Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by oysteinlarsen

  1. Denne børsa skremmer meg og fascinerar meg og gjer meg inderleg, hoppande glad, alt på ein gong. GSn7W.gif

     

    Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie anna enn "gratulerar". Kanskje du skal poste bileta på Gaysir og be om kritikk?

     

    Det einaste som manglar no, er ei stor rosa sløyfe ein plass. Framre siktestolpa?

  2. AG3 er eit rimeleg presist våpen, om den ikkje er slite ut og er halde ved like rett. Eit rakleverk som er istykkerpussa på ein rekruttskole og ei depotdronning med ny pipe, må det jo vera skilnad på. Val av ammunisjon er òg eit punkt. Nokre år var dårlege for Raufoss, andre var betre.

     

    Eg er litt sur på FLO som ikkje alltid delar ut skikkelege børser. Standardprosedyre for skytebaneleiar bør vera at ein ved fyrste gongs gjennomtrekk på øving, har med seg ein utskremt medhjelpar som kan stramma til siktefot og flammedempar. Det hjelp lite å stilla eit sikte om siktefoten flyttar seg ein milimeter i høgde og bredde, og ein laus stålklump på enden av eit løp gjer ujamne vibrasjonar og spredning. Gjer ein så folk ei kjapp oppfrisking i bra liggestilling - den som kjennest bra og er stabil - og oppmodar til å ta seg god tid og fokusere på sikteteknikk, avtrekk og stabilitet, så går samlingane ganske så kjapt inn mot sentrum.

     

    Folk som klagar over presisjonen i AG3 kan anten ikkje skyte eller har feil forventningar. Røynsla mi seier det fyrste. Alle kan skyta godt med ein normalt god AG3, med god ammunisjon og med god instruksjon. Avtrekket er meint for strid, ikkje skarpskyting, men det hindrar deg ikkje i å gjera eit godt avtrekk. Det tek berre lengre tid og meir trening å få det reint og godt. Men tørrtrening er no ein gong ikkje noko folk vil nedlata seg til no til dags.

  3. Sikker på at du vil ha ein Mosquito?

     

    74e2e0288deb85c5a9c83d7dc4e36c94-5d4.jpg

     

    Spar pengane, kjøp noko airsoft i staden som du kan stå framføre speilet/webkameraet med utan at det ser "pinglete" ut.

     

    Eventuelt kjøp noko du faktisk treff med. Om du får kaldsvette av Ruger MkII/III, kan du sjekka ut ein 22/45 i staden (veldig lik å handsama som ein 1911), eller eventuelt titta på til dømes ein brukt Hämmerli X-esse om du finn ein, eller kva med ein Browning eller ein god, gamal Hi-Standard?

     

    Lasersikter er ei dårleg løysing på desperat leit etter eit problem. Bruk pengane på noko som gjer deg god å skyte i staden.

     

    Kjapt tilsvar: CZ-75 Kadet (.22-ombyggingssett) er ganske bra greier, så eg kan istemma på denne.

  4. Om Saigaen min er nokon indikasjon, kan du sjå fram til å presisjonstesta den òg...

     

    300 meter hurtigserie med jernsikte, Federal:

     

    saiga-jernsikter-gruppe300m.png

     

    (Kva faen skal ein med sprit når kvar tur på banen er ein fest?)

     

    300 meter langsom serie i benk med sidemontert russisk kikkertsikte, Norma Jaktmatch:

     

    saiga-300m-group.png

     

    "Hæ? Kalasj? Treff jo ikkje låvedøra ein gong med den..." :roll:

     

    Ting eg skal gjera med min: vurderar å korta inn løpslengda med ny forskrift, for å få den meir hendig, men ikkje sikker på om det eigentleg er naudsynt. Eg kunne godt tenkja meg å få tak i nytt avtrekk frå til dømes Krebs, det er langt frå så ille som eg hadde trudd (og betre enn AG-3'en min) men kunne òg godt ha vore betre. Jernsiktene kunne godt ha vore av type diopter, men er ikkje heilt sikker enno på om eg skal skyta Standard eller Open...

