Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Linduvarri

  1. Fantastisk kaliber til jakt på hjort og elg på lange hald. Men neppe meir effektivt enn 30-06 på korte. Mykje stygge slakt på korte hald, sjølv om alt er relativt. Har skote kring 50 hjort med kaliberet. Og kring ti elg. Merkeleg nok fekk eg fine slakt på korte hald med 12 gram Mega. Og woodleigh 180 grains magnumkule. Accubond gjev stygge slakt på korte hald, men fantastisk kule i kaliberet på lange hald, 180gr. Spesielt på elg. Skyt gjennom i nær "alle vinkler". HAr og såvidt testet 240 grains woodleigh weldcore. Igjen super presisjon men ingen kule for dei superlange halda. Skote ein hjort med den. Kort hald og fint nok slakt, kule på landsgjennomsnittet dyret og stod i eine enden. Lukke til.

  2. Nei, har den og med på rådyrjakt en el to ganger i året, og tanken er et par turer etter rypa. Og kanskje en hare i ny og ne. Så altså mest rev. Enten lokk eller i hyttegluggen der åtet ligger på haglehold. Har rødpunktsikte på nå, det er ok på korte hold i dagslys men ikke uten forstørring på lengre. Og aldeles ikke godt nok til gluggjakt uten lys.

  3. Hei, takk for alle svar og tips! Har ikkje vald kikkert enno. Men vil sjå litt meir på Mepota Meostar mellom anna. På kombien blir det nok ein kikkert (i alle fall enno). Dersom kikkerten kjem "i vegen", har eg sans for å bruka opne sikte. Meir enn godt nok til fluktskyting med hagleløpet :) og korte hald med rifleløpet - i dagslys. Men takk igjen for mange tips og interessante vinklingar. God søndag!

     

    mvh Lindu

  4. Hei, lyt skaffa meg eit siktet til å ha på kombien som er godt nok til å skyta rev med kule på 50 meter mot snø utan måneskin. Kva bør eg velja i prisgruppa rundt ti tusen ? På førehand takk:-)

  5. 2 rev kom opp mot åtet på hytta i natt eitt og halv to, men dreia av i det sikringa gjekk av/ siktet blei plassert. Heldt tilbake då det var nett på hagleholdgrensa. Om revane berre var skeptiske eller høyrde noko er eg usikker på. Dei sprang i alle fall ikkje vekk. Hadde vore stor aktivitet på åta, men samtidig føregjekk revebjeffing og hyl i lengre perioder i heile natt. Lurt å prøva på nytt att i natt? Kan neppe tru revane heldt seg lenge borte sjølv om dei ikkje kom heilt fram i natt.

  6. Epilog:

     

    Det vart til at eg tok fatt med kulehammaren, pressa hylsene på nytt utan å ta ut hettene, ladde opp desse og 50 patroner til med ca 54,7 grains (3,55 gram) N-202.

     

    Kruttet fyller hylsa, men blir ikkje komprimert. Magefølelsen (og fakta) tilsa at denne ladninga verka å vera passe.

     

    Går dette med omsyn til presisjon, vert ladninga slik- for all framtid:-)

     

    PS: i etterkant fekk eg høyra frå fagfolk at N202 er nokså likt N140 slik eg meinte, og at 56,5 grains og truleg ville ha gått greit.

     

    God søndag 8)

  7. Blir vel til at eg lader med 55 grains på alt i hop. Men undrast litt på korleis dei som har lagt ut ladedata på opptil 60 grains med samme krutt og kule på robsoft har klart seg... :? (og skal avslutta tråden snart, byrjar sikkert å trekkja i langdrag, men er litt irritert på meg sjølv for å ha starta med for hard ladning når meininga var å byrja med ei snill..) :lol:

  8. Hei, nokon som vil sjekka kva trykk (bar) 285 grains nosler partition gjev med 56,0 grains N-202? Denne har Norma som si makslading på heimesidene/ laddata. C.o.l. 82,0 mm. Dette for å samanlikna mi ladning med 250 grains Accubond, 56,5 grains N-202 og 83 mm c.o.l.

     

    (Dersom eg har ladd for hardt har eg 50 patroner som lyt i kulehammaren..og det vonar eg å sleppa, men heller det en å ta risiko).

     

    På førehand takk.

     

    mvh Lindu

  9. Trur det viktigaste er å få til god lokking på rett stad, brunst eller ikkje. Eg har i alle høve fått inn rev i februar mars på fugl og harelyd, og kjenner andre som har gjort det samme.

  10. Kjøpte nett Clausen fløyta- men må innrømma av eg slit litt med å få vetig lyd frå den. Men skal "øva" litt meir. Synes det vart vel mykje plastikklyd. Samstundes har andre fløyter og krevd litt "innøving", til dømes pee-wee og syco tweety. Andre som har prøvd Clausen predatorcall og fått den til?

     

    Ser fløyta har 3 ekstra membraner som skal gja endra lydbilete. Men førebels har eg kun prøvd den som står i fløyta og synes lyden blir anten tynne pip eller litt for grov/djup når eg får fram "raspelyd". Får trena i bilen på veg til og frå jobb 8)

     

    Mvh Lindu

  11. Natt til torsdag vart det tradisjonell gluggjakt på hytta. Liten bris inn glaset og minus 6-7 grader var nett passe friskt, men med godt med klede og sovepose opp under armane gjekk det eigentleg greitt. Ein kamerat og eg bytte om å sitja, trekte mynt og krone om rekkefølgja. Klokka ti på eitt kom reven. Etter 5-6 minutt kom den endeleg sigande inn mot åta, slakteavfall som var gravd godt ned under snøen. Den hadde laga seg ein tunnel inn til åtet, 1-1,5 meter snø over. I tillegg hadde eg strødd billeg hundepellets oppå snøen tre dagar før. Den gjekk tydeleg og plukka på desse.

     

    Reven vart felt på kring 30 meter med hagleløpet i kombien og BB-Bi vismut i kaliber 20/76 . Det verka bra. Korsrev, fin pels med mest berre svart og grått over heile reven. Hannrev 6,5 kg.

     

    God helg :)

  12. Hei, ladde nett nokre skot med 9,3x62. 16,2 gram (250 grains) Nosler AB og Norma 202. Fann ikkje data på norma sine nettsider, men ser at maks ladning for 18,5 gram kule er 56,2 grains og startladning for 15 grams kule er 58-59 grains alt etter kva kule.

     

    Valde å lada med 56,5 grains. Då vart ladninga så vidt komprimert (det knasa så vidt når kula vart sett i, patronlengde 83,0 mm). AB kulene er nokså lange.

     

    Har funne data for samme kule og krutt på Robsoft, men her var oppgjeve 58-60 grains, noko eg tykkjer er for mykje og som i dette tilfellet ville krevd nokså komprimert ladning.

     

    Hylsene var nye, produsert av Lapua.

     

    Synspunkt på om dette er ei fornuftig ladning? Er ikkje ute etter maks, kun sikker ladning. På førehand takk.

     

    mvh Lindu

×
×
  • Create New...