Jump to content

Litt ladetips til godt "erfaren" heimeladar:


Inbreak

Recommended Posts

I utgangspunktet er eg ein veldig erfaren heimeladar, og har lada ein god del 10000 skudd til meg sjølv og pappa i mine yngre konkurranseår. Men, det var i grunnen berre lading på instruksjon frå pappa, så eg hadde aldri behov for å tenke på korleis justere inn dier, lengde, kva, kvifor, korleis osv. Har nylig kjøpt meg eit Hornady Lock-n- load ladesett som eg har begynt å bruke litt. Har lest litt i Ladeboka og medfølgande bok frå Hornady, litt her inne og ellers på nettet.

 

Eg har fortsatt den gamle 200 str'en som eg bygger om til jaktvåpen. Har plukka meg ut ein del Norma hylser som er eingangsskutt i andre våpen. Veldig mange av hyslene gjekk faktisk veldig lett i kammeret før pressing, men eg valgte å likevel fullpresse alle. Etter litt testing og justering av dia enda eg med å stille denne slik Hornady anbefalar; nesten i kontakt med hylseholdaren. Likevel synst eg at hylsene har ein tendens til å vere litt tregare i kammeret etter heilpressing enn dei var før. Ein del hylser var ektremt trege å få ut igjen over expanderen, mens andre var veldig lette, uten at eg egentlig fann heilt ut kvifor.

 

Fram til no har eg lada Swift A-frame 140grs (6,5) med RP15 (46,3 grs) for å bruke dette opp, og Norma skyttarlagskrut (42,9 grs) til Diamondline kuler. Her har den eine ladinga gått 3 cm opp til høgre i forhold til den andre. Tanken no var å finne ei kule og ei lading som går likt med Swift, og vart anbefalt Partizan 139grs på Våpensøylen. 1 grs utgjer vel ikkje store forskjelen, og kulene ser fortreffande like ut bortsett frå at Partizan kula begynner å skråe inn litt på dei bakerste 2,5 millimeterane. Testa ut litt forskjellige ladingar med N150 og MRP tidligare i veka, der eg lada 3 av kvar kule med 39-41 grs N150 i 0,5 grs intervall, og tilsvarande med 45-47 grs MRP. Når eg skaut begynte eg med lavaste til høgaste ladng av N150 med Partizan, deretterdet same med MRP og Partizan. Så tilsvarande med Swift. I grunnen synst eg alt av ladingar samla stort sett like bra, både begge kulene og begge kruttypane, noke sm kanskje overraska litt. Eg ser ein liten tendens til at treffpunktet går litt nedover og ørlite til venstre frå første til siste skudd. Men 60 skudd i eit tynt jaktløp gir varme, så dette er vel den største syndaren her? Merka etter kvart ein del varmeeffekt frå løp og dempar i siktebildet alle fall.

 

Uten at det bekymrar, så var det litt småtendensar til soting på halsen på det meste av hylsene, og det var vel dei lavare ladingane som var værst. Men det er vel lavt trykk som er syndaren. Det som "bekymrar" litt meir er at det var små tendensar til litt kraterkant rundt tennstempelet på tennhettene. Dette trur eg aldri eg har vore ute for før, CCI tennhetter no akkurat som eg alltid har brukt. Det var vel berre 8-10 av 60 hylser som ikkje hadde tendens til kraterkant, men sjølv dei fleste av desse hadde svakt tendens til ring etter åpninga for tennstempelet. Noken formeining om dette? Og noken tips eller meiningar om kva lading eg bør satse på?

Link to comment
Share on other sites

Swift kula har anbefalt COL på 76mm. Har målt meg fram til max 80,6mm med Swift og max 80,2mm med Partizan med 0 friflukt. Med Swift kula kan eg få minst kaliber kulehold med 1 mm friflukt. Men på grunn av form på Partizankula får eg maks ca 77 når eg skal ha minst kaliber kulehold. Har derfor sett begge kulene til rett under 77mm, og kan vel gjerne då like godt sette dei til 76 som er anbefalt på Swift?

 

På grunn av pris er det mest fristande å fortsette vidare med N150 eller liknande, med mindre noken har ei god forklaring til å gå for MRP? Ein 400 grams boks MRP kostar jo det same eller til og med meir enn ein kilosboks N150.

Link to comment
Share on other sites

Du får unnskylde ustrukturerte svar, men det får bare være.

 

Om du har dårlig innvendig smurte hylsehalser kan du risikere å dra skuldra frem på helpressede hylser så de kamrer tungt. Litt grafitt-pulver eller en q-tip med bittelitt hylsefett i halsene pleier å hjelpe.

 

Forresten kan varierende tykkelse på hylsehalsene få noen til å gå tregere over ekspanderen, men med Norma-hylser er det sjelden et problem. Gitt at du har smurt godt og de fremdeles er trege, kan det være at noen av hylsene dine er skutt flere ganger så messingen er blitt herdet?

 

Sot på hylsehals (og ikke kropp) trenger ikke være et tegn på lavt trykk, jeg har fått det med harde ladninger også. Litt avhengig av våpen kan du også få kratrede hetter på lave trykk (og CCI kjennes ganske myke i godset), så begge to er upålitelige parametre for å bedømme trykk. Hvis jeg var deg ville jeg skaffet en pakke fabrikkammo og målt trykkringer for å finne ut hvor du ligger trykkmessig.

 

Om treffpunkt går ned mot venstre kan det ha med løpet å gjøre, men treffpunkt kan svinge opp og ned for økende ladninger.

