Jump to content

tebbe

Members
  • Posts

    17
  • Joined

  • Last visited

tebbe's Achievements

Apprentice

Apprentice (3/17)

  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later

Recent Badges

0

Reputation

  1. Takseringsresultat er sjølvsagt heilt topp i tråden , men eg tenkte på sjølve diskusjonen om taksering, metodikk, veir og gode - dårlege hunder osv. Dette kunne vore kjekt å hatt i eigen tråd, sikkert mykje erfaringar her på forum rundt taksering som kunne vore interessant å lese om.
  2. Ser skrøpeleg ut på nordvestlandet. Sett 0 kyllingar hittil, og ekstremt sein vår/sommar kombinert med konstant kjølig dritveir sidan mai er dårleg utgangspukt. For å toppe det heile ser det ut som smågnagarbestanden også er fordufta. Ellers hadde det vore flott om diskusjonen om taksering var lagt til ein eigen tråd. Denne tråden var vel meint å vere om klekkinga, og kva kammerfolket har observert av fugl rundt om i landet.
  3. Dette betyr at eg kan ta fram kal.20 hagla igjen til hausten. Det vesle som har vore å få tak i av ammunisjon til kal. 20 har vore elendige greier sida blyforbudet kom. Det blir nesten som å få ny hagle dette. Ellers har eg blant dei som fortsatt eit stort lager med kal.20 bismut hagl som skal brukast, men tru meg det blir på leirduer. Blir fantastisk å knuse leirduer til rundt 18 kroner smellen!
  4. avtrekksfeil Veit du noko om storleik på Cam S-glove, altså om dei er normale, små eller store i forhold til vanleg hanskestorleik? Ser dei får veldig gode kritikkar av friluftsfolk, og er frista til å prøve til tross for ca. 1000 kroner per par. Pussig nok er hanskar noko av det siste som har blitt prioritert av jaktutstyr, men no er det kanskje slutt på iskalde fingra som ikkje klara å få av sikringa når rypa letta
  5. Hei. Er ute etter tips til gode hanskar som skal brukast først og fremst til rypejakt under våte og kalde forhold. Har prøvd mange, men aldri funne ein skikkeleg god hanske som må følge 2 kriterier: 1. fleksibel nok til å betjene sikring og avtrekkar, 2. halde fingrane varme. Det må vel vere nokon blant kammerfolket som har funne draumehansken!
  6. Må bli bra, flotte jenter i flott natur. Trur det uansett er positivt for jegerstanden å skape eit litt meir nyansert bilde av korleis ein jeger er. Det er ikkje berre middelaldrande gubbar som jaktar. Eg huskar godt korleis eg jakta i den alderen, og det var mykje som ikkje var etter jegerprøveboka ja. Trur ikkje eg var noko betre enn desse jentene nei. Når det er sagt so oppfattar eg ikkje mykje av det som er skrive på kammeret som jamring og flisespikkeri. Våpenføringa er IKKJE akseptabel, og eg både håpar og forventar at dette blir mykje betre i neste omgang på tv. So lenge jentene er på TV i beste sendetid vil dei automatisk bli rollemodellar for mange andre unge jegerar, og dette ansvaret må dei vere seg bevisste når det gjeld sikkerheit på jakt. Eg gleda meg stort til serien jenter, røyk og bann i veg, fargerikt tv, og med god våpenføring i tillegg blir det knallbra!
  7. Liten kikkert kan vere kjekt å ha til å leite etter kvite og halvkvite ryper i oktoberfjellet. ville også tatt med ei lett dunjakke som er genialt til å halde varmen på kvelden i høgfjellet.
  8. Nordvestlandet: Ok størrelse på både fjell og lirypekulla, men desverre kan det sjå ut som det er langt mellom kvart kull. Men dette er normalt no på sommartida. Forhåpentlegvis er det fleire kull enn det som en ser på fjellturane no. Har ellers observert litt lemen, det hadde verkeleg gjort seg med oppgang i smågnagarbestanden. Rovfugl er nesten fråverande, bortsett frå ravn og kongeørn.
  9. tebbe

    Minkjakt

    Noko som eg aldri har sett før, 2 store flått på mink. Nokon som har sett dette på andre mink? Trudde verkeleg ikkje at flåtten klarte å overleve på ein mink.
  10. CB 120 synast eg gjev finaste slaga på måren. Av og til er slaga litt langt bak med CB 160, men måren døyr nok umiddelbart pga stor kraft også med slag litt bak. Bestilte 12 stk CB 120 i dag på brunst.no til helgepris 999,- Kjempetilbud synest eg. Dvs 83,25 kr per felle. Latterleg pris i forhold til kva eg betalte for mine første conibear feller for 25 år sidan. Hugsar ikkje heilt kva eg betalte dengang, men det var over 200 kroner pr stk. Kjekt med ei slik utvikling så lenge kvaliteten er den samme.
  11. Jaktkort for dalsfjord aust får du kjøpe i postkasse som heng på veggen til fabrikkbygget akkurat der du køyrer over elva i Dalsbygda. Heng 2 postkasser ved sidan av kvarandre. Bygget ligg i ein krapp høgresving i 50 sona. Dagskort kosta 55 trur eg. Ok fjellrypeterreng, men som vanleg forbudt med hund.
  12. Flokk på flokk med gås passerte sørover gjennom Dalsfjorden i Volda kommune i dag. Meir enn 100 i største flokkane. Kan umulig vore under 1000 gjess som passerte. Gåsekakling heile dagen. Antar at dette har samanheng med jakt lenger nord.
  13. Ikkje berre elendigheit å melde. Sett 4 kull med skogarype i kveld, alle med 6-8 rype, store fine kyllingar . ALDRI før sett meir enn 2 kull på dette vesle området. Merkeleg dette. Ikkje eit lemen å sjå i heile år, ikkje lemen ifjor, sein vår, mykje snø og elendig sommar med lav temperatur, knapt over 20 grade sidan pinsa. Allikevel rekordmykje ryper, forstå det og forklar det den som kan. Også sett nokre fine kull med fjellryper i år. No gjeld det å lade børsa å plukke så mykje lovleg rovvilt som mogleg. ALLE som jakta rype/skogsfugl burde jakte rev og kråkefugl no, og sette ut mårfellene straks sesongen er igang. Tenk viss alle jegerar felte eit rovvilt for kvar rype/skogsfugl som dei felte - rimeleg sikker på at vi hadde hatt heilt andre bestander med mattnyttig vilt å hauste av då.
  14. tebbe

    Toppjakta 11/12

    Noken som har erfaring med 308 på toppjakt på tiur/røy/orre. Og evt. type ammo. Er det mulig å bruke vanlig NATO ammo, eller anbefalast annan type heilmantel. Har også 222. men føler som andre har nevnt at vind er eit problem for nøyaktigheita. TB
  15. lite fugl i fjella i stryn i år. Tips. Inatur.no og kjøp kort på skjåk almenning på strynefjellet. ca. 1 time å køyre frå loen til strynefjellet. då kan du jakte rett frå vegen.
×
×
  • Create New...