Jump to content

Puste nytt liv i min BRNO ZKM-611 .22 WMR eller bytte?


cortinaman

Recommended Posts

Hei

 

Ny på forumet.

 

Eg har ei delbar halvauto i .22 WMR, ein BRNO ZKM 611, den ser slik ut:

 

brno-zkm611-split.jpg

 

bortsett fra at mi har kikkert og .222 lyddemper. Eg likar at det seier PFTT!

 

Eg kjøpte rifla til småviltjakt, valgte ei delbar for også å kunne ha ho i sekken på vinterjakt. Den går bra, men avtrekket skal vi ikkje snakke så høgt om. Har i grunnen vore bra fornøgd og den har felt and, rype, due, orrfugl og røy. Men det er eit par ting eg ikkje er fornøygd med også, og nå har kikkerten gått heden også.

 

Dette er visstnok sett på som noko av den grommaste halvauto i dette kaliberet, og eg kan forstå kvifor. Som sagt går den bra, den er delbar og den er lett. Dessutan er det aldri noko tull, ho berre virkar og virkar.

 

Så då har eg begynt å lure, skal eg ta tak i dei tinga eg er misfornøygd med og forsøke å løyse problema eller skal eg bytte til eit anna våpen? I så fall blir det .22 Hornet, evt. K Hornet. Meir om det seinare. Men først dei tinga eg ikkje er fornøygd med og kva som kan gjerast:

 

1. BALANSE

Med den tunge 222 demparen blir den svært framtung.

Dette kan kan forbedrast med å sette på ein tofot og velge ein annan lettare dempar som kanskje går bakover løpet.

I tillegg kan eg kanskje korte løpet også, det ville vore ein stor fordel med tanke på totallengde.

Men eg er usikker på om dette vil slå mykje ut på presisjonen.

 

2. LENGDE

Som sagt er den svært lang med dempar. I tillegg stikk kikkerten langt bak delinga, så den blir ikkje så lett å pakke i sekken som eg i utgangspunktet såg for meg. Dette kan løysast med hurtigmontasje, men sammen med deling og lyddempar blir det mykje å montere i felt.

 

3. KALIBER

Skulle helst ha hatt ei Hornet for å få litt lenger rekkevidde og tryggleik på større vilt som tiur.

Eg går KUN på matjakt, så kjøtskade er eit tema.

 

 

Men hvis eg skal bytte, finst det gode alternativ? Det viktigaste er at den er delbar, eller svært kort så den går i ein liten jaktsekk. Må heller ikkje koste for mykje, det er vel ein av grunnane til at eg vurderer å behalde den eg har. Er fasinert av TC Contender. Med kort rifleløp, tofot, dempar, kikkert og pistolskjefte hadde det vore eit fint sekkevåpen. Men har sett her på forumet at nye G2 er dårlegare på avtrekket. Er det mogleg å få tak i gamle Contender? Andre alternativ?

 

I skogen går eg stort sett med drilling eller hagle, hadde eg hatt eit kortare sekkevåpen kunne det vore aktuelt og ha det med seg i tillegg.

 

Og så til kikkert, den må jo ny uansett om eg bytter våpen eller ikkje:

Er det nokon som kan anbefale ein robust kikkert med bra forstørring til ein rimeleg penge? Den trenger ikkje vera spesielt lyssterk, dette er eit dagvåpen sjølv om grusande skogsfugl på morgonkvisten står på menyen.

 

Kva ville andre gjort med tilsvarande dilemma? Og nei, begge deler er neppe eit alternativ...

 

 

Og til slutt, sidan eg er ny her vil eg gjerne nytte meg av høvet til å poste eit delvis off-topic bilete før eg blir sabla ned :)

 

normal_Cub-w-rifle.jpg

Link to comment
Share on other sites

Det går mot at eg beheld BRNO'en, men det avhenger av at eg får tak i hurtigmontasje til dette våpenet. Min lokale våpenhandlar hevda det ikkje fanst, men det kan jo hende at han ikkje har oversikt over alle montasjefabrikanter.

 

Er det nokon som kjenner til om det eksisterer hurtigmontasje til BRNO skinne? Den er ca. 16mm breid og har ingen tversgåande spor, sjå bilete:

 

zkm611_2.jpg

 

 

Må og finne ut hvilke gjenger eg har til lyddemparen då eg vil bytta ut til ein nyare og lettare, den eg har veg 780g! Det er ein ALM model 1222 i stål til kaliber 222, knapt 10 år gammal.

 

Er den nokon som veit om ALM brukte standardgjenger på desse, eller kan det vera variabelt? Gjengene er ca. 13mm, men det kan jo og vera halvtoms.

