oysteinlarsen
-
Posts
625 -
Joined
-
Last visited
Content Type
Profiles
Forums
Gallery
Downloads
Blogs
Events
Forum articles
Posts posted by oysteinlarsen
-
-
Den Fete Tingen å gjera hadde naturlegvis vore å køyra eit par stemne der ein skaut på kortare hold enn 100m. Det er mange HV-folk i desse dagar som får utlevert MP5, på laget mitt er me no tre med AG3 og resten med MP5, og det er jo grisemorro å skyta med den lille krabaten.
-
Mi røynsle med årgangar av NM60: ammunisjon frå tidleg syttital brukar gå bra. På seint syttital og utover åttitalet vert det støtt verre i snitt (ein kan framleis finna gode lottar, men dei er færre, og dei dårlege er dårlegare), på nittitalet tek det seg opp. Lapua-ammunisjonen (sjå etter rund A i staden for spiss) er veldig god. NM231 har eg aldri fått til å gå særleg bra (noko som vel passar med at det er noko stort tull i utgangspunktet, kopar er mykje verre enn bly).
Andre kan ha anna røynsle med dette, men eg har hatt privilegiet å prøva ein del einskilde årgangar. "Tidleg åttital dårleg, tidleg syttital bra" er ein grei tommelfingerregel som eg trur dei fleste skriv under på.
Og sjølvsagt, ein har jo mogleiken til å trekka ut kula, skrapa ut bitumen-hinna på innsida av hylsehalsen, og setta kula på plass att. Det gjer som regel bra resultat. Å bytta ut kula med ein holspiss er ikkje å tilrå. Ladninga er ganske frisk, og du har ikkje lyst til å famla i blinde...
-
NM60?
in Generell rifleskyting
Posted
Tykte eg fekk færre "slengarar" med det. Men samlinga var vel på det jamne.