Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Linduvarri

  1. Kanskje manglande entusiasme kring europeiske kaliber har med aversjon mot tyskliknande kaliber etter 2. Verdenskrig å gjera. Eg trur motstanden mot alt som liknar tysk "passer & linjal" kalibernemning er stor. Mogleg med unntak av 9,3 som er nokså vanleg ( og som blei lansert lenge før verdskrigen i 1905. Men dette er berre dagens hypotetiske tilnærming :wink:

  2. Takk for utfyllande svar. Trur eg forstår kva du meiner. Forstørring x opning på kikkerten må ikkje overstige auget sin pupillestorleik i mm, då misser det hensikt. Men stort utgangsokular er fullt mogleg å nyttegjera så lenge dette x forstørring er identisk eller mindre enn auget sin pupillestorleik. Og i tillegg kjem linsekvalitet sjølvsagt.

  3. Morosam lesing og flott at nokon gjer slike testar i praksis. Kva med å testa 10,4 gram woodleigh pp med b.c. på over 0,5 på lange hald? Eg har diverre ikkje kula, men kanskje andre har om det et interessant. Vil tru den dug også på vilt med større vekt enn det som blei tilrådd ein annan stad i tråden. Uansett, lukke til og god helg til alle :wink:

  4. Hei, for litt tilbake kjøpte min onkel på 71 seg ny kikkert. Han fekk då melding om at det ikkje var vits i å ta 50 mm utgangsopning grunna mindre pupillestorleik i så høg alder. Og velde 40 mm. (Leupold VX-3).

     

    Men eg er usikker, sjølv om alderen til ein person er høg og det sikkert er rett at pupillestorleik bli mindre med åra, så har eg meir tru på at større lysgjennomgang / skumringsverdi likevel gjev meir opplyst kikkertsikte i mørket. Eller tek eg feil?

     

    Mvh Lindu

  5. Browning a-bolt composite - eller stainless stalker. Juster evnt avtrekk hjå børsemaker fritt for ørlite slep. Kanonvåpen. Har sjølv i 300 win. Hugs å ettertrekkja skruast som heldt låskassrn fast i skjeftet av og til.

  6. Brukar min hovudsakleg til å måla tømmervelter med (m3). Eller ein sjeldan gong finne ut kor langt det er på post frå a til b, eller kor langt det var etter skotet. Har gjeve meg ein del ahaopplevingar i høve haglehold. Sjølv om det står i bøkene at avstanden ofte er kortare enn ein trur, er mi røynsle motsett. Nemleg at det ofte er for langt.

  7. Me forsikra nett hunden i Gjensidige via medlemsavtalen. Rabatten tilsvarte omtrent medlemskontingenten, eg fekk over 500.- i rabatt og endte opp med årspremie på kring 1850.-. 15% eigendel på veterinærutgifter opp til kr 20000 og forsikring ved død/ skade som gjer den ueigna til jakthund på kr 10000.

    Så her har eg ingenting å klage på.

     

    Fekk og tilbod på øvrige forsikringar, men her kjem vi best ut av det med dei avtalene me har frå før.

     

    Mvh Lindu

  8. Mykje godt skrive i førre innlegg. Eg tykkjer det er gøy å prøva ting som ligg litt utanfor "normalen", men det er klart at kuler dom ikkje er stabile bør ikkje brukast. Og er heller ikkje brukande. Litt av vitsen for meg med supertunge kuler i 300 Magnum er å få ned farta, redusera det som vanlegvis er vel mykje kjøtskade og samstundes få meir slagkraft (diggar Taylor sin knock down formel :wink: ).

     

    I ein 30-06 er sikkert 165 grains kuler bra. Sjølv ville eg heller hatt 200 grains i lodda utgave. Avdi desse går djupt og ekspanderer også fint. Homogene, lette kuler gjev sikkert fine slakt, men eg nektar å tru dei er så effektive som lodda kuler til å fella viltet. Mi røynsle er ikkje så stor her, men har ei klar kjensle av at viltet går lengre med homogene kuler.

  9. Eg likar kula godt i 300 win mag (som nevnt). Men har funne kuler i elg og hjort som er skitne på langs av ulike grunnar. Der det er omlag ein cm att av kula, omtrent som ein blyantstump som er litt stuka i eine enden. Over 60 % av kula er altså vekke. Eg vil tru dette kan skuldast høg fart og meir enn "2400 feet per second."

     

    Andre kuler (2, ei i is og ei frå ein elg) ser heilt eksemplariske ut. Med enorm diameter og stor restvekt.

     

    Eg vil no prøva 220 grains Round Nose utgåva i 300'en og. Samt 240 grains kula.

     

    Kjøtskade vart stor (300 wm på 15-20 meter lagar hol uansett) med denne på to hjort på kloss hald i haust. Men på lengre hald veldig lite kjøtskade men god effekt. Bli uansett noko heilt anna enn å skyta med 6,5 8)

  10. Eg plar ta zalovatn med sitronsyre, og så brukar eg ein skuresvamp til å rensa hylsene med pluss tørkepapir og så tørk oppå peisen, eller badegolvet. Synes det er det einaste som fungerer. Og i blant messingpuss om eg vil ha hylsene ekstra blanke. Inni brukar eg q tips og børste.

  11. Eg hadde over og under i 15 år før eg prøvde ei remington 870 wingmasterpumpe. Den skyt eg definitivt betre med enn alt anna eg har prøvd. Mogleg fordi den er lengre og blir betre balansert for mitt vedkomande. Med 1/10 og 1/2 trangboring som alternativ har dette fungert godt. Lukke til.

×
×
  • Create New...