denne posten eller sende med ein PM. På forhånd takk! - Isak Gangeskar
  7. Tusen takk for alle svar og tips! Tenke å bruke den til reserveradio og "studentradio" til inntektene er større enn utgiftene. Etter eg ser kva dykk andre har erfart, trur eg det skal blir ei ok løysing for meg dei neste par åra. Men trur den blir beskytta meir for veir og vind enn zodiacen eg har hatt i ei årrekke no, med tanke på kvalitet og lignande. Har også kjøpt ekstra batteri og antenne til den, men ikkje kjøpt kabel til programering, då eg fant en video som beskreiv det ganske bra manuellt.
  8. Heisann! Er det nokon her inne som har erfaringen med Baofeng UV-5RA? Vanskelig å legge inne jakt kanalane utan kabel? og kanskje kordan radioen er i felt, med og utan skogsantenne osv. Sett pris på svar om noken har synspunkt! Veit godt det er ein radio som er i gråsona, men har tenkt å gjere det lovlydige å betale avgifta og redigere kanalane for at den skal kunne brukast
  9. Då var sekken komt inn døra og har blitt brukt på 2 jaktturar. Må ærlig innrømme at eg er ganske positivt overaska. Sekken er veldig god å bære på vanlige turar utan å ha for mykje vekt i, og min sako finnlight ligger meget godt i futteralet uten demper. Gode glidelåser, og store lommer på sidene som lett rommer ei 1,5L flaske. Lomme på toppen med god plass til utstyr som burde vere lett å få tak i. Trur den kanskje blir erstattaren til min norønna hjerkinn resten av sesongen, på grunn av sidelommene, futteralet og bærekomforen.
  10. Var så heldig å fekk skutt meg en hjort forrige helg. Hjertet fekk sjølvsagt skytteren og er nå ute etter å tilbrede det på slik måte at det er etande for folk. (Grunnen til at eg vil bruke hjertet er fordi det var einaste eg rakk å ta med meg til hybelen og fordi en kompis annbefalte det) Hjertet er komt på tining etter ei lita veke i frysaren. Har alltid vore bortskjemt med fantastisk møre biffar i tida, men no er fattern vekk på sjøen og eg står her totalt handligslamma... Og så til det store spørsmålet; Kan eg bruke dei fire "delane" eg snitta hjertet i etter fall til å lage biff, og evt. korleis ville du/dokke ha gått fram? Tar det som ei sjølvfølge at "toppen" på hjertet er skore reint fra årer og lignande.
  11. Px888 blir sann dualband sant? Med både vhf/uhf? Kordan vil du sette den opp mot icom'en når det kjem til prestasjoner? Siden du, Jegerbombom, bruker den isteden for en icom må vell den ha greie kvaliteter bortsett fra størrelse og vekt også? Tusen takk for svar forresten
  12. Etter at min kjære følgesvenn gjennom 7år plutselig blei sjølvstendig og begynne å snakke for seg sjøl uten at eg var bort i knappene på den, MÅ eg få tak i en ny en for som f... Har sett rundt på ebay, for vil ikkje bruke altfor masse penger på den iår. (Student og lignende) Derfor er eg ute etter en god radio frå ebay som holder ut året og kan vere en god reserveradio når en ny "skikkelig" radio kjem på bordet. Er det noken som har erfaringar eller klare formeiningar om kav som er den beste ebay-radioen?
  13. Vi får bare vente å sjå om det dukka opp en hynjel eller noke slik, sjøl om eg har min tvil Hjort er her absolutt i nærområdet, skal ikkje lenger enn 15-20min før dei fyller kvota årlig! Men virker ikkje som dei likar seg i vårt området utover hausten. Trur dei har bra med dyr på Stadt ja, men dessverre ikkje heilt der vi jaktar..
  14. Skjønner noken lunde slik som du forklarer det Divesupt, men skjønner ikkje heilt koffor kommunen må absolutt ta ut storbukk på et av valda og at dei andre nabovalda har fulle kvoter i forhold til areal, når her ikkje er dyr å ta av på noken av valda... om det var en hjort som var så uheldig å rote seg utover mot kysten er her jo 4-5vald som står i kø for plaffe den ned.. meiner det burde vere en plan som følge av det som er observert tidliger år?