  5. Jo kjappare kula fyk, jo mindre parabolisk vert kulebana. Om du slepp ein kule rett ned attmed munninga samstundes som du skyt ein patron med same kule, vil dei to kulene treffa bakken samstundes om ein skyt over ei perfekt flate. Ei periode var det mykje herjing med ultra super deluxe magnum-patronar, av desse grunnane, men: stort sett kom ein fram til at det var lite vits. Effekten i viltet var ofte ikkje lett å spå, og sjeldan betre enn med dei treigare kulene, og sjølv solide jaktkular sleit med å halda saman. Dette til auka pris på ladekomponentar og ein helsikes smell. Gløym alt snakk om patronar som skyt beint som ein stråle, det er like fjernt frå dei fysiske realitetane som silikonpuppar og konfigurasjonsfrie Internettilkoplingar.

     

    Eg er heilt samd i forslaget om å kjøpa ein 6,5. Dette er ein patron det er lett å få tak i billeg, særs presis ammunisjon for her i landet, og den lange, slanke kula er fin til skyting på dryge hold. Når du etter kvart byrjar å lade, vil du òg finna at den er enkel å ha med å gjera.

  6. Finanskrisa er avblåst, skjønar eg. Ikkje nokon grunn som eg kan sjå til å kappa løpet meir enn naudsynt, truleg er det rundt 56 cm, og det er om lag som det skal vera til denne patronen. Kappar ein løpet meir enn det, betalar ein med utgangshastighet, og etter kvart ganske mykje, òg.

  7. BATF...pfft. Teit forkorting har dei òg, høyrast ut som ein blaut fis. Kva kan vel dei gjera med meg, eg er jo frå Noreg!

     

    Forøvrig latar det til at at The Barackolypse er i ferd med å dabba av litt, ein får atter tak i ammunisjon i 9x19 og .45ACP, i løpet av nokre månadar har nok det heile dabba av, og ein får i staden ein fin liten boblesprekk når folk skal selgja ut ein halv million russernato. Årsaken er moglegvis at Elmer Fudd og venene hans på Arfcom er i ferd med å gå tom på kredittkorta sine, og eventuelt at dei skarpare av dei byrjar å innsjå at dei ikkje har fått Randall Flagg til president...

     

    FlaggMovieSheridan.jpg

  8. Tja, fornuft og fornuft...med subsonic-ammunisjon (som ein vel kan pressa sjølv) er det jo kjekt å kunne trena med grovpistol med minimalt lydnivå, til dømes på hytta, om ein har ein plass med kulefang bak. Sånt brukar ein jo gjerne å gjera med salongrifla, men kvifor ikkje med pistolen?

  9. Ja, ein splitter ny Mauser må jo verkeleg vera den rette børsa for ein distingvert, storvokst herremann! Ein slik ein skulle det ikkje ha vore meg i mot å legga mine svette, feitte lankar på...

     

    a6df054abc.jpg

  10. Mauser M/98 er ein modell av låsekasse som vart teke i bruk i 1898. Dette er den vanlegaste Mauser-kassa, som tallause andre land har kopiert og som fleire fabrikantar har kopiert eller lånt mykje frå. Ymse børser under namn som "DFS-Mauser", "HV-Mauser", "skyttarlagsmauser", "KV-Mauser", "M/67", med fleire, brukar denne mekanismen. Mauser M96 er ein moderne rifle lansert i 1996 som er ein rettrekkar, på same måte som Blaser sin R93; det er ein heilt annan mekanisme enn M/98 - men M/96 (merk skråstrek) er noko heilt anna att: det er den svenske rifla som vart teke i bruk i 1896, for å skyta "unionspatronen" 6,5x55 (som me her i Noreg skaut frå Krag-Jørgensen M/1894). M/96 (svenskerifla) er svært gode rifler, men dei er altså forskjellige frå M/98 på fleire detaljar, sjølv om den grunnleggjande mekanismen er identisk.

     

    Forvirra? Det er ikkje til å unngå.

