Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Linduvarri

  1. Hei, då har eg omsider slept beaglen, som no er 13,5 mnd. Hadde han med på rådyrjakt og slapp gto gonger på heilt ferske spor i snø (såg det eine dyret og venta 15 min før eg slapp i spora, rådyret gjekk). Var sikker på den kom til å losa, då den har gjeve frå seg litt bjeff på uttak av hjort tidlegare i haust, men då i line.

     

    Hunden var vekke i hhv 15 og 90 minutt. Såg dagen etter at han hadde sprunge eit godt stykke på slepp nr 2. Minst 1 km i luftlinje frå der eg slapp den.

     

    Men hunden gav ikkje ein lyd frå seg! La ut i spora etter rådyret, og hadde føgt spor i det andre sleppat. Det første vinkla han av spora i. Det positive er at den kom greitt inn att i eigne spor og vart positivt teken i mot. (Har ikkje gps på den enno, men det lyt kjøpast!).

     

    Spørsmålet er- kva gjer eg no? :forvirra:

     

    mvh Lindu

  2. Hei, skaut okse på 245 kg og kalv med 1 skot på begge med denne kula, rett nok i 150 grains i 270wsm i år. 100 og 125 m hald. Rett ned og fine slakt. Kula hadde gått gjennom ryggen på oksen og stod mot bogplata på innsida (skote i ca 40 grader vinkel ovanfrå). Kulene heldt godt i hop og den eine såg ut som i reklamen eg har sett for kulene. Kula frå oksen hadde fått meir juling men heldt godt saman.

     

    Men har og skote to vaksne hjortar tidlegare i haust med same kule/ammo. Veldig fine slakt men litt liten skotreaksjon nett med det same det small.

     

    Førebels ingen grunn til å klaga for meg :smile: men kan henda det er ujamn kvalitet på desse? Eller at dei veltar i gitte snøggleikar/kaliber, i og med at blykjerna ligg bak i kula? (berre hypotese og sikkert feil).

     

    Mvh Lindu

  3. Hei,

    ser i siste "Jeger" eit innlegg med "kaliberduell" mellom 300 win mag og .308w. Der konklusjonen, etter å ha skote kring 60 ulike afrikanske antiloper av ymse slag, at det ikkje er nemneverdig skilnad i om eit vilt blir skote med magnum eller normalkaliber. Fluktavstanden etter skot vart målt på alt viltet og varierte vel frå 0 til nær 300 meter, dei fleste tilfelle langt kortare. Noko vilt datt og retti bakken, men mange sprang eit (godt) stykke.

     

    Det kan godt henda skilnaden ikkje er så stor i praksis mellom til dømes 308.w og 300 win mag. Sjølv om eg likar magnumen mykje betre til heimleg storvilt, blir litt meir fres over skotverknad med denne i høve .308, som virkar litt slapp i blant.

     

    Men det eg tenkjer på i ein "test" som dette, er at kulene som er brukte, nemleg Barnes TTX i 130/150 grains og dels Federal Trophy Grade (om eg hugsar rett), neppe kan vera så gode til å få viltet rett i bakken. Eg trur effekten hadde vore mykje betre med meir ekspansjonsviljuge kuler, som til dømes Norma Vulcan, Woodleigh Weldcore, Nosler Accubond, Partizan, Norma plastspets eller liknande kuler. Eg har i alle fall liten tru på at kulevalet som blei brukt her er det mest effektive for å få viltet rett i bakken. Det viste i alle fall testen ganske godt!

    Synspunkt?

  4. Hei igjen.

     

    Har ikkje slept hunden enno (den blei 1 år 18.september), vil prøva å få blodsporprøven teken først. Det er i alle fall tipset eg har fått, men veit ikkje kor viktig det er å unngå å sleppa hunden før blodsporprøven er teken?

     

    Hunden går veldig bra i line på spor etter hjort. Er uttaket ferskt, bjeffar den litt i starten, og eg kan tenkja meg at det ville blitt kraftig los om eg slapp. Men hadde den og med på elgjakt for eit par veker sidan, og det verka som om elgspor dels fanga interessa, men at han ikkje klarte/ville følgja dei på same måte som hjort. Det blei i alle fall berre vas i fleire tilfelle der vi kom på ferske spor, brunstgroper som lukta sterkt og så vidare. Eg har rett og slett tenkt at fersk elgvitring på ein måte ligg utanfor ein beagle sitt interessefelt- kan det stemma?