 

Løpet er gjenga framfor det faste siktet (siktet blei flytta bak når demparen blei montert), så ein frontmontert vil verta enklast. Vurderer Hausken Superkompakt, men vil gjerne motta tips om andre gode alternativ.

Link to comment
Share on other sites

Bruker ikkje dei åpne siktene nei, men ønsker å behalde dei uten at det har så mykje å sei for kikkertmontasjen.

 

Weaverskinne på dovetail kan væra ei løysing, men er ikkje det ein unødvendig komponent hvis det finst (quick release) ringer som kan festast rett på den eksisterande skinna? Gir ei ekstra skinne meir nøyaktig/konsistent treffpunkt etter av- og påmontering?

 

Har sett enkelte på internet, men er usikker på om det er quick release:

http://www.opticswarehouse.co.uk/products.asp?cat=Hillver+B+Square+Steel+Fullbore%2FDovetail+Systems

Der står det at det er til 14mm dovetail for BRNO ZKM 611 og BRNO tidleg modell 1. Korleis måler ein dovetail, på det breidaste eller i innfresinga?

 

Er det nokon som kjenner dette våpenet som med sikkerheit kan sei kva type skinne det er?

Link to comment
Share on other sites

Mye av det trådstarter ønsker seg butter i økonomi eller mangel på økonomisk vilje. Ei delbar rifle som er lett og går bra nok til sikkert å felle fugl er fullt mulig å få til, men det vil koste en del penger. Jeg har en slik så det vet jeg.

 

Brno halvautomat er vel kun en ting som innehar trådstarters ønske; den er delbar. resten av egenskapene er ikke tilstede ; vekt, for dårlig presisjon, avtrekk og halvauto er vel ikke nødvendig på fugl, har du skutt bom er vel toget gått...

 

Min bror har ogs ønsker om ei fuglerifle som er billig, smeller lite og fuglen faller ned fra topp på 200 meter, hver gang. Selvsagt uten å treneskyte nevnverdig :D Da sier jeg til bror ; sorry there are no free lunch...

 

Hvis jeg skulle laget noe slikt ville utgangspunktet være ei anshutz låskasse, Carbon stokk, EAW montasje eller Leupold QR, hausken minidemper, den blir ikke delbar, men lages så kort ned til forskriften som mulig.

 

Når jeg jakter fugl med rifle så er presisjon alfaω, men nå skyter ieg ikke fugl som går i vegen for å gruse, SÅ sulten på kjøtt er jeg ikke.

Link to comment
Share on other sites

Den rifla du har er en riktig liten godsak, ting kan gjøres med avtrekket (om det hakker eller går ujamt). Slik at det blir akseptabelt og fremfor alt likt fra gang til gang.

Kaliberet er det jo ikke mye å gjøre med, det har sine begrensninger. Men det virker ikke å være noe problem for den bruk du til nå har hatt.

 

Demperen din er av antikvarisk verdi :wink: , 780g er svin tung, og tofot vill gjøre det hele verre (untatt akkurat når du bruker den, har du sekk fungerer den like godt som skytestøtte).

 

Sikte bør være lett, jeg vet ikke hvilke krav du har til forstørrelse. Men alt over 42mm objektiv er utelukket for din bruk, først og fremst bør siktet være lett.

Feste metode, de fleste ville ha gått for en Picatinny/weaver skinne. Som står fast på våpenet. Om denne kan skaffes så lav at de åpne siktene kan brukes, er det vel og bra.

Men det er ikke sikkert at lengden ville ha blitt ett problkem om løpet kappes, og da er fast monasje som du har det beste.

 

Personlig så byr det meg i mot å kappe en 611, men for ditt bruk hadde nok 42cm løpslengde vært tingen (de ekstra 2 cm for å kunne gjenge opp igjen børsa om gjengene engang skulle bli skadet). Og fjerning av alle åpne sikter på rifla. Ved om kapping og om gjenging av løpet, bruk 1mm stigning eller tilsvarende i tommer.

 

Om jeg først skulle ha saget i denne, ville løpet blitt 42cm, gjengene ville ha fått 1mm stigning. Demper og rifle ville ha blitt bestilt med brutte gjenger (= sende den til A-Tec). Åpne sikter ville ha blitt fjernet (om man da ikke fant på noe smart), og siktet ville ha stått på Picatinny skinne.

 

Men så er spørsmålet, er det lønnt å modde en 22wmr til dette nivået?

Hadde det ikke vært bedre å lete opp de idielle kaliberet for din bruk, og så finne ett idielt våpen og modde med dyr demper løsning?

