Jump to content

Hjortejeger89

Members
  • Posts

    111
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hjortejeger89

  1. Tokomponents epoxylim er jo knallsterk og burde gå?. Men eg trur uansett eg kjem til å skru inn eit par skruar bak ifrå.
  2. Det er riktig. Eg har ikkje sagt at vektene på dyra tilsvarar gull. No er vektene veldig bra, i alle fall i år. Derfor ein kanskje bør gå tilbake til dei kvotane ein hadde tidlegare.
  3. I utgangspunktet er jakta over for min del grunna eksamener framover. Er dyr å jakte på endå. Kunne lagt ut ein del bilder fra årets fellinger. Likevel, kjenner eg meg sjølv rett så kribler det så mykje etter tre veker pause at bøkene får ligge i fred Ellers var det møte i eine storvaldet eg jaktar i for to veker sidan. Der var det ein frå politiet også. I 2011 var det 92 påkjørsler av hjort i Flora kommune. I år er det 14 fram til no. Eit tydeleg tegn på at gullalderen er over, og at ein bør redusere kvotane no. For å være føre var kverrulantar, så meiner eg ikkje dette kun med grunnlag i mindre påkjørsler.
  4. Ikkje umulig. Skal seiast at det er kun til hjort, og litt avhengig av om ein har med eller utan "nase" på skallen. Merk også at eg har ikkje behandla mine med noko, men planen er ein mørk lakk av eit slag.
  5. Har ikkje tru på at lim held eit tungt gevir i mange år heller. Men patenten med stift var ikkje dum, denne blir prøvd ut. Takkar for nyttig svar
  6. Eg er ein tremann, platene har eg allerede skjært ut og fresa kant på. Men ellers ein bra patent! Kva slags lim er å anbefale då?
  7. Etter nokre bukkefall dei siste åra er det på høg tid å få hengt dei opp. Har laga gevirplatene sjølv, og skallane med gevir er klare til å monterast. Er det nokon med gode tips om korleis ein monterer skallen på gevirplata? Skru inn bak ifrå utan å øydelegge skallen, og at det er sterkt nok?
  8. Nei, det meiner eg ikkje. Men at treffet ikkje er i vitale organ og ikkje dødelig der og da. Eg veit kva du meiner, at etter tid kan dyret dø som følge av skadene.
  9. Mest sannsynlig truffe enn ryggtapp. Dyret går i bakken, blør litt, men ikkje dødelig. Akkurat det samme skjedde med meg i fjor, skaut på ei kolle. 60 m, godt anlegg, litt høg bogsmell. Dyret datt i smellen, låg der 3-4 min som eg fulgte med. Satt på post så eg venta til jaget var over før eg gikk fram. Då låg ikkje hjorten der, blod på plassen der den låg. Ringte etter hund, ingen blodspor å finne, og heller ingen hjort!
  10. Ja, enig. Det har vi gjort i et terreng i alle år, og der er telte eg 26 bukkar i brunsten i fjor. Men der skyldes det også at vi tar ut for lite Men tanken min var at om en vil øke stammen med feks et par stamkoller, blir då fjorkoller værande igjen og blir ei stamkolle. Skjønner sjølvsagt at ein spissbukk ikkje blir ei stamkolle om ein sparer den
  11. Jakter i fleire ulike terreng. Alt i frå terreng der det er for mykje hjort til der det nesten er uforsvarlig å ta ut noko. I eit terreng har det vore spart kolle med kalv i alle år. Der er det rikelig med hjort. Det eg sat og tenkte på ein dag. Om ein vil ha opp hjortestammen i eit terreng, veit eg sjølvsagt at det hjelper å spare voksne koller. Men kva med fjorkoller? Blir dei værande i terrenget i framtida om dei får gå, eller kan dei bli jaga vekk av koller? Er det gjort noko forskning på dette?
  12. Dyr nr. 6 for året blei felt natt til lørdag i fine forhold med snø på bakken og klar himmel med måne. Stor bukkekalv på 35 kg. Mest sannsynlig siste jakthelg i år pga eksamener, bittert. Ett løyve igjen i det terrenget, spissbukk. Prøvde natt til søndag, hadde 6 koller med kalv som beitet på 60 m heile natta. Enn bukk og enn spissbukk holdt seg i skyggen av trærne. Kjenner eg meg sjølv rett så kribler det nok i november slik at eg må jakte litt til
  13. Spissbukk og kalv igjen i et terreng eg jaktar i. Satsar på å felle dei på måneskinnsjakt til helga. Skyter vanlegvis ikkje på innmark der til vanleg, men det går mot eksamensperiode og slutt på jakta for min del etter kvart så eg må nytte på. Skaut forøvrig ein spissbukk på 71 kg forrige helg. Lenge sidan eg har hatt så store fjordyr. Og ellers er mitt inntrykk at vektene på dei dyra eg har felt i år har vore bra. Godt beite i skog og fjell gjer nok til dette vil eg tru. Ikkje like mykje dyr på innmark om nettene som før, men i skogen kryr det med hjort. Andre med samme inntrykk? Veit at sauebøndene også har gode vekter på lam i år.
  14. Hei, kvar er dette i Flora kommune?
  15. Er det lov å spørre kvar du jaktar Knut Erik?
