Jump to content

Hjortejeger89

Members
  • Posts

    111
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hjortejeger89

  1. Mitt inntrykk er at hjortestammen har vore på vei ned i fleire år no, grunna høg avskytning. Ønsket om å redusere hjortestammen har betalt seg. Einig magnum_mauser, det kan sjå ut som stammen spesielt i kyststrøk har blitt redusert.
  2. Eg er einig og ser også grunneigarar som misser avlingar pga stort beitepress frå hjorten. Men i desse områda er det vanleg med skadeløyver. Eg er einig i det du skriv Vestlandsjeger, lokale variasjonar. Mitt poeng var at den høge avskytinga dei siste åra har begynt å betale seg, hjortestammen er tydelig redusert fleire plassar. Så får det sjølvsagt vere ein anna diskusjon om ein ønskar å fortsette den same avskyting eller om ein burde vurdere å stabilisere den. Jaktar sjølv i eit jaktterreng der det ikkje har vore praktisert å skyte voksne koller og kalvar på all den tid. Forvaltningsmessig bra eller ikkje, som jeger, så synst eg det er vanvittig artig i eit slikt terreng der det er mykje hjort.
  3. Mange gode synspunkt og meiningar i debatten her. Jaktar sjølv hjort i kommunane Flora, Fjaler og Gloppen, og mitt inntrykk er at hjortestammen hadde sin kurvetopp litt utpå 2000-talet. Dette er berre eit inntrykk utifrå jakt i eigne og naboterreng. Dei siste to åra er det mange hjortejegerar eg snakkar med som meinar det same, stammen er redusert. Eg trur den høge avskytinga i fleire år har begynt å betale seg. Og difor er eg ikkje heilt einig i kvotefri jakt på hjortekalv. Det blir jo sjølvsagt eit spørsmål om ein ønskar å redusere hjortestammen kraftig eller ikkje, etter mi meining. Eg sjølv synest i alle fall det er artig å gå på jakt der det er litt hjort
  4. Jaktar sjølv i Gloppen, i Hyenområdet og mitt inntrykk er at det er veldig bra med dyr der. Jaktar også lenger vest i Flora, og som Vestlandsjeger skriver, så stemmer det veldig bra at trekket går vestover gjennom Nordalsfjorden og vidare.
×
×
  • Create New...