Jump to content

Inbreak

Members
  • Posts

    38
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Inbreak

  1. Trur du hadde fått minst like bra resultat med 6,5, om ikkje bedre. Her i hus har vi jakta hjort med 6,5 140gr A-frame i alle dei år, aldri problem. Stort sett alltid gjennomskyting og for det meste knall og fall med lading greit under 800m/s på alt frå 10-350m. Sjølv har eg rundt 30 dyr, kun ein gang har eg funne igjen kula i dyret. Då skote litt på skrå framanfrå, så kula låg heilt ut i skinnet litt bak på ribbesida. Hadde nok forsvunne den kula også med den lading eg brukar no - 40gr N150 (feilkjøp - skulle ha N160, men må brukast opp) gir ca. 850m/s i ombygt 200str med ca. 58cm løp. I år går vi over til TTSX 120gr sidan vi har begynt å selge nokre dyr til ein lokal restaurant, så det ikkje vert så masse kjøtsvinn.
  2. Har brukt N150 ei stund til 140gr Swift A-frame i 6,5. Skulle ha N160, men klarte å kjøpe feil, men brukar det i alle fall opp. Laddar både denne kula og Partizan FMJ 139gr med 40gr krut. I ombygd Sauer 200str med 58cm løp og stor Hausken Whisper dempar får eg rundt 850m/s på Swift kula, og 800+ på Partizan. I år går vi over til Barnes TTSX 120gr kule iom. at vi har begynt å selge litt dyr til ein lokal restaurant. Denne har eg nettopp testa ferdig og enda på 41gr med hastigheit på 850+. Ingen tegn til overtrykk, men det er ein liten metallring i tennhetta rundt tennstempelholet, men det er pga. litt runda kantar rundt tennstempelet i godset i sluttstykke. Anna sluttstykke utan denne slitasjen gir ingen ring. Tennhetta er fortsatt runda rundt kanten, så ingen tegn til flattrykt tennhette heller. Når eg har brukt opp dette krutet går eg sikkert over til Norma N-4 skyttarlagskrut i staden. 49gr ga 915m/s med TTSX kula, men både 50 og kanskje 51gr skulle vere mulig om det er plass i hylsa.
  3. Her i hus har vi jakta hjort med 6,5 140gr A-frame i alle dei år, aldri problem. Stort sett alltid gjennomskyting og for det meste knall og fall med lading greit under 800m/s på alt frå 10-350m. Sjølv har eg rundt 30 dyr, kun ein gang har eg funne igjen kula i dyret. Då skote litt på skrå framanfrå, så kula låg heilt ut i skinnet litt bak på ribbesida. Hadde nok forsvunne den kula også med den lading eg brukar no - 40gr N150 (feilkjøp - skulle ha N160, men må brukast opp) gir ca. 850m/s i ombygt 200str med ca. 58cm løp. I år går vi over til TTSX 120gr sidan vi har begynt å selge nokre dyr til ein lokal restaurant, så det ikkje vert så masse kjøtsvinn.
  4. Grolsch er også tilgjengelig på polet, som ei 5% utgave. Kr. 40,70 Eller rettare sagt, butikkutgava er ei utvatna utgave av den på polet.
  5. Det er så stor gjennomfart i kjøleskapet at det er nesten ikkje vits å liste opp. Har ikkje før fylt opp med litt nytt som skal smakast (og ratast), før det er nesten tomt og treng påfyll igjen. Er ein ølnerd så er ein ølnerd. Er det ikkje 5 om dagen dei seier skal vere sunt?
  6. Også nokre frå Lervig å finne på polet. Berre å bestille på nettbutikken levert til det lokale polet om du ikkje finn det i butikken...
  7. Har min tvil om at det hadde blitt noke billigare om sterkare øl hadde komt i butikken. Ein god del av det importerte ølet som etter kvart er å finne i butikkane er om mulig dyrare enn masse tilsvarande (og sterkare) øl som er på polet.
  8. IPA bør tåle det bedre enn det meste; de er jo brygget med ekstra mye humle nettopp for å tåle sjøreisen fra England til India. For humleprofilen sin del, går det berre nedover frå første minutt. Generelt sett så er 3-4 månadar etter brygging / tapping "deadline" for ein IPA, men i grunnen også veldig mange pale ale.
  9. Dei aller fleste juleøl i polstyrke (så sant det ikkje er jule IPA eller liknande), kan du med fordel kjøpe og sette av minst eit år, gjerne fleire. Til og med ein del butikkøl kan ha godt av eit år i boda.
  10. Dette gjeld generelt om IPA. Nøgne IPA, Ægir IPA, Haandbryggeriet Fyr og Flamme (IPA) og Kinn Vestkyst IPA er også minst like bra, om ikkje bedre. Verdensklasseøl.