     

    Uansett er det ikkje elghund eg har kjøpt :winke1: , men ein hund eg har som familiemedlem, sporhund til ettersøk og vonaleg los på hjort og evnt rådyr når det måtte høva slik. Er takksam for tips og synspunkt som vanleg:-)

     

    mvh Lindu

  5. Hei, eg pleier hengja hjertene opp i boden inne. Då tørkar dei fint og er passe ferdige etter 8-10 dagar. Skal eg ikkje bruka (eta) dei straks, pakkar eg dei ned i pose og fryseboks. Lukke til. PS: saltar små hjerter i litt under eit døgn, store som elg i litt over.

     

    mvh Lindu

  6. Hei, ein i jaktlaget skal lada ei flattskytande og effektiv kule i 9,3 x 62 til elg og hjort. Han brukar i dag 21,1 gram Oryx og vil ha noko som går litt flatare, dvs med 6-7 cm overslag på 100 meter skal kula gå midt i eller maks 6-7 cm under på 200 meter. Med flattskytande meiner eg altså då kulebane tilsvarande .308. Swift er utelukka grunna treg ekspansjon/ stiv kule til 9,3 x 62 fart (sikkert delte meiningar her). Mitt forslag er 16,2 gram Nosler Accubond. Nokon som har prøvd denne på elgen? På forhånd takk for svar.

     

    mvh Lindu

  7. Hei, her er eg usamd med deg. Det er heilt all right å avgrensa jakta på storbukk, men det gjer ein vel like enkelt med å setja ein viss kvote? At kjøtet er dårlegare utpå hausten har eg aldri opplevd. Tvert i mot, no er bukkane feite og det er litt bal med å skjera vekk feitt, spesielt på / i sidene. Så eg vil heller ha ein seint skoten bukk enn ein for tidleg. Sjølv om eg brukar sjansen nå eg får den- innanfor kvoten 8)

     

    mvh Lindu

  8. Hei, har ein beagle på 1 år (om ei veke) som eg har hatt med på jakt nokre gonger siste veka etter hjort. Den sporar utruleg bra i band på ferske spor. Når det er ferskt/uttak, kjem det og nokre lette boff. Eg har ikkje sleppt den i los enno, vil nett ta blodsporprøven først, tenkte eg.

     

    Kva vil de som har meir røynsle med beagle tilrå meg å gjera? Det er freistande å sleppa hunden og høyra losen, men eg aner jo ikkje om eg då må setja meg i fjellduk og vera budd på å sova ute :?

     

    mvh Lindu

     

    PS: hunden har vore på saueavvenningskurs.

  9. Blei ei fin simle i Fjellheimen i dag. Mot normalt stod og kom det dyr på rett side av (den tullete) grensa mellom Voss/Vik. Fekk bakerste dyret godt klar frå flokken i eit par-tre sekund, og det var nok. 270wsm og heimelaga 9,1 gram Accubond, 50 meter og hjarteskot. Og tung bør heim, men det er gløymd no :smile: . Skit jakt til alle andre- ho ho!

     

    mvh Lindu

  10. Ladde opp 180 grains AB med 48,8 grains N-203B. Og magnumhetter. Det gav flott presisjon og utgangshastigheit med 817 m/sek i snitt. Er så langt brukt på 1 rådyrbukk (ikkje av meg) med framifrå resultat. Til info :smile::)

  11. Hei, er samd i at du her får mykje kule for pengane. Har sjølv brukt AB i 300 win i 180 grains på nokre hjort og eit par elg. Effekten og presisjonen er god, i blant litt stygge slakt på hjort, men det er på korte hald. Imponerande gjennomtrengning på elg på litt lengre hald, men grunnlaget er som nevnt berre eit par dyr. Er du usikker med omsyn til inntrengingsevne så er sikker 200 grains kula endå betre i 300 win.

     

    Skjønar aldri kvifor folk her ikkje kan svara på det du spør om, nemleg Accubond og ikkje alt mogleg anna. Trådstartaren veit sikkert og at det finns andre kuler 8)

  12. Hei, har skote litt med kombien (skyteprøve og innskyting), og oppdaga då at den var litt hard å opna etter å ha skote med Sako sine 3,5 gram patroner/ 55 grains. Eg måtte leggja litt press på for å opna geværet etter skotet. Desse patronene har oppgjeve høg fart i Sako sin tabell over fabrikkpatroner, heile 1015 m sek. Kronografen viste 987 m/sek, og det er 80 meter meir enn 3,5 gram Oryx fabrikkammo gav. Desse, samt S&B heilmantel i 50 grains, gav ingen motstand ved opning av kombien etter skot.

