Jump to content

Hjortejeger89

Members
  • Posts

    111
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hjortejeger89

  1. Klar over denne, men ser det er mest emner for hagler. Ingen som veit om møbelsnekkarar eller børsemakarar som har emner i hardt tre som egner seg? Er helst på utkikk etter emner som er litt "flammar" og mønster i treet.
  2. Hei, eg lurer på kvar ein kan få tak i emner til våpenstokk? Tenkjer då i materialer som svartor, bøk, lønn, nøttetre av ulike slag osv. Er det nokon som veit kvar ein får kjøpt desse tresortane? Ikkje for planting i hagen altså
  3. Vi praktiserer dette i et av terrenga. Det vil sei at vi feller kun einslege dyr.
  4. Siste jaktdag for året var i går, mykje snø og dyra stod i ro så det var vanskeleg. Hadde fin mulighet på ei kolle, men kun et hanndyrløyve igjen. Oppsummering av jakta 2011: Skyt som alltid mest tidleg i jakta, hatt jaktpause dei siste seks vekene grunna skulegong. Kalv - 19 kg - Smygjakt Kolle - 67 kg - Drivjakt Spissbukk 56 kg - Stilljakt Kalv - 21 kg - Måneskinnsjakt Spissbukk 47 kg - Drivjakt Kalv - 28 kg - Smygjakt Fjorkolle - 47 - Smygjakt Fjorkolle - 51 - Smygjakt Kolle - 63 kg - Smygjakt Alle dyr felte med Noslerkuler i kal 308. Lengste fluktstrekning på 50 meter, kortaste med 0 m. Total på 9 dyr, sjølv om det blei mykje små dyr. Tendens med små kalvar i år.
  5. Som nevnt ovanfor her så har jo planen med forvaltninga om å redusere hjortestammen fungert. For dei som fortsatt vil ha hjortestammen høg, er det berre å skyte mindre dyr. Det er ingen krav om å fylle alle tildelte løyver. Ein kan ikkje få fleire løyver, fylle desse, og så klage på at hjortestammen minkar. Det er vel enkel matematikk å forstå. Sjølv er eg veldig for å ha ein stor, men sunn hjortestamme. Og er med i fleire vald der vi ikkje fyller kvotene nettopp fordi vi vil ha ein viss kontroll og ikkje utrydde alt.
  6. Blei inspirert til å dele ei jakthistorie frå ein jaktdag tidlegare i haust etter eg leste den fantastiske skildringa til hjortetrekk ovanfor! Fyrste og andre helga i jakta var unnagjort og eg hadde vore så heldig å skote fire dyr desse helgane. No stod turen for å jakte eit jag vi kallar for Inste botnen i ein stor dal. Dette jaget hadde ikkje vore jakta på 5 år. Grunnane til detter er mellom anna at det tek eit par tima å gå inn, det må slaktast i skogen og det bør vere ein del folk med og fint veir er høgt prioritert! Forventningane var som alltid store i det 8 jegera fordelt i to båtar seig innover eit vatn for å komme til dalen vi skulle jakte i. Bestanden av hjort har dei siste åra vore bra her inne. Etter gammalt av blir dalen her kalla for "Stua til hjorten". Etter ein liten halvtime i båtar over vatnet steig vi land og heiv sekkar og gevær på ryggen. Postane skulle ikkje trekkast før vi kom inn til fyrste posten. På veg innover etter å ha trakka i ein time stoppa vi for å sjå etter beitande hjort høgt oppe i fjellsida. Skodda kom sigande ut dalen og vi hadde ein fin dag i vente. På bilete under kan ein sjå der vi såg 14 hjortar som beita i sola. Denne lia jaktar vi aldri. Etter denne pausa gjekk vi vidare innover og vi kom til der dei som skulle postere skulle skilje lag med jagarane. På veg innover tok eg nokre bilder av nokre hjortetrakk og forventningane blei ikkje akkurat mindre. Tre postar skulle ligge igjen, mens resten skulle jage inn dalbotnen på eine sida, og komme tilbake mot postane på andre sida. Eg trekte nederste posten som er på ein stor stein midt i dalbotnen, ein meget godt post der det alltid kjem hjort. Avskytinga blei repetert for dei som var usikre: KUN einslege dyr og maks eit dyr per post. Grunnen til avgrensinga på maks eit dyr per post kjem av at vi må slakte i skogen og bære ut i sekkar. Bilete under viser posten min, på denne steinen er det i grunn 360 graders skytevinkel. Som ein ser på bilete så sat eg i skugen i nesten fem timar mens dei andre postane hadde sol. Strakk eg opp handa mi derimot, då fekk eg sol på den! Jagarane gjekk opp til venstre for posten min og innover. Eg visste