Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Linduvarri

  1. Skaut ein hjortebukk med denne kula i 300 win mag i haust. V0 765 m/sek. Det verka veldig bra. Fann att kula som hadde gått gjennom på langs/tvers. Veldig bra ekspansjon og tippar restvekt til minst 200 grains.

     

    mvh Lindu

  2. Samd med Veidinn. Slik den nye jakttida er, handlar det overordna no om å redusera hjortebestanden, til kanskje det halve. Så frå forvaltningsnivå vil det nok heita at ting går som planlagt, og det gjer det jo. Kva konsekvenser det har lokalt er ei anna sak, men her er det jo og slik at dei lokale jegrane til slutt avgjer kor mange dyr dei vil skyta. Baron von Munchausen ville utvilsamt hatt sans for dei nye jakttidene :winke1:

  3. Samd med Tjensve; det må vera lov å ha ulike meiningar på forumet. Uansett kor forbaska det er at ulv og hund går dårleg i lag. Moderatorane (fleire) tykkjer eg heller ikkje er nøytrale. Men slik er det no på dette forumet, eg brukar ikkje meir energi på det. Kanskje eg skulle endra nick i staden:

     

    hilsen Ulvehateren

    -------------------------

    en død ulv i bagasjerommet er en god ulv :wink:

  4. Hei, tek gjerne i mot tips til ei god universalkule i .222 remington. Har tenkt å bruka ei kule til alt, det vil stort sett seia rev, rådyr og hare. Våpenet er ein kombi- aner ikkje kva riflestigninga er.

     

    Alternativa eg har tenkt på, er:

     

    - Norma 62 grains "rådyr"

    - Norma 55 grains Oryx (som eg har prøvd og som går godt i børsa på blink og rådyr)

    - Lapua SP 55 grains

     

    Det er litt forskjell i pris på desse, men alt i alt betyr ikkje det så mykje. 100 patroner varer ei stund, og til trening (evnt rype) brukar eg ferdigkjøpt heilmantel.

    Tek som alltid mot tips og råd frå folk som har prøvd .222'en på jakt.

     

    mvh Lindu

  5. Utan å vera ekspert på raudpunktsikte, har eg i alle fall ingen ting negativt å seia om Sightron (30 mm økonomimodell) som eg har hatt på kombien i haust. Synes det er lett å finna målet og får overraskande gode treff sjølv utan forstørring. Har ikkje skote på lengre hald enn 100 meter, men bruksområdet er generelt korte og mellomlange hald.

     

    Batteriet gjekk tomt - men det etter at børsa hadde stått 2 mnd i skapet med påskrudd lys etter skyteprøve i sommar. :?

  6. Hei, tykkjer det blir ein teoretisk debatt når sume meiner 222 ikkje går an i vind og liknande. Eg kjenner ein kar nordpå som har skote 69 rev i 2012, alle med 222 remington. Og på til dels temmeleg lange hald og ofte i (sterk) vind. Han veit sjølvsagt kva han gjer. Men er ikkje i tvil om at 222 er godt eigna til rev.

  7. På'an igjen, varslaren peip kl 04 og ein rev til, denne gong ein vaksen. Men diverre- skabb igjen på heile ryggen frå bogen og til halerota. Vonar dette tek slutt snart, elles heller eg diesel over heile åtet og set fyr på. Fysj for noko svineri. Merkeleg at halen er fin på desse revane, begge såg heilt like ut, dvs fin hale men som ei ribba and langs oversida av ryggen frå bogen og bakover.

  8. Natt til i går vart det endeleg liv i varslaren, først to gonger utan at eg vakna (men det gjorde min betre halvdel :? ), så to gonger på rappen og då stod eg opp. Kl 0050. Såg på ein rev i ca 10 minutt, men lite snø og det at den sat inni noko kratt gjorde at eg ikkje fekk skyta, sjølv med lys fra arbeidslampen på veggen og 45-50 meter avstand. Så passerte den åta igjen, men for nett ut av syne før eg fekk skyta. Ein ny og mindre rev kom brått inn på åta, den fekk eg skot på. Ein liten rev, diverre med skabb på heile ryggen. 22wmr og remington 40 grains hp.

     

    Åte: 4 dunkar med slakteavfall frå hjort frå naboens "hobbyslakteri".

     

    mvh Lindu

  9. Hei!

     

    Nokon som har brukt Leupold sine sikte med lys (firedot)? Kva vil vera best optisk av VX-R 3-9x40 med 1" rør versus VX-6 1-6x24 og 30" rør, i den grad desse kan samanliknast?

     

    Korleis er optikken i høve rimelegare Leupold som VX-1 og VX-2 (som eg har god røynsle med)?

     

    På førehand takk.

  10. Kan henda eg var litt upresis, det strauk klart med ein del hjort for 2 og 3 år sidan med to vintrar med mykje snø/kulde. Og hardare tilhøve for hjorten enn det som har vore normalen dei seinare åra. Men likevel vart det, i alle høve der eg ferdast, sett nokså mykje hjort påfølgjande haustar. Den viktigaste årsaka til ei (sannsynleg, framtidig) nedgang i hjortestamma meiner eg likevel er avskytinga. :wink: Ha ein framleis gild kveld.

     

    mvh Lindu

  11. Vil tru at det blir ein varierande, helst kraftig nedgang i bestanden. Mest grunna jaktuttaket, slutt å skuld på harde vintrar- det meste av hjorten blir teken av dage under jakt. Er målet å få ned stamma totalt sett- så er eg ikkje i tvil om at ein klarer det. Konsekvensen slik det vert lagt opp til med store kvotar overalt, og "bestandsplanar" som i praksis gjv fri avskyting, trur eg nok stamma i mange område blir nokså nedskoten utan plan og system bak det heile. Me får sjao- fylg med i neste episode, dvs om 2-3-4 :winke1: år.

     

    mvh Lindu

  12. Nei, eg tullar ikkje, men spør for å læra. Ville du berre ha fortsett å slept hunden no, eller venta til den vert eldre? Eg spør avdi eg aldri har hatt laus, på drevet halsande hund før! :smile:

     

    mv Lindu

×
×
  • Create New...