protto Posted July 9, 2015 Share Posted July 9, 2015 Behovet for ei storviltrifle har meldt seg etter eit eigedomskjøp i fjor, og bestått jegerprøve i vår Etter mykje om og men kjøpte eg ei Weatherby Vanguard synt DBM i 30-06 på XXL fra lista over "billige våpen" (du finn den på nettsida). Dette er ein utstillingsmodell fra butikken i Ski, og vart min for den nette sum av to og eit halvt laken... Det som kansje er innlysande er at stokken er skikkeleg jalla. Den er forsåvidt god å holde i men har eit skikkeleg billig preg. Og så er ikkje løpet akkurat frilagt... Det er så ille at stokken blir snørt godt oppi løpet når ein dreg til sjefteskruene. Så det første eg gjorde var å skjære og pusse løpskanalen. Eg tok vekk ganske mykje plast, men likevel ville løpet nedi kanalen. Heilt til sluttstykket subba nedi magasinet, og vel så det. Etter litt nøye undersøkelse visar det seg at rekylklakken ikkje landar der eg trudde den gjorde. Heile "barreled action" forsvant lenger og lenger nedi stokken etterkvart som eg fjerna plastikk i løpskanalen. Då dreia eg to aluminiumsøyler med passe hol for sjefteskruene. Den fremste søyla fekk ein "krage" slik at den byggde 2mm opp fra botnen av brønnen til rekylklakken slik at denne landa på toppen av søyla. Begge vart støypt fast med epoksy. Når limen var herda trimma eg lengda på undersida slik at underbeslaget låg jevnt. Så fekk rekylklakken ein god klatt epoksy, og no ligg løpet fritt og fint. Stokken er faktisk stiv nok til støtte med tofot no. Den har stått i skapet ei god stund utan å ha fått særleg oppmerksamheit. Etterkvart kom eg over eit bra tilbod på Jaktdepotet, Nikon Monarch 2,5-10X50 til 3500,- Den kjøpte eg. Fekk tak i ei Picatinneyskinne til Rem700 fra Brownells til rundt 500,- passa rett på. Monterte kikkerten i Leupold QRW. Dei kosta nesten halvparten av rifla Var å brende av åtteogtredeve skot her om dagen og rifla går godt. Har ikkje noko bevis på papp for det vart mest "tyleskyting" på tomboksar, men ein ting som openbara seg var at magasinet ikkje ville mate. Rekylen gjorde at magasinet bikka ned i bakkant så neste patron ikkje ville vere med inn i kammeret. Når eg kjende etter så sit magasinet ikkje akkurat som ein tørr tommel i baken, og ein kan lett dra det ned i bakkant så mykje at sluttstykket ikkje når tak i neste patron. -Ikkje bra! Vel er det ei billig rifle, men eg forventa at magasinet matar utan at ein må dytte det opp under ladegrep. Eg gjekk heim i tenkeboksen og kom fram til at det er alt for stor klaring mellom magasinbrønn og magasin. Både framme og bak og på sidene med. Det enda opp med at eg forsøkte med messingshims i bakkant av magasinbrønnen, og så i fotkant, og så begge deler. Eg limte fast 0,3mm messingplater forran og bak, og no følest den nesten som om børsa er av europeisk oprinnelse og magasinet matar som eit sveitsisk urverk Har ikkje testskote endå med nye magasinmodifikasjon men har trua! Har ca 9mm klaring mellom kikkert og løp så eg må få bytta til låge ringar. Og så har eg skaffa ein A-tec TMM-4 som skal på. Spørsmålet er berre kor langt løp eg skal ha. Startar gjerne på 50cm og jobbar meg nedover... Slik ser rifla ut i dag med 61cm løp, picatinny, Nikon Monarch 2,5-10x50, medium QRW og Norma tofot: Neste episode blir om tilvirkning av låskassenøkkel, løpstikke og kapping og gjenging for lyddempar Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
SuperHansen Posted July 11, 2015 Share Posted July 11, 2015 Her ser det ut til at det ikke er noe i veien med kreativitet og gjennomføringsevne! Bra jobba,fint at du tar mye bilder og legger ut gode beskrivelser,det er sånne ting kammeret overlever på. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
ChristerM Posted July 11, 2015 Share Posted July 11, 2015 Slike tråder liker jeg! Må si meg helt enig med SuperHansen! Bare å fortsette...... Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