at dette kom til å bli ein lang dag på post, denne dagen blei eg sittande på posten min i 4,5 time. Vi nyttar ikkje radiosamband her så det er lite informasjon om kva slags dyr som kjem. Etter vel ein halvtime kom det kolle med kalv rolig framover mot posten min. Sidan det kun er einslege dyr vi skyter, så lot eg denne gå. Fordelt utover i dette jaget fekk til saman fire koller med kalv som eg slepte forbi. Den siste har eg på film. Etter ca to timar såg eit einsleg dyr langt framme i skogen som kryssa elva som går fram dalen. Eg gjorde meg klar, er det ein bukk tenkte eg? Så ser eg det, ei einsleg vaksen kolle kjem rolig joggande fram. På berre 15 meter i frå steinen eg sat på, i same spora som dei andre, plystrar eg. Kolla stoppar på, eg setter korsen rett bak bogen og trekk av. Kolla spring 10 meter før den faller om og ligg. Det var etter dette det verkelege livet starta i jaget. Siste timen av jaget og jagarane var på vei fram mot postane. Plutseleg høyrer eine jagaren rope fleire gongar. Eg ser opp på øverste posten som sit til høgre for meg oppe i lia. Der kjem ein stor bukk fram, eg handkikkerten og ser. Det er ein stor femgreinar som kjem framover. Men plutseleg snur den og spring tilbake i mellom to jagara. Etter dette skjer er heile lia i bevegelse og eg sit på orkesterplass! 4 store bukkar springer tilbake i jaget, alle tre postane blir servert kolle med kalv som ikkje er skytbart uansett. Når jagarane kjem fram samlast vi ved posten min der det blir slakta og fordelt i sekkar. Heldigvis lette sekkar sjølv om det kunne blitt tunge sekkar og kanskje ein dag ekstra med kun bæring Det som er utruleg med dette jaget er at vi kun endar opp med denne eine kolla. Til tross for at jagarane aldri hadde sett så mykje dyr i dette jaget før. På vei innover hadde jagarane løyst ein flokk på 4 bukkar. Det var sett til saman 37 dyr i dette jaget. Dette jaget er magisk! Å vere i denne dalen i brunstperioden er noko eg kan anbefale alle som vil oppleve noko rått! Vi jaktar ikkje der i brunsten. I år blei det observert 16-17 bukka som brølte berre på ein liten del av dalen. Legger ved eit bilde til slutt som viser inste botnen. Har desverre ikkje fått jakta på over ein mnd no pga eksamenar, men håpar på ein dag til før jul. Er uansett godt nøgd og har sjølv felt 9 dyr i år.
  7. Mange gode svar her. Eg jaktar nesten kun smygjakt. Men som nevnt i andre innlegg her så er det nesten umogleg når det er altfor stille. Det beste veiret er når det er våt mark og gjerne litt regn. Er det dårlig vind i forhold til der du beveger deg så gå litt "skrått" i forhold til vindretningen. Eg har skote fleire hjortar der hjorten har fått vinden av meg, men så går eg skrått på vinden slik eg gjerne ser hjorten nedanfor meg eller ovanfor. Løyser eg hjort i dagleie på smygjakt utan å sjå dei, så er mitt tips å gå mot høgda! Har blitt litt dreven på dette, og har etterkvart skote ein del hjort på denne måten. Ikkje noko fasit på dette, du lærer av å gå!
  8. Eg jaktar også ein del i Fjaler. Men dette er i eit område der vi ikkje er med i storvaldet. Dette betyr at vi har meir areal per løyve, og der er det rikeleg med hjort. Der fungerer forvaltninga fint ved at vi har stabilisert hjortestammen der. Haustar av overskotet. Naboterrenga der som er med i storvaldet slit derimot ein del med å få alle dyra dei siste åra.
  9. Gratulerer! Kvar er dette? 8 koller, korleis er andelen med fjorkoller blant desse?
  10. Å legge ut rundballar som åte til hjorten, blir ikkje dette rekna som åtejakt? Og åtejakt på hjort er vel ikkje lov? Skal ein fore hjort så må det vel vere fordi det har vore harde vintrar, som dei to siste. Hittil i år vil eg påstå at foring av hjort ikkje er nødvendig. Eg meinar også at foring av hjort bør ikkje forekomme pga at hjorten då blir avhengig av foring om vinteren og gjer det til ein vane. Kva skjer då med dyr som er vande med dette, og kjem igjen året etter utan at rundballen ligg der? Skal seiast at eg er langt ifrå nokon ekspert på dette og har aldri vore med på foring av hjort.