 

Jeg ville rett og slett anskaffe nytt sikte (i området 3-9/4-12x42 som veier under 500g, og montert Picatinnyskinne med qrw ringer) montert lettere demper (A-Tec CMM4 veier 220g, og tåler om nødvendig lett ett par ekstra moduler uten at vekten går helt i taket). Og latt 611'n få en gjennomgang av avtrekket, hos noen som bryr seg om salongkalibre (mange børsemakere tar ikke salongkalibrene alvorlig, og det gir seg utslag i manglende kvalitet på arbeidet deres :evil: ).

 

Og så ville jeg ha gått på jakt etter den perfekte børsa til ditt bruk, og alltid hatt den gamle gode 611'n i bakhånd. :wink:

Link to comment
Share on other sites

vingemutteren:

Eg har gjort meg ein del tankar som sammenfell med mykje av det du skriv. Har lyst å behalde våpenet, og det blir vel kanskje eit ekstra våpen etter ei stund når eg får tenkt meg om eit par år til :D

Men dempar og sikte må gjerast noko med. Kanskje avtrekk også. Eg greier godt å leve med avtrekket, men det kunne vore betre.

 

Dempar:

Har heller ikkje spesielt lyst å kappe pipa, så det går mot frontmontert pga. dei åpne siktene. Då er vel Hausken Superkompakt eit godt alternativ. Andre alternativ?

 

Eksisterande gjenger:

Må identifiserast hvis der er slik at ALM 1222 blei levert med fleire typer gjenger?

 

Sikte:

Vil helst behalde det åpne siktet sjølv om det ikkje blir brukt. Som nevnt har det gamle siktet gått heden, men eg har kjøpt eit nytt billegsikte fram til eg får orden på montasjen. Treng ikkje superforstørring, kaliberet strekker seg ikkje stort lenger enn 100 meter. Det eg hadde var 3-9x32 og eg sakna ikkje stort meir forstørring. Leopold Euro-30 4-12x40 er eit aktuelt alternativ, held det då med lave ringer eller må eg opp i medium?

Nokon som har erfaring med varmint-retikkelet til Leopold?

 

Montasje:

Eg vil ha hurtigmontasje for å få den meir kompakt under transport, i sekken blir den ståande å kvile på siktet og det likar eg ikkje. Men for å komme i mål med dette må eg ENTEN finne montasje eller konverteringsskinne der det står spesifikt at den går på dette våpenet, eller så må eg med sikkerheit kunne identifisere den integrerte skinna. Som sagt måler den ca. 16mm på det breidaste, men har sett "BRNO ZKM 611" og "BRNO Early Model 1" omtalt som 14mm dovetail. Dette kan stemme med den smalaste breidda, altså i innfresinga. Korleis måler ein for å identifisere riktig?

 

Har sendt mail til EAW om deira "Slide on, roll-off" montasje går på dette våpenet, skal bli spennande å få svar.

 

...Brno halvautomat er vel kun en ting som innehar trådstarters ønske; den er delbar. resten av egenskapene er ikke tilstede ; vekt, for dårlig presisjon, avtrekk og halvauto er vel ikke nødvendig på fugl, har du skutt bom er vel toget gått...

Ikkje nødvendigvis. Eg har vore ute for liknande situasjon. Kom over ein gjeng med orrhaner i ei bjørk på ca. 60m hald. Var ikkje klar over at siktet var gått fyken og la meg til å sikte. Det blei sjølvsagt bom, men alle sat igjen som om ingenting var skjedd. Prøv det uten dempar...

Uansett, eg kunne ikkje forstå at det skulle vera bom, det var heilt vindstille. Så eg prøvde igjen med samme resultat. Då forstod eg at siktet måtte vera feil så eg prøvde å komma på haglehald, men lukkast ikkje.

Link to comment
Share on other sites

Då har eg fått positivt svar frå EAW, og dei betegner den som 16mm dovetail og ikkje 14mm som eg har sett ellers på internet. Må legge til at eg ikkje sa noko om størrelse på skinna i min forespørsel, kun våpentype.

 

Eg er stadig like klok på dette med måling av skinne, skulle ønske det var klare metoder for dette.

 

Thank you very much for your enquiry dated 10 October and the interest shown in our EAW precision scope mounts.

 

We are pleased to inform you that our wide range of scope mounts does also include various types of mounts for the BRNO ZKM 611 rifle (with 16 mm dovetail): pivot mounts (quick detachable mounts) as well as roll-off and slide-on mounts (fixed mounts) are available for this model.

 

If you let us know which scope you wish to mount, we will be glad to advise the exact part Nos., which will enable you to place your order with your local gun shop. Please let us know scope make, exact model, middle tube and outer objective bell dias., and whether the scope does have a mounting rail or not.

 

We are looking forward to hearing from you.

 

Ut frå svaret deira forstår eg det slik at slide-on roll-off ikkje er hurtigmontasje, men til alt hell har dei pivot som passer :)

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...