     

    Så til saka: er desse Sako patronene uheldige å skyta meair med? Har eit par pakker, og presisjon + pris er suveren. Men er litt usikker på om dette er patrona eg vil satsa på over lang tid.

     

    mvh Lindu

  13. Hei, skal lada opp eit parti skot til min gamle onkel, som skal brukast i 30-06 og på rådyr, hjort, elg, skyteprøve og trening. Og på alt frå korte til lange hald. Og helst gje gjennomskot og ekspandera godt samtidig. Samt ikkje kosta alt for mykje. Dette etter å ha lada litt "spesialkuler" i ulike vekter og fasongar, slik at det støtt ender opp med ei mengd rot med innskyting og skruing på sikte.

     

    Eg skal ikkje nytta kuler utan bly. Alternativa eg ser for meg no, tufta på kriteria innleiingsvis, er:

     

    - Nosler Accubond 180 grains

    - Woodleigh Weldcore "magnum" 200 grains

    - Swift Scirocco ll 180 grains

     

    alternativt Oryx 200 grains, men den har litt dårleg b.c. (0,37 eller noko slikt).

     

    Kva anbefaler kammerfolket? På førehand mange takk. :)

     

    mvh Lindu

  14. Hei,

     

    pussa nett eit våpen for ein kamerat (Churchill Highlander kal. .308), og såg det var ein del rust midt i løpet. Han hevda børsa gjekk godt (i fjor), men likevel er eg litt uroa over dette. Men, om børsa går "godt", er det då nokon risiko bunde med å jakta med geværet ein sesong eller to til? På førehand takk.

     

    Mvh Lindu

  15. Ja, lader sjølv, men kom over eit tilbud på ferdiglada xp3 nett.

     

    Kom på at eg skaut nokre hjort med 300 win mag og ferdigladd failsafe for 10 år tilbake, dei både gjekk og verka svært godt.

     

    Får prøva presisjon og katalogar/virkning på xp3'en og sjå om det ikkje går bra.

     

    mvh Lindu

  16. Hei, valgets kvaler kjem føre årets elgjakt: skal eg bruka Nosler Accubond 140 grains som eg har prøvd før med godt resultat, eller Winchester XP3 150 grains?

     

    Kaliberet er 270wsm.

     

    Svar frå dykk som har prøvd den eine eller den andre kula på elg er eg takksam for :wink:

     

    God helg

     

    Lindu

  17. God tråd dette ja. Men uansett kor mykje vi diskuterer er vel dette ting som kan og vil skje frå tid til annan nær uansett kaliber/kulevalg.

     

    Éin kamerat hadde ei liknande oppleving i Finnmark for nokre år sidan, han skaut to oryx i ei elgku utan reaksjon.

    Til slutt fann han dyret, som stod, og fekk avliva det. Kulene var funne i skinnet på utgangssida, dårleg ekspandert (eg fekk sjå dei). Han gjekk sidan tilbake til vulcan og det har alltid fungert. Han har sikkert skote 40-50 elg med denne kula utan problem (den er jo "konvensjonell" og dermed nesten ubrukbar i høve einskilde ekspertar).

     

    Sjølv har eg hatt eit par dårlege episodar med gamle barnes x på hjort i 300 win mag og 165 grains kule. Noko som sikkert har gjort sitt til ein liten skepsis til harde kuler og effekt. Hugsar og at gamle våpenjournalen testa barnes x 140 grains i 30-338 på 2-3 elg. Desse vart skotne med ultrahøg hastigheit på kulene, men sprang både 2 og 300 meter før dei datt om eg hugsar rett. Kanskje norma elite ikkje er så dårleg kule likevel? :winke1:

     

     

    Eg vil heller velja ei kule som ekspanderer enn ei som ikkje gjer det. Sjølv om oryx normalt er veldig bra og ekspansjonsvillig nok i dei fleste kaliber og skottilfelle.

  18. Hei, eg har litt vondt for å forstå kva det er som NJFF er så ille på i høve jegerinteressene. Ser at dette temaet er oppe frå tid til annan, men eg har enno ikkje greidd å forstå kva kritikken mot NJFF konkret går ut på. Kanskje du kan gjera litt meir greie for det?

     

    Personleg trur eg det er meir å vinna på å engasjera seg innan NJFF, som trass alt er ein stor organisasjon. Og som det vil ta lang tid å byggja opp ein ny jegerorganisasjon til å bli like stor og slagkraftig. Trur eg.

     

    Men lukke til uansett, engasjement er stort sett alltid bra! :)

     

    Mvh Lindu

×
×
  • Create New...