  15. Har seg sann at det lokale valdet heime iår har fått tildelt 2 hjortar, og dette er i tilfelle heilt greit pga. av en ganske uforutsigbar og liten lokal stamme som ikkje har blitt forvalta på den beste måten. Har sikkert kunne ha hatt både 3 og 4 hjortar om det stod på areal, men kan egentlig ikkje klage pga. lite dyr.. Men så til det store spørsmålet; koffor har vi fått tildelt 2 bukkar, en stilk og en "storbukk", medan nabovalda har fått tildelt meir "normale" kvoter med unge fjordyr, kollje og kalv... Kan godt hende eg er heilt blåst vekk, men eg ser ikkje heilt forvaltningsplanen til kommunen..
  16. Flott å høyre at du er positiv barerobert! Gjenstår bare å vente og sjå
  17. Etter at både stipend og lønn tikket inn på konto nå i ettermiddag, måtte eg bare prøve. Så får vi sjå... Frykter kvaliteten er som dere beskriver, meget dårlig, men har då vertfall en fin sekk til å komme meg til og fra skytebana med alt pikkpakket vi treng Skal komme tilbake seinare for å bekrefte, evt.avkrefte påstandane dokka!
  18. Heisann! Surfa litt rundt på ebay når eg fant en riflesekk til en meget hyggelig pris! Tenkte å høyre her inne om det var noken som har erfaringar med denne? Dei fleste hadde vell gått for en eberlestock istede, men min student økonomi strekker ikkje til der... Her er link til sekken: http://www.ebay.com/itm/321284347552? Fekk opplyst at heile sekken er på ca. 60L , så tenker å bruke den mest som dagstursekk på hjortejakt der man kan putte rifla oppi ved lengre etapper og draging av dyr! Noken som har tankar/erfaringar å komme med?
  19. Heisann! Går inn i min første jaktsesong som "Moldenser" og lurer derfor om det er noen som kunne tenke seg å hatt med en ekstra person på noke type jakt? Eg er ein 18år gammal gut som flyttet til Molde for å drive med min andre store intresse, nemmelig fotball. Speler fast på Molde 2 og kan dermed ikkje klage på den fysiske formen. Har vokst opp med jakt og fiske heime i Nordfjord, og har eiga rifle og storviltprøva om dette skulle bety noko. Rekker dessverre ikkje å reise heimatt i helgene for å jakte, så hadde blitt glad om noken ønsker en ekstra person med på jakt her i området. Har dessverre ikkje mulighet til å leige eller betale veldig mykje pga. en ganske dyster studentøkonomi.
  20. Heisann! var bort i akkurat samme problemt for et år sidan, mitt valg falt då på finnlighten i kal. 6,5 Med zeiss 2,5-10x50 og hausken orginal på! Synest rifla har en fantastisk balanse og presisjon, angrer ikkje eit sekund! Men selfølgelig er rifla tung når du går med den på skuldra en heil dag, men då er det bare å skru av lydemperen å putte den i sekken, så sparer en noken gram på skuldra men som sagt lenger oppe, trur eg den hadde blitt FOR lett med eit mindre sikte og uten lyddemper, då eg skyter verre med superlette rifle! Uansett lykke til med valget, og begge riflene er utrulig flotte våpen -ISak
  21. Heisann! Har tråla nettet fram og tilbake no etter svar, men står fortsatt fast! Kan eg som 16åring ha ei rifle på låneavtale frå min onkel til småviltjakt, har plan om å jakte aleine? Eg har bestått jegerprøve ! (og skyteprøve for storvilt, og ev våpensøknad inne som er til behanling ) Takker for hjelp og svar!
  22. Heisann! Gar inn i min fyrste jaktsesong som skytter og med nyinnkjøpt Sako i 6,5x55 lurer jeg derfor på om noen har ferdig patroner å annbefale? da både revejakta og oppskytninga er snart, kunne jeg gjerne tenke meg å ha både ekspanderende og heilmantell som går noen lunde likt eller varierer det fra rifle til rifle ? Takker for svar og ønsker alle en for[treff]elig forbredelse til årets sesong !
  23. Ja, har sett litt på forskjellige sekker, men kunne helst ønske meg en med mange utvendige lommer og 60L Men eberlestock har ingen ideal sekker, so må enten bli en stor med mange lommer, eller en "liten" uten lommer kresen? JA
  24. Korleis er det med dei utvendige lommer på denne? syneste det er vanskelig å sjå på bildene... Ca.volum?
×
×
  • Create New...