Jump to content

Hjortevald-deling etter skyld eller likhet?


Hisbotten

Recommended Posts

Vi skal ha eit møte i hjortevaldet hvor grunneigarane skal ta stilling til korleis ein skal dele inntekter og utgifter i valdet.Nokre meinar att inntektene skal delast etter størrelsen på hver gård,dvs skyld.Medan andre meinar att ei lik deling uavhengig av størrelse på gården/skyld er det rette.Ein har praktisert lik deling av kjøt/utbytte i valdet sidan 1965.Dette utan nokre form for uenighet.Kjøtet har vore delt heilt likt og utgifter likt.I 2005 solgte me 4 løyver ,i 2006 6 løyver og i 2007 10 løyver og det var då diskusjonen om deling kom inn i bildet.Penger er roten til alt ondt......

I protokoll/utskiftingspapirer frå 1953 siterer eg følgjande: "Jakten skal i de deler av skiftefeltet som ved forretningen ikke bestemmes inngjerdet være fri for partene med de forbehold og innskrenkninger som lovgivningen bestemmer" sitat slutt.

Her står det ingen ting om korleis deling skal foregå.

Kan noen komme med innspel og tilbakemeldingar på dette?

På forhånd takk!!

Link to comment
Share on other sites

Som fremtidig grunneier er jeg av den oppfatning at det er "skyld" som bør regulere både beitetilgang og jakt/fiske. Dette er den gamle beregningsmåten for fordeling av rettigheter, og som også gjenspeilet seg i prisene på eiendommene, altså taksten, i gamle dager. Av dette følger det naturlig at skyld danner grunnlaget for fremtidig fordeling også. Dette vil selvfølgelig ende med at noen får mer enn andre, men det er jo slik at noen har mer areal enn andre også. I Norge skal jo alle egentlig ha likt hele tiden, så at det setter sinnene i kok overrasker ikke. Viktigste er at det finnes klare regler å forholde seg til, og at ting ikke sklir ut, som at sameie-styrer bruker penger for eget forgodtbefinnende o.l. Jeg tror de aller fleste samarbeidsarealer gjør klokest i å lage klare regler.

I dette tilfelle er det snakk om grunn eid i fellesskap? Dersom dette fellesarealet skulle skiftes ut(noe som kanskej er lite hensiktsmessig pga små lotter), så ville det blitt fordelt etter skyld. Ergo er faktisk skyld en god fordelingsnøkkel på inntektene fra jakt også, siden det er "arealstyrt".

Nå blir jeg sikkert lynchet av kommunistene :lol:

Link to comment
Share on other sites

Ja skyld er vel den vanligaste måten å gjere opp slike ting på. Har du et bruk med mykje areal, får du også meir løyver av den grunn. Veit at det med penger er roten til alt vondt. Her er det bønder som har trekt seg frå grunneigerlag og selger løyver for seg, fordi dei ikkje blir einige.

Link to comment
Share on other sites

Takk for innspel Kiwi! Sjølv har eg eit litt over middels stort gårdsbruk i valdet så skyld eller like deling vert det samme for meg.Viktigast med enighet og att ein unngår nabokrangel!! Dei fleste gårdene er delt opp i mange teigar som gjer att kvar grunneigar ikkje får samanhengande areal på utmarka.Eg har 1600 mål men fordelt på 3 teiger.Dvs att eg ikkje kunne fått tildelt 1 eller fleire løyve aleine.I kommunen er det 800 mål samanhengande areal pr dyr.

Link to comment
Share on other sites

Hva med å beholde inntektene i valdet og bruke de til dekning av ettersøksavtaler, viltstell, kanskje et kjølerom/kjølecontainer?