 

Nå er N150 et par hakk raskere enn MRP, så du sammenligner ikke epler og epler, akkurat. Men det antar jeg at du har kontroll på, ettersom du har ladet mye før. Norma-krutt som MRP, URP osv er dyre, kommer i små bokser og er veldig jevne fra lot til lot, perfekt om man lader lite og ikke gidder å utvikle nye data men vil bruke de man har fra i forfjor. N100-serien varierer kanskje litt mer, men som du påpeker er den billigere, ihvertfall om man skal svi opp noen skudd. Bruk det som passer ditt behov best :-)

Link to comment
Share on other sites

Mulig alt ikkje var like godt smurt innvendig, brukar Hornady spraylube. Men samtidig var det rart enkelte hylser nesten ikkje ga motstand over expanderen. Hylsene er samla inn på skytebana av folk som har kjøpt fabrikkny ammo, alle ser "nye" ut, så det skulle ikkje vere problemet. Men det kan selvfølgelig snike seg inn ei hylse eller to.

 

Skulle gjerne ha testa med chronografen samtidig som eg testa ladingane, men hadde ikkje den tilgjenelig no. CCI hetter har vi alltid brukt heime, og kan ikkje huske at vi har hatt små kratertendensar før. Med mindre dei plutselig har blitt mjukare i seinare tid?

 

Løpet var i utgangspunktet delvis utskutt til konkurranseformål før det vart tatt i bruk til jakt. Men utslete er det langt ifrå, og sjølv med små rusttendensar innvendig går det fortsatt veldig bra. Samlar lett i innertiaren på 100 meter og vel så det. Så det blir nkk ikkje bytta ut med det aller første, sjølv om det nærmar seg på tide å bytte og.

 

Det var egentlig N160 eg hadde notert meg ned at eg skulle teste ut, men huska feil når eg skulle handle, og enda opp med N150. Veit det er kanskje litt vel raskt for kuleformålet, men fann ut at det ikkje skulle vere heilt ubrukelig, og fann i alle fall ladedata. Men eg skulle nokk fått testa hastighet også berre for sikkerhetsskyld.

Link to comment
Share on other sites

Har erfart noe av det samme med hylsehalsene, Norma hylser er tykkere i godset enn t.d: winchester hylser og partizan hylser. eg smører ekspander knappen veldig godt før pressing, peiser på rikeleg, og "vasker" hylsene i Quick clean etterpå, eller aceton.

Har erfart at til "bedre" hylsehalsene er pressa, til bedre presisjon får eg. kulehold i halsen er veldig viktig, på min 300 wsm hylsepresse die, har eg pusset litt ned på diameteren til eksp.knappen for best mulig innpress og hold på kula, skal vere skikkeleg motstand når en sett kula, men viktig at en "skaver" av grader med egnet verkty, så kula ikke blir skada.

Patroner med "lange" hylsehalser som 30-06 og t.d: Winch.270 har godt hold i hylsehalsen, og er forholdsvis lettere å få god presisjon med ved vanleg lading enn patroner med kortere hals som t.d: 300 wsm og 300 win.mag.

Godt kulehold i halsen, og "normale"laddinger, fremmer presisjonen er min erfaring.

Link to comment
Share on other sites

Tok for moro skyld og testa alle 60 hylsene eg skaut i forge veke i kammeret igjen.

Etter første gangs skyting går alle nå veldig lett i kammeret, så dei er i alle fall fint tilpassa kammeret etter første gangs skyting. Så det blir kun halspressing på desse heretter. Det er i grunnen noke eg likar veldig godt med Sauer 200 str kammeret, det er nesten altetande. Hylser skutt i andre våpen går i stor grad veldig lett eller nokså lett i kammeret uten vidare. Alle hylsene er 55mm + og treng etter kvart litt trimming. Men med 56mm SKAN kammer er det ikkje noke som bekymrar og stressar.

 

Studerte litt på testresultatet frå forge veke, og bestemte meg for å fortsette med N150 krut, over dobbelt så stor boks til same pris som MRP, og i tilleg mindre lading, så det blir ein del billigare. Enda opp på 40 grs lading, og det såg ut til å fungere veldig bra. Samlinga var veldig bra, og begge kulene, både med og uten dempar gjekk nå så likt at eg ikkje har baktankar med å skulle skyte med eller uten dempar med begge kulene uten å justere siktet. I værste fall eit knepp eller to i høgde og side i forskjell totalt sett. (tidligare har det gått 10-15 knepp lavare med demparen, men den har eg tydeligvis fått skutt inn no så den går likt. Nå gjenstår det berre å få testa med chronografen til helga. Etter ladedata håpar eg på å ende på ca. 770 m/s, noke som vil vere omtrentlig det eg hadde med Diamondline og Swift tidligare med gamle ladingar.

 

Alle 23 skudda eg skaut i går med 40 grs N150 hadde forresten tendens til kraterkant. Skaut opp dei siste 5 gamle Swift kulene også (46,3 grs RP15), med ukjent tennhette (mest sannsynlig Federal om desse er messingfarga?). Desse hadde så vidt tendens til kant, men ikkje som med CCI no. Skaut også dei resterande 6 gamle med DL kule (42,9 grs Norma skyttarlagskrut) med CCI tennhetter som sikkert er 2-4 år gamle. Desse hadde IKKJE kant i det heile tatt, med godviljen til hadde ei av dei ein svakt synlig "ring" etter holet i sluttstykket. Lurer meir og meir på om det er materialet i hettene som har blitt mjukare i seinare tid?

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...