  11. Da er det ikke noe å lure på; Zeiss 6-24x72 (med ret. 60 spør du meg). Ingen over, ingen ved siden. http://www.wingevapen.com/index.php?do=product&id=1854" target="_blank" target="_blank Dersom denne menes å bli for høy eller tung, selv om jeg ikke skjønner problemet på innmark/postjakt, så ville jeg gått for 3-12x56 av samme merke. Strålende optikk! Hans Om pris ikkje har betydning; tommelen opp for denne. Har sjølv oppgradert frå eit 8år gamalt Zeiss 3-12x56 til 72-siktet, og er strålande fornøgd. Der eg før ofte følte grensa for skyting gjekk kanskje halvtimen før eg følte same grense var nådd med ein 10x56 Zeiss kikkert, kan eg fortsatt sitte ei god stund til med 72-siktet når grensa med den same kikkerten er nådd no.
  12. Anbefalar deg på det sterkaste å prøve å lagre slike øl i opp til mange år. Kjøp i tillegg ei flaske Ægir Lynchburg Natt, som er Natt lagra nokre månadar på Jack Daniels fat. Prøv gjerne begge to parallellt og samanlikne. Ellers er Nøgne Imperial Stout fantastisk, Mikkeller Beer Geek Breakfast om den er tilgjengelig endå, og Mikkeller Beer Geek Brunch kjem på sleppet no i november. Mikkeller George er også på polet, den er rett og slett fantastisk. Sjekk på nettsida til polet kva butikkar som har inne, eller bestill på nettbutikken levert til eit lokalt pol.
  13. Korleis gjekk det med dette utstyret? Sendte du det berre i retur og droppa det, eller har du etter kvart fått eit nytt som fungerar? Vurderar sterkt å kjøpe eit slikt sjølv....
  14. Trudde no virkelig 30mm var 30 mm. Har alltid hatt zeiss, fleire i familien også, og aldri hatt problem. Men har aldri hatt ringar med gummiforing heller. Synst det høyrest ut som eit potneialt problem i forhold til forflyting av sikte i ringane, i forhold til metall mot metall.
  15. Etter første kveldsøkt i går må eg seie meg veldig godt fornøgd med oppgraderinga til 72mm sikte. Der eg før kunne sitte kanskje halvtimen lenger med Zeiss 8-56 kikkert enn 3-12x56 sikte, kan eg no sitte minst like lenge med 6-24x72 sikte som eg kan med kikkerten. Om ikkje lenger til og med. Synst rett og slett det virka lysare og klarare i siktet enn det var i kikkerten. Men så er det jo selvfølgelig å finne igjen dyret i siktet då. Ikkje alltid like lett i mørket.
  16. Drar litt liv i denne igjen. Ser ut som enkelte her kan ha litt erfaring med Hornady L&L pressa? Har hatt denne liggande eit års tid sjølv, men først begynt å bruke denne nylig. Det som slår meg ganske fort er at noke må vere riv ruskande gale med konstruksjonen av denne pressa. I løpet av fullpressing av 150-200 hylser måtte eg 3 gangar ta hammaren og slå inn igjen stanga som koplar saman armmekanismen med stempelstanga. Denne stanga er heilt sylingrisk, utan noken form for låsing. Det seier seg jo sjølv at ved litt bevegelse så vil denne begynne å bevege på seg. Etter så lite bruk og det at eg måtte slå ting saman igjen virkar no heile pressa veldig slarkete. Kva har andre erfart?
  17. 2 mnd. uten øl Nei skrekk og gru det må vere 10 år sidan sist, sikkert frå før eg begynte å drikke øl i det hele tatt. Det er (nesten litt for) sjelden det går ein dag utan minst ein øl, og ytterst sjeldan 2. Er ein ølhund så er ein ølhund. Men så blir det aldri flatfyll heller, er for gamal til slikt og har ikkje godt av det. Ein øl eller to-tre, kanskje nokre fleire i helgane, alt etter størrelse og styrke, og blir gjerne delt med fruen. Av og til ein 10-15 øl på smaking med nokre kompisar ein vekedag, eller 15-20-25 ein helgedag. Alt i smaen og nytelsens embete.