     

    Hevarmen på ein Mauser M/98 er heilt rett. Dette gjer at ein ikkje kan montera optikk utan litt dillemikk, sidan hevarmen vil ta i eit kikkertsikte montert midt på låskassa. Sikringa på ein M/98 er ein spake som står bakerst på sluttstykket og som ein kan setta ut til sidene og rett opp; denne tek òg borti eit kikkertsikte. For å bøta på dette, smir ein om hevarmen slik at den vert kurva. Den går då klar av kikkertsiktet. Sikringa kan ein erstatta med ein Winchester M70-sikring, denne har dei same tre posisjonane som ein M/98-sikring, men den går horisontalt i staden for vertikalt, slik at den går klar. Andre ombyggingar er òg moglege.

     

    Ein "HV-Mauser" (eigentleg vart dei nytta av alle forsvarsgreinane i nokon grad, men HV brukte dei så klart lengst) kan ein få frå Landrø til ein tusenlapp. For ein betre stokk, og klargjering for kikkertmontasje, skal dei ha tre laken eller så. Ein M/67, som er ein Kongsberg-ombygga M98 med tung, kraftig banestokk, dioptersikte, betre avtrekk (kanskje til og med eit "Danskeavtrekk", som er særs gode, stillbare konkurranseavtrekk produsert av Schultz & Larsen i Danmark) og tungt løp, kan ein venta å legga ut 3-5000.

     

    Ein M/67 med kikkert montert (ein må få ein børsemakar til å skru i kikkertmontasje) og kanskje kappa løp nokre centimeter (for å spara vekt, baneløp er ofte unaudsamt lange for å få lengre siktelinje) vil ofte vera ein kapabel elgbørse til ein kraftig plugg som likar børser med "god häft". Desse finn ein ikkje alt for sjeldan til sals brukt. Dei brukar skyta særs bra. Dei vart laga i 7,62x51 og 6,5x55, og både to er kapable elgpatronar; førstnemnde er kanskje hakket kvassare om oksen vert grov (men dette er ein religiøs diskusjon for somme, så trå varleg). Eit alternativ er M/59, som var den tidlegare versjonen av M/67. Desse er sjeldnare, og kjem i .30-06 utan noko meir mekk.

  11. Er det noko i veien med meg når eg les det som "Apartheid"...?

     

    Løpet skal du nok ikkje uroa deg for. Stokken...om du kan leva med trelim + kryssbolt fram til du har filt fram den nye stokken, burde du kanskje klara å få noko som held.

     

    Men til det eg skulle spørja om: er det nokon her på berget som sel nettskjæringsfilar? Eller må eg over bekken?

  12. Eg driv og sett Saigaen i stand til konkurranse, og skal skru inn nyfilt kulerampe. Om eg har bora eit 4mm hol, kor mange milimeter skal gjengesnittet vera? 4,5 eller 5mm er det eg tenkjer på. Fint om nokon med sving på gjengesnittet kan gje meg ein peikepinn. På førehand takk.

  13. Same grunn som at det er ulovleg å jakta nokre helligdagar, særskild i tilknytning til jula. Det eksisterar ikkje nokon dokumentert tradisjon for denne praksisen i Noreg, men når politikarane vert spurde om det, går det stort sett ut på at "sånn har det alltid vore" eller "det er ei estetisk/etisk vurdering"... synsing får ein berre leva med så lenge ein ikkje vert styrt av datamaskinar (...?) Mange folk med liten jaktrøynsle ville sikkert ha reist bust om dei traff på ein jegar som kom ut av skogen med eit nyskote rådyr og ein AR15 på aksla, å forklara dei at "eit våpen er eit våpen" er ikkje like enkelt heile tida, er eg redd.

  14. Det får ein nok stort sett berre tak i som det dukkar opp på den private marknaden. For ti år sidan fekk eg tak i via våpenbutikk, men dette trur eg ikkje går lenger. I utgangspunktet er ikkje denne ammunisjonen til sals sidan den er Forsvaret sin eigedom, men i ny og ne får ein labbane i det. Folk som er tilknytta Forsvaret kan av og til få utlevert trenings- og stevnepatronar via I-off.

×
×
  • Create New...