Jump to content

Nyttårsmiddagen 2010


Mauser68

Recommended Posts

Som om det ikkje blei nok god mat i jula, så måtte også nyttårsaftan pregast av det samme. Må jo ha ein fin avsluttning på 2010, som ein huskar langt inni 2011.. :mrgreen:

Hadde søstra mi med familie på besøk, som er blitt ein tradisjon, og dei siste åra har søstra å dei bringa med seg viltkjøtt i forskjellige slag, som regel fuglar, sidan begge er aktive småviltjegere med eit lite koppel av fuglehunder..

 

I år så var det viltet`s Rolls Royce som sto for tur, rype og reinsdyr, henholdsvis med eit par jerper, andrebryst og sjølvplukka kantarell.. 8 ryper, 2 jerper, 2 andefilet`er og 6 indrefilet av reinsdyr hadde dei tatt med.

 

Eg ordna med dessert som vanlig karamellpudding, det er søstra mi sin store favoritt, og den skuffa ikkje i år heller såg det ut til, fatet blei tomt relativt fort i alle fall.

 

Det var eit sant kaos på kjøkkenet i 3 timar, med partering av fugler og steiking og forberedningar av dei forskjellige rettane og tilbehøret som skulle høyra måltidet til.

 

Her er rypene og jerpene.

Nytt2010_1.jpg

 

Her er litt av det andre som søstra mi kom med.

Nytt2010_.jpg

 

Så var det å få skjært utav filet`ene på fuglene, og ta vare på lår, hjerter og lever.

Nytt2010_3.jpg

 

Her er då tallerken med skrog, lår og lever, som skal bli til nydelig kraft.

Nytt2010_4.jpg

 

Så blei det ein tallerk med filet`er av ryper og hjerter.

Nytt2010_5.jpg

 

Og ei form med filet`er av ryper jerper.

Nytt2010_6.jpg

 

Kokte kraft på 4 skrog, 15 lår og lever av ryper, ein liten løk og ei lita gulrot, litt salt og pepper.

Nytt2010_9.jpg

 

Så var det å smelte smør i panna og brune litt for å få ein god saus.

Nytt2010_7.jpg

 

Mesteparten av sausen bestod av kraft frå ryper, og så tilførte eg litt kraft frå dei kantarellene.

Nytt2010_8.jpg

 

Litt heimelaga bacon høyrer med til ein god viltmiddag.

Nytt2010_10.jpg

 

Kantarell er også veldig godt til vilt, så det hadde me med.

Nytt2010_11.jpg

 

Rørte tyttebær, det MÅ ein ha til viltmiddager.

Nytt2010_12.jpg

 

Så var det å brune indrefilet`ene av reinsdyra.

Nytt2010_13.jpg

 

Og brune alle brystfilet`ene av ryper og jerper.

Nytt2010_14.jpg

 

Her er då alle filet`ene til middagen ferdig bruna, dei blir lagt i ei form med alufolie over. Så skal dei inn i steikjeovnen på ca 180 grader ca 5 minutter, og så skal varmen av, og dei skal kun ligge på ettervarmen, til dei serveres..

Nytt2010_15.jpg

 

Forretten måtte lages, ruta opp fett og skinn som på ei svineribbe, for både utsjåande sin del, samt å gjere det lettare for fettet å få sleppe litt, og at den blir enklare å skive opp til forrett.

Nytt2010_16.jpg

 

Når dei då fekk seg nokon minuttar i panna på tidels sterk varme, så blir dei heilt nydelige.. Ca 4-5 minuttar på kvar side, så rett i alufolie i 15 minutter før servering.

Nytt2010_17.jpg

 

Her er forretten som den blei servert, skiva opp og med litt av sausen frå rypene..

Nytt2010_18.jpg

 

Her er min middagsporsjon den kvelden, må sei at eg klarte faktisk ikkje å ete den opp heller, det blei alt for mykje jobbing på kjøkkenet, litt smaking her og der, så når middagen kom, så blei det fort stopp gitt..

Nytt2010_19.jpg

 

Men når me fekk 20 minutter pause, til å strekke på beina, koke kaffi og finne fram dessert og cognac, så glei det alikavel ned ein god porsjon av karamellpuddingen, den var nydelig.

Nytt2010_20.jpg

 

Middagen blei heilt topp den, men eg må innrømma at i år sleit eg skikkelig med sausen. Ryper er noko av det beste eg veit, og eg har aldri hatt problemer med å få ein skikkelig god viltsaus av ryper, ei heller til gryter. Men i år blei det eit eller anna som gjekk skikkelig galt, det smakte veldig lite rype og vilt i det heile, etter at eg hadde begynt å koke sausen til, og smaka den til med salt, pepper og krydder.. Så eg og søstra mi strevde i over 1 time med den, men med 2 kloke hoder, og det me hadde av tilgjengelige ting på kjøkkenet, så blei den til slutt allikevel meget god. Den gode rypesmaken kom aldri heilt på sin plass, men den var der, dessverre i bakgrunnen, men den blei godkjent til slutt alikavel.

Link to comment
Share on other sites

Jau middagen holdt godt mål den, ikkje tvil om det, og det er fortsatt ein liten restetallerk som eg skal kose meg med i kveld..

Men det tiurbrystet ditt Funtaz, det er ikkje så langt nede på lista heller, det er kanonflott mat det, eg har kun hatt den glede av å hatt det 1 gong, og det var når nyttårsbesøket mitt hadde middag hjå mor mi, ei jul for nokre år sidan, og det var kanongodt det. :)

Link to comment
Share on other sites

Mauser, dette så virkelig godt ut, og du er en mester i å lage gourmettråder med masse herlige bilder.

Jeg har hatt litt dårlig romjul og nyttår med hoste og influensa, smaker ingenting av maten jeg har i meg for tida.

Da er dine gourmet bildetråder en høydare! Takker mauser - og fortsatt godt nytt gourmetår!

 

Vi hadde rådyrfondue med en lekker rissalat på nyttår's aften, men desverre ingen bilder.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...