Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    682
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

    Reim

    Ikkje erfaring men synspunkter kan ein jo ha på det meste...

     

    For min del jaktar eg stort sett alltid med sekk, og då trur eg ikkje noko slikt vil fungere. Utan sekk vil det sikkert verte betre, men eg lurer på om ikkje reima på "andre" sida av nakken vil gnage?

     

    Har pønska lenge på korleis eg skal henge børsa på meg slik at eg kan gå/klatre/smyge og bruke begge nevane mens eg framleis har børsa hengande på ein slik måte at eg kjem fort til skot. Uten å ha testa dette heller, tenkte eg at eg skulle lage meg ein slik Kifaru Gunbearer med ein form for "break away" stropp eg fester høgt oppe på skulderstroppen på sekken. Linke til Kifaru Gunbearer: https://kifaru.net/store/accessories/gun-bearers/

     

     

  1. Ser ut som Talley-montasjer. Har eit par slike heime. Var ganske "hotte" for ein del år sidan, etter det eg kan hugse. Fekk dei montert på ei scout rifle tidleg 2000-tal av Rafdal.

     

    Du  treng egne Talley-baser. Var, etter det eg hugsar, vel ansette desse her. Og, ja, passar fint på den vesle Leupolden

     

    Her har dei basar:

     

    https://www.brownells.no/epages/Norge.sf/no_NO/?ViewAction=FacetedSearchProducts&SearchString=Talley&ICShowAllFacets=1

     

    Einaste eg lurer litt på er "rekylklakken" på undersida av ringane... Eg har eit lite stålstykke som går på tvers av heile basen, som passar både i ringane og basen. Ser at du berre har ein "tapp". Kan vere du må ha hjelp av nokon med ein fres for å tilpasse ringane til basane.

     

    Om du kontakter Brownells kan jo kanskje dei hjelpe deg..

     

    • Like 1
  2. Eg har, i forbindelse med jobb som inspektør i nordsjøen, tilgang på PMI-utstyr (positive material identification). Har test det eg har av forskjellige blylegeringar med dette utstyret. 

     

    Mitt forslag er at om det er nokon andre som vil vete den kjemiske sammensetningen på diverse blylegeringar dei har liggande, kan dei sende ein LITEN bit til meg i posten, og så kan eg ta det med på jobb og teste det her. Eg treng ei flat overflate på 8-10mm utan for mykje oksydering for å gjere ein grei test (utan at eg treng å gjere så mykje med kvar bit) Greit om ein og nummererer kvar bit og seier kva denne er/trur det er.

     

    Etter test kan eg legge ut resultatet i denne tråden. Og om det er nokon som har lyst til å sponse meg med ein 50-lapp eller noko slikt (etter utført testing og posting av resultat), vert eg ikkje grinete av det (om dette gjer at posten helst skal i kjøp og salg, flyttar kanskje rette person denne dit?). Kjem heller ikkje til å sende tilbake testbitane. Om dette er noko som freister, send meg ein PM så sender eg adresse. 

     

    Eg tenkte å byrje med å legge ut det eg har av resultater: 

     

    (Brinell-verdiane kjem frå eit rekneark funne inne på Cast Boolits-forumet. Teoretiske verdier)

     

    Gamle dykkarlodd: 

    Pb (bly) 97,7%. Sb (antimon) 1,9%. Sn (tinn) 0,8%. Zn (sink) 0,23%. Brinell 10

     

    Bly frå røntgenfilm: 

    Pb (bly) 97,4%. Sb (antimon) 1,6%. Sn (tinn) 0,9%. Brinell 10

     

    "Takbly":

    Pb (bly) 99,89%. Cu (kopper) 0,1%. Brinell 9

     

    Tinn (frå nedsmelta nips):

    Pb (bly) 0,8%. Sb (antimon) 6,95%. Sn (tinn) 91,34%. Zn (sink) 0,4%. Cu (kopper) 0,39%

