Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by oysteinlarsen

  1. Eg skal få tak i ein jævel som er god med airbrush og få han til å male HS Precision-stokken min neon rosa og grøn, og Jenna Jameson i sixty-nine med Rocco Siffredi på høgresida av kolben. Kikkertsiktet skal eg dyppe fyrst i Araldit og så i tilbodskassa på Glitter på Oslo City. Til slutt skal eg skrive "DIREKTORATET FOR NATURFORVALTNING ER EIN GJENG MED GNELDREHORER" nedover pipa med gotisk skrift.

     

    NØGDE NO?!

  2. Heilt seriøst, røynsla mi er at om du stillar eitt "dumt" spørsmål, så spør du òg på vegne av femten andre som undrar over det same men som ikkje tør spørja.

     

    Forresten er det ein god del dame-retta aktivitetar i ymse JFF'ar rundt om kring. Type opplæringsjakt, eigne innføringskveldar på skytebanen og så vidare. Trur ikkje det er så dumt. Ikkje fordi "hjelp hjelp patriarkatet kvelar meg D:", så mykje som for at det funkar fint som ein inngangsportal når ein kan læra noko nytt med andre damer og flire litt over at det ikkje er så mange av dei saman. Og at det kanskje kan virka litt dempande på "verdsmesterskapssyndromet" som kan oppstå når ei dame spør eit rom fullt av menn om svar på eit spørsmål.

  3. Hei!

     

    Jeg er ei jente/dame på 33 år som har fått det for seg at jakt må være tingen.

     

    Jakting er fett. Velkommen rundt bålet. Har du snyltekopp, har me kaffi.

     

    Hei!

    Tenkte dette er et godt sted å starte for en fullstendig jakt-newbie. Gleder meg til å stille masse dumme spørsmål, få gode svar og lese rundt om på forumet for litt lærdom.

     

    Her på forumet finst ikkje dumme spørsmål. Berre dumme svar. Eller, som ein ellers kan seia det:

     

    Mr. Garrisson: Children, children! To honor this special time of year we'll be doing a canned food drive. Does anybody know what a canned food drive is? Yes, Eric?

     

    Cartman: When they cut up a chick's stomach to get a baby out?

     

    Mr. Garrison: No-o, that's a Caesarian section, Eric, but that's okay, remember,there are no stupid questions, just stupid people.

  4. Berre som eit innspel frå ein annan del av debatten etter 22/7: Joacim Lund i Aftenposten har skrive ein knallgod kommentar om det håplause prosjektet for å legge skulda på dataspel som har vore i gang i vekene etterpå. Nok eit godt innlegg mot dei som argumenterar for ei teknologisk løysing på problemet å forhindra massemord og terrorisme. I alle fall utan å sjå ein større samanheng. Om ein trur ein finn smutthòl i lovverk og regelverk, så skal ein sjå nærare etter. Men nokon permanent løysing finn ein aldri. I Folkerepublikken Kina er sivile skytevåpen totalforbode, og der har ein hatt fleire sakar med folk som har ynskja å ramma eller "slå tilbake mot" samfunnet ved å utføra massemord i barnehagar - med knivar...

  5. Trur det er folk på fysisk i Oslo som kan svara nokon lunde på det. Skal sjekka litt rundt.

     

    Livet er rart, anten blås ein halve andletet av, eller så avkreftar ein fleire tiår gamle sanningar.

  6. Eg trur eg ville ha sjekka med nokon med peil på materialteknikk før eg satte "=" millom langsom, gradvis deformasjon drive av eit stempel i ei presse, og brå, umiddelbar deformasjon drive av gasstrykk.

     

    Ellers har ein teknikkar som røntgengjennomlysing og Magnaflux som ein kan bruka til å avsløra mikrofrakturar i stål.

  7. Ja, så absolutt!!!! Aller helst synes jeg at hver småviltjeger må ha 1500 godkjente treningsskudd på godkjent lerduebane før hver sesong starter. Alle 1500 treningsskuddene bør helst være av den dyre typen (vismuth) Det burde også stilles krav om minimum 24/25 treff på lerduebanen 4 ganger på rad + godkjenning av lensmannskontoret før man får jakte småvilt. I tillegg burde det stilles krav om minimum 20/25 treff på lerduebanen der det skal skytes fra hofta!!

     

    Bonden ringte og undra om du kunne vennligst levera attende dei to fulle siloane du tømte for å bygga stråmannen din, kyrne er svoltne på båsen.

  8. Ser at i ladeboka er anbefalt col 70 mm, målte de fabrikklada oryxene jeg har hjemme, de var ca 68,5 mm, har dette noen betydning tro?

    Kruttmengde er fra 42-44 grains med n-150. Er 308w det er snakk om

     

    Patronlengda ("OAL" på engelsk) virkar inn på trykket. Volumet inne i hylsa er påvirka av to ting: kor tjukke hylseveggene er, og kor langt ned i hylsa kula går. Om ein er i tvil om det er likt volum i to einskilde hylsefabrikat, brukar ein måla dette ved å fylle hylsene med vatn, og så veie denne vatnmengda. Av og til vil ei ladeoppskrift fortelja kor mykje vatn dei brukte hylsene hadde plass til. Då kan ein samanlikna og vurdera om ein har meir å gå på. Ellers brukar me hjernen, tenkjer, og spør oss for, med andre ord gjer me nett det du har gjort heile tida no :o

     

    Lukke til og velkommen til vår edle klubb, me har wienerstang og lunka traktekaffi ;-)

  9. Øh, kvifor skulle du ikkje kunne lada skot til jakt? :shock: Jaktammunisjonen din skal tilfredsstilla krav om anslagsenergi og at den skal vera ekspanderande. Punktum finale.

     

    (Ladinga skal du alltid vera nøye med. Og Oryx er ei kjempebra elgkule. 8) )

  10. (Ville det ikkje vera ein god idé å eventuelt bygga den om på ei måte som ein kan gjera om, altså utan boring, filing og smiing, slik at den kan halda på verdien sin om den er i samlebar stand..? Om den ikkje er transla alt, altså. )

  11. ...ZipLock-pose?

     

    Kan du bruka børsa til å skyte med utan delen? Nei? I så fall er den vital. Skjefte er ikkje vitalt, for resten av mekanismen kan framleis seia pang. Ei heller sikte, magasin eller...du ser kvar eg vil.

×
×
  • Create New...