  11. I kraftig regnveir står ofte hjorten i ro, gjerne i plantefelt. Men av eigen erfaring så er det mykje lettare å komme innpå hjorten i slikt veir. På smygjakt går eg konsekvent på der hjorten har dagleie i slikt veir, og har ved fleire høve hatt suksess med det. Uansett, lykke til!
  12. Dei fleste plassane har vel fortvaltningspolitikken vore at hjortestammen skal reduserast. Ser ein slik på det så har det vel fungert bra. Sjølv om eg ikkje legg skjul på at eg synst det er artigare med mykje hjort i skogen enn lite.
  13. Eg er heilt einig med det du skriver skjørtejeger.
  14. Det er godt mulig, i alle fall det beste kjøttet. Mitt poeng er at skal ein ha store og voksne bukkar så må ein skyte litt av alle størrelsar. Det må også vekse opp nok bukkar skal det bli store bukkar.
  15. Skal også seiast dei virkelig store karane kjem aldri fram på post, dei blir ofte observert i jaga, men lurer seg vekk. Så misforstå meg rett, vi skyt ikkje ned alle storbukkane. Men andelen av bukk er så stor at vi kan ta ut nokre store i året, sjølv om vi kun har observert store i år uten å felle.
  16. Ein bonde slaktar vel heller ikkje alle oksane sine før dei er store heller?
  17. Ein stor dal, verna område. Der det knapt trakkar folk. Når eg snakkar om store bukkar så er det 6-greinere og store 5-greinere. Såg vel to som hadde 4 i toppen (7-greinere). Einig i at ein skal ta ut dei bukkane som er små også, men kor enkelt er det å vurdere? Du kan lett skyte ein 5-greinar med lite gevir som du trur er ein liten bukk med dårlig potensial, men så viser deg seg at den er kun 2,5 - 3,5 år gammal og eigentleg eit bra emne. Men dette området er ikkje samanliknbart med eit vanlig hjortevald. Her blir det eigentleg jakta og tatt ut altfor lite hjort dei siste åra og bestanden er difor stor.
  18. I brunstperioden såg vi 15-16 store bukka som baura og slåst om kollene. Hørte fleire lenger inne også. Her er avskytinga store bukkar. Skal ein ha store bukkar hjelp det ikkje å skyte små bukkar. I tillegg feller vi aldri bukk i brunsten, dette pga kjøtkvalitet.
  19. Ser det er mange som har merka nedgong i hjortestammen. Sjølv har eg ikkje erfart dette i dei terrenga eg har jakta i år, heller tvert i mot. Men eg trur at for dei som har sett og felt lite hjort i år så handlar det mykje om veiret også. I eine terrenget eg jaktar i har vi aldri sett så mykje hjort som i år, telte over 15 bukkar i brunsten ved å kun gå inn dalen. Her har avskytinga vore KUN enkle dyr i alle år. Og det har ikkje vore tatt ut halve kvoten ein gong, dette med vilje. Naboterrenga har i fleire år redda seg på at vi ikkje har teke ut "nok" hjort sidan hjorten trekker ut ifrå vårt terreng når vinteren nærmar seg. I år har det vore mildt så lenge, så eg trur at hjorten gjerne står igjen.
  20. Hei. Jeg har arvet en gammel mauser etter min bestefar. Den er ikke registrert å det finnes ikke papirer/våpenkort på den. Hvordan går jeg frem? Er det vanlig våpensøknad som gjelder her også? Noen som har peiling?
  21. I dei terrenga eg jaktar har det i grunn vore normalt med hjort. Men der er bevisst avskyting, ingen voksne koller blir skote. I eine terrenget eg jaktar skyt vi aldri kolle med kalv. Vi skyt kun enkle dyr. I brunsten pleie det som regel å vere konsert der med 15-20 bukkar som står å baura. Men dette er i eit terreng der det knapt går folk gjennom året og blir jakta ei helg eller to i året. Ellers har eg felt 9 hjortar denne sesongen og er godt nøgd til tross for kun små dyr. Ga meg for tre veker sidan pga eksamensperiode. Får sjå om vi ikkje får lurt inn et par tura på smygjakt før jul
  22. Er det ikkje 18 kg for hokalv og 20 kg for hannkalv? Meinar det var det hos oss. Åpna forøvrig jakta med smygjakt, der eg skaut ein kalv som låg medan kolla beita for sidan av. Seinare på same dag datt ei vaksa kolle uten kalv på drivjakt. Ellers datt det til saman 7 dyr i dei terrenga eg jaktar i fyrste jaktdagen.
  23. I Askvoll kommune er det bra med hjort
×
×
  • Create New...