     

    Setteri/trykkeribly, fyrste smelting (ein fin blanding av forskjellige størrelser/typer:

    Pb (bly) 70,1%. Sb (antimon) 21,2%. Sn (tinn) 7,98%. Cu (kopper) 0,6%. Brinell 30

     

    Setteri/trykkeribly, andre smelting (ein fin blanding av forskjellige størrelser/typer:

    Pb (bly) 65,8%. Sb (antimon) 24,9%. Sn (tinn) 8%. Cu (kopper) 1,16%. Brinell 34

    • Like 3
  3. Fine kniver med karakter! Den til venstre ser ut til å vere horn, kanskje reinshorn? Usikker på om eg ville gjort så mykje med dei. Det finnes måtar å fjerne missfarging på horn/bein, men trur ikkje eg ville gjort det i dette tilfellet. Gi dei ein forsiktig vask, og bruk dei. 

     

    Kniven med lærhåndtak er nok ikkje missfarga. Horn (som eg tenkjer dette er) har ofte slikt fargespel/strukturar i seg. 

     

    Den andre (med trehåndtak) ser ut til å ha ein messingholk. Denne KAN jo pussast, men vil då miste mykje av karakteren..

     

    Kanske prøvd forsiktig med noko trerensemiddel på trehåndtaket og sjå om det har nokon effekt?

     

    Fort gjort å "overrestaurere" slike knivar (etter mi meining). 

    • Like 1
  4. Har pønska på, og iverksatt, noko av det samme du driv og tenkjer på. Men mitt "behov" er ei reinsbørse og ei smygjaktsbørse. Driv/skal til å bygge dette på ei Remingtonkasse.

     

    Forskjellen, slik eg ser det, mellom mitt prosjekt og ditt prosjekt er at avstanden mellom bruksområda dine er ein del større. Du nevner elgjakt.. Skal du hovedsakeleg sitte på post eller vert det gåing/smyging i tillegg?

     

    Det eg kom fram til er løpsbyttemuffe fra Rafdal samt bruke patroner med samme diameter på hylsebotnen; 7-08mm Rem og 358 Win. Då kan eg bruke samme bolt og samme stokk. Har vurdert ein lett stokk til reinsjakta, men det får kome med tida. 

  5. Er det jakta som er viktigst, og våpenet berre er ein reiskap, er sikkert 308 eller 30-06 dei beste vala. Her er det størt utval av ammunisjon og det er lett tilgang på hylser. Men om du er litt våpeninteressert og driv og ladar sjølv er det jo kjekt med noko litt "udde". 358 Winchester eller 338 Federal er jo patroner som skulle passe bruksområdet ganske godt. Men for all del... Litt "udde" :-)

  6. Ja, Christensen Arms frister :-) Har lest litt om kundeservice og slikt på ein del amerkanske fora. Dei er visst ikkje heilt imponerte. Kanskje ein ting å tenkje på når eg er så langt unna. 

     

    Når det gjeld løpslengde og kaliber så skulle vel alle tre gå fint i eit 22" løp. Det skulle vel og vere langt nok til at du kan få ut det meste av potensialet i 6,5cm, ja. 

  7. Tja.. Pipa er malt. Den har og nokre gjenga hol ca midt på pipa. Desse er vendt slik at dei er dekka av stokken no. Kanskje ein montasje for Scout Scope? Rifla i denne konfigurasjonen er i alle fall eldre en 2013. Har funne bilder frå testskyting her inne på forumet :-) Dette er forresten "arkeologi" eg kan like :-)

  8. Takk for svar :-) Ja, eg skjønte ikkje heilt bakgrunnen for å blande vadmel og bomull. Ser dei har fleire modellar utan dette bomullsforet, så eg får sjå litt på dei. 

     

    Belte og bukseseler er av og til det einaste som hjelper :-) 

×
×
  • Create New...