  18. Til venstre viser kraterringen godt slik den er rundt det maksimale, til høgre er svakt tendens til ring rundt holet:
  19. Tok for moro skyld og testa alle 60 hylsene eg skaut i forge veke i kammeret igjen. Etter første gangs skyting går alle nå veldig lett i kammeret, så dei er i alle fall fint tilpassa kammeret etter første gangs skyting. Så det blir kun halspressing på desse heretter. Det er i grunnen noke eg likar veldig godt med Sauer 200 str kammeret, det er nesten altetande. Hylser skutt i andre våpen går i stor grad veldig lett eller nokså lett i kammeret uten vidare. Alle hylsene er 55mm + og treng etter kvart litt trimming. Men med 56mm SKAN kammer er det ikkje noke som bekymrar og stressar. Studerte litt på testresultatet frå forge veke, og bestemte meg for å fortsette med N150 krut, over dobbelt så stor boks til same pris som MRP, og i tilleg mindre lading, så det blir ein del billigare. Enda opp på 40 grs lading, og det såg ut til å fungere veldig bra. Samlinga var veldig bra, og begge kulene, både med og uten dempar gjekk nå så likt at eg ikkje har baktankar med å skulle skyte med eller uten dempar med begge kulene uten å justere siktet. I værste fall eit knepp eller to i høgde og side i forskjell totalt sett. (tidligare har det gått 10-15 knepp lavare med demparen, men den har eg tydeligvis fått skutt inn no så den går likt. Nå gjenstår det berre å få testa med chronografen til helga. Etter ladedata håpar eg på å ende på ca. 770 m/s, noke som vil vere omtrentlig det eg hadde med Diamondline og Swift tidligare med gamle ladingar. Alle 23 skudda eg skaut i går med 40 grs N150 hadde forresten tendens til kraterkant. Skaut opp dei siste 5 gamle Swift kulene også (46,3 grs RP15), med ukjent tennhette (mest sannsynlig Federal om desse er messingfarga?). Desse hadde så vidt tendens til kant, men ikkje som med CCI no. Skaut også dei resterande 6 gamle med DL kule (42,9 grs Norma skyttarlagskrut) med CCI tennhetter som sikkert er 2-4 år gamle. Desse hadde IKKJE kant i det heile tatt, med godviljen til hadde ei av dei ein svakt synlig "ring" etter holet i sluttstykket. Lurer meir og meir på om det er materialet i hettene som har blitt mjukare i seinare tid?
  20. Definitivt ikkje å banne i kirka nei. Lervig skal ha all den ros dei kan få. Skikkelig godt (det meste) handtverksbrygg til ikkje langt over industripris i vanlig butikk. Mike Murphy kan sine saker og har revolusjonert Lervig.
  21. Mulig alt ikkje var like godt smurt innvendig, brukar Hornady spraylube. Men samtidig var det rart enkelte hylser nesten ikkje ga motstand over expanderen. Hylsene er samla inn på skytebana av folk som har kjøpt fabrikkny ammo, alle ser "nye" ut, så det skulle ikkje vere problemet. Men det kan selvfølgelig snike seg inn ei hylse eller to. Skulle gjerne ha testa med chronografen samtidig som eg testa ladingane, men hadde ikkje den tilgjenelig no. CCI hetter har vi alltid brukt heime, og kan ikkje huske at vi har hatt små kratertendensar før. Med mindre dei plutselig har blitt mjukare i seinare tid? Løpet var i utgangspunktet delvis utskutt til konkurranseformål før det vart tatt i bruk til jakt. Men utslete er det langt ifrå, og sjølv med små rusttendensar innvendig går det fortsatt veldig bra. Samlar lett i innertiaren på 100 meter og vel så det. Så det blir nkk ikkje bytta ut med det aller første, sjølv om det nærmar seg på tide å bytte og. Det var egentlig N160 eg hadde notert meg ned at eg skulle teste ut, men huska feil når eg skulle handle, og enda opp med N150. Veit det er kanskje litt vel raskt for kuleformålet, men fann ut at det ikkje skulle vere heilt ubrukelig, og fann i alle fall ladedata. Men eg skulle nokk fått testa hastighet også berre for sikkerhetsskyld.
  22. Du sparar i alle fall IKKJE på noken av desse tre i 15-20 år om det er humleprofilen du er ute etter. Då er det så ferskt som mulig som gjeld, helst innen 3-4 mnd. etter produksjon. Er sjølv ein skikkelig ølhund, men likar i stor grad å smake nye ting. Har vel passert 3000 øl etter kvart, og det går berre raskare og raskare oppover. Men har selvfølgelig ein del favorittar, og likar å lagre ein del øl (mørke eller sure). Men sidan eg likar å smake nye øl er det alltid noke nytt i kjøleskaper / boda. Kjøper det nye eg kjem over på polet, bestiller ein del frå utlandet, tradar litt frå utlandet, og fyller alltid kofferten med forskjellig når eg er på tur.