protto Posted September 3, 2015 Author Share Posted September 3, 2015 (edited) Ei stund sidan sist... Laga ein låskassenøkkel tilpassa Vanguard-kassa. Det er to "kubbar" 40x40mm firkantstål som eg satt i dreiebenken og bora ut hol med diameter til låskassen pluss 0,3mm så det er plass til eit messingshims mellom kasse og nøkkel. Vanguardkassa er flat i botnen og har integrert rekylklakk. Fresa ut spor til dette i den eine halvdelen. Bora to hol gjennom dei to halvdelane mens dei fortsatt var spent saman og satte i to 12mm gjengestenger. Desse er sveisa fast i underdelen, saman med håndtaket som er eit 30mm tjukkvegga røyr. Sveising er ikkje mi sterke side så det er ingennærbilder av sveisen Planfresa eine halvdelen bittelitt slik at dei klemmer godt saman mot kassa når boltane blir trekt til. Løpet klemde eg fast mellom to halvmånar i skrustikka. Laga og ein aluminiumring som vart splitta på eine sida for å spare finishen på løpet. Dette fungerte dårleg. Trur eg skulle hatt ei hydraulisk verkstadspresse for å få klemt det skikkeleg fast. Herpa løpet skikkeleg i forsøket... ikkje bra... Men eg fekk tak i eit uskutt originalløp til ein billig penge så då var det berre å få det ut på ein eller annan måte. Spente opp løp med kasse i dreiebenken og dreia eit avlastningsspor rett framfor kassa. No løsna skrapløpet mykje lettare. Litt irriterande at eg ikkje klarte å splitte løp og kasse utan å fø**e opp løpet. Menmen, ein må jo ta nokre sjangsar her i livet, ellers blir det kjedeleg Edited September 5, 2015 by Guest Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
protto Posted September 3, 2015 Author Share Posted September 3, 2015 (edited) Neste ut er kapping og gjenging av løpet. Kjøpte ein lett brukt TMM-4 fra A-tech. Denne hadde 14x1,5mm gjenger så då er det valget tatt. Lengden vart 50cm. Ville i utgangspunktet ha så kort rifle som mogeleg så 50cm ser eg på som eit kompromiss mellom lengde og utnyttelse av patron (30-06). Kan alltids korte inn meir i framtida. Point of no return: Gjengefresing i dreiebenk, snart ferdig. Kuttar heile gjenga i eit pass. Veldig effektivt! Rifle satt saman igjen: Med dempar: Har etter dette skutt storviltprøven og litt ekstra trening. Det som er med originalstokken er at den har ein usannsynleg låg kolbekam som nok passar best til åpne sikter. Når eg bygger opp ca 3-3,5cm får eg god kinnkontakt. Men liggeunderlag og ductape er stygt som nøkken så eg må finne på noko bedre. Kansje ein slik kydex-sak hadde funka. Ellers har eg bestilt ein kkc-stokk. Men den har ukjendt leveringstid så eg er litt usikker på kva eg skal gjere. Edited September 5, 2015 by Guest Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
ivara Posted September 3, 2015 Share Posted September 3, 2015 siden du hittil har klart alt selv , så må du jo lage kolbeforhøyeren selv også http://m14forum.com/m14/42837-home-made ... -rest.html Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
protto Posted September 3, 2015 Author Share Posted September 3, 2015 Takk for link. Ja det må bli noko slikt trur eg. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
ztianf Posted September 4, 2015 Share Posted September 4, 2015 Ser ikkje bilda du la ut i går, er det bare meg eller? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Bartemannen Posted September 4, 2015 Share Posted September 4, 2015 Kan ikke se noen bilder jeg heller. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
protto Posted September 4, 2015 Author Share Posted September 4, 2015 Hmmm... må forske litt på det. Ser ikkje bilda lenger eg heller... Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
protto Posted September 5, 2015 Author Share Posted September 5, 2015 Trur bilda skal vere på plass no Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
OIH Posted September 5, 2015 Share Posted September 5, 2015 http://www.jaktogfriluft.no/display.aspx?menuid=0&prodid=29525 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
1983 Posted September 5, 2015 Share Posted September 5, 2015 Skal du lage selv av koden vil jeg anbefale å legge kydexemnet i stekeovnen til den blir som lær istedenfor å bruke varmluftpistol Moro å se folk gjøre ting selv ! Tommelopp Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
marksman Posted September 5, 2015 Share Posted September 5, 2015 Slike tråder liker jeg og Har du eget verksted? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
protto Posted September 5, 2015 Author Share Posted September 5, 2015 Takker takker! Har ein liten hobbyverkstad med ein passe stor dreiebenk, liten fres og diverse anna knask Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.