Link to comment
Share on other sites

Jeg er enig at skyld er den retteste måten å fordele inntekter/utgifter på, skyld avspeiler jo den produktive verdien av eiendommen. Man kan ha stor andel i areal av en skyldelt/utskiftet utmark selv med liten skyld men da har man lite produktiv mark, lynghei/snaumark, mens en med høy skyld kan ha et relativt lite areal men med meget god bonitet. Men det er jo normalt det er der det er god bonitet som produserer mest mat til storviltet, ikke snaumark.

Men hvis utmarka er utskiftet uten at noe er skrevet om jaktutbytte så er det jo arealet som legges til grunn ved tildeling av storvilt fra kommunen, men skadepress på skog og åker/eng, bestand og trafikkskade skal også vektlegges, De faktorene bør også veie tungt internt et vald, at de som har problemene også får mer av utbytte, skulle bare mangle.

Det er jo regelen oftere enn unntaket at de som eier minst som er griskest og vil ha mest og bestemme mest og spesielt hvis de har fått mer enn de egentlig skulle hatt i mange år. Men arv og storviltjakt får fram det verste i folk.

 

 

----

Link to comment
Share on other sites

Dette kan nok løysast på fleire måtar:

I vårt vald vart følgjande prinsipp knesett av "generalen" ein gang på 60 talet:

"Dei som er med på skogen når det vert felt dyr deler likt. Dei som set heime får ingenting."

Grunnen til at dette har fungert, og framleis fungerar er nok at det berre vert jakta i helgane, slik at alle har høve til å vera med. Det er altså ikkje høve for ein, eller nokre få å jakta åleine.

 

På nabovaldet vårt vert halvparten av kjøtet delt likt mellom jegrane. Den andre halvparten vert delt mellom grunneigarane etter skyldmark. Om jeger og grunneigar er same person får han altså både jegerpart og grunneigarpart. For å unngå å laga hakk av kjøtet vert det ført bok over grunneigardelen slik at alle skal få nokolunde "fine" partar.

 

1. Jaktretten tilhøyrer i utgangspunktet grunneigar. Dvs at når utmarka vert utskifta har kvar grunneigar jaktrett på den delen av skiftefeltet som han får tildelt ved utskiftinga. Jaktretten gjeld eigar av hovudbruket. Eigar av underbruk / husmannsplass hadde ofte beiterett eller rett til å ta ut ved i felles utmark, men denne retten kan ikkje "overførast" til jaktrett. Utmark til underbruk vil i tilfelle telja med hovudbruket sitt areal. Om det i utskiftningsprotokollen ikkje er sagt noko om fordeling av jaktrett så vil ein anta at denne er å betrakta som utskifta og tilhøyrer kvar grunneigar.

 

2. Om jaktretten ikkje er med i utskiftinga så skal dette vera spesefisert i protokollen. Då gjerne med ei formulering som "jaktrett er ikkje omfatta av denne utskiftinga og vert som før". "Som før" er vanlegvis ein felles jaktrett for heile skiftefeltet om ikkje andre avtalar finnest.

 

For 1. så er ofte teigane, i alle fall på vestlandet, so små at ingen har areal nok til å få løyve åleine. Grunneigarane har då gått saman om ein felles søknad. Dette er jo blitt meir aktuelt i seinare tid med innføringa av storvald. For at det ikkje skal bli krangel om dette så bør det vera ein avtale i botnen som seier noko om fordeling av inntekter og utgifter. Då er nok arealet som kvar grunneigar går inn med beste utgangspunktet for fordeling. Desse er jo igjen tufta på skyldmark, slik at ein kan sei at det vert skyldmarka som vert utgangspunktet

 

For 2. så vil det og vera naturleg å dela etter skyldmark. Og fordeling etter skyldmark vil etter all sansynlehet bli resultatet om ein går til jordskifteretten med problemstillinga. Men det er ingen ting i vegen for å nytta ein annan fordelingsnøkkel om det er semje mellom alle partar om det.

 

Om du er interessert så send meg ein pm med e-post adresse så kan eg senda reglement for vårt jaktlag og evt. driftsplan for valdet.

Link to comment
Share on other sites

  • 15 years later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...