  23. Med mindre du har syn som ein hauk, vil du vel mest sannsynlig ikkje merke særlig forskjell på det gamle og eit nytt tilsvarande. Då er det vel å oppgradere til 72mm siktet som er tingen. Har nylig gjort denne oppgraderinga sjølv fordi eg var drittlei av at eg alltid kunne sitte masse lenger og kikre med 56mm kikkerten om kvelden, enn det eg klarte å sjå noke med i siktet. Så får tida etter kvart vise når jakta startar om eg vinn noke so helst på det nye siktet. Har høyrt fleire forklaringa om at det er vekkasta og at auget ikkje klarer å utnytte forskjellen, men i teorien skal det i alle fall bli bedre. Og i og med at eg kan sitte lenger med kikkerten så er det i alle fall meir å hente. Vekta tenker eg ikkje på, likar tungt gevær som gammal konkurranseskyttar. Har ein ombygd Sauer 200 STR, neddreia løp kappa til 60 cm med 40 cm Hausken Whisper dempar, nevnt sikte og GRS jaktfeltstokk. Passerar vel 7kg, men har ingen betenkeligheter med å drage det med meg ein time eller to fram på fjellet (demparen blir riktignokk lagt i sekken under marsjen).
  24. Swift kula har anbefalt COL på 76mm. Har målt meg fram til max 80,6mm med Swift og max 80,2mm med Partizan med 0 friflukt. Med Swift kula kan eg få minst kaliber kulehold med 1 mm friflukt. Men på grunn av form på Partizankula får eg maks ca 77 når eg skal ha minst kaliber kulehold. Har derfor sett begge kulene til rett under 77mm, og kan vel gjerne då like godt sette dei til 76 som er anbefalt på Swift? På grunn av pris er det mest fristande å fortsette vidare med N150 eller liknande, med mindre noken har ei god forklaring til å gå for MRP? Ein 400 grams boks MRP kostar jo det same eller til og med meir enn ein kilosboks N150.
  25. I utgangspunktet er eg ein veldig erfaren heimeladar, og har lada ein god del 10000 skudd til meg sjølv og pappa i mine yngre konkurranseår. Men, det var i grunnen berre lading på instruksjon frå pappa, så eg hadde aldri behov for å tenke på korleis justere inn dier, lengde, kva, kvifor, korleis osv. Har nylig kjøpt meg eit Hornady Lock-n- load ladesett som eg har begynt å bruke litt. Har lest litt i Ladeboka og medfølgande bok frå Hornady, litt her inne og ellers på nettet. Eg har fortsatt den gamle 200 str'en som eg bygger om til jaktvåpen. Har plukka meg ut ein del Norma hylser som er eingangsskutt i andre våpen. Veldig mange av hyslene gjekk faktisk veldig lett i kammeret før pressing, men eg valgte å likevel fullpresse alle. Etter litt testing og justering av dia enda eg med å stille denne slik Hornady anbefalar; nesten i kontakt med hylseholdaren. Likevel synst eg at hylsene har ein tendens til å vere litt tregare i kammeret etter heilpressing enn dei var før. Ein del hylser var ektremt trege å få ut igjen over expanderen, mens andre var veldig lette, uten at eg egentlig fann heilt ut kvifor. Fram til no har eg lada Swift A-frame 140grs (6,5) med RP15 (46,3 grs) for å bruke dette opp, og Norma skyttarlagskrut (42,9 grs) til Diamondline kuler. Her har den eine ladinga gått 3 cm opp til høgre i forhold til den andre. Tanken no var å finne ei kule og ei lading som går likt med Swift, og vart anbefalt Partizan 139grs på Våpensøylen. 1 grs utgjer vel ikkje store forskjelen, og kulene ser fortreffande like ut bortsett frå at Partizan kula begynner å skråe inn litt på dei bakerste 2,5 millimeterane. Testa ut litt forskjellige ladingar med N150 og MRP tidligare i veka, der eg lada 3 av kvar kule med 39-41 grs N150 i 0,5 grs intervall, og tilsvarande med 45-47 grs MRP. Når eg skaut begynte eg med lavaste til høgaste ladng av N150 med Partizan, deretterdet same med MRP og Partizan. Så tilsvarande med Swift. I grunnen synst eg alt av ladingar samla stort sett like bra, både begge kulene og begge kruttypane, noke sm kanskje overraska litt. Eg ser ein liten tendens til at treffpunktet går litt nedover og ørlite til venstre frå første til siste skudd. Men 60 skudd i eit tynt jaktløp gir varme, så dette er vel den største syndaren her? Merka etter kvart ein del varmeeffekt frå løp og dempar i siktebildet alle fall. Uten at det bekymrar, så var det litt småtendensar til soting på halsen på det meste av hylsene, og det var vel dei lavare ladingane som var værst. Men det er vel lavt trykk som er syndaren. Det som "bekymrar" litt meir er at det var små tendensar til litt kraterkant rundt tennstempelet på tennhettene. Dette trur eg aldri eg har vore ute for før, CCI tennhetter no akkurat som eg alltid har brukt. Det var vel berre 8-10 av 60 hylser som ikkje hadde tendens til kraterkant, men sjølv dei fleste av desse hadde svakt tendens til ring etter åpninga for tennstempelet. Noken formeining om dette? Og noken tips eller meiningar om kva lading eg bør satse på?
×
×
  • Create New...