  16. Eg har skote tre hjorter hittil som mitt "bidrag". Kalv 27 kg, beinhonnel 56 kg og 6-greinar på 123 kg
  17. Brølinga har vore i full gang i alle fall ei veke i eit av terrenga eg jaktar i. Forrige helg hadde vi to store jag i ein dal med ukjent navn . Lørdagen starta vi med det lengste jaget, der postane må rekne med minimum fire timar på post, og blir det skote hjort i jaget kan det går mot seks timar. Dette fordi vi må slakte og bære ut i dette terrenget. Noko som også begrensar oss til å skyte maks to hjortar per dag. I alle fall, lørdagen var eg jagar og gikk øvst i jaget. Blir fort lang tekst om eg skal skildre alt, men eg kan oppsummere at eg såg 24 dyr, mange skotsjanser, men holdt igjen siden vi ikkje skyter kolle og kalv. Det small på to av postane, enn tregreinar og ei enslig kolle blei felt. Vi talte opp til slutt og rekna med at vi hadde sett ein plass mellom 40 og 50 dyr. På vei ut dalen med tunge sekkar var det 6-7 bukkar som fyrte i gang og brølte, god underholdning! Dagen etter, søndagen, trekte eg ei post i eit anna større jag. På vei til post var det fleire bukkar som brølte like i nærheten, så spenninga blei ikkje direkte mindre. Før jaget var starta kom det 5 hjortar som eg slapp forbi, koller og kalvar. Rett etter kom det enn ganske bra bukk gåande som eg felte med ei godt skot. Enn seksgreinar på 120 kg. Like etter small det på posten ovanfor meg, der faren min satt. Han hadde felt ein stor femgreinar. Då kom det kjapt ein telefon frå jagarane at no var butikken stengt, vi skulle bære det heim også. Og om sekkane var tunge lørdagen med tregreinar og kolle, så var dei ikkje lettare søndagen
  18. I et av terrenga eg jaktar brøler dei første bukkane for full maskin. Lørdag var det 8-9 stk som fyrte i gang heile dagen. 6-7 stk i går. Eg sjølv felte ein 6-greinar, mens det ellers blei felt ein stor femgreinar, enn tregreinar og ei kolle. Artig å sitte på post når bukkane brøler, og det er mykje aktivitet!
  19. Jakter i et terreng der bestanden er veldig stor grunna litt for lite uttak. Vi skyter mellom anna aldri kalv, med mindre dei er små seint i jakta. Når det gjelder freding av storbukkar pga kjøttkvalitet så skyter vi maks spissbukk etter ca midten av oktober. Kan nevne at eg i fjor var inne i denne dalen i brunsten, der eg observerte 26 bukkar som brølte, herja og slåss. Vanvittig konsert å ta del i!
  20. Startet årets jakt som vanlig med smygjakt i dårlig tru då det kun var et par store koller på innmark om natta. Fant fort ut kvifor når det er så mykje mat i skogen endå. Støkte ut fleire flokker, deriblant en trio med spissbukker. Et par koller med kalv og en liten bukk. Etter kvart som tida gjekk fekk eg endeleg ein sjanse der eg såg hjorten før den var klar over meg. Felte ein bukkekalv på 26 kg. Dagen etterpå, altså i går, var det smygjakt i nytt terreng. Såg mykje spor og ferske perler, god vind og elvar så rann gjorde det ypperlig for å komme inn på hjorten. I det eg gjekk og tenkte på dette såg eg plutselig ein hjorterygg berre 10 meter foran meg. Hjorten gjekk og beita bak ei rotvelte for dei som veit kva det er. Hodet på hjorten såg eg ikkje sidan den gjekk og beita, og måtte dermed avvente for å sjå om det var ei kolle som kunne ha kalv. I det eg tok av sikringa på våpenet hiver hjorten hodet opp og stirrer meg i mot. Eg blei litt forfjamsa då eg såg det var ein tregreinar. Nok til at den heiv seg rundt og forsvant oppover i tette skogen. Artig opplevelse!
  21. Tenkte å kappe løpet sjølv skjønner du. Takker for svar! Så det blir et spørsmål om man må behandle løpet med noko etter man har fjernet bakside? Siden det blir rett på stålet. Hvilken lengde kappet du løpet til?
  22. Hjortejeger89

    Mauser M98

    Har ein mauser M98 i 30.06. Det eg lurer på er om det er nokon som har fjerna åpne sikter på ein slik mauser før? Ønsker også å kappe løpet, nokon som har erfaring med dette?
  23. Bur for tida i Bergen og studerer, reiser til Sogn og Fjordane omtrent kvar helg i jakta. Jaktar i 6-7 forskjellige terreng, kan sjekke ut moglegheitane for å vere med ein tur der om det er av interesse.
  24. Har kammerfolket erfaring med desse countourkamera som er på markedet? Jaktar i eit terreng der vi praktiserer å ikkje skyte kolle med kalv, og får derfor mange fine sjansar til å filme dyr på post og ellers i drivet. Har nokre filmar som er filma med mobil, men kvaliteten blir jo deretter når ein må følge med om det kjem ein stut diltande etter
×
×
  • Create New...